Her kjem Bunky, eit band som aldri har lest eller fylt ut skjema for ordinær pop-praksis.
Sufjan Stevens sitt vesle plateselskap Asthmatic Kitty har ikkje så mange artistar å skilte med, men fleire av dei som gjer ut musikken sin der prøver på ulikt vis å gjere labelsjefen sitt utsegn om popmusikk; «I don’t think we’re pushing ourselves enough», til skamme. Ved tidlegare høve har både Castanets og Half-Handed Cloud kome med utgjevingar som opererer litt i utkanten av det gjengse. Her kjem Bunky, eit band som aldri har lest eller fylt ut skjema for ordinær pop-praksis. Håpar aldri dei gjer det heller, for dette er moro.
Etter tre-fire gjennomhøyringar tok eg meg sjølv i å danse rundt i stova og rope; «årets plate, årets plate!!» Vel, eit par rundar seinare fant eg det for godt å modifisere meg eit par hakk, for nokre av spora byrja etterkvart å utspele litt av si rolle. Kor som er, Bunky si debutplate er ein av dei festligaste musikalske heisaturane underteikna har opplevd dei siste åra. Sånn cirka eit groovesteg unna klassen til Fiery Furnaces si debutplate. Eit band dei passeleg nok både har delt og skal dele konsertbillett saman med. Like mange er dei også, og med same kjønnsfordeling.
Ikkje det at tonane og påfunna til Emily Joyce (vokal og trommer) og Rafter Roberts (gitar og vokal) liknar spesielt mykje på søskenduoen Friedberger sine, men det er eit visst slektskap i den ustyrlege vi-gjer-det-på-vårt-vis innstillinga.
Bandnamnet er forresten ei samansmelting av bunny og monkey. Kallenamna Rafter og Emily hadde på kvarandre den gong dei var kjærastar. Det er dei visstnok ikkje lenger. Kanskje er det derfor musikken dei skapar er ein snodig konstellasjon der kontrastar og uvante fusjonar er dominerande faktorar?
Både Emily og Rafter har bakgrunn som lydteknikarar og produsentar, og har vore viktige folk i kulissane under mange plateinnspelingar i heimbyen San Diego (og litt ellers rundt i landet også). Black Heart Procession, Pinback, Rocket From a Crypt, Castanets, The Rapture og The Handsome Family er berre nokre av banda som har nytt godt av deira kunnskapar og vitale idear. Når Bunky gjer sine stormfulle konsertar dukkar så folk frå både overnemnte band og andre lokale musikarar opp og vert med. Emily og Rafter er på ingen måte aleine på Born To Be a Motorcycle heller. Ti musikarar har dei invitert inn i Bunkyfamilien under innspelingane (blant andre Raymond Raposa frå Castanets). Av desse legg ein aller mest merke til dei seks som bles i trompetar, saksofonar og trombonar.
Her er tette brassdrivande popnummer som Baba og Yes/No, begge framført i ein slags Memphis Horns møter Blondie møter The Thing-stil. Emily er den dominerande songaren, med ei stemme som i einskilde tilfelle touchar Karen O sitt territorium, men som også kan vere laidback og nett (litt sånn Perfect-era Eddi Reader). På Funny Like a Moon og Heartbunk er det sistnemnte stil som gjeld, voggande, lett røykfullt og coolt-jazzigt. No får rett nok ikkje førstnemnte låt vere i fred så veldig lenge, refrenget er nemlig ljomande punkdriv; «I was born to be a motorcycle, I was born to be a beast.» Gotta Pee er søt song møter overdimensjonert støyvegg. Chuy er trashy, sexy og groovy med høg kløfaktor. Aller mest febrilsk er Glass Of Water, kvass funkyfrijazzrock der Emily testar ut kor mange måtar ein kan skrike «I wanna glass of water» på. Medan ein får oppleve fredelege stunder i selskap med den dynamiske stearinlys duetten Cute Not Beautiful og det langsamt svevande, men litt malplasserte, The Orb møter This Mortal Coil-nummeret Lipstick Life.
Forvirrande samansurium vil kanskje nokon hevde. Sjarmerande, upretensiøs og frilyndt sjangermiksing stort sett av den særdeles heldige sorten, seier no heller eg.
6/10
Først publisert på Groove.no (i 2005)
Å tenke seg den sordinerte og introverte Richard Buckner kollaborere med den meir støyande og geskjeftige Jon Langford høyrer kanskje ikkje med til dei mest opplagte av tankar. Buckner har sidan midten av 90-talet levert sine nedstemte funderingar kring det problematiske kjærleikslivet. Når han er på sitt beste, med låtar som Pull og 4am frå Devotion + Doubt (1997), skapar han tonepoesi av det riktig så utsøkte slaget. Nå har han vel etter den tid sjeldan vore oppe på det nivået. Ja, kanskje kan vi skulda han for å ha hatt ein litt vel einspora innfallsvinkel både tematisk og musikalsk. Likevel har det aldri vore bortkasta tid å søke selskap med ei Buckner-plate.
Duettkonseptet kan absolutt ha noko for seg. Ein får inn eit kontrastelement som kan gje songen meir spenning og fleire nyansar, og når kontrastane smeltar saman kan ein også få dei vakraste harmoniar. Likevel er det mange døme på at duettforma ikkje fungerer. Aktørane har dessverre litt for ofte ein tendens til å føre songen ut i forserte og pompøse sfærer. Eit anna moment som ofte står i vegen er sjølve låta. Den kan rett og slett vere litt for middelmåtig (ein sparar trass alt sine beste låtar til seg sjølv). Eller kanskje låta ikkje passar for den vekslande forma som duetteringa legg opp til. Så når Ane Brun her har gitt seg duettforma i vald har ho sjansen til å kunne oppdage nytt land, men står også i fare for å ende som havarist. Ho endar ingen av stadane. Ho og hennas medsamansvorne serverer ei jamn men ikkje spesielt grensesprengande toneferd. Den kan vere hyggelig å overvære, men set få spor etter seg.
Joda, British Sea Power har roa nervane og lagt turen unna dei verste brottsjøane denne gongen. Der debuten Decline of British Sea Power (2003) var eit mangslunge vågestykke av sjømetaforar, litterære referansar («Oh Fyodor, you are the most attractive man»),kvasse åtak og meir luftige tonar, er Open Season ei langt meir stabil og einsarta ferd.
I sin «offisielle» biografi omtalar Bergensbandet Brimstone musikken på sitt andre album som, eg siterer: «Hvis Lynyrd Skynyrd hadde vært heltene i Hair, i stedet for en gjeng dansende hippier, eller hvis Steve Earle hadde sunget i Jefferson Airplane». Slett ikkje heilt fjernt frå korleis underteikna opplever dei heller. Sjølv om ordspel omkring engelske innovatørar på prog/psykedelia feltet som King Crimson og Pink Floyd nok kunne komme i land med like så treffande karakteristikkar.
Etter at han hoppa av skodespelarkarriera og gav seg til å lage, synge og spele inn songar tidleg på 90-talet har Will Oldham vore ein ganske så aktiv mann på platefronten. Under diverse pseudonym (Palace, Palace Music, Palace Brothers, Bonnie Prince Billy) har han vore ansvarleg for mange av dei siste ti-tolv åra sine mest interessante musikkutgjevingar. I tillegg har han vore deltakar på mange andre artistar sine plateframstøt.
Jack White, mange av den vestlege verda sine musikkskribentar, og eg, var einige om ein ting då årsoppgjeret for 2002 skulle finne stad. Lapalco av og med Brendan Benson skulle høgt opp på lista over dei beste platene. Med låtar som Tiny Spark, Good to Me og Pleasure Seeker serverte han melodilinjer og hooks i eit uimotståeleg powerpop-landskap. Alt publisert gjennom den perfekt titulerte signaturen Glad Sad Music. Ja, for bak dei oppløftande tonane låg det eit truverdig vemod på lur.
I 2004 var det Loretta Lynn, i år er det Bobby Bare. Gamle stjerner blir trekt fram i lyset av yngre kredible krefter. I 71 år gamle Bobby Bare sitt tilfelle er det sonen Bobby Bare Jr. og Lambchop-gitarist og produsent Mark Nevers som er pådrivarane. Og ei dugande plate har det blitt utav det. Ikkje på Van Lear Rose nivå, men med nok vinnande tonar til å kapre ein solid ståkarakter.
Eg har aldri vore i Helsinki, og kan heller ikkje seie noko om det arkitektoniske bybilete der. Men skulle det vere i nærleiken av (noko eg eigentlig ikkje trur) like oppfinnsamt og skiftande som lydbilete til popbandet med det spektakulære namnet Architecture In Helsinki ville det vore ei forunderlig oppleving å vandra rundt der.
Dei som er opptatt av slikt har visstnok sensa ein Shoegaze-revival den siste tida. Ja NME har til og med gått så langt at dei har lansert begrepet nu-gaze. Eit idiotisk påfunn, sjølvsagt. Har vi ikkje nok meiningstomme sjangernemningar? Og forresten, trongen til å presse pedalen i botn og la gitaren støye vart no aldri heilt borte, sjølv om Kevin Shields ikkje klarte å finne inspirasjon til å fylgje opp Loveless.