Digitalisert teppelegging og anonymisert melodisering frå den uvesentlige sida til Eitzel.
Etter at den hadde vore uverksam i ti år samla Mark Eitzel for eit drygt år sidan saman igjen sin makelause American Music Club for eit nytt storarta tokt på dei skrå låtbreidder. Albumet som kom utav treffet bar tittelen Love Songs For Patriots (2004), og viste at saman med klubben er Eitzel nesten vaksinert mot å levere matte saker. Noko som nok ikkje i heilt same grad kan seiast å ha vore tilfelle med solokarriera hans.
Den spektakulært titulerte Caught In a Trap and I Can’t Back Out «Cause I Love You Too Much, Baby (frå 1997) er med sitt tosidige fjes av sår folkrock og støyande råskap det einaste albumet han har gjort under eige namn som er oppe og tangerer klubbnivået. Sånn elles kan nok både den Pete Buck-produserte poprock-affæra West og hans nennsamt elektronica-influerte Invisible Man også få litt applaus. Det får ikkje Candy Ass. Dette er nemlig det skralaste Eitzel-involverte albumet som har surra rundt heime hos meg nokon gong.
Candy Ass fører den varlige electronica-bruken frå Invisible Man over i det ørkeslause. Tre av dei tolv spora er flytande groove-tynne digitalt programmerte sedate og melodisk flate instrumentalar utan framdrift og utan karakter. Avsluttande Guitar Lover er fem minuttar med ambient pling og plong. Dei burde aldri funne vegen utav Eitzel sin computer nokon av dei. Der kunne han nok latt fleire av dei tekst-utstyrte spora fått bli igjen også. Enten han plasserer seg i rolla som den miserable elskaren i I Am Fassbinder, eller syng om liding og misunning i Green Eyes. Den digitale teppelegginga er for dominerande og det melodisk vitale for fråverande.
No finn eg faktisk tre låtar på albumet som skaper litt hugnad. Alle tre er kjenneteikna av eit fråvær av computer-muzak og eit nærvær av melodisk dugleik. Først og fremst My Pet Rat St. Michael. Ei vise der berre ein akustisk gitar akkompagnerer Eitzel, medan han i velforma melodiske vendingar syng om sitt forhold til eit noko uvanlig kjæledyr. Sleeping Beauty svevar av garde på velkvalifiserte og mjuke tonar, framstilt av ein akustisk gitar og diskré elektronikk. Nesten like bra, men meir av det klaustrofobiske og stridande slaget er den tidvis elektrisk-truande Song of the Mole.
Kor som er, desse tre kan aldri gjere opp for det meiningslause bilete som blir teikna og konstruert i slappe former omkring dei. Trur nok likevel Eitzel kjem tilbake med sterkare saker om ikkje altfor lenge, berre han nedprioriterar leiken ved datamaskina og aukar fokuset på den skarpe tone og dei velformulerte ord.
2/10
Først publisert på Groove.no (i 2006)