Anonyme stemningsbilder, ikkje akkurat som blod.
Tom McRae debuterte med sitt sjølvtitulerte album i 2001. Eit album som gav han fleire nominasjonar til store prisar i heimlandet England. Sjølv om underteikna ikkje deltok i det store hyldningskoret, er eg av den oppfatning at albumet vitner om at her finst kapasitet til å gjere større ting. Nå er oppfølgaren her, men den klarar dessverre ikkje å påkalle den store begeistringa. Just Like Blood glir avstad, og det nesten utan at ein legg merke til kva den har å tilby. Albumet har ti spor, men kor er melodiane? Det heile er i stor grad bygd opp rundt stemningsbilder som ikkje klarar å vekke ein frå likegyldighete
Enkelte samanliknar han med Nick Drake, i mine øyrer blir dette heilt feil. For alt det Nick Drake hadde av melodisk teft, originalitet og nerve, er bortimot fråværande hos Tom McRae. Skal ein samanlikna han med nokon er det langt meir nærliggande å trekke fram David Gray eller Coldplay, då føler eg at han er plassert i rett selskap både stilmessig og kvalitetsmessig.
OK, rett skal være rett, heilt håplaust er ikkje dette. På spor som You Only Disappear og Karaoke Soul viser mannen at han kan lage gode låtar.
Albumets store beholdning er imidlertid songen Ghost of a Shark, ein nydelig melodi med eit forsiktig og smakfullt arrangement. Den har ei vemodig nerve som resten av materialet manglar. Når han evner å trylle fram eit slikt lite mesterverk som denne sangen faktisk er, beviser den godeste Tom at kanskje ein gong vil det dukke opp ei plate frå den kanten som tilfredstiller i større grad enn kva dette albumet gjer.
3/10
Først publisert på Groove.no (i 2003)