Iron & Wine & Calexico – In The Reins

Standard

Når dei skikkelig flinke folka samarbeider lar dei låtane stå i sentrum.

cover  Det er slett ikkje ein sjølvsagt sak at artistar med heilstøypte karrierar kvar for seg finn ein attråverdig tone når dei prøver seg på eit samarbeid. Men Calexico og Iron & Wine finn så absolutt ein. Sju songar komponert av Sam Beam (mannen som er identisk med einmannsbandet Iron & Wine) får i Calexico sitt selskap ei kledelig og ekspanderande handsaming.

No burde det jo ikkje komme som ei overrasking at Joey Burns og John Convertino, som er frontfigurane i Calexico, evnar å finne seg tilrette blant ein annan mann sine komposisjonar. For dette er jo langt frå første gongen dei gjer nett det. Sine aller første kreative steg i felles selskap tok dei i Giant Sand, bandet til eksentrikaren Howe Gelb. Seinare har dei deltatt i nær slekta konstellasjonar som Friends of Dean Martinez og OP8, og dei har gjort fleire jobbar som session-musikantar, mellom anna for folk som Richard Bruckner, Vic Chestnutt og Barbara Manning. Det er no likevel det eklektiske americana-kollektivet Calexico dei etterkvart har gjort til sin hovudgeskjeft.

Det er etter seiande ingen fersk idé at det skulle bli eit samarbeid mellom desse karane. Allereie då Iron & Wine spelte inn debutalbumet sitt The Creek Drank the Cradle (2002) vart det gjort forsøk på å få Calexico med som backing-band. Når dei så endelig fant nokre ledige dagar for felles musisering i desember 2004, ja så viser begge partar at den som surra rundt med denne samarbeids-ideen absolutt var inne på eit fruktbart spor, for på In the Reins smeltar dei saman i uklanderlig velklang.

Det er ikkje nyskrive materiale Beam har lagt på bordet. Han har henta fram låtar han har hatt liggande, men ikkje spelt inn før. Det er likevel få spor av annanrangs kvalitet her. Det er vel heller slik at begge partane med denne upretensiøse og vakre mini-halvtimen faktisk ikkje er så langt unna å touche sine beste stunder.

Sidan det er Beam som står for låtane, og det er hans varme røyst som ligg fremst i biletet blir dette nærare i slekt med ei Iron & Wine-plate enn ei Calexico-utgjeving. Lydfølgjet er sjølvsagt ein god del fyldigare enn kva Beam vanlegvis har lagt opp til, utan at det på noko som helst vis truar med å overdynge låtane. For i kjent Calexico-ånd blir det ikkje servert meir lyd enn kva ein kan fordøye. Samstundes som bandet også medverkar til å eskortere Beam over i eit meir variert uttrykk.

Det suverene opningssporet He Lays in the Reins har i ord og tone klare fellestrekk med låtar frå tidlegare Beam utgjevingar. Men Wavelab, Tuscon handsaminga den blir gitt, med smygande gitartonar, lun lap-steel jammer, smarte rytmevegar og ein lokal opera-songar, fører låta inn på eit meir mangslunge spor. Litt mindre suveren, men i liknande tonelandskap opererer også 16, Maybe Less. Medan det i seansen sitt minst vellykka spor, Red Dust, blir søkt mot blueslender. Og ein sordinert trompet hjelper den Nick Drake-farga visa Burn That Broken Bed inn på jazztomter.

Eit moment som skil denne plata frå ei ordinær Beam-innspeling, og som definitivt står fram som ein plussfaktor, er Joey Burns og Natalie Wyants si vokale harmonihjelp. Både den vemodige Dead Man’s Will og countryballaden Prison On Route 41 blir tilført slik harmoni-næring og begge blomstrar dei smakfullt. Aller mest glitrar likevel History of Love. Eit lite pop-perfekt eventyr, med duft av country og blåsarfriske innspel. Ein skikkelig hjertevarmar.

Rykta fortel at samarbeidet visstnok skal fortsette i konsertsamanheng. Der skal dei spele kvar sitt sett, for så å avslutte i fellesskap. Då er det berre å håpe at dette kan stimulere til ytterligare kollaborering på platefronten også, og helst då med dobbel så lang speletid som resultat.

7/10

Først publisert på Groove.no (i 2005)

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s