Kompis av Sufjan Stevens og Daniel Smith leverer musikk ute til venstre for konvensjonell pop-framferd.
Kva kan vi vente oss av ein fyr som proklamerer at han kan finne fascinasjon i lyden bakom trykkjeknappen i bøker tiltenkt eitt år gamle barn? Sannsynlegvis alt frå trøyttande autistiske repeteringar til naivistiske men sprelske påfunn. John Ringhofer, mannen bak signaturen Half-Handed Cloud, endar heldigvis oftast opp i sistnemnde kategori.
Ringhofer er som de sikkert skjønar langt meir enn gjennomsnittleg interessert i lydar. Dette fører til at songane hans sjeldan får fred til berre å vere ein song, men vert utsett for mange slags klang-påfunn (både frå konvensjonelle og ukonvensjonelle instrument). Førsteinntrykket er at dette ofte er påfunn for påfunna si skyld, men etterkvart byrjar ting å henge saman, gje ei meining og ein sit att med ei kjensle av å oppleve eit idérikt og dynamisk stykkje musikk, der lydane spelar på lag med songane i staden for å motarbeide dei.
Thy Is a Word & Feet Need Lamps er tredje album frå Half-Handed Cloud, og er seksten låtar gjort unna på ein knapp halvtime (slett ikkje personleg rekord, for på debuten Learning About Your Scale frå 2001 klarte han 25 spor på like mange minuttar). Men på eit vis blir det feil å snakke om låtar i vanleg forstand. Spora glir nemleg over i kvarandre og dannar ein samanhengande ord- og lydmontasje.
Albumet er ute på den vesle labelen Asthmatic Kitty. Dei innvigde skjønar sikkert då at korkje Sufjan Stevens eller Daniel Smith er langt unna. Stevens står her fram som ein noko uortodoks trommeslagar, og Smith har hjelpt Ringhofer i mikseprosessen. Likeins Stevens og Smith vedkjenner også John Ringhofer seg ei kristen tru. Noko som i Half-Handed Cloud-samanheng gjev seg uttrykk i tekstar fundamentert i bibelske historiar. Utan at vi snakkar forkynning, snarare tvert imot. Det er nemleg ein ganske så frilynt omgang mannen har med desse historiane, og han legg meir enn gjerne til eigne fantasirike og surrealistiske framstillingar. Han plukkar nødvendigvis heller ikkje dei mest kanoniserte og kyrkje-vedtekne historiane, heller dei som gjer eit mindre flatterande syn på innhaldet i «den gode bok».
Half-Handed Cloud uttrykket er absolutt noko for seg sjølv, men er ikkje særare enn at ein kan finne mange musikalske slektningar. Her er ein del Brian Wilson-aktige og vitale forsøk på å kle poptonar i «do-do-do-do-dooo» spenstige og haldbare drakter. Her er også avantgardistiske Mother of Invention tendensar, og psykedelia à la Olivia Tremor Control. Litt rarare enn Elephant Micah, men ikkje fullt så innovativt som Animal Collective kan vel og vere ein måte å seie det på.
Sidan halvtimen meir står fram som ei fragmentert men til dels samanhengande reise, skal eg ikkje gå inn i dei titulerte segmenta i særleg grad. Berre nemne at kraftfulle Ezekiel Bread, vimsete Disaster Will Come Upon You… og albumet sitt lengste spor, cellodraperte Everyone Did What Was Right In Their Eyes, i augeblikket er mine personlege favorittar. Men berre lytta til utan avbrot ifrå You Get a Horseshoe presenterer seg og til Considered It a Loan døyr ut vil albumet gje meining.
6/10
Først publisert på Groove.no (i 2005)