British Sea Power har roa nervane og lagt turen unna dei verste brottsjøane denne gongen, men låtskrivarkrafta er like inntakt.
Joda, British Sea Power har roa nervane og lagt turen unna dei verste brottsjøane denne gongen. Der debuten Decline of British Sea Power (2003) var eit mangslunge vågestykke av sjømetaforar, litterære referansar («Oh Fyodor, you are the most attractive man»),kvasse åtak og meir luftige tonar, er Open Season ei langt meir stabil og einsarta ferd.
På eit unntak nær var hovudinntrykket etter dei to-tre første lytterundane av noko skuffande art. Fekk ei klam kjensle av at BSP hadde teke ein safe høgresving og byrja å vandre i Coldplay og Keane sitt landskap. Slik er det heldigvis ikkje. Unntaket er stadig eit unntak, men mange av dei andre spora har vist blomstrande evner også. Ja, så sterkt og fargerikt har dei blomstra at Open Season no nesten står fram som ei kvalitetstangering av debuten.
Det er den luftige kjensla, dei store platåa og dei meir medgjerlege bølgjene som dominerer Open Season. Heilt vekke er spastiske saker som Apologies to Insect Life og Favors In the Beetroot Fields. Her er det stemningane frå låtar som The Lonely og Something Wicked dei fører vidare. Noko som bør vere heilt i orden så lenge dei gjer det med slik storveges britisk låtskrivarkraft. It Ended On a Oily Stage dreg det heile i gang med skjerpa gitargrep og så prima melodisk flyt at ein nesten kan narre seg sjølv til å tru at utgangen på det omsungne trekant dramaet kan verte lukkeleg. Det vert det nok ikkje, hovudpersonen sit nemlig og skriv sørgjevers til ho som svikta, med håp og bøn om at innhaldet i dei vert ein kjensgjerning. Melodisk flyt kan forresten få vere ein fellesnemnar her. Vers møter refreng møter bruer, bygger seg opp, bøyer nakken, ser mot himmelen, dryssar næringsrike frø og skaper dynamikk.
På debuten viste BSP at dei ikkje var redde for å angripe brutalt og atonalt. Denne gongen viser bandet at dei heller ikkje er redd for å nærme seg det pompøse. Like a Honeycomb er låta som held til nærast dei verkeleg store høgder. Den er berre ein sann ryggradpirrande fryd der den versesmyg seg mot eit eldfullt refreng. Like fortetta og frydefull om enn noko meir melodisk sjøsatt er historia om mastodont isflaket Larsen B som etter millionar av år trygt forankra i Antarktis misser grepet, går i betar og seglar av stad på ei usikker ferd. Slik kan ein også kommentere klimaendringane. Yan (dei ynskjer berre å vere på fornamn med oss) har ein intens, lett raspande og halvt kviskrande måte å syngje på. På North Hanging Rock vert han nesten heilt kviskrande. Plata sin mest nennsame låt. Sakralt og vakkert om døden.
Så var det dette før nemnte unntaket då. Den som allereie første gong den strøymde ut i stova deklarerte seg som noko spesielt. Den kjem heilt til slutt, den er albumet sitt lengste kutt (nesten åtte minuttar lang), og ber i seg lyden av å vere ein klassikar. Decline har sin Lately, ein episk koloss som går frå å vere ein varleg ballade over i eit ustabilt og frenetisk instrumental parti. Open Season har noko endå betre; True Adventures. Ein ballade, men ikkje ein heilt vanleg ein. Den opnar med nokre sekund vemodsfulle tonar før den bygger seg opp og vert eit monument av dissonans. I det den rundar to minutt har kaoset avteke og songaren smyg seg fram, med nesten kviskrande stemme syng han sjelfullt om naturen, kjærleiken, døden og eventyret. Midtvegs og avslutningsvis vil han på ny verte avbroten av instrumentelt kaos. Særdeles effektfull kontrastbygging, der det anarkistiske og desorienterte blir like vakkert som det melodiøse og sindige. Utan kakafonien kunne det ha vore ein vakker ballade, med vert det i sanning ein ekstraordinær seanse. Ja så meisterleg at den allereie har teke sete i min private melodihimmel. På rom sju, der også Beatles sin A Day In the Life, REM sin Country Feedback og ikkje minst Big Star sin Kangaroo flyt rundt frå før.
Med sin personlege omfamning av lyden frå mellom andre Echo & the Bunnymen, Psychedelic Furs og David Bowie, plasserer Brighton-kvintetten seg temmeleg nær (ja, kanskje heilt på) toppen av dagens britiske pop og rock-bilete. Dei hentar fram mykje av det beste i sine inspirasjonskjelder, samstundes som dei lever opp til namnet sitt og viser ei kraft og ein vilje til å stå fram både som eit britisk band og eit band med grenselause melodiske og tematiske tilnærmingar. Sail on.
7/10
Først publisert på Groove.no (i 2005)