Bobby Bare – The Moon Was Blue

Standard

Med god hjelp frå sin son gjer countrylegenda Bobby Bare eit dugande comeback.

cover  I 2004 var det Loretta Lynn, i år er det Bobby Bare. Gamle stjerner blir trekt fram i lyset av yngre kredible krefter. I 71 år gamle Bobby Bare sitt tilfelle er det sonen Bobby Bare Jr. og Lambchop-gitarist og produsent Mark Nevers som er pådrivarane. Og ei dugande plate har det blitt utav det. Ikkje på Van Lear Rose nivå, men med nok vinnande tonar til å kapre ein solid ståkarakter.

Han hadde vel eigentlig lagt platekarrieren bak seg, den godaste Bare. Etter eit 60-tal med countrypop og listetoppar som Detroit City og 500 Miles Away From Home, søkte han på 70-talet mot eit noko meir røffare uttrykk. Sentral medsamansvoren i den samanheng var låtskrivaren Shel Silverstein (viss låtar mellom anna gjorde Dr. Hook til stjerner). Og albumet Lullabys, Legends and Lies frå 1973 med låtar som Marie Laveau og The Winner er ein countryklassikar god som nokon. Men etter Drinkin» From the Bottle, Singing From the Heart i 1983 har det vore ganske så Bare-stille.

The Moon Was Blue lener seg nok meir mot dei medgjerlige tonane Bare avla tidleg i karrieren, enn dei meir uslepne frå 70-åra. Han har ikkje komponert nokon av dei elleve spora sjølv, men har plukka kjente og mindre kjente tonar frå like mange låtskrivarar. Heldigvis er det stort sett låtar som ikkje har vore gjenbrukt altfor mange gonger. Unntaka er vel standardlåta It’s All in the Game (i habil, men fort gløymt tapping), idylliske Love Letters in the Sand (ei ufyselig låt eigentlig) og Fred Neil-klassikaren Everybody’s Talkin» (udøydeliggjort av opphavsmannen og Harry Nilsson, men Bobby kjem bra frå det, han også).

Ei Bare-plate skal jo ha med minst ein Shel Siverstein-låt, og denne gongen er det The Ballad of Lucy Jordan som står for tur. Gjort kjent av Dr. Hook, men gjort til sin av Marianne Faithfull på hennes legendariske comeback-album Broken English. Stilt opp mot sistnemnte bleiknar nok Bobby Bare sin versjon litt.

Best er dei to låtane som ligg på kvar si side av Everybody’s Talkin». Den lengtande country-balladen I Am an Island, med driftige orgeltonar i eit varmt og lett dampande arrangement. Og ikkje minst den tilbakeskodande og botferdige Yesterday When I Was Young. I eit diskret arrangement og med levde fraseringar (nesten som ein Hurt-syngande Johnny Cash) syng Bare om livet som har passert så altfor fort og alt ein ikkje har fått gjort (og det ein gjorde, gjorde ein ofte feil);

«The thousand dreams I dreamed, the splendid things I planned, I always built alas on weak and shifting sand. I lived by night and shunned the naked light of the day, and only now I see how the years ran away.»

På alle måtar den sentrale låta på albumet (det er også frå denne albumet har henta tittelen sin).

Dei yngre hjelparane skaper ei habil ramme rundt Bare sin framleis høgst livsfriske baryton. Det er veldreidd og respektfullt med strykarparti som held seg borte frå det svulstige. Samstundes krydrar Nevers og Bare jr. med varlege lydfinessar og små arrangementmessige fintar.

Eit absolutt høyrverdig comebackalbum.

5/10

Først publisert på Groove.no (i 2005)

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s