Songar til å omfamne, framført av ei røyst som omfamnar dei mest fundamentale delane av kjensleapparaturen.
Kva kunne vel ein fyr på godt over tretti år, som inntil då berre hadde levd eit musikalsk bakgrunnstilvære, ha å by på som låtskrivar og songar? Eg vil tru eg ikkje var den einaste som trekte likegyldig på skuldrene og bladde forbi Richard Hawley då han i 2000 debuterte under eige namn, med eit minialbum. To full-lengdarar fylgde dei nærmaste åra, utan at så veldig mange møtte opp til gildet. I desse dagar prøver han seg igjen, og denne gongen inviterer han oss ned til Coles Corner.
Og Coles Corner er eit praktfullt album, støypt i ei vever og vakker melankolsk form. Der dei viktigaste ingrediensane er plukka frå tonar som spreidde seg utover verda på 40-, 50- og 60-talet. Den gongen Frank Sinatra flaut nedover Moon River, Eddie Cochran hevda å vere Three Steps From Heaven, Johnny Cash medgav at han Still Miss Someone og Roy Orbison song for Only the Lonely. Alt dette og mykje meir fant Richard i «den beste platesamlinga i heile verda», eigd av faren hans.
Richard Hawley brukte deler av nittitalet til å spele gitar i det middelmådige britpop-bandet Longpigs, samstundes som han lånte bort sine utvilsame evner som gitarist til andre (Robbie Williams, All Saints, Beth Orton), for å kunne spe på ei heller skranten inntekt. Mot slutten av nittitalet, på eit tidspunkt der han sjølv har uttalt at han var i ferd med å gå «mental with drink and drugs», fekk han jobb som turnegitarist med Pulp. Og det var Jarvis Cocker, som etter å ha høyrt nokre demoar, overtala Richard til å komme seg i studio for å spele inn plate.
Coles Corner har trigga underteikna til også å søkje Hawley sine tidlegare framstøyt. Då finn ein tonane til ein kar som allereie frå første innspeling viste fram låtskrivar-kvalitetar, og ikkje minst ei songstemme som kunne røre ved dei inste og skjøraste kjensler. Låtar med tydelige røter i svunne tider, men med eit tidlaust og personlig preg. Ei baryton-stemme som smyg seg fram med utvungen og vemodsfull croonerkraft. Gitaren som hadde vore reiskapen hans så langt er der også og bygger under med skimrande og elegisk åtferd. Med tida har gitaren gradvis trekt seg litt meir i bakgrunnen, og på Coles Corner er det låtane og stemma som har dei soleklare nøkkelrollene. Noko som nok er medverkande til å gjere albumet til hans mest sofistikerte til no. Samstundes er det også hans beste. For der hans tidlegare utgjevingar nok slit med ein og annan litt fargelaus låt innimellom alle dei gyldne stundene, så er Coles Corner heilt utan fyllstoff.
Tittelen på alle albuma hans har sitt utspring i frå heimbyen Sheffield. Late Night Final (1. albumet) er eit uttrykk avisseljarar som tilbyr siste utgåve av Sheffield Star brukar. Lowedges (2. albumet) er eit kallenamn på eit drabantbyområde i stålbyen. Medan Coles Corner var ein namngjeten stemnemøtestad for unge sjeler, som, meir enn tretti år etter at den vart fysisk fjerna, stadig er levande blant byen sine innbyggarar. Men det er ikkje dei lukkeleg elskande Hawley syng om i det strykar-kjælte og Sinatra-inspirerte tittelkuttet. Her er han i staden stemma til den einsame nattevandrar som lutrygga og håpefull nærmar seg lysa, men som nok likevel ikkje kjem til å oppleve den salige gleda ned på hjørnet. Slik går refrenget:
I’m going down town where there’s music,
I’m going where voices fill the air,
Maybe there’s someone waiting for me
With a smile and a flower in her hair
I’m going down town where there’s people
The loneliness hangs in the air.
With no-one there real waiting for me,
No smile, no flower nowhere.
Trist. Og i eit tilsvarande dunkelt lys oppheld hovudpersonane i dei aller fleste av Hawley sine komposisjonar seg. Det er ikkje vanskelig å fatte at dei alle er henta frå same hjerta. Ja, kanskje er det den same fyren vi møter heile vegen, det er i alle fall nær slekta lagnader som blir fortalt. «Lonely, I’ve been lonely… deeper, I’m going deeper» blir det ytra med desperasjon og sakn i den countryfarga I Sleep Alone. Til gnagande tonar frå både gitar og strykarar trakkar Scott Walker-aktige The Ocean seg fram i ei dyster drakt. Eit sug mot bølgjene har ført hovudpersonen ned til strandkanten. Eit «here comes a wave» vert så uttalt før eit gjentakande «the ocean» etterkvart druknar i eit hav av stigande tonar.
Nå er verken den tekstlige eller melodiske tonen like nedstemt heile vegen. Tidvis er det absolutt eit håp å skimte i den Hawleyske verd. Darlin» Wait For Me nærmar seg det tilfredse, og sjølv om Just Like the Rain omtalar lyden av tårer som fell mot asfalten har den noko oppmuntrande i seg også. Kanskje det er den ringande gitaren og den lett vispande country/folk-drakta den har på seg som gjer utslaget. Og apropos country, den heilt klassiske twang-tilstanden har Hawley funne fram til i nydelige Wading Through the Waters of My Time.
Via ei spartansk tolking av voggevisa Who’s Going to Shoe Your Pretty Little Feet glir opplegget avslutningsvis over i ein langsam meditativ instrumental for piano og synthesizer titulert Last Orders. Då er det lett å konkludere med at her har vi eit førsteklasses soundtrack for både verkande søndagsmorgonar og vemodige kveldsstunder.
8/10
Først publisert på Groove.no (i 2005)