Author Archives: Oddmund Berge

Ukjend's avatar

About Oddmund Berge

musikk, rock, pop, psykedelia, punk, postpunk, funk, garasjerock, hiphop, country, soul, folk, kraut, jazz, blues, viser, americana, litteratur, romanar, noveller, poesi, groove, og slikt.

Bruce Springsteen -Greetings From Asbury Park NJ

Standard

Ein organisk og villig, men til tider vel snakkesalig og noko uforløyst debut.

6

cover

Det er noko uforløyst over Bruce Springsteen sin debut som plateartist. Han har mykje på hjerte, i alle fall ein god del meir enn dei ni sangane, med ei samla speletid på 37 minutter, heilt maktar å favne over. Ordene kjem i eit tempo og ei mengd som eg vil tru få klarar å absorbere, slik tenderer det for ofte meir mot oppramsing enn genuin samklang mellom ord og tonar. Det blir jævlig travelt når bandet på sitt lause karnevalistiske vis prøver å følge Springsteen sine vokale tirader. Ikkje for det, av og til fungerer dette tilsynelatande sleivete samspelet, og utfallet blir ganske så sjarmerande. Men i litt for stor grad blir resultatet meir av det frustrerande ufokuserte og kraftlause slaget. Og kun unntaksvis finn vi dynamikken som kjenneteiknar Springsteen på dei fem store platene som følger etter Greetings From Asbury Park NJ.

Innspelingen blei gjort i ein periode der Columbia Records visstnok var på jakt etter artistar som kunne ta opp arven etter Bob Dylan. Mange var det som fekk merkelappen «den nye Dylan» klistra i panna, men det var få som hadde utbytte av det (ingen, for å være meir nøyaktig). Springsteen slapp heller ikkje unna denne ublide skjebnen. Og sjølv om temaene i sangane er ganske så forskjellig frå Dylan, kan ein høyre spor av Dylanske fraseringar i låtar som Does This Bus Stop At 82nd Street?, og i Subterranean Homesick Blues-slektningen Blinded By the Light. Sistnevnte er for øvrig ein av høgdepunkta. Her klarar Springsteen å kombinere entusiasme med velklang i nokre rimkombinasjonar som kan ta pusten frå ein.

Ellers kan ein høyre elementer både frå Dylan-kompisane i The Band, og ikkje minst frå Van Morrison-utgjevingar som Astral Weeks og Moondance, sjølv om han ytterst sjelden streifar storheten til desse. Det må i så fall være på Growin» Up, ein Springsteen-klassikar om oppvekst, pubertale bekymringar og utopisk frihetssøking.

«I stood stonelike at midnight suspended in my masquerade,
I combed my hair till it was just right and commanded the night brigade.»

Ein endå betre versjon av denne er for øvrig å finne på live-boksen frå 1986. I eit opptak frå eit svett Roxy i 1978, er den faktisk eit av høgdepunkta på den 5 LPer fyldige boksen. På samme boks, og frå samme konsert, finn ein også ganske så drivande versjonar av både Spirit In the Night og It’s Hard To Be a Saint In The City, som beviser at Greetings From Asbury Park NJ innspelingane nok ikkje yter låtane full rettferdighet.

Ser vi bort frå nevnte Blinded By the Light og Growin» Up er det dei to relativt spartanske balladane The Angel og Mary Queen of Arkansas eg tykkjer mest om, den siste kan ein sjå på som ein forløpar til klassiske Springsteen-ballader som 4th Of July, Asbury Park (Sandy) og The River. For sjølv om dei resterande låtane nok har sitt potensiale, får eg ein følelse av at Bruce her blir ein rock’n’roller som febrilsk prøver å komme ut av klærne til ein visesangar, klær som han har fått tredd på seg ved ein feiltakelse.

Først publisert på Groove.no (i 2003)

 

The Sleepy Jackson – Lovers

Standard

From Perth with love, og ei eklektisk innstilling, og ein overflod av idear.

cover  Det er ikkje kvar dag det dukkar opp store rockeband frå byen, som i alle fall på kartet fortonar seg som verdens kanskje mest isolerte storby, nemlig Perth på den australske vestkysten. Det siste eg kan huske er The Triffids (som mellom anna var ansvarleg for meisterverket Born Sandy Devotional). Sleepy Jackson viser imidlertid allereie her på sin debut (i full-lengds format) at dei har stoff i seg til å ta opp arven etter David McComb og kompani.

Bandnavnet gjer meg assosiasjonar i retning av ein søvnig, laidback amerikansk småby. Påverknaden frå amerikansk musikkarv er då også tydelig tilstades, skjønt laidback rekk berre til å forklare ein liten del av uttrykket. For Luke Steele og hans kumpanar har nærmast gått berserk i den gedigne rock’n’roll-kiosken, og fylt opp posen med alt som har virka forlokkande. Det fantastiske er at dei har klart å sette saman ein eventyrblanding som verken blir oppstylta eller smaksforvirrande, men kun appetittvekkande.

Som alle no sikkert skjønar er Sleepy Jackson eit av desse bandene det er vanskelig å putte i bås. Med Lovers utfordrar Luke Steele og medmusikantane hans ortodokse sjanger-forståelsar og tradisjonelle syn på korleis låtar og album skal henge saman. På samme måte som til dømes Flaming Lips, Beck og Super Furry Animals har gjort det siste tiåret. Med ein eklektisk innstilling, eit ungdommelig overmot samt ein overflod av idear manøvrerer bandet seg gjennom 13 eksempel på korleis pop og rock musikk kan te seg når den foregår i kreative sfærer.

Eg har omtalt Sleepy Jackson som eit band, det er i grunnen kun delvis tilfellet. Dette er først og fremst 23 år gamle Luke Steele sitt prosjekt, som han gjer saman med andre meir eller mindre faste bandmedlemmer. Han framstår i stor grad lik det ikkje alltid sympatiske geniet som skaltar og valtar med sine samarbeidspartnarar alt etter kva det er for slags behov han måtte ha. Utskiftingane vil nok ikkje bli færre når han dei neste åra, i følge seg sjølv, skal lage eit Pet Sounds-inspirert electronica-album, ei countryplate og eit kommersielt gospelalbum, berre for å nevne nokre av ideane hans. Slik kan han minne litt om andre jyplingar som Ryan Adams og Ed Harcourt.

Men framtida får vise kva han skulle finne på, nå får vi heller konsentrere oss om nåtida. Og nåtida er Lovers, nesten 50 minuttar med skarpskodd musikk. Det åpnar med Good Dancers, ein slags Beatles versus Beach Boys med falsett kor som blir utsatt for Flaming Lips-liknande syreangrep. Før vi i neste omgang blir tatt med på Vampire Racecourse, definitivt noko anna enn ein søndag på Øvrevoll, men uansett ein varmblodig rockelåt med slektskap til Velvet Underground circa Loaded, glamrock samt ein liten dose desperat David Thomas (Pere Ubu).

På spor som Rain Falls For Wind og Acid In My Heart minner sangstilen til Luke meg om salige Peter Perrett frå The Only Ones (bandet som i 1978 gjorde ein av historiens flottaste rockelåtar med Another Girl, Another Planet). Tekstane, i sin omgang med sjølvbedrag, ambivalent og problematisk kjærleik er ikkje så langt unna Perrett sine vanligaste temaer, heller. Mens han i Miniskirt og Old Dirt Farmer/Mourning Rain streifar innom meir country-liknande horisontar, noko nærværet av steel-gitar gjer sitt for å bygge oppunder. Sjølv om det ikkje er heilt konvensjonell country den godeste Luke har på programmet.

Don’t You Know er ein verneverdig melodi og eit foraktelig, fortvila, forvirra Flaming Lips psykedelisk tilfelle, med praktfull duett mellom Luke Steele og ei dame med navn Jade Macrae. Både på denne og i Psychedelic Furs-møter-Beck-og-sløy-funk-oppstår affæren Tell The Girls That I’m Not Hangin» Out finn det stad ein utstrakt bruk av synth, Moog og anna elektronikk.

Dei i størst grad tradisjonelle pop/rock øyeblikka på Lovers er det låtane This Day og Come to This som representerer. Førstnevnte ein flott sak i tradisjonen til Beatles med meir enn gangbar harmonisang, den andre litt meir på den rocka halvdelen, men ein utsøkt sak i ei Jayhawks-farga drakt.

I mange tilfeller kan slike ambisjonar som Luke Steele tydeligvis har, føre til at deler av verket blir paralyserte av alle outrerte innfall. Som dei fleste no sikkert har forstått er det i veldig liten grad tilfelle på dette albumet. Her blir sjangersprangene og dei fikse løysingane ein heilt naturleg del av det store bildet. Og vips, så står vi her med ein av årets verkelig hyggelige overraskelsar på platefronten.

8/10

Først publisert på Groove.no (i 2003)

 

The Singles – Better Than Before

Standard

Dei har høyrt masse på Beatles, dei elskar Beatles, dei kan antakelig ikkje få nok av Beatles.

cover Detroit er i rock’n’roll-samanheng først og fremst kjent som heimbyen til eldfulle og hardtslåande band som MC5, The Stooges og White Stripes. Dei fire unge karane i The Singles tilhøyrer nok ein meir popfiksert retning i bilbyen, og kan derfor kanskje heller plasserast i det musikalske nabolaget til ferske Detroit-akter som The Sights og Brendan Benson. Men før dei tok tilhald i dette nabolaget var dei ein tur over Atlanteren, der dei på eit eller anna vis havna 40 år tilbake i tid, på the Cavern Club i ein berømt havneby i det nordvestlige hjørnet av England. Musikken dei fekk oppleve der prøver dei så å reprodusere her på si debutplate.

Eller for å seie det med eit ord: Beatles. Dei har høyrt masse på Beatles, dei elskar Beatles, dei kan antakelig ikkje få nok av Beatles. Noko dei har tatt konsekvensen av og derfor sjølv laga ei Beatles-plate. For det er som om dei har plassert seg midt i 1963, og heilt fritt latt lyden av the Merseybeat få regjere grunnen. Så ut i rommet strøymer dei, The Singles sine variasjonar over I Saw Her Standing There, She Loves You og I Want to Hold Your Hand. Enten dei blir kalla I’m In Love With You, Since You’ve Been Gone eller She’s Got A Hold, den opprinnelige idéen blei første gang sett ut i live for over 40 år sidan i Liverpool.

Nå er som alle sikkert veit The Singles langt ifrå dei første som har latt seg begeistre av kvartetten frå Merseyside, og heilt sikkert ikkje dei siste heller. Klassisk popmusikk vil jo alltid være ei rik kjelde til inspirasjon. Og rett skal være rett, det er vel også slik at Vince Fredericks (låtskrivar, sangar) og hans kameratar har høyrt på anna enn Beatles. For her finn vi også artige Buddy Holly takter (See You Again), pasjonert Yardbirds-blues (tittelkuttet) og finfin Byrds-jangle (Until You Came Along). Men skal dei fire unge karane gjere ein karriere utav sin glød for 60-talet sine tonar, lyt dei nok supplere med i alle fall ein liten dose eigenart ved neste korsveg. For sjølv om dette absolutt inneheld ein solid porsjon med ungdommelig sjarm og entusiasme, vil eit nytt album i samme leia være nokså meiningslaust.

Tar dei derimot med seg gløden frå sangar som den energiske tamburin-drevne He Can Go, You Can’t Stay og hissige It’ll Never Be the Same Again og gjer det heile ein smart injeksjon særpreg er det absolutt håp om at The Singles kan være eit band å sjå opp for.

Og då er det jo nesten litt synd at dei allereie har brukt opp tittelen Better Than Before.

5/10

Først publisert på Groove.no (i 2004)

The Shins – Chutes Too Narrow

Standard

Ein 34 minuttar fyldig popdropspose med 10 utsøkte smakssamansetningar til å suge lenge og fornøyd på.

cover  Albuquerque, New Mexico. I musikk-samanheng absolutt ingen sentral stad. Strengt tatt er det berre to musikkrelaterte saker eg forbind med byen; 1. den sangen på Tonight’s the Night (Neil Young), 2. det er den andre byen den forsmådde ektemannen i By the Time I Get to Phoenix passerer. Nå har eg eit tredje punkt. For som ein del sikkert har fått med seg var det her den fantastiske popkvartetten The Shins fant saman.

No har dei visstnok flytta hovedkvarteret sitt til Portland, Oregon. Men viktigare, gjengen er klar med si andre plate under signaturen The Shins (dei har ei utgjeving også under namnet Flake Music, frå 1997). Og ankomsten til Chutes Too Narrow, som albumet heiter, er blitt ledsaga av rimelig store ovasjoner i indiepop-kretsar, ovasjoner som etterkvart også har nådd heilt fram til desken i norske dagsaviser.

Bandet debuterte i 2001 med albumet Oh, Inverted World. Og frå å være ein liten løyndom for dei få, vaks albumet seg gradvis utav kult-statusen. Dermed måtte dei plutselig også stå til rette for «ungdomssyndene» sine (McDonalds har nytta ein av låtane deira i reklamesamanheng). Slikt vil jo ofte føre til vraking hos den jevne indie-rockar, men det kan virke som om at James Mercer og hans menn har komme heilskinna frå det.

Chutes Too Narrow kom egentlig ut i oktober 2003, men fekk først i mars 2004 sin offisielle release i Norge. Og dei har denne gongen lagt til sides mykje av den lyseblå psykedeliaen som er ein viktig del av Oh, Inverted World. For sjølv om dei ikkje alltid fylgjer den mest opplagte popløypa på Chutes Too Narrow heller står denne fram i ei noko meir kompakt og konvensjonell poprock-drakt enn debuten. Men, vil eg påstå, den kan smykke seg med endå sterkare låtar.

Ja, her snakkar vi faktisk om ein av dei friskaste omgangane med tradisjonell popmusikk slik Beatles lærte oss den, sidan The La’s kom vandrande utor Liverpool sine bakgater i 1990 (og forsvant like fort tilbake). Som det høver seg slik musikk, stappar ein ikkje CDen full. Istaden blir vi tilbudt ein 34 minuttar fyldig dropspose med 10 utsøkte smaks-samansetningar til å suge lenge og fornøyd på.

Sjølv om vi har høyrt liknande tonar mange gonger før, har eg ingen problem med å hevde at The Shins gjer sin personlige og originale vri på tinga. Frå dei lynsnart klappar sakene i gang, tett fulgt av eit kvikt «woooh», på Kissing the Lipless, blir ein teken med på ei ferd inn i ein fargerik verden, der heftige hooks og briljante tonar presenterer seg i så tett ordning at ein aldri klarer å tørke vekk det fornøyde gliset før lenge etter at siste plystre-tone i nennsomme Those to Come har lagt seg til ro. Sjølvsagt klarer ein ikkje å sitte still, sjølvsagt jobbar både knipsefingrane og beina overtid, og sjølvsagt byr ein både seg sjølv og andre opp til lettbeinte rørsler. Men, og dette er viktig, The Shins er meir enn lettbeint popmusikk. For som nemnt, melodilinjene på Chutes Too Narrow fylgjer ikkje alltid den aller mest opplagte vegen, og småskrudde innfall, rett nok særdeles utvungent og naturlig håndtert, krydrar lydbildet i ny og ne. Slik oppnår dei å klistre lyttaren fast til låta umiddelbart, samstundes som dei unngår at nokon skulle finne på å gå lei før det har gått minst ein evighet.

Det er for øvrig ikkje berre tonekartet som har djupn her, James Mercer sin pop-poesi har og absolutt litt meir å fare med enn kva den gjennomsnittlege pop-snekker brukar å ha på lur ned i skuffa si. Her er både glede, smerte og angst i eit surrealistisk fellesskap. Og meir enn nok å bite i til eit uttal gjennomhøyringar. Slik får desse smarte og tilsynelatande bekymringslause melodilinjene eit verdifullt incitament av både uro og melankoli.

«and secretly I want to bury in the yard the grey remains of a friendship scarred». Edgar Allan Poe? Vel, kanskje ikkje heilt, men James Mercer manifesterer, ved fleire høve her, at han har ei utsøkt poetisk nerve inne. Linja over er henta frå det perfekt oppbygde og smertelige vesle pop-eventyret Kissing the Lipless. I første vers ligg Mercer sin vokal nedpå og heilt i front, så, idet nemnte linje er sunget ferdig byrjar brått korte brunstige el-gitar riff å varsle om at noko er på gang, og det som er på gang er eit ljomande refreng der Mercer flyktar den vemodige lyrikken sin opp i langt høgare tone-sfærer. Slik skaper ein akselererande dynamikk folkens. Betre enn dette blir det ikkje, men du verden så nære dei kjem nokre gonger.

Mercer sin innsats som sangar så vel som gitarist og låtskrivar er nok det sentrale og berande elementet plata igjennom. Som når han fortsetter blant høge oktavar, og lar gitaren både ringe og springe i kraftfulle So Says I. Eller er meir nedpå i folkpop perler som Mine’s Not a High Horse og Young Pilgrims, sistnevnte med eit litt udefinerbart slektskap til XTC sine Skylarking-dagar.

Forhold som tru, skyld, kjærleik og svik står sentralt i sakrale og fiolin-draperte Saint Simon, ein sak som i melodiføring sikkert kan finne sine åndsfrendar vandrande rundt med ein Rubber Soul langs 16 Lovers Lane. Medan den vemodige balladen Pink Bullets låner litt småtteri frå The Who-låta Behind Blue Eyes.

Energiske Fighting In a Sack hentar gnisten sin frå nokre av dei samme jaktmarkene som canadiske The New Pornographers har søkt rundt i. Turn a Square på si side er dreven av ein energi henta frå eit shiffle-liknande gitarjag. Og før dei når finalen tar dei og ein tur innom steelgitar-draperte country-tomter. Nydelige Gone For Good er klassisk countryrock om defekte følelsar, lengsel og einsemd; «I find a fatal flaw in the logic of love».

Så har ein ikkje denne allereie klargjort for sesongens sommartallerken, er det berre å utvide menyen.

9/10

Først publisert på Groove.no (i 2004)

Billy Joe Shaver – Freedom’s Child

Standard

Country-veteran gjer eit framstøt som resulterer i både kompetent musikk og stygge feilskjær.

cover  La det være sagt med ein gong; eg har ingen inngåande kjennskap til Billy Joe Shaver sin etterkvart lange karriere som sangar og låtskrivar. Ein karriere som strekker seg tilbake til 70-talet då han dreiv rundt saman med andre lovlause som Waylon og Willie. Etter nokre års opphald som plateartist gjorde han på 90-talet eit slags comeback, og presterte, skal ein tru ryktene, eit knippe relativt heilstøypte plater under signaturen Shaver (sidan sonen Eddy og hans elektriske seks-strengar var blitt ein vesentlig bidragsytar). Den første av desse er den solide countryrock affæren Tramp On Your Street (1993), og er den einaste underteikna har stifta nærare bekjentskap med.

Livet har vendt si ubarmhjertige side til Billy Joe Shaver dei siste åra, då både hans mor, hans kone og sønnen Eddy døde med kort tids mellomrom. Noko som manifesterer seg i mange av tekstane på Freedom’s Child. Nesten halvparten av låtane er på ulike vis sjølvbiografiske tilbakeblikk, han klarar det også stort sett utan å ty til pinlig sentimentale virkemidler. Som i den spartansk orkestrerte og kronologisk oppbygde fortellingen Day By Day, men kanskje aller best i den humoristiske barndomserindringen Wild Cow Gravy. Artig er også det harmlause rockenummeret That’s What She Said Last Night, og Move It On Over-slektningen Deja Blues (med Todd Snider som gjestevokalist).

På That’s Why the Man In Black Sings the Blues går han, som tittelen indikerer, Johnny Cash sitt ærend, uten at han nærmar seg krafta og magien til originalen. Medan eg har lite positivt å seie om tittellåta, ein hyllest til amerikanske soldatar som kjemper den «gode» kamp på vegne av Amerika og «fridomen»; imperialistisk svada. Endå verre er den ultrapatriotiske og nasjonalistiske Good Ol» USA, som og var med på nevnte Tramp On Your Street, då var den berre tåpelig, i desse George W. Bush-tider finn eg den bortimot forkastelig.

Slik blir det ei ujamn oppleving. Men på sitt beste kan Billy Joe Shaver sin værbitte røyst by på kompetent countrymusikk, som mange countryinteresserte nok vil finne glede i.

4/10

Først publisert på Groove.no (i 2003)

Brian Setzer – Nitro Burnin» Funny Daddy

Standard

Han prøver å tøffe seg, men er egentlig berre ein villkatt utan klør.

cover  Eg innrømmer, nesten utan å rødme, at då Brian Setzer ankom rockescena saman med sine Stray Cats tidleg på 80-talet syntest eg rockabillyen deires faktisk var litt tøff. Og for mimringa si skyld drista eg meg til å spele den sjølvtitulerte debutplata til bandet (det må være ca. 20 år sidan sist) før eg tok til å lytte på mannen sitt siste verk. Vel, så veldig tøft var det vel igrunn ikkje lenger. Så vi får vel rett og slett skrive den førestellinga på kontoen for ungdommelig villfarelse. Likevel er den fleire hakk betre enn den slappe saken han leverer no 22 år og nokre tusen riff seinare.

Nitro Burnin» Funny Daddy er ei samling nye Setzer-låtar som i all hovedsak kan plasserast innanfor eit gitarbasert og blues-infisert rockeunivers. Men låtkvaliteten den aldrande villkatten har å by på denne gangen er av det heller tvilsomme slaget. Det verken røskar eller spreller, lever eller dør. Det blir egentlig berre nokre utanomkroppslige øvelsar som verken tilfredsstiller eller irriterer. Så her må ein nok legge godviljen veldig til skal ein finne noko av særlig verdi. Faktisk er det slik at låta som kjem best ut av det er eit folkrock-inspirert nummer med tittelen Wild Wind, utan at eg skal prøve å pense Setzer over i folk-sfærer av den grunn. Heller ikkje mot bluegrassen, sjølv om mannen også i den banjodrevne When the Bells Don’t Chime er på sporet av fine ting. Den saktegåande rhythm & blues-valsen That Someone Just Ain’t You skil seg og kanskje litt ut i positiv lei, men berre litt. Sånn ellers framstår dette kort og godt som ein overdose av bluesrock-korrekt men veldig fantasilaus gitarlyd, avsjela vokal og låtar utan melodi.

Ja som heilhet er det igrunn like preglaust som den billigaste påleggskinka, med sjel på nivå med ein Rimi-butikk, og er nesten like kjedelig som å måtte fylle badekaret med skei.

3/10

Først publisert på Groove.no (i 2004)

Dan Sartain – Dan Sartain vs. The Serpientes

Standard

Med punkattityde, garasjelukt og ein solid porsjon sterke låtar presenterer den unge amerikanaren seg på eit primitivt og overtydande vis.

cover Scene 1 (platecoveret): Ein ung tynn fyr står på tå hev midt i trappeoppgangen med repet stramt rundt halsen, og med ei kriblande uro frå øvst i rockabilly-sveisen til innerst i eit par sveitte sko.

Scene 2 (songane): Med punkattityde, garasjelukt og ein solid porsjon sterke låtar i ryggen kuttar fyren repet og kastar seg ut i ein febrilsk dans i selskap med upålitelige kvinner og lumske slangar. Ja, full av ungdommelig råskap og frenetisk pågangsmot serverer jyplingen ein sprek (om enn ved nokre få høve litt melodisk tvilsam) kombinasjon av Eddie Cochran stimulert rockabilly, The Stooges egga garasjeglød, Modern Lovers influert punkminimalisme og Violent Femmes jagande folkpunk. Det er til å bli yr, vill og ung igjen av.

Dan Sartain kjem frå Birmingham, Alabama og er i byrjinga av 20-åra. Han har vore oppslukt av gitardriven musikk heilt sidan første gong han høyrte lyden av den, og har allereie to sjølvutgjevne album på CV’en sin. Det tredje kjem her sprelsk rockande via den vitale garasjepunkaren John Reis (Rocket From the Crypt og Hot Snakes) sin label Swami. Heilt ferskt er det rett nok ikkje. Det har berre tatt litt tid før det har nådd fram til steinrøysa vår. Vs. The Serpientes er nemlig sett saman av låtar frå dei nemnte sjølvutgjevne platene samt nokre nyare innspelingar gjort i 2003.

Primitivt kan vel vere ein slags fellesnemnar for det meste fyren har på programmet. Han kastar seg uti det med gitaren i usikra stilling og røysta som tennvæske, og tett bakom i knoklete men effektiv stil pressar rytmikken seg på. Her blir det gått direkte til verket både i toneframferd og tekstlig utforming, pynta omvegar blir aldri tatt i bruk. Og det er ting som tyder på at han allereie har opplevd ein overdose trøbbel i sitt unge liv. Sentralt i så måte står det eg velgjer å titulere som Kobra-trilogien. Tre låtar med uforsonlige trekk der fokuset blir retta mot svik, einsemd, mismot og hemntankar. Walk Among the Cobras (pt. I) buktar seg skarpt fram i punkabilly fasong, og gjer råd om «to scream instead of holler».

Cobras (pt. II) tar få melodiske omvegar, og legg heller ingen tekstlige lokk på kva for tankar som står fremst på agendaen; «I figure out a way to hang you by your neck». Medan Cobras (pt. III) har ei meir tilbakelent melodisk form, men touchar kjente og beiske Dylanske utsegn når det i refrenget blir forfekta at «you don’t know what it’s like to be alone, no baby, you don’t know how it feels to have the cobra snappin» at your heels».

Før vi er framme ved Kobra-trilogien har Sartain sparka, stønna, tralla og bjeffa seansen i gang med energiske Tryin» to Say, fylgt opp med like energiske P.C.B 98, og roa seg litt ned med den angerfulle I Could Have Had You. Ikkje fullt så tett med upolerte perler kjem ramlande i albumet sin andre halvdel. Dei litt Pixies-aktige tilfella Love Is Crimson og Leeches (pt. I) strevar i melodisk motbakke, og kjellarbluesen Romance blir i hjelpelausaste slaget.

Metropolis derimot skal få tildelt solid plusskarakter, rytmisk velskapt og melodisk raffinert som den er, i eit vagt latinslekta lende. Sartain viser også at han meistrar dei straumlause formene i dei to akustisk-gitar draperte visene Place to Call My Home og Got That Feeling. I den første fyller han ut biletet med skeive pumpeorgel-tonar, og den andre glir inn i eit blått hornparti midtvegs. I det heile er andre halvdel meir avbalansert, men såleis heller ikkje like spenningsfull som den første.

Rykta fortel at Sartain i desse dagar er i gong med å spele inn rykande ferske låtar for ei 2006 utgjeving. Skulle han der utvikle låtskrivar-åtferda og dei eigenarta rock’n roll manerane sine ytterligare kan det fort vise seg å bli ein av neste år sine meir kjærkomne musikkopplevingar.

7/10

Først publisert på Groove.no (i 2005)

 

Sally Crewe & The Sudden Moves – Drive It Like You Stole It

Standard

Energisk, ukomplisert og minimalistisk rock.

cover  Rockehistorien er full av artistar med songar der bilen og bilkøyring er temaet. Frå gamle klassiske Route 66, via Chuck Berry, The Beach Boys og til Bruce Springsteen, berre for å nevne nokon få. Men det er ikkje mange som viser eit så intenst forhold til denne firhjulingen som det Leeds-jenta Sally Crewe gjer på si debutplate, der over halvparten av spora streifer innom bilen i ein eller annan samanheng.

Tenk deg Liz Phairs Exile In Guyville (hmm, eller kanskje Whip Smart), og pluss på med ein dose Buzzcocks og Wire (eller for så vidt kvart einaste New Wave-band frå 1979 du kan komme på) så er vi i nærheten av korleis dette fortonar seg. Energisk, ukomplisert og minimalistisk rock. På ei plate som definitivt lever opp til tittelen, for her går det unna; 12 songar klokka inn på 26 minuttar, der ingen av låtane er over tre minutt, og dei kortaste berre drøyt minuttet lange. Sally tar ingen omvegar, ho stormar til angrep med få akkordar, skarp lyd og eit rasjonelt komp (Sudden Moves er Britt Daniels og Jim Eno frå Texasbandet Spoon).

Alt bra så langt. Men så til mitt vesle sakn; tilstrekkelig med skikkelig gode låtar. Rett nok åpnar det lovande med sprelske Tonight, der ho både i frasering og melodiklang kan minne om Graham Parker. Det påfølgande tittelsporet er heller ikkje ueffent, det er den klassiske historien om rebellen og kjæresten, med eit refreng som er «full tank og sjå deg ikkje tilbake». Etter desse er det lengre mellom godsakene, og mykje kan egentlig beskrivast med eit ord; eindimensjonalt. Låtane er for det meste smidd over samme lest, samstundes som den store melodifølelsen også til dels uteblir. Unntaka er den friske power-pop saken ABC (Waiting For You), den svale Liz Phair infiserte Silver, og den Belly-poppige Forget It. Men gløyme Sally Crewe heilt er langt ifrå nokon god idé, til det viser ho for mykje guts.

Berre ho får modnast litt som låtskrivar kan det godt være at ho utrettar større ting neste gang.

5/10

Først publisert på Groove.no (i 2003)

Tom Russell – Modern Art

Standard

Ein skildrar av menneskeskjebner. Ein historieforteljar som brukar songen til å uttrykkje seg.

cover  Amerikanaren Tom Russell er ein mann med fleire forbindelsar til Norge. Han har dei siste 20 åra vore ein flittig gjest på norske konsertscener. I perioden 1987-91 spelte han inn tre plater i Norge, med fleire norske musikarar involvert, av desse står Poor Man’s Dream frå 1989 fram som kanskje den beste av alle Tom Russell sine utgjevingar. På den kan ein finne klassikarar som Blue Wing, Gallo Del Cielo og Navajo Rug. I 1999 gav han så ut «folk-operaen» The Man From God Knows Where, ein sangsyklus med utgangspunkt i Russell sine røter frå Irland og Norge, også her med deltaking frå fleire kjente norske musikarar.

Tom er ein skildrar av menneskeskjebner. Ein historieforteljar som brukar sangen til å uttrykkje seg. Han har sunget om; fattige meksikanarar versus det rike Amerika (Gallo Del Cielo og La Frontera), blueslegenden Little Wille John (Blue Wing), oppsagte stålarbeidarar (U.S. Steel), countryrocklegenden Gram Parsons (Joshua Tree), Edith Piaf (Chocolate Cigarettes), og mange, mange fleire. I tillegg til at han etterkvart har spelt inn eit utall av sine eigne sangar (har gitt ut eit titalls plater), så har også ein anselig mengd blitt tolka av andre; som Johnny Cash, Nanci Griffith, Guy Clark, Doug Sahm, Dave Alvin, Joe Ely og Ian Tyson for å nevne nokon.

På Modern Art er det Tom Russell som – i tillegg til at han har med sju nye frå eigen skuff – tolkar seks favorittar av andre låtskrivarar. Dette inkluderar blant anna Nanci Griffith sin flotte Gulf Coast Highway, der Nanci sjølv deltek på sang, noko ho også gjer både på Dave Alvin sin komposisjon Bus Station og på Emmylou Harris sin The Ballad of Sally Rose. Carl Brouse, ein nyleg avdød venn av Tom, har skrevet American Hotel som handlar om låtskrivarlegenden Stephen Foster (Swanne River, Oh! Susanna, Old Kentucky Home). Eit av dei finaste øyeblikka her er Tom sin tolkning av The Dutchman, komponert av ein Michael Smith, sangen er ei skildring av ein senil mann og hans kone, og er velsigna med nydelig harmonisang frå Eliza Gilkyson. Crucifix In a Death Hand er ei deklamering av eit dikt av Charles Bukowski, som mot slutten glir over i Warren Zevon sin Carmelita (ei lita helsing til ein stor amerikansk låtskrivar, som nå lid av uhelbredelig lungekreft).

Blant Tom Russell sine eigne sangar finn vi mellom anna The Kid From Spavinaw, ein hyllest til baseballhelten Mickey Mantle, og Muhammed Ali, ein singalong calypso-sak om den store boksaren, utan at nokon av dei vil gå inn i historien som betydelige låtar. Isaac Lewis er trist og episk, om sjømannen som mister livet på havet, og driv i land like i nærheten av barndomsheimen. Tijuana Bible er ein driftig låt om ein 1950-tals detektiv som er besatt av ei mordgåte, og tittellåten ein strålande klassisk midtempo countrylåt, som nøstar ihop ein del hendelsar i og rundt Tom sitt eige liv.

Det er slett ikkje alt Tom Russell har spelt inn opp igjennom åra som har vore like interessant, delar av repertoaret hans blir rett og slett for trygt og utfordrar ikkje nok. Slik også med Modern Art; solid nok, men gnistrar sjelden.

5/10

Først publisert på Groove.no (i 2003)

 

Rogue Wave – Out of the Shadow

Standard

Ingenting revolusjonerande, men ein heil del velklingande poptonar frå debuterande Bay Area-kvartett.

cover  Det er veldig lite på debutplata til San Francisco-kvartetten Rogue Wave som ikkje har blitt gjort før. Her får vi oppleve tonar som i alle fall har surfa på eit par av dei same bølgjene Brian Wilson og hans Beach Boys angreip sånn cirka 1966. Det heile hadde sjølvsagt også lydd noko annleis hadde det ikkje vore for fire karar frå Liverpool og det dei hadde føre seg sånn cirka 1966. Ellers er det sånn cirka hundre andre namn som også kunne vore nemnt. Det kan egentlig få vente. Vil i staden hevde at lyden av Rogue Wave slett ikkje er dårlig av den grunn, faktisk er den rett så fin.

Bandet har sitt namn etter frontfigur Zach Rogue, som i veldig stor grad er åleine om resultatet på denne plata. For når han spelte inn desse songane i 2002 var det egentlig ikkje snakk om noko bandprosjekt, berre litt hjelp frå venner. Då den kom ut på ein obskur indie label same år var imidlertid Zach i ferd med å setje saman eit band. Og nå i 2004, når Sub Pop har funne det fornuftig å ta albumet under sine vengjer for å få det ut til ein større hop, er Rogue Wave altså ein kvartett.

Det burde absolutt være rom for Rogue Wave både i platehylla og i hjarta til folk som har blitt gode vener med tonane til labelkompisane deires The Shins. For sjølv om ikkje forsøket deires på å komme seg ut av skyggen er like tettpakka av storflott popkunst som Chutes Too Narrow (2003), så er dette heilt på høgde med The Shins sin debut Oh, Inverted World (2001). Og i haugen av saker og ting som liknar, er det kanskje nett den plata som ligg fremst på tungespissen min. Ellers spøker såpass forskjellige folk som XTC (Nourishment Nation), Wilco (Postage Stamp World) og Paul Simon (Man-Revolutionary) også rundt i kulissane.

Ikkje musikk som prøver seg på uutforska territorier, altså. Men vi blir presentert for eit meir enn habilt kobbel med poptonar det kan være smart å søke kjennskap til. Ofte gjort i eit hovedsakelig akustisk leie, men dei hoppar og over gjerdet og blir ganske så elektriske iblant. Nokre gonger er tonane straighte og lettfordøyelige, andre gonger svingar dei innom psykedeliserte strender og smyg seg rundt på litt rarare underlag. Det kan virke sommarlett og kjekt, men har både ein og to undertonar av melankolsk art.

Mine aller fremste favorittstunder på albumet er det vakre folkpop-eventyret Be Kind & Remind, det er den fint slentrande, akustisk baserte og lett psykedeliserte Endgame, og det er Endless Shovel, som både lener seg til sterke tonar, og som bråkar mest. Så får vi heller tåle at dei avsluttar med ei låt som heiter Perfect, men som er eit stykke unna nett det. Ein plass på solsida av kvalitets-skalaen er uansett sikra.

6/10

Først publisert på Groove.no (i 2004)