Med mot, eit ope sinn samt eit arsenal av instrument skaper dei eit vidtrekkande uttrykk.
Å titulere debutalbumet sitt Funeral er vel i grunn ein noko merkeleg ting å gjere. Det blir på eit vis å byrje med slutten. Eller kanskje ikkje? For «Av jord er du komme. Til jord skal du bli. Av jord skal du igjen oppstå». Og kven kom no først, høna eller egget?
Trur ikkje vi skal trekke dette lenger inn i tåkeheimen. Hovudårsaka til at sekstetten frå Montreal tyr til denne tittelen ligg nok helst i at fire av medlemmene mista nære slektningar under innspelingane. Dette var sikkert med å bestemme fargetonen på innhaldet også, men ikkje heile tonen. For det er ikkje tittelen, men gløden og det ruvande i bandnamnet som i sterkast grad varslar kor dette ber i veg.
Ekteparet Regine Chassagne og Win Butler leiar an ei ferd rik på vanedannande musikalske opptrinn. Det går an å gjere det enkelt for seg og nemne Talking Heads, Gang of Four, Flaming Lips, British Sea Power, Roxy Music og fleire andre, men Arcade Fire er langt meir enn summen av alt dei liknar litt på. Arcade Fire har med utgangspunkt i det som har blitt utvikla tidlegare meisla sitt eige uttrykk. Med mot, eit ope sinn samt eit arsenal av instrument skaper dei eit vidtrekkande uttrykk, som spenner frå det overveldande via det kvilelause og febrilske til det tandre. Med ein fabulerande og undrande, av og til nesten naiv innfallsvinkel oppdagar hovudpersonane i låtane deira eit nabolag og ei (nær og fjern) verd av løgn, smerte, lengsler og død. Her er djup fortviling og pessimisme, men og eit stort håp, eit håp om at det alltid finst eit sidespor på skinnegangen mot avgrunnen. Ja får berre ungdomen mot nok, og kontroll nok, skal du sjå at dei pensar det svarte lokomotivet over på sporet som går mot grøne enger og dansen i måneskinet i staden. Det kunne blitt over toppen og patetisk; det blir lidenskapeleg, vakkert og beint ut uimotståeleg.
Første delen av plata er via nabolaget. Fire låtar med hovudtittel Neighborhood (skild med nummerering og undertittel). #1 (Tunnels) handlar om han som bryt opp frå ein disharmonisk heim og dreg gjennom ein tunnel i snøen for å møte kjærasten. Til tonar som byggjer seg opp mot noko endå større enn Waterboys sin «big music» frå åttitalet. #2 (Laika) er nervøs og stram David Byrne-funk (med trekkspel-tilslag) om den uregjerlege storebroren. Sterkast og råast er #3 (Power Out). Ein rytmisk pågåande og melodisk kvass sak om den varme- og lysgjevande pluggen som einkvan har drege ut. Foreldregenerasjonen frys til is medan ungdomen kavar rundt for å finne nøkkelen til magnatane sitt sikringsskap. #4 (7 Kettles) er melodisk meir i slekt med #1 (Tunnels). Lagt i eit toneleie ikkje ulikt der Springsteen var på Nebraska, men sjølvsagt meir orkestrert og malmfullt.
Regine sine foreldre flykta i si tid frå det brutale Duvalier-regimet på Haiti. I songen med same namn syng ho skjørt og delvis på fransk (det offisielle språket på Haiti) om flukta. Varleg og halvfransk er også Butler/Chassagne duetten Une Année sans Lumiere, heilt til dei kvessar gitarane mot slutten, liksom for å gjere seg klar til Power Out. På det tredje nummeret der Regine regjerer bak hovudmikrofonen den avsluttande In the Backseat vitjar ho og bandet eit Kate Bush liknande distrikt.
They say it fades if you let it, love was made to forget it.
I carved your name across my eyelids, you pray for rain I pray for blindness.
If you still want me, please forgive me, the crown of love is not upon me…
Opplevinga av at kjærleik ikkje vert gjengjeld har vore årsak til mykje utoleleg smerte og veggvandring. Med den på alle vis store balladen Crown of Love framstille Arcade Fire dette hudlaust og levande. Ei fortvila bøn som dør idet dramatiske strykarar og låta sin generelle dynamikk tar kvelartak på eit «la-la-la-la-al-ala-la». Ein kvelar dukkar også opp i den siste linja av Wake Up. Rytmisk medrivande og melodisk flott i eit Bowie-liknande lende set Butler nok ein gong sin lit til dei unge, fordi vi, «we’re just a million little god’s causin» rain storms turnin» every good thing to rust». Medan den suggererande og monumentale Rebellion (Lies) mest sannsynleg er å oppfatte som ei kraftfull oppfordring til å gje livet med stor L sjansen i staden for å vandre rundt som ein søvngjengar blant løgner.
Arcade Fire femner vidt, grip hardt og brenn seg fast.
9/10
Først publisert på Groove.no (i 2005)