Category Archives: 2004

Diverse Artister – Nevermind: Glitterhouse is 20

Standard

Glitterhouse markerer sitt 20 års-jubileum med ein trippel CD som viser at dei har mykje fint å by på.

cover  Med kjærleiken til musikken som drivkraft har den tyske labelen Glitterhouse ført ei kompromisslaus linje, og servert oss ei rekke sterke utgjevingar frå små uavhengige plateselskap i USA, Australia, England, Tyskland og Skandinavia. Ja, i 20 år har Reinhard Holstein og hans medsamansvorne vore på denne misjonen for spreiing av musikk frå undergrunnen. Dette markerar dei i desse dagar mellom anna med ein trippel CD, der mange av artistane dei har eller har hatt i stallen blir presentert.

Å kalle utgjevinga Nevermind er slett ikkje det Nirvana-tjuveriet enkelte kanskje vil tru. Det var faktisk Glitterhouse som seint på 80-talet, som dei første i Europa, fatta interesse for musikken på den vesle Seattle-labelen SubPop. Før ei einaste sjel på vår sida av Atlanteren hadde teke ordet grunge i sin munn gav dei engasjerte tyskarane ut musikk av Green River, Mudhoney, Screaming Trees, Soundgarden og (ja nettopp) Nirvana.

Glitterhouse var først namnet på ei fanzine. Det var tidleg på 80-talet og unge Reinhard Holstein skreiv om band som The Associates, The Feelies, Go-Betweens og Gun Club. For å få alle dei australske gitarbanda han var fan av ut til folket, starta han så opp postordre butikken Glitterhouse. Fanzina vart no også eit nyhetsbrev for denne butikken. For å fylle fritida spelte Reinhard også i band, eit primitivt garasjerock band kalt The Chosen Monks. Rundt i Tyskland fanst det fleire band som svergja til same musikken. Reinhard og venene hans fekk dermed ideen å lage ein garasjerock-samling. Dei kalte den The Battles of the Band og gav den ut på kassett. Ikkje så lenge etter vidareførte dei ideen, og gav ut ei internasjonal samling av obskur garasjerock kalt Declaration of Fuzz. Denne gong på vinyl, dermed var Glitterhouse også blitt ein plate-label.

Plate nummer 31 på labelen var Green River sin Rehab Doll, og fleire SubPop-lisensierte utgjevingar fylgde. Men som vi veit, når musikk byrjar lukte pengar kjem forretningsmennene. Grunge var blitt eit begrep, men idealistane i Glitterhouse fekk ikkje vere med på den inntektsbringande perioden, den var det Warner, Sony og slikt noko som tok seg av. Holstein og kameratane byrja i staden å pushe eksplosive og hardtspelande band frå den amerikanske labelen Amphetamine Reptile (Helmet, Boss Hog og God Bullies). Ti år gamle hadde Glitterhouse 360 utgjevingar bak seg.

Sjølv om dei var blitt spelt utover grunge-sidelinja var dei ikkje heilt utan Seattle-band i stallen. The Walkabouts (og frontfigurane Chris Eckman og Carla Torgerson sine andre prosjekt) skulle utover nittitalet bli den kanskje fremste representanten for det «nye» Glitterhouse. Dei neste ti åra endra nemlig labelen profilen sin ganske så drastisk. Frå å vere ein heim for hardtslåande og gitar rockande band flytta dei no merksemda mot artistar i folk, country og americana segmentet. Samstundes auka dei aktiviteten i postordre-delen av huset.

The Walkabouts og deira utallige sideprosjekt har nok vore flaggskipet i Glitterhouse dei siste ti åra. Men dei har også distribuert lyden av band og artistar som 16 Horsepower (med sideprosjekt), Johnny Dowd, Califone, Willard Grant Conspiracy, Neal Casal, Knife In the Water og M. Ward. Dei aller fleste frå USA. Etter årtusenskiftet har det også kome fleire norske artistar i distribusjonsapparatet deira. Midnight Choir, Ricochets, Ai Phoenix, Thomas Dybdahl og Helldorado. Labelen har i tillegg vist ei noko meir eklektisk innstilling dei siste fem åra med å gje ut plater langt på sida av både det gitarbaserte og americanaspaserte. Til dømes norske Salvatore og The White Birch, og eksentrikaren David Thomas sine ulike prosjekt.

CD-trippelen dei markerer jubileet med hentar låtar berre frå den siste tiårsperioden til labelen. Litt merkelig, for skal ein fortelje historien ved hjelp av lydspor bør ein vel grave fram representantar frå heile lasset. Men kanskje det er meint vel så mykje som eit promoteringsprosjekt. Då er det jo greit å vise fram det som er mest aktuelt og som kan skaffast frå lageret. Litt forretningssans er det trass alt til stades hos Glitterhouse sine folk også.

Offisielle albumkutt er i fleirtal blant dei 51 låtane på samlingen, men her er også eit knapt dusin tidlegare uutgjevne spor. Frå sistnemnte kategori er det tre som er innspelt av Chris Eckman med venner. Befell var rett nok med på The Black Fields-albumet hans i fjor, men her er den å høyre i sommarmix. Dei to andre er heilt nye, men korkje den åtte minuttar lange collagen Eveningland (Abendland) under Walkabouts-monikoren, eller einstonige Monorock under signaturen S.Y.P.H vekker minner om Eckman & co sine beste stunder. Låta Swinger 500 henta frå klassiske Chris & Carla dagar er derimot ei vemodsfull stjernestund.

Av dei åtte norske som er tildelt speletid på utgjevinga er det vel inga overrasking at Midnight Choir utmerkar seg. Deira fine Electric Rain er med i ein litt anna, men ikkje dårligare, versjon enn den som er å finne på Unsung Heroine. Skarpe saker vert også servert frå både Ricochets og Salvatore sitt innspelte repertoar.

Ellers er David Eugene Edwards representert med to bevrande saker, Sparrow Falls i Woven Hand-handsaming og American Wheeze med 16 Horsepower. Av anna som glitrar bør eg vel også nemne Butch Hancock si vakre vise If You Were a Bluebird, Neal Casal sin triste Free Light of Day og Califone sitt spenstige gitarskarpe eventyr Wade On the Water.

Sånn alt i alt dokumenterer denne utgjevinga at det har komme mykje inspirert lyd frå Glitterhouse-depotet siste ti åra, men også at det har dukka opp eit og anna av det dvaskare og mindre interessante slaget. Kor som er har labelen gjort (og vil forhåpentlegvis fortsette å gjere) eit viktig arbeid for at god musikk frå kjellarar, garasjar, bakgårdar og andre dunkle avkrokar når ut til folk.

6/10

Først publisert på Groove.no (i 2005)

Diverse Artister – Sleepwalking

Standard

19 spor henta frå arkivet til den usignerte og avdøde låtskrivaren Alf Roar Vold. Med på laget er mellom andre Karin Park, William Hut og Sissy Wish.

cover  På Sleepwalking blir det framført nitten låtar alle henta frå same skrivebordskuff. Skuffen tilhøyrde Alf Roar Vold, ein låtskrivar og musikar truleg ikkje så veldig mange har høyrt om. Hausten 2003, i ein alder av 32 år, døydde Alf Roar Vold av kreft. Han etterlet seg mange songar (nedskribla og i demoutgåver), men ingen var nokon gong blitt gjevne ut. Dette ville musikarvenene hans gjere noko med. Resultatet er denne plata.

Alf Roar Vold kom opprinnelig frå Sunnmøre, men levde dei fleste av sine musikkaktive år i Bergen. Dei fleste artistane på albumet har derfor sin tilknytning til musikkmiljøet i denne byen. Sleepwalking har blitt eit absolutt habilt dokument over den usignerte musikar, og viser ved fleire høve at mannen kunne det å snekre i hop ein låt. Sjølv om det, så lenge hovudpersonen ikkje sjølv er med, nok er langt unna å gje det heile og fulle bildet av mannen si toneverd.

Av forståelige årsaker har ikkje underteikna fått høyre Vold sine eigne versjonar av låtane. Eg har like fullt ein mistanke om at dei hadde vore noko annleis. Det er trass alt dei utøvande musikarane sine ulike uttrykk som i stor grad bestemmer korleis det soniske utfallet blir på plata. Vold sine fremste inspirasjonskjelder var John Lennon, Neil Young og Led Zeppelin. Det går det an å høyre, men uttrykka som gjev seg til kjenne her varierer likevel over eit langt vidare register enn som så. Slik må det jo også bli når deltakarane spenner frå Sissy Wish sine nette poptonar til Manngard sine vesentlig tyngre åtak.

Det er nok ikkje alle av dei nitten låtane som påkallar interesse. Her finst spor som blir for flate og manglar både eigenart og melodisk kraft. Noko som sannsynlegvis kan tilskrivast den einskilde utøvar vel så mykje som komponisten. Skal ikkje dvele ved den sida av albumet, vil heller nemne stundene som bit best ifrå seg. Det startar særdeles friskt med Karin Park og Per Vidar Staff i sprudlande New Pornographers-stil. Deires versjon av Loaded vart spelt inn før Alf Roar sin død, og er albumet sitt udiskutable høgdepunkt. Velfungerande og livat er også Real Ones og deires folkrocknummer Just a Dream. Datarockar Fredrik Saroea stiller åleine, gjer seg ferdig på under to minuttar, men etterlet seg eit sprelskt inntrykk med Stay Easy. Noko av det same inntrykket etterlet trioen Jack seg også, tett, kjapp og heftig rock med ei opplagt Solgunn Ivana Valstad på vokal. William Hut feilar sjeldan, det gjer han heller ikkje med den spartanske balladen Crying Fish. When The Ocean er seks minuttar med Emmerhoff & the Melancholy Babies i velkjent terreng – duvande, zeppelinsk og strengeflott. Islandske Gisli (ein av få ikkje-vestlendingar) tar seg også fram i dugande terreng, med ein sampla og programmert mikstur av psykedelia, Led Zeppelin og Beck kalt Hammer of the Gods.

Ein fin gest til ein ung mann som heilt sikkert fortjente denne merksemda, og overskuddet av prosjektet går til kreftforskning.

5/10

Først publisert på Groove.no (i 2005)

Al DeLoner – The Mess Age Is Joy

Standard

Djupt personleg og dyster affære frå ein midnattsmann utan kor.

cover  I 2004 kom meldinga om at Midnight Choir var oppløyst. Paal Flaata, mannen med den fantastiske stemma og bandet sitt mest kjente ansikt, gjekk ut i avisene og sa at no var det nok. Kjemien var på frysepunktet og han ville vidare. Frå bandet sin låtskrivar, gitarist, pianist og lydutviklar Al DeLoner (Atle Bystrøm i folkeregisteret) kom det ikkje eit ord. Ikkje før eit halvt år etter, då kom denne plata.

The Mess Age Is Joy er ein djupt personleg og dyster affære. Al DeLoner har hatt sitt å stri med og lar det kome til uttrykk gjennom ord med tonefylgje. Det handlar om relasjonar som er gått i oppløysing, som han sjølv skriv i eit notat inni coveret. Kvinner, familie, venner og samarbeidspartnarar.

Al er langt ifrå den første som gjer dette. Musikkhistoria er full av tonar med sitt utgangspunkt i liknande tilhøve. Med Bob Dylan sin Blood On the Tracks som den kanskje mest omtalte. DeLoner sine ord kjem nok ikkje ut i ei like rik poetisk drakt som dei gjer hos the Bobness, men dei dirrar like fullt av både sakn, angst, uro og forbitrelse. Tekstane verkar som dei i liten grad har vore gjennom noko form for redigering. Vi får servert den første tanken og den første formuleringa. Den som trengde seg på då Al sat der og lirka og klimpra dei fram første gongen.

Innspelingane har han gjort heime i sitt gule hus ved sjøen. Han presenterte dei for plateselskapet som skissar og demoar, og dei ansvarlege på selskapet høyrde i desse innspelingane ei nerve dei var redd forsvann skulle dette bli gjort om. Så difor kjem plata i rå tapning, med akustisk gitar eller piano som leiande instrument, og litt vagt lydgniss i bakgrunnen, samt ein Al som syng «ba-ba-ba-pa-para-pa» der han hadde tenkt seg ein trompet.

Totalt blotta for sinnsstemningar av lysare grad er albumet forresten ikkje. Tittelen til dømes har jo rom for alternative tolkningar av både ironisk og munter karakter. Første vers i I Met Daryl Hannah In a Dream har og eit drag av det komiske over seg. Vel, så mykje meir slikt er det kanskje ikkje, i tredje vers i denne Nebraska-era Springsteen-liknande og melodisk vakre songen melder i alle fall den bitre angeren seg for første men ikkje siste gong. Dei aller sterkaste tonane, henta frå dei same triste marker som Beck søkte på Sea Change, kjem smygande på The Dead End of Me. Om kvinna som sviktar han for ein annan. På Be Good to Me står han fram som nokså kategorisk avvisande overfor folk han meinar har gjort han urett. På sitt aller mest hatske og urokkelege er han likevel når han snakkesyng seg gjennom prøvingar ein kan utsetje han for, men likevel; You Can’t Break Me Down.

Det er berre åtte songar på albumet, men dei er relativt lange så samla speletid strekk seg mot 45 minuttar. Lengst (nesten åtte minuttar) er avsluttande Three Weeks Bleak. Ei pianodrapert vise i slekt med både John Lennon sine mest opprivande stunder på Plastic Ono Band og Neil Young sine ditto på Tonight’s the Night. Slik dør plata ut med Al DeLoner i nær falsettleie og ei sår gjentakande bøn; «Take My Pain Away.»

Eg ser ingen grunn til å be om årsaking for at eg lar meg bevege av DeLoner sin «boksekamp med stilla» (for å nytte venen Chris Eckman sine ord). Det er personleg stoff, men det er også allmene kjensler som vert vridd og vrengt på. Er du menneske har du sannsynlegvis følt og kjem til å føle mykje av det Al syng om her (om enn kanskje ikkje like intenst). Syng ja, han har ikkje toneregisteret til Flaata, men nærleiken han har til stoffet erstattar glatt tekniske manglar.

Eit par av låtane er utstyrt med ei litt for anonym melodidrakt. Like fullt er dette heilt på høgde med dei seinaste Midnight Choir-utgjevingane. Ja, kanskje vi må tilbake til Amsterdam Stranded for å finne ei betre plate frå denne kanten.

7/10

Først publisert på Groove.no (i 2005)

 

Neko Case – The Tigers Have Spoken

Standard

Livfulle opptak frå konsert og konferanse. Over halvparten er coverlåtar, nokre er ferskvare, det meste er flott.

cover  Mykje av den beste countrymusikken dei siste ti åra er det damer som har stått for, og då tenkjer eg ikkje på Shania Twain og Faith Hill. Namn som Emmylou Harris, Lucinda Williams, Gillian Welch, Mary Gauthier, The Be Good Tanyas, Oh Susanna, Grey deLisle og ikkje minst Neko Case har imidlertid servert mykje tiltalande stoff frå den uforfalska delen av musikkverda.

I 1997, nokre år etter at ho starta musikk-karrieren sin som trommeslagar i eit punkeband, debuterte Neko Case med countryfolk-plata The Virginian (hennes fødestad er Alexandria, Virginia). Eit meir enn habilt album med for det meste Neko sine tolkningar av andre sine låtar. På oppfølgjaren Furnace Room Lullaby frå 2000 stod ho i kompaniskap med andre sjølv for låtmaterialet. Heitt, kjenslefullt og melodisk solid, vitna albumet om ei sterk dame som for alvor byrja å få grep om sakene. To år seinare tok ho seg i hovudsak av låtskrivinga på eigen hånd. Blacklisted som albumet heitte er ein dampande, sjelfull og intens countryfolk-affære. Neko Case sin mest personlege og beste. Ei plate det er umogeleg å koma utanom viss ein ynskjer å sette lyset på dei viktigaste hendingane på countryfronten etter milleniumskiftet. I tillegg har dama, som mange sikkert veit, vore ein livfull og særdeles viktig del av det energiske, Canada-baserte orkesteret The New Pornographers.

The Tigers Have Spoken er ikkje dama sitt fjerde studioalbum (ryktene seier at det skal dukke opp sommaren 2005), men ei liveplate. Heldigvis er det ikkje åtti minuttar med, som Camper van Beethoven for nokre år sidan så fiffig titulerte det, «greatest hits played faster». Av dei elleve låtane er berre to blitt spelt inn av Neko Case tidlegare. Det er det inderlige og folkbluesy tittelkuttet frå Blacklisted, og den blå balladen Favorite frå den meir obskure EPen Canadian Amp.

Til å hjelpe seg har dama fått med seg fleire av den alternative countryen sine finaste utøverar. Dei vene stemmene til Kelly Hogan og Carolyn Mark, strengevirtuosen Jon Rauhouse og heile The Sadies. Gutane frå sistnemnte band er også oppført som medkomponistar på to heilt nye Neko Case-originalar, If You Knew og tittelkuttet. To medium-tempo affærer som både har i seg Blacklisted-fakter og speidar mot eit litt meir rockprega terreng. Solide saker som i alle fall ikkje dempar forventningane til det komande studioalbumet.

Resten av kutta på The Tigers Have Spoken er henta hos andre låtskrivarar. Gode gamle Loretta Lynn, som godt hjulpen av Jack White nyleg gjorde comeback på platefronten til velfortjente ovasjonar, er blant Neko Case sine største inspirasjonskjelder. Akkurat som White Stripes har gjort, grip Neko også tak i Loretta sitt klassiske skilsmisse-epos Rated X. Hennes versjon ligg nok nærare opp mot originalen enn White Stripes sitt ubehandla åtak, men er slett ikkje noko dårligare av den grunn. Då det obskure bandet Nervous Eaters i 1980 song om Loretta, er eg ikkje så sikker på om det var Loretta Lynn dei hadde i tankane. Det trur eg imidlertid det er Neko og kompani har når dei i heftig cowpunk-drakt grip tak i denne låta. Heftig så det held er også gjengen sin versjon av Shangri-La låta Train From Kansas City.

Buffy Sainte Marie er også ei dame Neko set høgt, her gjer ho ein dugande versjon av Soulful Shade of Blue. Frå den yngre garde av kvinnelige låtskrivarar har ho henta den vemodsfulle balladen Hex, første gong å høyre på solodebuten (i 2002) til Freakwater-vokalist Carolin Ann Irwin. På denne som på fleire av spora er raffinert koring ein viktig ingrediens.

Den litt for korte seansen (34 min.) vert avslutta med to gamle songar. Bluegrass og gospel-miksturen This Little Light, og særdeles velbrukte Wayfaring Stranger er kanskje ikkje verdens mest spennande valg, men er like fullt habile innslag. Den siste i eit opptak frå ein konferanse, med publikum som stor-kor.

Ei fantastisk dame med ei stor stemme i eit absolutt givande opplegg.

7/10

Først publisert på Groove.no (i 2005)

 

The Blueskins – Word of Mouth

Standard

Med over 30 år gammal rockehistorie i ryggen, punken i augekroken, og dametrøbbel rundt kvart hjørne.

cover  The Blueskins er fire jyplingar frå Yorkshire-distriktet i England som her platedebuterer med ein spenstig rasjon bluesinfisert rock’n’roll sjau. Dei spelar som om dei har både Led Zeppelin, Faces, Yardbirds, MC5 og ein haug andre meir eller mindre legendariske rockeband i hælane. Og med denne over 30 år gamle rockehistorien i ryggen, punken i augekroken, og dametrøbbel rundt kvart hjørne leverer dei ein ganske så overbevisande debut.

Det er kun to år sidan kvartetten begynte på sine første famlande forsøk, men her er dei altså allereie på banen med debutskiva. Det kan virke som om engelske plateselskap hungrar etter å presentere unge røffe gitarbaserte band nå i kjølvannet av suksessen til grupper som The Strokes og White Stripes. Då seier det seg vel nesten sjølv at alt kan ikkje være like interessant. Men når det er sagt, The Blueskins høyrer absolutt til blant dei frodigaste vekstane i denne jungelen. Dei rår nemlig over eit meir enn anstendig låtlager, samt at dei legg for dagen eit uregjerleg men næringsrikt samspel.

Med sin Word of Mouth har The Blueskins ingen intensjonar om å frelse verden. Dei har heller ingen intensjonar om å revolusjonere musikkhistorien. Dei har kun sett seg føre å spre litt infernalsk kåtskap i melodifin innpakning. Og slikt er jo definitivt viktig nok det. Med tekstlinjer som stort sett ligg i eit klisjéprega «c’mon with me babe, you can do what you want»-landskap, gjer dei heller ingenting for å utvikle rock-lyrikken. Men det er i grunn heilt i orden, det og.

Kraftig og adrenalinfylt set dei ting på plass allereie i åpningssporet Bad Day. Ryan (karane presenterer seg kun med fornavn) sin raspande vokal i John Fogerty lende, leiar an i ein massiv bluesrock avgang. Eit driv Girl nokre nummer seinare heng seg på, og raffinerer i endå meir vital retning. I mellomtida har dei også gjennomført ein New York Dolls-svingar-seg-med-Eddie Cochran øvelse kalla Stupid Ones, ein heftig sak med eit popfikst refreng. Og dei har sparra med Led Zeppelin sin Black Country Woman, i det organiske og særdeles strålande akustiske skiffle-blues tilfellet Change My Mind. Ein stil dei og tangerer i den nesten like medrivande My Love Is Law, der dei og plussar på med eit allsangvennlig «la-la-la-la-like what I see» refreng. Meir la-la-la er å oppleve i Go, men denne gongen av det noko mørkare og sterkt vodka-dunstande slaget. Låta er nærmast å sjå på som ein polsk riksdag både med tanke på det aust-europeiske melodiuttrykket, og det stadig rytme-skiftande arrangementet.

Siste halvdel av plata har nok eit par spor som blir litt gråare (Ellie Meadows og Take Me Home), i alle fall målt mot halvdusinet som ligg først i løypa, men det tåler vi godt. I det minste så lenge dei slår tilbake med brillefine saker som Love Boat og den svette og temposterke melodi-festen Tell Me I’m Someone. Medan hardtarbeidande Magpie Blues truleg er ei slik låt som gjer seg aller best i levande live.

Sikkert ikkje viktig, sikkert ingen klassikar, men heilt sikkert ein storarta fest. Gje meg fem.

6/10

Først publisert på Groove.no (i 2004)

Black Cab – Altamont Diary

Standard

Australsk duo serverer ein suggererande oppteikning av dagen då 60-talet tok slutt.

cover  1969: Pelé scorar sitt mål nummer 1000. BBC sender den aller første episoden av Monty Python’s Flying Circus. Nicholson, Hopper og Fonda køyrer motorsykkel, og slår eit slag og to for fridomen i Easy Rider. Kurt Vonnegut gjer ut sin fabelaktige historie Slaughterhouse-Five. Neil Armstrong stegar ut på månen. Richard Nixon er så vidt byrja å lure på korleis USA skal komme seg utav Vietnam. John Lennon og Yoko Ono oppfordrar om å gje freden ein sjanse.

Og så var det eit fantastisk musikkår: Led Zeppelin debuterer, Neil Young salar opp Crazy Horse og peikar på at Everybody Knows This is Nowhere, Gram Parsons samlar sine Flying Burrito Brothers for eit besøk på The Gilded Palace of Sin, Townes Van Zandt skodar inn i hjarta av Our Mother the Mountain, The Band gjer ut sin sjølvtitulerte, King Crimson møter opp In the Court of the Crimson King og Rolling Stones Let It Bleed.

I midten av august dette året straumar hippiar, yippiar og andre inn på nokre jorder ved Woodstock utafor New York. Peace, Love & Understanding har si blomstringstid. Fire månader seinare inviterer Rolling Stones og ein del andre til gratiskonsert på Altamont speedwaybane utafor San Fransisco. Ideen om Peace, Love & Understanding blir brutalt knust av eit vaktselskap frå helvete utstyrt med biljardkøller, ølboksar og knivar.

Det er dette siste evenementet som har inspirert den australske duoen Black Cab til å platedebutere på eit noko uvanlig vis. Med eit konsept, og eit nyinnspelt soundtrack til ei 25 år gamal hending. Rolling Stones og eit filmteam leverte sin dokumentar, Gimme Shelter, like i etterkant av hendinga. Den fortel neppe den heile og fulle sanninga om kva som skjedde denne dagen. Det gjer sannsynlegvis ingen av dei andre skildringane eller mytane som har dukka opp i åra etter heller. Men det ein kan ha gode grunnar til å tru er korrekt er at fire døde og fire blei født på speedwaybanen denne dagen. 300 000 menneske hadde møtt opp, doptåka låg lavt over forsamlinga, og den lokale avdelinga av Hells Angels var leigt inn til å passe på. Det siste skulle vise seg å vere ein særdeles dårlig idé.

Black Cab er vokalist, musikkmaskinist og produsent Andrew Coates og gitarist James Lee. I lag med ein liten gjeng medmusikantar har dei grepe tak i Stones slik vi kjenner dei i sine beste kutt, Symphathy For the Devil og Gimme Shelter, kikka Primal Scream i korta, latt seg bli Spiritualized, og sendt sakene gjennom ei kvern av Neu og Velvet Underground. Det fungerer. Innafor ei tidsramme på førti minuttar tar dei lyttaren med på ein tur som startar i eit håpefullt modus, og endar i ruinar.

Første scene: «Summer of love» gjentar Andrew Coates i nær fem minuttar oppå eit uforderva komp av akustisk gitar og yppig rytmikk, med lengtande tonar frå ein elektrisk gitar som lindrande ekstraingrediens. Sistnemnte møter ein i eit meir krakilsk humør rundt neste hjørne. «it’s ok, things are not ok» er Coates sitt mantra no. Rytmen er Neu!, tonen er noko urovekkande. Den dør ut, og orgeltonar melder frå at Angels Arrive. Gitaren riffar truande og rytmen går tett på. Jerry Garcia slepp til, han er ikkje fornøgd. Han har sett vaktene banka opp Jefferson Airplane-songaren Marty Balin, som blanda seg inn i deira handheving av vakthaldet. Hells Angels er no byrja å bli iltre. Publikum viser ikkje respekt for syklane deira. Paul Kantner (Jefferson Airplane) seier over mikrofonen kva han synest om handlemåten deira. Ting byrja komme utav kontroll. «It’s really weird», Sez Jerry. Grateful Dead spelar ikkje.

Eit par instrumentalar fylgjer. Good Drugs. Tabla og sitar. Psykedelia og rus. Stimulerande. Hey People. Synthbølgjer og framdrift. Og så, New Speedway Boogie. Nei, Grateful Dead spelte aldri på Altamont, men dei laga minst ein song om det.

I spent a little time on the mountain
Spent a little time on the hill
I saw things getting out of hand
I guess they always will

Black Cab låner den og funkar den opp.

Meredith Hunter heitte ein ung afro-amerikanar som var til stades. Han hamna i krangel med vaktene. Han var påverka av metamfetamin, og han hadde ein revolver. Det er usemje om han drog denne fram før eller etter det første knivstikket. I alle fall, fleire stikk fylgde, og spark. Han døydde. Medan Rolling Stones spelte Under My Thumb.

A Killing, dei mørke tonane har for alvor inntatt arenaen.

Så kjem 1970, ei ti minuttar lang mørk og nådelaus avslutningsscene. Det er etterpå. Etter forhåpningane. Etter nedsablinga. Etter apokalypsen. «I think we fucked it up again, the music’s chance to do it again» meinar eg å høyre Andrew Coates synge innimellom brutale gitartonar, kraftfull dynamikk og djupfølt forbanning. Kva nå? Seglar vi motvillig inn i eit nytt tiår på ei røyksky av handlingslamming? Vil tonane igjen reise seg, frå ruinane av knuste blomar og upfucka draumar? Eller er dette å sjå vel mørkt på situasjonen? Du veit kanskje svaret?

Black Cab tilbyr ein tur tilbake til speedwaybanen oppe i åsen, ikkje for å gje oss svaret, men for å gje oss eit glimt av dagen då dei gode intensjonane para seg med djevelskapen og rulla utforbakke, og vart altfor tunge å stoppe. Du kan definitivt gjere dummare ting enn å bli med på deira soniske dagbok-variant av ein tur. Til dømes haike deg tilbake med ei tidsmaskin.

8/10

Først publisert på Groove.no (i 2007)

 

Arcade Fire – Funeral

Standard

Med mot, eit ope sinn samt eit arsenal av instrument skaper dei eit vidtrekkande uttrykk.

cover  Å titulere debutalbumet sitt Funeral er vel i grunn ein noko merkeleg ting å gjere. Det blir på eit vis å byrje med slutten. Eller kanskje ikkje? For «Av jord er du komme. Til jord skal du bli. Av jord skal du igjen oppstå». Og kven kom no først, høna eller egget?

Trur ikkje vi skal trekke dette lenger inn i tåkeheimen. Hovudårsaka til at sekstetten frå Montreal tyr til denne tittelen ligg nok helst i at fire av medlemmene mista nære slektningar under innspelingane. Dette var sikkert med å bestemme fargetonen på innhaldet også, men ikkje heile tonen. For det er ikkje tittelen, men gløden og det ruvande i bandnamnet som i sterkast grad varslar kor dette ber i veg.

Ekteparet Regine Chassagne og Win Butler leiar an ei ferd rik på vanedannande musikalske opptrinn. Det går an å gjere det enkelt for seg og nemne Talking Heads, Gang of Four, Flaming Lips, British Sea Power, Roxy Music og fleire andre, men Arcade Fire er langt meir enn summen av alt dei liknar litt på. Arcade Fire har med utgangspunkt i det som har blitt utvikla tidlegare meisla sitt eige uttrykk. Med mot, eit ope sinn samt eit arsenal av instrument skaper dei eit vidtrekkande uttrykk, som spenner frå det overveldande via det kvilelause og febrilske til det tandre. Med ein fabulerande og undrande, av og til nesten naiv innfallsvinkel oppdagar hovudpersonane i låtane deira eit nabolag og ei (nær og fjern) verd av løgn, smerte, lengsler og død. Her er djup fortviling og pessimisme, men og eit stort håp, eit håp om at det alltid finst eit sidespor på skinnegangen mot avgrunnen. Ja får berre ungdomen mot nok, og kontroll nok, skal du sjå at dei pensar det svarte lokomotivet over på sporet som går mot grøne enger og dansen i måneskinet i staden. Det kunne blitt over toppen og patetisk; det blir lidenskapeleg, vakkert og beint ut uimotståeleg.

Første delen av plata er via nabolaget. Fire låtar med hovudtittel Neighborhood (skild med nummerering og undertittel). #1 (Tunnels) handlar om han som bryt opp frå ein disharmonisk heim og dreg gjennom ein tunnel i snøen for å møte kjærasten. Til tonar som byggjer seg opp mot noko endå større enn Waterboys sin «big music» frå åttitalet. #2 (Laika) er nervøs og stram David Byrne-funk (med trekkspel-tilslag) om den uregjerlege storebroren. Sterkast og råast er #3 (Power Out). Ein rytmisk pågåande og melodisk kvass sak om den varme- og lysgjevande pluggen som einkvan har drege ut. Foreldregenerasjonen frys til is medan ungdomen kavar rundt for å finne nøkkelen til magnatane sitt sikringsskap. #4 (7 Kettles) er melodisk meir i slekt med #1 (Tunnels). Lagt i eit toneleie ikkje ulikt der Springsteen var på Nebraska, men sjølvsagt meir orkestrert og malmfullt.

Regine sine foreldre flykta i si tid frå det brutale Duvalier-regimet på Haiti. I songen med same namn syng ho skjørt og delvis på fransk (det offisielle språket på Haiti) om flukta. Varleg og halvfransk er også Butler/Chassagne duetten Une Année sans Lumiere, heilt til dei kvessar gitarane mot slutten, liksom for å gjere seg klar til Power Out. På det tredje nummeret der Regine regjerer bak hovudmikrofonen den avsluttande In the Backseat vitjar ho og bandet eit Kate Bush liknande distrikt.

They say it fades if you let it, love was made to forget it.
I carved your name across my eyelids, you pray for rain I pray for blindness.
If you still want me, please forgive me, the crown of love is not upon me…

Opplevinga av at kjærleik ikkje vert gjengjeld har vore årsak til mykje utoleleg smerte og veggvandring. Med den på alle vis store balladen Crown of Love framstille Arcade Fire dette hudlaust og levande. Ei fortvila bøn som dør idet dramatiske strykarar og låta sin generelle dynamikk tar kvelartak på eit «la-la-la-la-al-ala-la». Ein kvelar dukkar også opp i den siste linja av Wake Up. Rytmisk medrivande og melodisk flott i eit Bowie-liknande lende set Butler nok ein gong sin lit til dei unge, fordi vi, «we’re just a million little god’s causin» rain storms turnin» every good thing to rust». Medan den suggererande og monumentale Rebellion (Lies) mest sannsynleg er å oppfatte som ei kraftfull oppfordring til å gje livet med stor L sjansen i staden for å vandre rundt som ein søvngjengar blant løgner.

Arcade Fire femner vidt, grip hardt og brenn seg fast.

9/10

Først publisert på Groove.no (i 2005)

 

Eric Andersen – The Street Was Always There (Great American Song Series vol. 1)

Standard

Protestviser og andre viser, om igjen.

cover  Som ein fortropp til hippiebevegelsen og dets like, blomstra det tidleg på 60-talet fram eit miljø av folksingers (på norsk visesangarar) på gatene, kafeane, klubbane og grøntarealene i Greenwich Village, New York. Ein av aktørane som fant seg til rette i denne gjengen var Eric Andersen. Ein ung mann frå Pittsburgh som høyrde til den delen av miljøet som skreiv personlige og poetiske viser, i motsetning til dei kanskje meir kjente «protestsangarane». Men hans varme røyst og det den hadde føre seg vann vel egentlig ikkje den veldig store åtgaumen før han i 1972 kom med albumet Blue River, der spesielt tittellåta står fram som ein ærbødig og flott vise kledd i ei mjuk men vinnande drakt. Her til lands er han seinare også blitt kjent som «amerikanar med norske røter», og som samarbeidspartnar med Rick Danko og Jonas Fjeld på eit par utgjevingar av roots-basert materiell.

På The Street Was Always There ser han tilbake mot tida då det starta, og tolkar songar av ein del av trubadurane han vandra rundt i Greenwich Village saman med (samt to sjølvskrevne låtar). Og skal vi tru undertittelen (Great American Song Series, vol. 1) kjem det kanskje til å dukke opp ein oppfylgjar ein gong i framtida også. Med på laget har han mellom anna veteranar som John Sebastian og Happy Traum, samt den yngre og ikkje heilt ukjente Wyclef Jean.

Med bakgrunn i at han var der, såg det, høyrde det og levde det, blir dette noko litt anna enn eit ordinært coverlåt eller «tribute»-opplegg. Intensjonane til Andersen og hans medhjelperar er sikkert dei aller beste, men det heile klarer likevel ikkje å erobre denne lyttaren i særlig grad. Stemma hans er blitt litt meir rusken med åra, og maktar ikkje alltid å omfamne sangane. Og arrangementa blir til tider for svulstige og drep det som berre er ein enkel, fin liten sang. Spesielt ille er den ti minuttar lange versjonen av Dylan sin A Hard Rain’s a Gonna Fall, den høyrest mest av alt ut som eit fyllesjukt Dire Straits på tomgang, slapt og ullent.

Dei to antikrigssangane til Phil Ochs, han tolkar her, blir på si side trampa sundt av «militante» rytmar og andre brutale innfall. Buffy Sainte Marie sin klassiske fredssang Universal Soldier er eit greit forsøk men er nok å finne i langt betre tapningar andre stader. Noko heldigare er hans omgang med to av Fred Neil sine beste songar, sjølv om han nok ikkje heilt touchar originalen sin glød her heller. Men han skapar faktisk nokre mollstemte stemningar av medrivande art i David Blue-visa These 23 Days In September.

Sine eigne låtar har han også eit bra grep om, og spesielt Wave of Freedom (frå 1969) er ein melodisikker sak han finn den rette tonen i hop med. Men også tittelkuttet med sine strofer om både metaforiske gater og meir verkelige gater held seg med ålreite tonar.

Men når alt kjem til alt er eg ikkje så sikker på at det er ein så veldig god idé å spele inn ein vol. 2. Trur faktisk det ville vore ein god del lurare å ta ein telefon til ein rusten herre i Drammen.

4/10

Først publisert på Groove.no (i 2004)

 

American Music Club – Love Songs For Patriots

Standard

Kjærleikssongar for dei verkelige patriotane. I eit comeback det osar kreativt overskudd av.

cover «Ladies and gentlemen, it’s time? for all the good that’s in you to shine? for all the lights to lose their shade? for all the hate that’s in you to fade»

Slik lyde dei første linjene til Mark Eitzel når hans American Music Club igjen, etter ti år i opplag, velsignar oss med sine tonar. Men la dykk ikkje lure, Mark er ingen nyfrelst optimist. Det skal nemlig ikkje gå så mange sekundane før eit anna ansikt kjem til syne. Eit ansikt som avdukar sjelelige manglar, falskspel og løgner. Og som opptrer i velkjente Eitzel-omgjevnader; natta og baren. Men like mykje som eit uttrykk for nattmennesket og drankaren sitt liv, kan bartendaren sine ord også være ein metafor over destruktive haldningar hos mange av hans landsmenn; «I’m gonna replace all your weak blood with my wine, if you can’t live with the truth, go ahead – try and live with a lie».

Frå sitt skeive hjørne har Mark Eitzel stadig noko å melde, både som sjelegranskar og som skildrar av meir politisk karakter. Og sjølv om det er livet sine mørkare irrgangar som oftast blir granska, og samfunnsynet hans er heller pessimistisk, så viser han på Love Songs For Patriots at han og har eit lite lyst glimt innerst i augekroken.

Men nå er det ikkje rettferdig å omtale denne plata som om det er ein ny Eitzel soloaffære. For er det noko denne utgjevinga viser er det at mannen nok treng den grumsete, usminka men vakre nerva som Dan Pearson (bass), Vudi (gitar), Tim Mooney (trommer) og ferskingen Marc Capelle (piano, trompet) skaper, for å kunne blomstre i fullkomen skjør og elektrisk ynde. Om soloalbuma heitte West, Caught In a Trap eller Invisible Man, det er først nå med gamlebandet i ryggen at det dukkar opp noko som kan matche fenomener som California, Everclear og Mercury. Dei tre fremste platene i ein fantastisk katalog av blødande, øm, kjærlig, hatefull, vond, lyssky, ærlig og vakker musikk. Musikk vaklande mellom dei varaste tonar og over i støyande feedback, og som henta sin inspirasjon frå store deler av det amerikanske musikk kartet; rock, folk, blues, country, jazz. På sitt heilt spesielle ikkje ødslande men skarpt intense vis skapte denne musikk-klubben sin særeigne toneverden. Ein verden som altså slutta å spinne rundt for ti år sidan (men heldigvis ikkje for godt).

Pearson starta bandet Clodhopper, Mooney bygde opp sitt private musikkstudio, og Vudi begynte å kjøre buss. Mark starta på ein solokarriere som var om mulig endå mindre suksessfull enn kva American Music Club hadde vore. Så når dei nå har funne saman igjen er det muligens i eit håp om at litt fleire musikk-hungrige individ der ute i den store verda skal være klar for musikken deires. Det hadde i tilfelle vore veldig fortjent. Særlig sidan dei i motsetning til dei fleste andre band som prøver seg på comeback-tripen verkelig har noko å by på.

Tretten låtar og ein time med velkjente AMC-tonar. Lydteppet som forfølgjer det før nemnte åpningssporet viser imidlertid tydelig at her er ein gjeng som ikkje inngår kompromiss. Med ein forstyrra bassgitar, gitar-feedback, og anna glødande grums er gjengen free folkrockin» nedover ein grusveg få andre tør fylgje. Nå dansar dei slett ikkje rundt i støvet frå denne vegen heile tida, vel så ofte er tonane av meir temd karakter. Men aldri temd i meininga velsmurd og godt tilpassa. Det næraste dei kjem noko slikt måtte i tilfelle være på den slepne Only Love Can Set You Free. Det er også kun på denne, samt på den litt for dorske Love Is, at formen skrantar litt (men berre litt).

Ellers viser dette seg å være eit nytt kapittel i AMC sine makelause bulletiner frå dei skrå breidder. Rett i hælane på Ladies And Gentlemen følgjer ein arrangementmessig meir idyllisk liten sak. Men det melodifine dramaet Another Morning tar ikkje føre seg harmoniske tilhøve av den grunn, både anklagande og giftig som den er; «Your broken heart might bring you heaven, but it will not bring you another morning, – another morning with Kathleen». I Home rettar sangaren kritikken og misnøya mot seg sjølv; «I’m afraid of my own shadow because it’s what I’ve become… My only sin, my only sin: I started hating my own skin». Eit tema som vi jo kjenner igjen frå tidlegare møter i klubben.

Meir typisk for Love Songs For Patriots er like fullt ein slags «løgna i Amerika, observert, skildra og avslørt, her ute frå sidelinja» attityde. Enten det er den homofile stripparen i den Nick Cave’ske Patriot’s Heart som «selling his embraces like Mr. President or a fallen star», eller det er den for lengst tapte illusjonen av fridom slik det blir framstilt i America Loves the Minstrel Show.

Sjølvsagt burde eg også sagt noko om når klubben går countryvegen (dei gjer det ikkje heilt slik som andre) i The Horseshoe Wreath In Bloom. Eller når Eitzel doblar vokalen sin, og til ikkje stort meir enn ein akustisk gitar syng intenst vakre Song of the Rats Leaving the Sinking Ship. Når dei så til slutt durar langsomt ut av scena etter å ha fortald at The Devil Needs You, ja då, då er eg klar til å påstå at eg ikkje kan komme på eit betre comeback. Ikkje akkurat nå i alle fall.

8/10

Først publisert på Groove.no (i 2004)

Laura Agnelli – Love Always Follows Me

Standard

Ei dame som har vore på musikkfarten i fleire tiår solodebuterer med jazzige cabaret-tonar. Dunkelt, langsomt og yndig.

cover  Sjølv om Love Always Follows Me er hennes debut som soloartist er slett ikkje Lauren Agnelli ein nykomar på musikkscena. Ho har på ulike vis vore ein del av musikkmiljøet i New York heilt sidan 70-talet. Først som skribent i magasiner som Creem og Village Voice, seinare som utøvande kunstnar. Ho var med i det vitale miljøet rundt den legendariske CBGB-klubben, som medlem av det ikkje altfor kjente bandet Nervus Rex. På åttitalet var ho ein av tre medlemer i det spreke folkbandet Washington Squares (deires sjølvtitulerte debut samt oppfølgaren Fair & Square er vel verdt å sjekke ut – «antifolk» fleire år før det vart eit begrep). 90-talet gjekk med til ein liten gjesteopptreden (eit album) med det sjangerhoppande folk-orkesteret Brave Combo, samt eit meir inngåande samarbeid med eks-new waver Dave Rave (Teenage Head). Desse to danna ein duo med det originale namnet Agnelli & Rave, og spelte musikk i grenselandet mellom folk og pop. Etter årtusenskiftet har dama spelt litt bassgitar i det heftige popbandet The Rooks, og ho har livnært seg som «seint på kvelden»-sangar i New York sine meir blå buler. Det er frå sistnemnte aktivitetar Love Always Follows Me har smygd seg fram.

Albumet består i hovudsak av låtar Agnelli sjølv har snekra i hop i selskap med musikarvener. Men her finst og ei lita handfull standardlåtar frå det røyfylte 30-talet. Det vitale jazznummeret I’m Confessin» (som mellom andre Theolonius Monk i si tid hadde på repertoaret) innleiar ei økt med balladar som svingar seg frå det tilbakelendte mot det naivt håpefulle, og frå det svultne til det djupt vemodsfulle. Her er ein både leiken og gripande tolking av Kurt Weill sin legendariske September Song, og her er ein enkel (Agnelli og ein akustisk gitar) og yndig versjon av My Fair Lady nummeret On the Street Where You Live.

Like fullt er det fleire av dei nyskrevne låtane som påkallar like stor interesse. Det varlege tilskotet av popkjensle i låtar som vemodige Special Someone (komponert i samkvem med The Rooks-sjef Mike Mazzarella) og heite Love’s Afterglow gjer seansen ei tjeneste. Møte mellom dystre cellotonar og varlege pianotårer i Bitter/Sweet fargar eit dunkelt bilde. På Western Winds dukkar Dave Rave opp og vokalharmonerer i ein elegant mediumsvingande affære. Djupast inntrykk trur eg likevel den nakne balladen It Must Be Tuesday (I Can’t Reach You) gjer. Mest fordi den er full av vakker melankoli i langsom maner, ikkje heilt ulikt Patti Smith på låtar som Trampin» og Elegie. Men og litt fordi den vart skreven dagen før tirsdag 11. september 2001: «It must be tuesday, at the end of a bad day, the bad dream it won’t go away…»

Slik tilfellet er på dei fleste soloutgjevingar så går heller ikkje Lauren Agnelli løypa aleine. Ho har med seg ein fin gjeng frå New York si jazzscene som veit å putte tonane sine på dei rette stadane. Dei blå pianotonane frå Jason Teborek og Matt Rey er saman med arrangør Mark McCarron sin gitar og kontrabassen til Joe Bussey oftast tilstades. Men tonar frå klarinett, obo, fløyte, cello og bassoon dukkar og opp, heilt trommefritt er det heller ikkje.

Skulle eg kome med innvendingar måtte det vere at det nennsomme i litt større grad kunne vorte utfordra av litt uskikkeleg framferd. Det er nemlig til å tåle det også, sjølv om velværestillinga er innteken. Uansett, Love Always Follows Me har ikkje gjort sin siste runde i stova mi.

6/10

Først publisert på Groove.no (i 2005)