Category Archives: 2003

Patrick Park – Under the Unminding Skies EP

Standard

Hovedpersonen her presenterer seg som ein relativt tradisjonell traktør av popbasert country og folk.

cover  Med ein EP beståande av seks låtar, derav fire eigenkomponerte, presenterer Patrick Park seg som ein relativt tradisjonell traktør av popinfisert country og folk.

Patrick Park levde sine barne- og tidlegaste ungdomsår i utkanten av Denver, Colorado. Med ei mor som gav ut diktsamlingar og ein far som beskjeftiga seg med folk og blues, bestemte unge Patrick seg tidleg for kva han ville drive med. Etter å ha spelt nokre år i ulike lokale punkband, flytta han i 1999 til Los Angeles. Her fordreiv han tida med ulike strøjobbar og utstrakt låtskriving. Litt demo-innspelingar, og kassettkopiar til medhjelparar og kjenningar blei det og. Men det var når han traff på produsenten Dave Trumfio (Wilco, The Handsome Family, The Mekons) og denne fatta interesse, at Patrick for alvor kom i gang med artist karrieren.

Under the Unminding Skies tek av med litt frodig melankolia i åpningssporet Love Is a Bomb. Etter den noko ordinære visa Nothing’s Wrong, kjem høgdepunktet med innbitte Untitled, ein sang som vekslar mellom forsiktig mimring og giftige utbrudd. Medan Home For Now er folkpop som kan minne litt om The Proclaimers (utan skotsk aksent). Coverlåtane er ein nedtona og litt for sukkerbelagt versjon av Zombies Caroline Goodbye, samt ein countryblues utgave av den gamle Carter Family klassikaren Will the Circle Be Unbroken.

Patrick Park slår ikkje ut i full blomst denne gongen, men så er jo dette kun apperitiffen også då. Hovedretten, i form av eit full-lengds album (der ingen av låtane frå denne EPen er representert), er allerede ferdiglaga og ligg klar for servering. Eg ser slett ikkje bort frå at den kan være rett så velsmakande.

5/10

Først publisert på Groove.no (i 2003)

 

Over The Rhine – Ohio

Standard

Skånsom mentalhygiene i eit dust americana landskap.

cover

Himmel og helvete. To motstridande dimensjonar det har blitt sunge mang ein sang om. Vi kjenner godt dei tilsynelatande overbeviste, enten dei kallar seg kristne eller for den saks skyld satanistar, fascinerande ord og tonar har dei sjeldan på programmet. Nei, då er det langt meir å hente hos tvilarane, dei som i det eine øyeblikk tilber, i neste spottar, dei syndar og dei angrar, jublar og fortvilar. Frå dette hjørnet dukkar det rett som det er opp blendande førestellingar i ulike musikalske drakter. Lista er lang, men Little Richard, Al Green, Solomon Burke, Johnny Cash, Bob Dylan, T-Bone Burnett, Maria McKee er nokre av navna som har levert både lovprisande hymner og hatsk blues herifrå.

Duoen Karin Bergquist og Linford Detweiler har her på sin tiende utgjeving under signaturen Over the Rhine, også sin forsyning med utfall og innfall henta frå det åndelige hjørnet. Og då snakkar vi sjølvsagt om det ambivalente hjørnet til Cash og hans frendar. I den uimotståelige og langsomt huskande honkytonk-affæren Jesus In New Orleans fortel den Bloody Mary-drikkande hovedpersonen om eit barbesøk der denne mykje hylla fyren dukkar opp. Om det er lett animerte fantasier eller sterk tru som ligg bak er egentlig underordna. For her er det først og fremst kjærleik i møte med eigen avmakt som blir illustrert; «He’s still my favorite loser, falling for the entire human race». Den inderlige soul-balladen Changes Come er på si side eit fortvila rop og ei inderlig bøn til den samme Jesus om å komme for å «turn the world around» for «this ol» world’s too fucked up». Når så Karin blir åleine med pianoet i Remind Us stiller ho spørsmål med om ikkje Gud berre er noko vi brukar for å fremme vår eiga sak. Og som ein gøymt liten sang heilt til slutt dukkar Idea #21 (Not Too Long) opp, eit friskt gospelnummer om fred, forsoning og ein betre verden.

Over the Rhine er imidlertid mykje meir enn åndelige funderingar. Dei er eit skånsomt forpleiande orkester som også kretsar rundt temaer som sakn, lidenskap, overgrep og dagdraumar, der instrument som akustisk gitar, steel gitar, hammond orgel og ikkje minst piano får lov å være dei berande elementa i lydbildet. Ganske så dristig har dei valgt å tilby oss samtlige sangar frå innspelingane, og resultatet er eit 21 låtar og drøyt 90 minuttar langt dobbeltalbum. Det går nok an å finne nokre spor ein kunne levd forutan, men her er ikkje verre feilskjær enn at dobbeltalbumidéen er veldig lett å fordøye.

Eg nevnte Maria McKee lenger oppe i teksten, og det er fleire av spora på Ohio som bringer tankane mine i retning av denne dama sin strålande eigentitulerte solodebut frå 1989. I tillegg til at Karin Bergquist har ein viss stemmelikskap med McKee, er Over the Rhine sin blanding av soul, folk, country og pop ganske identisk med det som var Maria McKee sitt prosjekt for snart 15 år sidan. Slik går dei også i salige Gram Parsons sine fotspor og gjer sin variant av The Cosmic American Music. Ja faktisk har dei ein sang med samme tittel som ein av Parsons sine aller finaste øyeblikk, og Over the Rhine sin She gjer ikkje skam på tittelen. Den er ein nydelig ballade med eit popfikst refreng, som tar føre seg eit alvorlig tema; den voldelige mannen og hans offer. Useieleg vakker er også den lengtande countrysoul balladen Long Lost Brother. Medan religiøse ytringar av det ganske så raffinerte slaget får vi servert i den jazzige countrysaken Cruel and Pretty; «Meet me in the backstreets of heaven». Ja sannelig om det ikkje er nett der, i ei røykfullt kneipe, Over the Rhine kjem til å være eit fast innslag eingong. Eg trur faktisk eg godt kunne tenkt meg å være der eg og.

8/10

Først publisert på Groove.no (i 2004)

Oh Susanna – Oh Susanna

Standard

Suzies twang fører oss via sørstatsrock til sjelfulle ballader.

cover  Oh Susanna er artistnavnet til canadiske (men USA-fødte) Suzie Ungerleider. Ei dame som på sine to første full-lengde CDar bevega seg frå å framføre gotiske, og til tider opprivande, balladar i country og folk-tradisjonen på debuten Johnstown (1999), til eit meir skånsomt melankolsk uttrykk på den forrige utgjevinga Sleepy Little Sailor (2001). Her på sin sjølvtitulerte tredje plate tek ho endå ein ny retning, denne gongen rettar ho blikket sørover og fyller opp albumet med stoff som har eit meir rocka driv, samt eit noko lysare skjær over tonane, sjølv om temaene fortsatt også omfattar både smertelige opplevingar og triste skjebner.

Kanskje er det hennes mangeårige fascinasjon overfor Rolling Stones som nå har inspirert henne til eit meir elektrisk lydbilde, sjølv om det på ingen måte er høyoktan rock’n’roll à la Exile On Main Street vi snakkar om. For fortsatt oppheld ho seg i tradisjonen etter Hank Williams og Gram Parsons. Men der ho før ofte kunne settast i bås med artistar som Gillian Welch og Iris DeMent, er det denne gang meir naturleg å trekke fram Neko Case, Maria McKee (slik ho framstod på sine to første soloplater) og The Jayhawks (anno Hollywood Town Hall og Tomorrow The Green Grass).

Nå er nok ikkje Oh Susanna ei plate som sett seg sånn med ein gong. Den kan etter dei første gjennomhøyringane faktisk virke både litt flat og begivenhetslaus, men dette er berre tilsynelatande, for gjev ein den nokre rundar til, trillar den eine fargerike perla etter den andre fram i dagen. Og ein står tilbake med eit album som kan spelast frå første til siste strofe, utan å føle behov for å skippe noko som helst (og det er vel ikkje kvardagskost?).

På åpningssporet Carrie Lee kan ein sanse litt The Band, men og innslag av sørstatsklang, noko som blir endå meir framtredande på dei etterfølgande Unknown Land og ikkje minst i den heftige Right By Your Side, der det rullar av gårde i beste Lynyrd Skynyrd-stil, i ein sang som omhandlar turnélivets forbannelsar; «Now I’m rollin» like a bitch on wheels across the great divide». Eit tema som og blir omsunget i den intense Little White Lies, der hovudpersonen er fanga i kynismen sitt lumske nett; «Too many nights on the road, you said, made you lose your heart where you lay your head».

Inspirert countrysoul er Mama, som handlar om ungjenta som ikkje kan akseptere at mora finn seg i å leve saman med ein voldelig mann. Meir soul med twang får vi servert i den nydelige kjærlighets-balladen The One, og i den blå The Fall, ein sakte dampande affære. Medan Billy er ein piano-drapert countryballade om vennen som møter sin undergang i selskap med heroinen.

Ho går heller ikkje av vegen for modige politiske standpunkt, som på den funky Cain Is Raising, der ho blant anna stiller midlane som blir brukt til kampen mot terrorisme opp mot slantane som tilkjem dei fattige; «They say this land has got its freedom, say this land has got its liberty, but for the few to have their kingdom, all the rest must live in poverty». Suzie har sjølv laga alle låtane her, så nær som ein gripande versjon av Bob Dylans I’ll Keep It With Mine, som plasserer seg trygt i eliteserien for Dylan-tolkningar.

Oh Susanna har med denne plata forært oss eit stykke Cosmic American Music som det verkelig har vore givande å tilbringe nokre regnfulle sommarkveldar i selskap med. Ei plate som kjem til å finne vegen inn i CD-spelaren fleire gonger, og selvfølgelig heilt uavhengig av årstidene.

7/10

Først publisert på Groove.no (i 2003)

 

The New Pornographers – Electric Version

Standard

Ei fargesprakande kraftpopsalve, med smarte melodiar og praktfull harmonisang.

cover  Akkurat som tilfellet var med Mass Romantic (2000) tek også andre plata til The New Pornographers av som ein fargesprakande kraftpopsalve. Her for vi servert ein solid dose smarte melodiar, fikse vendingar, kvasse riff og praktfull harmonisang. Bandet er ingenting mindre enn ein virvelvind som har forsynt seg kraftig frå pophistoriens mange briljante hooks og melodilinjer. Så for entusiastiske pop- og rock-detektivar, kan det sikkert være ein fengslande jobb å prøve å finne opphavet til The New Pornographers talrike tjuverier.

Det som i begynnelsen var ei såkalla supergruppe har etterkvart utvikla seg til å bli eit førsteprioritets-band for dei fleste medverkande. Unntakene er Dan Bejar (Destroyer), han er imidlertid oppført som hemmelig medlem, og det er Neko Case som jo har sin solokarriere innan alt-country sjangeren (damas Blacklisted frå 2002 er vel verdt å sjekke ut).

Det er så avgjort forfriskande å oppleve eit band som The New Pornographers, der dei har som sin fremste hensikt å skape begeistring og helsebringende jubel hos lyttarane. Heilt utan blygsel bringer dei til torgs eit knippe låtar som er skamlaust fengande, slik blir Electric Version ein fest frå start til mål.

Turen tek av med eit tett New Wave driv i tittellåta, som naturlegvis også er innehavar av eit uimotståelig refreng. I neste låt From Blown Speakers, som eg oppfattar som ein hyllest til magisk popmusikk, køyrer dei med litt meir variasjon i tempo og styrke. Det store glansnummeret er The Laws Have Changed – med sine utsøkte vers, himmelske refreng og perfekte overgangar er den verdt billettprisen åleine. Låta gjev meg samme kriblande poprusen som Katrina & The Waves legendariske Walking On Sunshine, og har allerede fått plass i mitt vesle imaginære skrin for spesielt verdifulle pop-perler. Den er dessutan ein av dei tre låtane der Neko Case deltar med full tyngde. Dermed er vi framme med mitt einaste ankepunkt mot denne plata; den dama skulle fått meir plass i rampelyset, for sannheten er at kvar gong ho smett inn med litt sang (det være seg harmonisang eller i front) aukar intensiteten og den smittande popnerva med atskillige prosent. Så då er det vel ingen overraskelse at dei to andre Neko Case-dominerte affærene her, den Blondie-møter-The Who dynamiske All For Swinging You Around, samt keyboard-drevne Miss Teen Wordpower står fram som dei to andre store høgdepunkta. Dei blir rett nok tett fulgt av Dan Bejer-komposisjonen Testament To Youth In Verse, eit mangfoldig nummer med ekko av blant andre The Beatles og The Jam. For ikkje å gløyme It’s Only Divine Right, då, energisk powerpop som definitivt lever opp til kva tittelen lovar.

Bandets fremste pådrivar er Carl Newman, ein kar som altså kan kunsten å smi saman spenstig pop- og rockmusikk, og som i tillegg har skjønt at det trengs vokalt påfyll frå andre kantar, sidan hans eige stemme nok kunne blitt litt einsformig å forholde seg til i lengden. Såleis har han sikra seg at Electric Version er så langt unna fargelaust det går an å komme, og istaden markerer seg som eit obligatorisk soundtrack for sommaren 2003.

8/10

Først publisert på Groove.no (i 2003)

 

Neil Young & Crazy Horse – Greendale

Standard

Og så gjer Neil Young slike pretensiøse greier det er greitt å gje han kjeft for. Eller?

cover

Med omkring 40 album bak seg (som soloartist og saman med Buffalo Springfield og Crosby, Stills & Nash), og derav meir enn ein håndfull klassikarar, går det vel an å seie at Neil Young har vore med å sette sitt preg på rocken dei siste fem decenniene. Ein kan vel og slå fast at det har vore ein berg- og dalbanetur både når det gjeld stilsprang og kvalitet. For det har vore slik at for kvart mesterverk av typen Everybody Knows This Is Nowhere og On the Beach, finn vi og heller semre album som Everybody’s Rockin og Re-ac-tor.

Albumet som nå ligg føre, Greendale, har hatt ein litt spesiell forhistorie i og med at Neil har reist rundt og presentert innhaldet i forkant, til eit meir eller mindre uforberedt publikum. Og ein kan vel trygt seie at låtane fekk ein heller blanda mottaking. Noko som også er blitt fulgt opp nå når det heile er ute i album-format. Den viktigaste forskjellen frå live-presentasjonen er for øvrig å finne i det faktum at på albumet gjer Young elektriske versjonar av låtane, og har fått med seg 2/3 av Crazy Horse (gitarist Frank Sampedro deltek ikkje).

Stilmessig følger Greendale i ein del av dei samme spora som vitale Ragged Glory frå 1990 gjorde, sjølv om fråværet av Frank Sampedro gjer at den framstår mindre frenetisk enn denne. Greendale er nok heller ikkje heilt på høgde med Ragged Glory kvalitetsmessig, men er likevel langt betre enn sitt rykte, og eit kvantesprang i rett retning sett i forhold til fjorårets magre Are You Passionate?

Greendale er ein fiktiv by i nord-California, der vi blant innbyggarane finn fleire ledd av familien Green. Det er stort sett denne familien sitt etterkvart dramatiske liv som blir skildra i dei 10 låtane på albumet. Slik kan Greendale minne om eit «godt» gammalt konseptalbum. Likevel er det ikkje pretensiøse vibber som styrer dette prosjektet, snarare nyttar den godeste Neil ein heller uformell og ikkje så lite tvetydig tilnærmingsmåte. Og fleire av uttalelsane han legg i munnen på sine karakterar ber nok fram Neil sine eigne meiningar om dette og hint. Slik handlar denne plata som dei fleste av mannens plater ein god del om Neil Young også.

Falling From Above som dreg det heile i gang er klassisk Young, med mange av dei kjente og kjære country/folk tonane som mannen brukar å trylle fram, sjølvsagt tilsatt den ulmande og rå gitarlyden, slett ikkje så fjernt frå Ragged Glory sitt åpningsnummer Country Home. I første vers kjem han for øvrig med eit noko sarkastisk spark til seg sjølv; «Seem like that guy singin» this song, been doing it for a long time. Is there anything he knows, that he ain’t said?». Og det er jo eit utsagn ein kan komme med mange «festlige» kommentarar i høve til.

Andre høgdepunkter er låtane som har sitt utgangspunkt i tildragelsen som skal få slike skjebnesvangre konsekvensar for dei fleste i Green-familien. Leave the Driving handlar om unge Jeb Green, som for å unngå å bli hekta for marihuana-besittelse drep ein politimann. Intenst, tett og dramatisk, drapert med effektfulle munnspeltonar. Carmichael er historien om den drepte politimannen, der han blir både hylla og avkledd. Den er tilført vemodige gitarfigurar som blir barskare etterkvart som enka sin bitterhet kjem til uttrykk.

I Bandit gjer han eit lite hopp ut av historien, og til akustisk akkompagnement og med ei stemme i Lou Reed-leie, syng han ein sang om anger og håp. Den er unnagjort på fem minutt og er saman med den orgel-kledde countryhymna Bringing Down Dinner albumets kortaste spor. For han drar det – i ikkje ukjent Neil Young stil – ut i lengden ved dei fleste høve her, og fyller opp CDen til maksimal tålelengde (over 78 minuttar).

Historien vidare når sitt Waterloo når Grandpa Green fell død om som følger av at heimen hans blir invadert av nyhetskåte journalistar, i Grandpa’s Interview. Barnebarnet Sun Green gjer så opprør mot FBI, forurensande industri og Amerika generelt i låta av samme navn. Før det heile tonar ut i albumets einaste skikkelig flaue sak, den klisjefylte og allsangdominerte hippie-dvaske Be the Rain. Men ein kan jo berre trykke på stopp-knappen før den tar til, og dermed bevarer ein følelsen av å ha opplevd Neil Young sitt beste album sidan Sleeps With Angels.

6/10

Først publisert på Groove.no (i 2003)

Nina Nastasia – Run To Ruin

Standard

8 langsamt gnagande og intenst melodirike songar innhylla i til tider uregjerlige arrangement. «I’m not ordinary, friend».

cover  Nina Nastasia malar med mørke fargar her på sin tredje utgjeving, den veldig så presist titulerte Run To Ruin. I åtte langsomme og intenst melodirike songar innhylla i til tider uregjerlige arrangement, fortel ho fragmenterte historier om utilstrekkelighet og lengsel.

Dette kunne vore åtte låtar gjort i ein konvensjonell folkcountry-stil, og sikkert blitt eit rett så bra album. Dette kunne vore ei lita diktsamling, åtte minimalistiske nedtegnelsar, og det hadde også blitt patent. Men dette er likevel noko heilt anna: Det er Nina Nastasia si røyst, dvelande og forførande men framfor alt veldig levande, som opptrer i perfekt selskap med eit glødande ensemble, der instrumenter som cello, fiolin og kontrabass, samt Jim White (Dirty Three) sitt smidige trommespel spelar viktige roller. I likhet med kva tilfellet var på hennes to første album er det den smått legendariske Steve Albini som har produsert, eller dokumentert som mannen sjølv foretrekker å seie det. Resultatet er blitt ei rikhaldig og spenningsfull liten (31 minuttar) plate.

Nina sin komprimerte poesi, der like mykje skjer i det usagte (mellom linjene) som i det sagte, blir her ytterligare forsterka og utfordra av den instrumentelle bearbeidinga dei ulike låtane blir tildelt av medspelarane hennes. For det er her i krysningspunktet mellom Nina sine vokale prestasjonar og bandet sine frenetiske, men i høgaste grad dynamiske, avleveringar albumets sanne ansikt og magnetiske tiltrekningskraft ligg. Her blir motsetningane sett opp mot kvarandre; lys versus skygge, det melodiøse versus det atonale, det skjøre versus det brutale, det vakre versus det stygge.

Det som i første omgang kan virke som ei einstonig messe til mørket, viser seg etterkvart å spenne over eit langt rikare og ikkje minst meir gåtefullt register. Når ho allerede i første linje snakkar om «the thing we witnessed» blir uroen sådd. Det kjem aldri fram kva paret har vore vitne til, men vi får følelsen av at det er ein ganske så ubehagelig hemmelighet dei ber på. Sangen heiter We Never Talked og er ein krypande klagesang, der tonane frå ein cello og ein fiolin gneg seg fast. Kommunikasjonsvanskane som blir brakt på banen i denne låta, viser seg for øvrig å være eit slags gjennomgangstema i denne ferda mot øydeleggelse. Ei ferd som når sin, i alle fall temporære, finale med While We Talk, der øydeleggelsen blir manifistert gjennom at hovedpersonen finn ei slags manisk meining i å betrakte partnaren mens denne fortærer ei kake; «Flying bits, I begin to count them».

Før vi kjem så langt har vi imidlertid vore gjennom seks andre brokete historiar, fortalt gjennom Nina sitt nakne og nådelause språk. Som i den konfliktfylte beretningen You Her and Me, ein melodi som bevegar seg frå kun å være ein einsom akustisk gitar, til å bli ein voldsom batalje med mellom anna ein forstyrra cello. Dramatisk er også I Say That I Will Go som etter ein forsiktig og nennsom utgang gradvis bygger seg opp til å bli ein brutal vegg av praktfull dissonans. Noko som også gjentar seg på den innbitte On Teasing, blant anna gjennom Nina sine «ha-ha haa» i hektisk samtale/duell med fiolin og cello.

Høgdepunktet her er likevel den mest konvensjonelt oppbygde affæren, nemlig Superstar. Ein usedvanlig vakker ballade, som sender solide frysningar oppover ryggraden mens Nina fleire ganger gjentar «I know what you said. Look at me. I am a mess», før ho til slutt konkluderar med at «I am a superstar. I’m not ordinary, friend».

For sjølv om ho ikkje er ei superstjerne i ordets opprinnelige betydning, viser Nina Nastasia med denne utgjevinga at ho har meir å fare med enn dei fleste, og står definitivt fram som noko for seg sjølv.

9/10

Først publisert på Groove.no (i 2003)

Muzzlewhite – Our Caravan

Standard

Mykje depresjonar, fortvilelse, tragediar og slikt, men og litt upretensiøst vas.

cover  Innanfor countryrock-sjangeren (eller americana om du vil) finnes det ein bråte artistar. Berre her til lands har det etterkvart vekst fram eit betydelig antall. Så ein skal lage pokker så gode låtar, og være i besittelse av ein viss form for eigenart for å kunne gjere seg bemerka. Kronspørsmålet eg no har lagt opp til er då sjølvsagt: Er Muzzlewhite i besittelse av slike saker?

Vel, dei leverer sin country-rock i eit lågmælt leie, men friskar det opp med både litt banjo og fele innimellom, kanskje ikkje spesielt originalt. På tre av spora er det sangbidrag frå ei svensk dame med navn Frida Eklund. Det friskar opp og skaper variasjon. Dei syng mykje om depresjonar, fortvilelse, tragediar og annan faenskap, det har vi vel og høyrt andre gjere, men innimellom viser bandet fram ei ganske så upretensiøs side der dei bringer inn både sjølvironi og munterhet, og det er kanskje ei litt sjeldnare vare innanfor denne sjangeren.

It’s Only Temporary er med sine smittande banjotonar, og for øvrig i all sin enkelhet, eit strålande åpningsnummer – ingen store fakter, kun inspirert og truverdig. Nå er det som tittelen hentyder berre midlertidig, for neste låt Friend In Hell er ein rocketildragelse som saknar både framdrift og melodi, eit problem den deler med nokre kutt til på plata. Tittellåten derimot, som ein for øvrig kan sjå på som eit slags Muzzelwhite-introduksjonsnummer, er ein festlig og usedvanlig inkluderande tur gjennom Europa, og er med sin lause og ledige stil eit av høgdepunkta. I Local Karaoke Queen blir det og brukt humor, sjølv om det er ein temmelig tragisk historie som blir skildra. Den handlar om korleis det er å ha ei mor som er den lokale
karaoke-dronninga, med alle ydmykelsane slikt fører med seg. Faren sin har guten aldri hatt kontakt med, «but I know my daddy’s name, I’ve seen his picture in Kerrang», og no ynskjer han berre at faren kunne komme og ta han med seg ut på turne. Egentlig ein ganske så fornøyelig liten sang.

Kun tragisk er imidlertid beretningen i Santa’s Drunk Tonight, ein langsom Cohen’sk melodi, denne er også sett frå eit barns perspektiv, men er så trist at det nesten blir for mykje, og får ein til å lure på om det egentlig er meint som parodi.

Fyndig og bra kling det i midtempo låtar som How You Say Good Night og Sad All the Time, sistnevnte med effektfulle temposkifter og noko som nesten minnar om Johnny Cash sin Boom-Chicka-Boom rytme. Så rullar campingvogna inn i solnedgangen, medan cowboyane med eit lite smil om munnen syng; «where we’ll be glad all the time».

5/10

Først publisert på Groove.no (i 2003)

Mood Elevator – Married Alive

Standard

Det plar alltid vere melodisk snert der Brendan Benson ferdast. Slik også når han tar heisen med Chris Plum.

cover  Lenge før Jack White var det Chris Plum. Og lenge før The Raconteurs var det Mood Elevator. Brendan Benson er ikkje berre ein sikker leverandør av attraktivt popstoff under eige namn. Av og til spelar han i band også.

I sin pure ungdom tidleg på 90-talet danna Chris Plum og Brendan Benson sitt første band (SmartBomb). Etterkvart fòr dei kvar sin veg. Då Benson mot slutten av 90-talet søkte tilbake til heimbyen Detroit, etter å ha opplevd at den fabelaktige solodebuten One Mississippi var blitt ignorert av det platekjøpande publikum, fant han fort tonen med Plum igjen. Dei hyra inn tre karar til, og vips var Mood Elevator ein realitet. Det tok ikkje altfor lang tid før dei hadde debutplata si klar. Håpefullt nok kalla dei den Listen Up. Men du skulle nok ein gong vise seg at det ikkje var så mange som høyrte på dei. Då var det ein del fleire som var villig til å høyre på Benson når han eit par år seinare kom med sin smått namngjetne Lapalco. Når han så skulle ut å spele songane frå denne plata for folket vendte han seg til vennene sine i Mood Elevator og spurde høfleg om dei kunne tenke seg å vere backingbandet hans. Det var dei slett ikkje uvillige til, men dei la att namnet sitt i Detroit, og stilte seg i staden bak han som The Well-Fed Boys.

Tilbake i Detroit, og langt ifrå mette på spenstige poptonar, fant gjengen att Mood Elevator etiketten sin og storma inn i Grand Studio for å spele inn oppfylgjaren til den neglisjerte debuten. No vart det nok ikkje til at plateselskapa overbaud kvarandre for å få lov å gje ut det karane hadde spelt inn. Men den vesle Australske labelen Laughing Outlaw tykte om sakene, og sendte det ut til folket med den underfundige meldinga Married Alive som tittel. Så altfor mange var det ikkje som la merke til Mood Elevator denne gongen heller. Laughing Outlaw er imidlertid ikkje labelen som gjer opp etter første runde. Så no fire år etter gjer dei eit nytt forsøk og sender Married Alive ut i re-release format.

Kapteinen for Mood Elevator er Chris Plum. Han er hovudvokalist, multiinstrumentalist og har komponert alle låtane (halvparten rett nok i tospann med Benson). Benson er ein ivrig bakgrunnsvokalist og trommeslagar som av og til drar fram gitaren, og så har han produsert seansen. På fleire av låtane er det berre Benson og Plum som deltar, men her og der stikk også resten av gjengen innom og gjer lyd frå seg.

Sit du no og tenker at Mood Elevator sikkert driv rundt i same soniske kvartal som det Benson gjer når han opererer på eigen hand, ja då tenker du veldig rett. Ikkje berre held dei til i same kvartal, men i same gate, på same side. Men kanskje eit par heftige dansetrinn lenger borte, der underlaget er litt meir knudrete.

Tenker du no vidare at det er litt dumt at Benson ikkje har hovudrolla fordi denne Chris Plum sannsynlegvis ikkje stettar den på same popsmarte vis, ja då må du kanskje revurdere tankane eit lite hakk. Ikkje det at Married Alive kjem sprettande i same fullendte popmondur som det Lapalco, eller for så vidt One Mississippi, gjorde. Men her er nok av hektande tonar og catchy framdrift til å bringe fram idiotsmilet hos ein håplaus popromantikar som underteikna.

Den underfundige tittelen gjer vel eit lite vink om det, men orda som står å lese, med store bokstavar, på innsida av bookleten slår det fast; «Love breaks your heart». Utan at dei står fast i kjellarhøgda av den grunn. Nei då, Mood Elevator lever opp til namnet sitt dei, og bringer både skuld, svik og smerte oppover i etasjane, og fram i lyset, der ein med friskt sinn kan synge med på uimotståelige strofer som; «we used to be a smash hit, now it’s all gone to shit». Medan ein bakom Beginner’s Luck sitt mismot definitivt kan skimte eit glimt i auga når det vert erklært at «I looked «baby» up in the dictionary, I tell you what it didn’t say; someone who runs away, someone who is hard to understand, who cheats on her best friend».

Dei er anglofile, og dei er amerikanske. Ein kan ane XTC, og ein kan skimte Cheap Trick. Ved fleire høve er dei i powerpop lune. À la The Shazam i riffsterke Boycott, og à la Flamin» Groovies i skånsellause Guilty. Dei kastar seg om halsen på Beach Boys-inspirerte «do-do-do-do» i energiske Long Hard Look. Dei er innom melodilinjer Joe Pernice også har snust på i den imøtekomande Everything’s In Place. Og dei har fått fat i nokre 60-tals tonar som nektar å sleppe taket i den svikefulle Something I Need.

Dette er pop som styrkar immunforsvaret. Ein kan vel strengt tatt ikkje vente seg så mykje mindre når Brendan Benson er med på leiken.

6/10

Først publisert på Groove.no (i 2003)

 

The Men They Couldn’t Shave – Ragin» Butterflies

Standard

Ein ung gjeng frå Romerike leverer musikk inspirert av golde ørkenlandskap og klassisk amerikansk rock.

cover  Eg tar kanskje ikkje så store sjansen når eg velger å tolke Romerike-bandet The Men They Couldn’t Shave (TMTCS) sin takk til «The Only Boss in the US of A» som retta mot ein viss Bruce Springsteen.

For frå første Promised Land-infiserte munnspeltone i Albuquerque til ferda går mot sin ende i Is Your Journey Over, har albumet sin beholdning med Springsteenske fakter. Når dei så også rettar ein takk til «His Bobness» og deler før nevnte låttittel med Neil Young, har vi i alle fall delvis peila inn korleis bandet lyder. Hvis vi så i tillegg lar tankane gå i retning av New Mexico, som dei takkar for «Inspiration and spiritual guidance», og droppar eit par 80-tals favorittar som Green On Red og True West, så skjønar vel alle at vi har å gjere med eit band som lar det skine gjennom i sin musikalske atferd at dei er meir enn gjennomsnittleg opptatt av amerikanske mytar og kultur. Sine norske musikalske slektningar har dei i så måte i band som Muzzlewhite og Cinnamoon, samt i Henning Kvitnes sine ungdomsprosjekter Young Lords og Saturday Cowboys.

TMTCS oppstod etter at vokalist og låtskrivar Øyvind Mo Larsen vendte tilbake frå eit opphald i nevnte New Mexico, med nokre sangar han hadde laga der. Bandet har gradvis utvida seg igjennom dei tre åra dei har eksistert. Det har blitt to 6-spors EPar, som nå ikkje lenger er tilgjengelige. Men i desse dagar er dei altså ute med sin første full-lengdar (52 minuttar og 12 låtar), som har fått tittelen Ragin» Butterflies. Og det er eit rett så energisk bekjentskap, der dei går på med ein beundringsverdig fandenivoldskhet. Eit knippe gode låtar har dei også. Både Albuquerque og Blow Us Out er heftige og melodisikre vinnarar, medan Crazy Horse’ske Kick The Ragged Man er eit massivt, fritt galopperande opptrinn. Av og til roar dei ned tempoet og serverer oss fine saker som Doesn’t Take Much med smygande ørkenvind og Ry Cooderske Paris/Texas-tonar. Ørkentemaet er for øvrig noko som går igjen i fleire av sangane her, og virkar å være ein del av heile ideen bak bandet.

Plata er spelt inn i eit av bandmedlemmenes eige studio (Botten Studio) i Ytre Rælingen. Og reint produksjonsmessig er dette litt så som så. Lyden blir noko tynn på deler av innspelinga. Kanskje hadde det også gjort seg med ei litt strammare redigering, ein del av låtane kunne med hell blitt avslutta eit halvminutt før.

Uansett, dette er ting som blir delvis utlikna av bandets oppriktighet og store entusiasme. Ambisjonar om å nå ut i den store verden har dei nok også, sidan all formidlinga blir ført i engelsk språkdrakt. Alt bortsett frå navnet på plateselskapet, som har den morsomme etiketten Rundbrenner records (kan det være ei fornorsking av Roadrunner tru?).

5/10

Først publisert på Groove.no (i 2003)

Tom McRae – Just Like Blood

Standard

Anonyme stemningsbilder, ikkje akkurat som blod.

cover  Tom McRae debuterte med sitt sjølvtitulerte album i 2001. Eit album som gav han fleire nominasjonar til store prisar i heimlandet England. Sjølv om underteikna ikkje deltok i det store hyldningskoret, er eg av den oppfatning at albumet vitner om at her finst kapasitet til å gjere større ting. Nå er oppfølgaren her, men den klarar dessverre ikkje å påkalle den store begeistringa. Just Like Blood glir avstad, og det nesten utan at ein legg merke til kva den har å tilby. Albumet har ti spor, men kor er melodiane? Det heile er i stor grad bygd opp rundt stemningsbilder som ikkje klarar å vekke ein frå likegyldighete

Enkelte samanliknar han med Nick Drake, i mine øyrer blir dette heilt feil. For alt det Nick Drake hadde av melodisk teft, originalitet og nerve, er bortimot fråværande hos Tom McRae. Skal ein samanlikna han med nokon er det langt meir nærliggande å trekke fram David Gray eller Coldplay, då føler eg at han er plassert i rett selskap både stilmessig og kvalitetsmessig.

OK, rett skal være rett, heilt håplaust er ikkje dette. På spor som You Only Disappear og Karaoke Soul viser mannen at han kan lage gode låtar.

Albumets store beholdning er imidlertid songen Ghost of a Shark, ein nydelig melodi med eit forsiktig og smakfullt arrangement. Den har ei vemodig nerve som resten av materialet manglar. Når han evner å trylle fram eit slikt lite mesterverk som denne sangen faktisk er, beviser den godeste Tom at kanskje ein gong vil det dukke opp ei plate frå den kanten som tilfredstiller i større grad enn kva dette albumet gjer.

3/10

Først publisert på Groove.no (i 2003)