The xx ekspanderer lydbildet, men held fast i den fine poptonen.
Dangerous er blåsarar og eit uanstendig flott og funky groove. R&B i fargar og oppreist utfalding. Dangerous er opningssporet på The xx sitt tredje album, og er lyden av noko anna enn opningsspora, og alle andre spor, på bandet sine to første album. For så vidt heilt nødvendig det, og definitivt ikkje uventa, London-trioen kunne vel knapt fylgje i dei same nøysame soniske fotefara ein tredje gong.
Då bandets Jamie xx gav ut sitt soloalbum for snart to år sidan kalla han det In Colour og utstyrte det med eit cover i alle regnbogens fargar. I kontrast til covera på The xx sine to første album, som er helde i svart, grått og kvitt. Høveleg nok, for han serverte ei plate der det absolutt var fargar og variasjonar. Noko meir i alle fall enn på The xx sine to album. Album der trioen med enkle soniske middel omfamnar det minimalistiske tonevesen. Til coverbildet på sitt tredje album har trioen henta fram ein av regnbogens fargar, den blå. For så vidt greitt det, at det berre er ein, og at den er blå. Albumet er jo ikkje ein revolusjon. Blåsarar høyrer eg ikkje andre stader enn på Dangerous. Trioen har funne fram til romslegare kår, men ikkje til ein stad der nyansane har ein laussluppen fest. Det strikte er framleis grunntonen i The xx sitt vesen.
Og eg likte veldig godt det strikte, det minimalistiske og reine uttrykket på det sjølvtitulerte debutalbumet. Eg høyrde både Young Marble Giants, Belle and Sebastian, Portishead, Heroes og Wicked Game der, men alt det og meir til blei fullt inkorporert i eit sonisk bilde som var (og er) heilt tydeleg The xx sitt. Dei heldt fram på same sti på andre-albumet, og det var ikkje så vanskeleg å tole. Vanskeleg å tole er heller ikkje I See You. Sjølv om eg nå opplever trioen som litt mindre The xx der inne på sitt eige vesle spesielle kammer, og litt meir som eit popband i eit rom med fleire liknande aktørar. Gode låtar er til hjelp i så måte, noko I See You har ei god handfull av.
Say something loving
I just don’t remember the thrill of affection
I just don’t remember
Say something loving
I need a reminder, the feeling’s escaped me
Songane er slik det har vore frå byrjinga av ofte duettar, samtalar, mellom Romy Madley Croft (som også spelar gitar) og Oliver Sim (som også spelar bass). Ho og han har vore venner sidan dei var små barn. Songane dei syng, songane til The xx, handlar om relasjonar. Frå ganske så eksplisitt seksuelt lada par-relaterte, til meir mellommenneskelege relasjonar på eit mindre intimt plan. Sitatet over er refrenget til songen Say Something Loving. Der Romy og Oliver leverer ein dialog kring det ikkje heilt ukjente fenomenet at etter ei tid i eit forhold byrjar kjenslene å skrangle, å svinne litt hen. Så korleis då takle uroa som fylgjer i kjølvatnet. Nei då, det er ikkje sensasjonelt stoff. Dei kjem ikkje undervegs på albumet opp med poetiske linjer som tar pusten frå meg, men dei har absolutt eit hendig og uredd grep om tematikken sin.
Every time I let you leave
I always saw you coming back to me
When and where did we go cold?
I thought I had you on hold
Eit anna refreng, ein annan song. On Hold. Eit forhold blir forsøkt redda ved å trykke inn vente-knappen, det blir ingen suksess, det blir berre kaldt, og dødt, og slutt. I enden av refrenget styrtar ei sampling inn i bildet. Av ein gammal Hall & Oates låt. Det funkar. Slikt er det Jamie xx som har ansvaret for. Han spelar på keyboard, på synth, på trommer, han programmerer, produserer, og denne gongen dreg han ved fleire høve samplingar inn på arenaen. Og gjer absolutt sitt til at I See You blir ei ganske så attraktiv plate i R&B, elektropop, eller ganske enkelt pop, segmentet.
7/10