The Brimstone Solar Radiation Band – Solstice

Standard

Hårete hippiedraumar frå Bergen, med litt for lite psykedelisk moro.

cover  I sin «offisielle» biografi omtalar Bergensbandet Brimstone musikken på sitt andre album som, eg siterer: «Hvis Lynyrd Skynyrd hadde vært heltene i Hair, i stedet for en gjeng dansende hippier, eller hvis Steve Earle hadde sunget i Jefferson Airplane». Slett ikkje heilt fjernt frå korleis underteikna opplever dei heller. Sjølv om ordspel omkring engelske innovatørar på prog/psykedelia feltet som King Crimson og Pink Floyd nok kunne komme i land med like så treffande karakteristikkar.

I konsertsamanheng er denne kvintetten ei energisk og ganske så fargerik oppleving. På plate viser dei seg fram i ei litt mindre frigjort og varmblodig drakt. Samstundes avslører grunntonen i nokre av låtane seg som ikkje altfor imponerande. Derfor vert bandet til tider stampande rundt i melodiske og arrangementmessige hengemyrer der dei drep sommarfuglar med revolver i staden for å fargelegge snodige krusedullar eller danse blant livgjevande solstrålar. Den grumsete røysta til vokalist R. Edwards (Rolf Edvardsen) kan då (og litt ellers også) opplevast som ein strabasiøs akilleshæl i staden for ei barsk drivkraft. Andre gonger friskar dei til med vitale instrumentalparti, og kan då føre heller ordinære låtar over mot meir spenningsfulle territorium. Fruktbart er det også når tangent-traktør Øyvind Grønner og strenge-forvaltar Erling Halsne Juvik smett innom og vokal-harmonerar litt. Men aller best er dei sjølvsagt når dei serverer låtar som held mål på alle vitale plan heile vegen. For dei gjer det også, fleire gonger til og med.

Opningssporet Back in the Days byggjer seg opp på ekko frå Echoes (Pink Floyd-låta, ja), for så å flukte inn i regnbogefarga og melodisk fager hippiepsykedelia der tonen er slik; «too many guns, not enough love». Då er dei rett så elskelige. Minst like forføreriske står dei fram som i nesten-instrumentalen Norwaii Five-0. Med særdeles god hjelp frå den friske fiolinisten Øystein Fosshagen vartar dei her opp med ei oppglødd ferd mot utklassing. Velplukkande lap-steel tonar frå Halsne Juvik samt nemnte fiolintraktør er med på å trekke Neon Darkness fram i eit dugande Byrds-psykedelisk lys. Lap-steeltonar gjer også gode ting for Brimstone For Sale. Ei låt som er eit forsøksvis humoristisk åtak på suspekte marknadsføringstriks i platebransjen. Der versa er litt på kant med velfundert tonebygging, mens refrenget til gjengjeld flyt av garde på psykedeliserte godtonar. Nærkontakt med fine tonar har dei også i det nennsame avslutningssporet Where Is Your Love.

Aukar dei graden av attraktiv tonebygging og lettar litt på trykket for å gje psykedeliaen friare arbeidsrom, samstundes som dei dempar ned dei mest baktunge prog-faktene kan dette fort bli veldig kjekt på plate også.

5/10

Først publisert på Groove.no (i 2005)

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s