Australske arkitekter som bygger låtar med vinklar, former og material ein ikkje er heilt vant til å oppleve.
Eg har aldri vore i Helsinki, og kan heller ikkje seie noko om det arkitektoniske bybilete der. Men skulle det vere i nærleiken av (noko eg eigentlig ikkje trur) like oppfinnsamt og skiftande som lydbilete til popbandet med det spektakulære namnet Architecture In Helsinki ville det vore ei forunderlig oppleving å vandra rundt der.
Architecture In Helsinki er eit åtte-medlemmer stort kollektiv som ikkje kjem frå Finland, men frå Melbourne, Australia. In Case We Die er deira andre plate, og fylgjer to år etter debuten Fingers Crossed. Musikken på plata er minst like merkverdig som bandnamnet.
Her møter vi ein gjeng med eit låtstruktur-syn som bryt kraftig med det konvensjonelle synet. Dei bygger låtar med vinklar, former og material ein ikkje er heilt vant til å oppleve. Det kan irritere og frustrere, men først og fremst blir det givande popmusikk av det.
Ta opningssporet Neverevereverdid. Den startar med klangen av kyrkjeklokker, eit mektig kor fylgt av basuner og tunge trommer trenger seg på. Brått tar dette slutt, og eit hugsamt pianotema tar over, før ei damestemme startar å synge nokre surrealistiske og melodisk medrivande linjer, «Just yesterday, I was walking on the moon with your stalker». Og før låta tar slutt har den også sprella godt frå seg i meir spastiske former.
Inni coveret finn ein bilete av og namnet på dei åtte medlemmene i bandet (3 damer og 5 menn), men det er ingen opplysningar om kva instrument kvar enkelt spelar. Det ein får er ei frittståande liste på ca. 40 instrument. Instrument eg ser for meg liggande på eit stort bord, og som dei kastar seg over etter lyst- og innfallsmetoden. Alle spelar det meste, og alle syng. Då lurer du kanskje på om dei ikkje heller burde ha kalla seg Anarchy In Helsinki? Veeel, neeei eg trur ikkje det. For sjølv om ein ofte ikkje eingong får tid til å omfamne elskelige melodilinjer som dukkar opp før gjengen har kasta seg over nye, ja så oppdagar ein etterkvart at dei aller fleste låtane har ein ganske så haldbar struktur. Ja, beint fram meiningsfull struktur. I alle fall meiningsfull i tydinga fengslande og frodig.
Av referansar for å definere lyden til Architecture In Helsinki har eg registrert at søskenduoen Fiery Furnaces ofte har blitt dratt fram. Dei har avgjort ein del av dei same omskiftelige innfallsvinkelen som Fiery Furnaces. Dei er også innom ein del av dei same musikal-liknande melodiske faktene. Og pretensjonane er omtrent på same nivå. Den melodiske oppskrifta deira er likevel langt meir yndig, nett og popfokusert enn hos Fiery Furnaces. Så derfor kan det kanskje vere like treffande å omtale dei som ein meir hemningslaus variant av band som Ladybug Transistor og Belle & Sebastian.
Ei engelsk 80-tals new wave kjensle dukkar også fram ved enkelte høve. Aldri gjennomført ein heil song igjennom, men ei virvlande linje her (Do the Whirlwind) og ei vemodsfull linje der (Maybe You Can Owe Me). Og aller tydeligast i den blåsarskarpe og eggande Frenchy, I’m Faking med sin suspekte konklusjon; «you let me down lightly, I killed you politely».
Alle spora har fleire ansikt, men i tittelkuttet understrekar dei det ekstra tydelig med å slenge på ein parantes, (pts. 1-4). Det kunne like gjerne stått 1-6. Her er mine stikkord; pop, cabaret, inntakande strykarparti, kjapp, seig, yndig, grumsete. Etter at den legg seg til ro med orda «baby when we get older, we don’t have to get colder» verkar det nesten litt ironisk å hoppe over i ei låt kalla The Cemetery. Men det gjer dei. Ei usannsynleg spretten og frisk låt forresten, med eit par strofer som på heftig vis stig opp ifrå krateret etter Ballroom Blitz.
I sanning eit fargerikt og melodisk vinnande opplegg som det heilt sikkert vil vere freistande å oppsøkje fleire gonger, sjølv om substansen kanskje kan virke litt grunn til tider.
6/10
Først publisert på Groove.no (i 2006)