Med ein bulldosars tyngde i fotspora til gamle bluesheltar.
Tidleg i 2004 tok Gordie Johnson og kameraten Ben Richardson turen frå Toronto og ned til Austin, Texas. Der hadde dei ein avtale om å møte texanaren Chris Layton, ein fyr som i si tid hadde vore ein del av Stevie Ray Vaughan sitt Double Trouble, og som Gordie hadde treft og funne tonen saman med då dei delte scene året før. Layton då som trommis i Arc Angels, og Johnson som frontfigur i det eklektiske blues/reggae-bandet Big Sugar.
Trioen skulle snart bli eit buldrande uromoment på livescena i Austin. Og før året var omme hadde dei spelt inn debutplata si. Akkurat som bandet har den henta tittelen si frå ein amerikansk 70-tals TV-sitcom (Sanford & Son). Ei linje som etter seiande var eit slags omen i den serien var «Grady, why are you so shady?».
Det har tatt si tid før plata har fått norsk distribusjon, men her er den altså, i 2007. Endelig, vil kanskje nokon hevde. Underteikna merkar seg at her får vi servert lyden av noko som i live-samanheng skulle ha gode føresetnader for å blåse ut dei fleste vegger. Men i studioinnspelt form klarer Grady berre stundevis å hamre på plass dei verkelig givande augeblikka.
Johnson og hans Gibson gitarar, både den ordinære seksstrengaren og slide-utgåva, riffar, skrik og buldrar i så kraftfull elektrisk form at ein kan ha han mistenkt for å køyre med både dobbel og trippel straumtilføring. Men det han ikkje prøver seg på er å leike gitarhelt og dra på lengre soloutflukter. Han og hans to medsamansvorne skaper eit tett og energisk uttrykk som styrer alt anna enn lydlaust gjennom ein einvegskøyrt bluesallé.
Variasjon, og det som Jimmy Page så fint har kalla for lys og skygge, er ikkje noko Grady viser seg å vere altfor opptatt av. Det burde dei ha vore, for det er først og fremst derfor Y.U. So Shady etterkvart blir litt grå og einsformig.
Men det startar på superb vis. Hammer In My Head er riffsterk og stridig brutal-blues. Ja hadde eg ikkje visst betre kunne eg ha banna på at her blir vi utsett for eit ungt og vitalt ZZ Top mindre enn ein time etter at dei har vore på ein alt anna enn oppbyggeleg Black Sabbath seanse. Samstundes som Johnson viser at han verkar i ein gamal tradisjon, mellom anna ved å stjele nokre strofer frå ei Muddy Waters-låt; «She’s nineteen years old, and she got ways like a baby child».
Frisk, opplagt og ikkje så reint lite utspekulert er Woman Got My Devil. I noko som må tolkast som ei omskriving og vidareutvikling av den gamle Skip James-låta Devil Got My Woman, høyrer vi om ein bonde som helst berre er glad til at djevelen har rappa kona hans. Djevelen er mindre glad, han vil helst at bonden tar ho tilbake.
Historia om bokselegenda Joe Louis kjem også i dugande soniske former, brunstig og brutal, men også litt slarken. Medan Three Minute Song ikkje er blues, men drivande, framfusen rock’n roll ein stad mellom Creedence og Ramones
Etter desse fire første byrjar Grady å gå litt på tomgang. Dei gjentar på eit vis formularet dei har skapt så langt, men no med låtar som i mindre grad slår gnistrar. Nokre gonger hellar dei mot seige former, andre gonger sprintar dei i tempofokuserte former. Men aldri i dei altfor spennande former.
Men eit potensiale er det her, både til det eine og det andre. Absolutt.
4/10
Først publisert på Groove.no (i 2007)