Tag Archives: Half-Handed Cloud

Half-Handed Cloud – Halos & Lassos

Standard

Lettbeint pop-psykedelisering, urokkelig tru og ein tidvis litt slitsam synthesizer.

cover  For fjerde gong er Half-Handed Cloud klar med ein liten tettpakka halvtime flyktig 60-tals påverka pop-psykedelisering. Halos & Lassos har nitten låtar, eller kanskje det er meir korrekt å kalle det sekvensar. Dei har ei gjennomsnittleg lengde på dryge minuttet, er bygd rundt eit ganske så likt melodisk mønster, og sprett over i kvarandre før ein har klart å fordøye tittelen deira.

Omtrent slik blir ein sittande og fundere og mumle for seg sjølv dei første gongene i selskap med Halos & Lassos: Skal vi sjå – Earth Outside of Ghost Will Only Be Quicksand – hmm, kva meinast med det tru? Det må vel bety noko slikt som… hei, vent litt. Nei vel – Tongues That Possess The Earth Instead – hmm, den var litt surreal… nei der var den ferdig gitt. Foot On the Brake – lurer på om ikkje det kunne vore ein god idé, ja.

Half-Handed Cloud er i hovudsak eit einmannsverk. Mannen heiter John Ringhofer. Han er god venn med Sufjan Stevens og Daniel Smith, og deler deira syn på Jesus Kristus og hans opphav. På ein likefram, smått naivistisk og lett surrealistisk måte impliserer han både eit og hint frå Bibelen i tekstane sine. Og han sparar ikkje på lovprisingar til sine heltar der oppe i dei himmelske salar. Ja, Ringhofer sine tekstlige eskapadar blir faktisk nesten litt sjarmerande i all sin flyktige omgang med tru, lykke, undring, draumar, lyse skyer og litt mørkare mortalitet. Han har forresten gjengjeve dei inni coveret, men det så smått og tettskrive at det blir ein beint fram slitsam tålmodsprøve å forsøke lese dei.

Ringhofer er ein multi-instrumentalist. Ein må vel nesten vere det for å drive eit einmannsband. Nå har han rett nok med seg to blad Buckner (Brandon og Wendy) på plata, men det meste av lyden tek han ansvar for sjølv. Trombonen, som var det første instrumentet han lærte seg, er med, det same er gitaren, banjoen, marimbaen, bjøllene og ikkje minst ein omnichord. Sistnemnte sender frå seg synthbølgjer og hermetiske rytmar av det hastige slaget. Dette er eit nytt påfunn frå Ringhofer si side, eg synes ikkje det er det beste han har hatt.

Låtane er som nemnt mykje skodd over same lest. Det er likevel nokre som skil seg ut. Skip the Rope og A Bed That Breathes With Him stormar fram i eit snitt det kling litt The Shins av. Suit of Clouds to Ride the Skies blir klappa fram på eit livaktig vis. Medan You’ve Been Faithful to Us Clouds strekker seg over 3 1/2 minutt, og er i særklasse det lengste sporet. Det beste også, tida blir nytta til både friske «do-do-do» og «ba-ba-ba» og minneverdige linjer som «you wash feet with kisses».

Eigentlig provar han så godt som heile vegen at han har eit dugande grep om å skape livfulle poptonar, men så var det den der omnichorden, då.

5/10

Først publisert på Groove.no (i 2006)

 

Half-Handed Cloud – Thy Is a Word & Feet Need Lamps

Standard

Kompis av Sufjan Stevens og Daniel Smith leverer musikk ute til venstre for konvensjonell pop-framferd.

cover  Kva kan vi vente oss av ein fyr som proklamerer at han kan finne fascinasjon i lyden bakom trykkjeknappen i bøker tiltenkt eitt år gamle barn? Sannsynlegvis alt frå trøyttande autistiske repeteringar til naivistiske men sprelske påfunn. John Ringhofer, mannen bak signaturen Half-Handed Cloud, endar heldigvis oftast opp i sistnemnde kategori.

Ringhofer er som de sikkert skjønar langt meir enn gjennomsnittleg interessert i lydar. Dette fører til at songane hans sjeldan får fred til berre å vere ein song, men vert utsett for mange slags klang-påfunn (både frå konvensjonelle og ukonvensjonelle instrument). Førsteinntrykket er at dette ofte er påfunn for påfunna si skyld, men etterkvart byrjar ting å henge saman, gje ei meining og ein sit att med ei kjensle av å oppleve eit idérikt og dynamisk stykkje musikk, der lydane spelar på lag med songane i staden for å motarbeide dei.

Thy Is a Word & Feet Need Lamps er tredje album frå Half-Handed Cloud, og er seksten låtar gjort unna på ein knapp halvtime (slett ikkje personleg rekord, for på debuten Learning About Your Scale frå 2001 klarte han 25 spor på like mange minuttar). Men på eit vis blir det feil å snakke om låtar i vanleg forstand. Spora glir nemleg over i kvarandre og dannar ein samanhengande ord- og lydmontasje.

Albumet er ute på den vesle labelen Asthmatic Kitty. Dei innvigde skjønar sikkert då at korkje Sufjan Stevens eller Daniel Smith er langt unna. Stevens står her fram som ein noko uortodoks trommeslagar, og Smith har hjelpt Ringhofer i mikseprosessen. Likeins Stevens og Smith vedkjenner også John Ringhofer seg ei kristen tru. Noko som i Half-Handed Cloud-samanheng gjev seg uttrykk i tekstar fundamentert i bibelske historiar. Utan at vi snakkar forkynning, snarare tvert imot. Det er nemleg ein ganske så frilynt omgang mannen har med desse historiane, og han legg meir enn gjerne til eigne fantasirike og surrealistiske framstillingar. Han plukkar nødvendigvis heller ikkje dei mest kanoniserte og kyrkje-vedtekne historiane, heller dei som gjer eit mindre flatterande syn på innhaldet i «den gode bok».

Half-Handed Cloud uttrykket er absolutt noko for seg sjølv, men er ikkje særare enn at ein kan finne mange musikalske slektningar. Her er ein del Brian Wilson-aktige og vitale forsøk på å kle poptonar i «do-do-do-do-dooo» spenstige og haldbare drakter. Her er også avantgardistiske Mother of Invention tendensar, og psykedelia à la Olivia Tremor Control. Litt rarare enn Elephant Micah, men ikkje fullt så innovativt som Animal Collective kan vel og vere ein måte å seie det på.

Sidan halvtimen meir står fram som ei fragmentert men til dels samanhengande reise, skal eg ikkje gå inn i dei titulerte segmenta i særleg grad. Berre nemne at kraftfulle Ezekiel Bread, vimsete Disaster Will Come Upon You… og albumet sitt lengste spor, cellodraperte Everyone Did What Was Right In Their Eyes, i augeblikket er mine personlege favorittar. Men berre lytta til utan avbrot ifrå You Get a Horseshoe presenterer seg og til Considered It a Loan døyr ut vil albumet gje meining.

6/10

Først publisert på Groove.no (i 2005)