Den motstandsfrie popmusikken på Jim Stärk sitt tredje album varierer frå det frodige til det matte.
James Dean sin rollefigur Jimmy Stark var ein opprørar utan sak. Den norske popgruppa Jim Stärk er slett ikkje opprørarar, dei har derimot ei sak. Spørsmålet er berre kor god den er.
Saka deira er å lage rimeleg motstandsfri popmusikk med ein solid injeksjon mjuke syttitals-tonar i årene. Musikk det kan vere lett å like, men også musikk det kan vere lett å kjede seg i selskap med. Og då er vi framme ved essensen i opplevinga av Jim Stärk. For bakom kvar pulserande Morning Song finst det også ein vissen No Flowers. Dei maktar tidvis å fange lyttaren i enkle men tillitvekkande poptonar, for så til andre tider å så døsepulver i øyregangane.
Sidan sist har Jim Stärk blitt ein trio. Tangent-traktør Asbjørn Ribe har sagt farvel, og lyden av han er faktisk litt sakna. Noko mellom anna nærveret av fjorårshiten Morning Song minnar oss om. Den er jo som kjent rett så orgelfrisk og flott. Trur nok enkelte av dei resterande låtane også kunne hatt godt av ein dose og to med næringsrikt orgeltilskot. Den godmodige og enkle instrumentelle omgangen trioen nyttar seg av fører nemlig sekundærvarene blant låtane inn i eit unødig anonymt og traurig tilvere.
Enkelte vil sikkert også stille spørsmål med kvifor bandet tek med nettopp Morning Song på denne utgjevinga. Var det tynt med godt nok stoff til å strekke opplegget særleg utover halvtimen? Kvaliteten på dei svakaste spora kan nok kanskje bygge opp under ein slik mistanke. Velgjer likevel å tru at årsaka meir ligg i retning av at karane syntest den fortjente album-tilhøyrsle. Låta gjer uansett Jim Stärk sin tredje full-lengdar ei teneste. Noko den har tilfelles med dei to spora som følgjer i hælane. Singelen The Word That Makes You Sing er Jim Stärk på sitt aller friskaste. Eit særdeles elskeleg og melodisterkt stykke popmusikk som gjerne må bli ein hit herfrå til Mexico for min del. Soulpop-affæren How to Get Around har saftig brassfølgje, og lever ellers på velfunderte melodilinjer («no one ever told me, life was going to be this busy»).
Så var det desse «Do» låtane. I Do og Don’t Stop er avgjort levedyktige saker i eit visepop-lende der både James Taylor og ein veldressert Cat Stevens kunne funne seg tilrette. Do It Right er The Eagles anno The Long Run, om lag like kjedeleg som tittelen indikerer, med andre ord. Ei skjebne den deler med dei resterande spora. Going Down That Lonely Road er til eksempel ein pianoballade som like godt kunne vore fruktene av eit halvhjerta møte mellom Elton John og Billy Joel.
Så når det kjem til inspirerte tonar vert det heile ei slags fifty/fifty oppleving.
5/10
Først publisert på Groove.no (i 2005)

På coverbiletet til si andre plate har Holopaw skrevet namnet sitt i skyene. Brune skyer. Noko som er ganske illustrerande for korleis dette lyder. For Gainesville, Florida kvintetten har visse atmosfæriske drag, samstundes har dei også sterke relasjonar til meir jordnære tonar. I fellesskap trekker denne dualiteten tonane til bandet i gunstige retningar.
Det er ein merittert mann som smiler mot oss frå coveret på The Other Side. La oss like godt ta ei kortfatta oppsummering av kva han har vore med på:
Ein ung norsk mann med eit knippe vemodige songar i grenselandet mellom country, pop og rock. Sannsynlegvis ikkje ein setning som får musikkinteresserte til å gispe av spenning. For dei er mange, dei syng på engelsk og dei opererer innan eit ikkje altfor vidstrakt melodisk landskap. Men er det nå eingong slik fatt at ein likar å ferdast i desse landskapa, kan ein definitivt gjere verre ting enn å oppsøke Johnny Hide.
Kva kunne vel ein fyr på godt over tretti år, som inntil då berre hadde levd eit musikalsk bakgrunnstilvære, ha å by på som låtskrivar og songar? Eg vil tru eg ikkje var den einaste som trekte likegyldig på skuldrene og bladde forbi Richard Hawley då han i 2000 debuterte under eige namn, med eit minialbum. To full-lengdarar fylgde dei nærmaste åra, utan at så veldig mange møtte opp til gildet. I desse dagar prøver han seg igjen, og denne gongen inviterer han oss ned til Coles Corner.
Kva kan vi vente oss av ein fyr som proklamerer at han kan finne fascinasjon i lyden bakom trykkjeknappen i bøker tiltenkt eitt år gamle barn? Sannsynlegvis alt frå trøyttande autistiske repeteringar til naivistiske men sprelske påfunn. John Ringhofer, mannen bak signaturen Half-Handed Cloud, endar heldigvis oftast opp i sistnemnde kategori.
For to år sidan segla irske The Thrills inn i livet til fleire av oss med den friske låta Big Sur samt eit «California anno 1968»-merka debutalbum. Frå same land og med eit debutalbum med ganske så identisk merkelapp (kanskje årstalet kan endrast til 1967?) dukkar i desse dagar kvartetten Hal opp. I front av denne hendinga har sannsynlegvis dei vakne blant oss (samt nokon til) fått med seg singelen Worry About the Wind. Ei låt parhestane Dave Allen og Stephen O’Brien tileigna den avdøyde bassisten og songaren Rick Danko frå The Band. Ei låt rik på vene tonar – harmonifull og souleggande, håpefull og vemodig. Ei låt som bar bod om enda eit band med tidsmaskina innstilt på dei rette sekstitalstonane.
Tidleg i 2004 tok Gordie Johnson og kameraten Ben Richardson turen frå Toronto og ned til Austin, Texas. Der hadde dei ein avtale om å møte texanaren Chris Layton, ein fyr som i si tid hadde vore ein del av Stevie Ray Vaughan sitt Double Trouble, og som Gordie hadde treft og funne tonen saman med då dei delte scene året før. Layton då som trommis i Arc Angels, og Johnson som frontfigur i det eklektiske blues/reggae-bandet Big Sugar.