Countryduettar om øm kjærleik, knuste hjerter og litt meir.
Eg veit ikkje heilt kvifor det er slik, men det er ein del av oss som meir enn gjerne skriv under på Thad Cockrell sin uttale «I’ve always loved the twang of hurt». Kanskje likar ein å dyrke sine depressive sider (litt meir enn godt er)? Kanskje skaper det ein slags balanse i sinnet? Kanskje finn ein her eit middel mot det plagsamt overflatiske? Det er i alle fall slik at tonen og fraseringa i ein del av slikt stoff har ein tendens til å treffe der sjela er.
Thad Cockrell er ei relativt ny stemme i countrysamanheng. To album har den unge mannen med ein bakgrunn i strenge baptistiske oppvekstvilkår spelt inn så langt i karrieren. I eit grøderikt samarbeid med den noko meir kjente Caitlin Cary serverer han med Begonias ein bukett som inneheld mykje ven musikk. For dei uinnvigde så er altså Caitlin Cary identisk med dama som spelte fele og stundevis vokalharmonerte med Ryan Adams i Whiskeytown-tida. Ho har dei seinare åra fått ein solokarriere på skinnene, men også vore ein aktiv part i jentetrioen Tres Chicas.
Cary og Cockrell har kjent kvarandre sidan slutten av nittitalet, og starta tidleg i vennskapet å skrive låtar saman. Deira aller første låt fekk ein tittel med visse Whiskeytown-assosiasjonar, Please Break My Heart. Ei låt Cary hadde med på sitt førre album, og som også dukkar opp på Begonias i eit Owen Bradley-produserer-Patsy Cline liknande landskap. Her ligg den og døser mellom to låtar som har sterke band til både inspirasjonskjelder og tidlegare samarbeidspartnarar. Whatever You Want er ein ballade med mange spor etter Parsons/Harris sin måte å synge duett på, medan up-tempo saken Second Option heilt problemfritt kunne funne seg godt til rette på den siste Ryan Adams plata (Cockrell si tenorrøyst har ein viss likskap med Adams, og aller tydeligast kjem det til uttrykk i denne låta).
Av dei elleve spora er ni Cary/Cockrell-originalar. Dei to som ikkje er det er Percy Sledge balladen Warm & Tender Love (eit vakkert døme på at «country got soul», eller omvendt), og den litt meir anonyme Waiting On June, ført i penn av Skip Matheny frå countryrock-bandet Roman Candle. Av dei sjølvlaga bør ein nok merke seg det konvensjonelt oppbygde men melodisk fine opningssporet Two Different Things. Medan Honky Tonk-affæren Party Time byr på både friske tonar og sjansen til å tynne ut whiskyen med ei tåre eller to. Trist over i det tragiske er historia som vert fortald i albumet sitt glansnummer, den sju minuttar lange Conversations About a Friend. Her fører Cockrell og Cary ein tone- og tekstskarp samtale over venen dei synest synd på fordi han har gjort eit ulykksalig feilgrep på kjærleiksfronten.
Paret fører nok ikkje country i duettform inn på nye og revolusjonerande stiar. Men måten dei følgjer oppgådde stiar på er såpass yndefull (og smertefull) at dei sikkert vil treffe mang ein melankoli-disponert twangelskar heime.
6/10
Først publisert på Groove.no (i 2005)
Det er slett ikkje ein sjølvsagt sak at artistar med heilstøypte karrierar kvar for seg finn ein attråverdig tone når dei prøver seg på eit samarbeid. Men Calexico og Iron & Wine finn så absolutt ein. Sju songar komponert av Sam Beam (mannen som er identisk med einmannsbandet Iron & Wine) får i Calexico sitt selskap ei kledelig og ekspanderande handsaming.
Sufjan Stevens sitt vesle plateselskap Asthmatic Kitty har ikkje så mange artistar å skilte med, men fleire av dei som gjer ut musikken sin der prøver på ulikt vis å gjere labelsjefen sitt utsegn om popmusikk; «I don’t think we’re pushing ourselves enough», til skamme. Ved tidlegare høve har både Castanets og Half-Handed Cloud kome med utgjevingar som opererer litt i utkanten av det gjengse. Her kjem Bunky, eit band som aldri har lest eller fylt ut skjema for ordinær pop-praksis. Håpar aldri dei gjer det heller, for dette er moro.
Å tenke seg den sordinerte og introverte Richard Buckner kollaborere med den meir støyande og geskjeftige Jon Langford høyrer kanskje ikkje med til dei mest opplagte av tankar. Buckner har sidan midten av 90-talet levert sine nedstemte funderingar kring det problematiske kjærleikslivet. Når han er på sitt beste, med låtar som Pull og 4am frå Devotion + Doubt (1997), skapar han tonepoesi av det riktig så utsøkte slaget. Nå har han vel etter den tid sjeldan vore oppe på det nivået. Ja, kanskje kan vi skulda han for å ha hatt ein litt vel einspora innfallsvinkel både tematisk og musikalsk. Likevel har det aldri vore bortkasta tid å søke selskap med ei Buckner-plate.
Duettkonseptet kan absolutt ha noko for seg. Ein får inn eit kontrastelement som kan gje songen meir spenning og fleire nyansar, og når kontrastane smeltar saman kan ein også få dei vakraste harmoniar. Likevel er det mange døme på at duettforma ikkje fungerer. Aktørane har dessverre litt for ofte ein tendens til å føre songen ut i forserte og pompøse sfærer. Eit anna moment som ofte står i vegen er sjølve låta. Den kan rett og slett vere litt for middelmåtig (ein sparar trass alt sine beste låtar til seg sjølv). Eller kanskje låta ikkje passar for den vekslande forma som duetteringa legg opp til. Så når Ane Brun her har gitt seg duettforma i vald har ho sjansen til å kunne oppdage nytt land, men står også i fare for å ende som havarist. Ho endar ingen av stadane. Ho og hennas medsamansvorne serverer ei jamn men ikkje spesielt grensesprengande toneferd. Den kan vere hyggelig å overvære, men set få spor etter seg.
Joda, British Sea Power har roa nervane og lagt turen unna dei verste brottsjøane denne gongen. Der debuten Decline of British Sea Power (2003) var eit mangslunge vågestykke av sjømetaforar, litterære referansar («Oh Fyodor, you are the most attractive man»),kvasse åtak og meir luftige tonar, er Open Season ei langt meir stabil og einsarta ferd.
I sin «offisielle» biografi omtalar Bergensbandet Brimstone musikken på sitt andre album som, eg siterer: «Hvis Lynyrd Skynyrd hadde vært heltene i Hair, i stedet for en gjeng dansende hippier, eller hvis Steve Earle hadde sunget i Jefferson Airplane». Slett ikkje heilt fjernt frå korleis underteikna opplever dei heller. Sjølv om ordspel omkring engelske innovatørar på prog/psykedelia feltet som King Crimson og Pink Floyd nok kunne komme i land med like så treffande karakteristikkar.
Etter at han hoppa av skodespelarkarriera og gav seg til å lage, synge og spele inn songar tidleg på 90-talet har Will Oldham vore ein ganske så aktiv mann på platefronten. Under diverse pseudonym (Palace, Palace Music, Palace Brothers, Bonnie Prince Billy) har han vore ansvarleg for mange av dei siste ti-tolv åra sine mest interessante musikkutgjevingar. I tillegg har han vore deltakar på mange andre artistar sine plateframstøt.
Jack White, mange av den vestlege verda sine musikkskribentar, og eg, var einige om ein ting då årsoppgjeret for 2002 skulle finne stad. Lapalco av og med Brendan Benson skulle høgt opp på lista over dei beste platene. Med låtar som Tiny Spark, Good to Me og Pleasure Seeker serverte han melodilinjer og hooks i eit uimotståeleg powerpop-landskap. Alt publisert gjennom den perfekt titulerte signaturen Glad Sad Music. Ja, for bak dei oppløftande tonane låg det eit truverdig vemod på lur.
I 2004 var det Loretta Lynn, i år er det Bobby Bare. Gamle stjerner blir trekt fram i lyset av yngre kredible krefter. I 71 år gamle Bobby Bare sitt tilfelle er det sonen Bobby Bare Jr. og Lambchop-gitarist og produsent Mark Nevers som er pådrivarane. Og ei dugande plate har det blitt utav det. Ikkje på Van Lear Rose nivå, men med nok vinnande tonar til å kapre ein solid ståkarakter.