Sheer Mag – Compilation LP

Standard

Ein garasjeprega fusjon av klassisk riffrock og punk.

Bilderesultat for sheer mag compilation lp  Energisk må det seiast å vere, dette opplegget til Sheer Mag, og rulla i grus og smuss, og vaska i ureint vatn, og tufta på riff og fuzz og rock’n roll. Ja, slik er det. Ikkje er det født i går heller, sjølv om det er av relativt fersk årgang. Syttitalet var klassisk rock og punk. Sheer Mag fusjonerer dei to sjangrane, i ein garasje i heimbyen Philadelphia, og leverer eit friskt åtak på øyregangane.

Den første gongen eg ramla over bandet (for eit knapt år sidan) gjorde eg meg ein tanke om at dei høyrdest ut som ei noko utenkeleg spleising av The Stooges og Suzi Quatro. Sidan eg nemner det nå, kan altså ikkje tanken ha fordufta heilt. Men det finst nok andre, og kanskje meir presise referansar. Som … tja … Mc5, AC/DC-boogie, The Runaways … eller eit ferskare punkband som Perfect Pussy. Der, i det lendet, i ei gitarkvass ferd mellom slikt, høyrer eg Sheer Mag. I eit tett driv som samstundes har noko laust og ledug over seg.

Besetninga er klassisk nok. Bass og trommer og to gitaristar, alle av typen hankjønn. Det er ikkje vokalisten, hankjønn altså. Ho heiter Tina Halladay, og det er vel ikkje heilt feil å hevde at det glødar bra av henne. Ho syng og ho skrik og er fullstendig til stades. Ja det osar så definitivt ein desperasjon utav det ho har føre seg. Og så tenker eg det blir riktig å klassifisere henne som ein sjelfull songar.

Compilation LP er Sheer Mag sitt første full-lengds album. Men er likevel ikkje eit debutalbum i ordets eigentlege forstand. Kvart av dei tre føregåande åra har kvintetten gitt ut ein firespors EP. Med dei fantasifulle titlane I, II og III. Det er dei tolv låtane herifrå som no, heilt i starten av 2017, er samla i kronologisk orden på eit førti minuttar langt album. Alt saman spelt inn under low fidelty tilhøve på ein 8-spors opptakar, men remastra for anledninga.

Kva Tina Halladay syng om ligg ikkje klart og tydeleg framme i dagen. Til hjelp i så måte er bandet si Bandcamp-side (https://sheermag.bandcamp.com/album/compilation-lp). Der heile albumet ligg til fri avlytting (men det bør sjølvsagt handlast inn som Digitalt album eller LP), og der songlyrikken kan takast i nærare augesyn.

Så kva handlar songane om? Eg høyrer og les outsideren inn i dei fleste låtane her. Det vere seg ho eller han som slit med dette tilværet, som «strugglin’ to get by», eller som skrik etter «some way to live». Men det kan vel så gjerne vere den/dei som rettar ryggen og tar opp kampen. «I won’t bow my head to another man» syng Halladay i stridige Button Up. Minst like tydeleg formulerer ho seg mot valdsbruk og stygg maktutøving i det kvasse høgdepunktet Can’t Stop Fighting – «we’re striking back baby, and you can find me in the vanguard».

Kjærleikens kronglete vesen slepp heller ikkje unemnt forbi. Mest fortvila formidla i «The Ronettes møter røff riffrock»-nummeret Nobody’s Baby. Mest suspekt formidla i spenstige Hard Lovin’ – «she gave me hard lovin baby, and I’m hard on you».

På sitt sonisk mørkaste er bandet i Night Isn’t Bright. Ei låt der Halladay både drar fram det utmerka understatementet «the night isn’t bright its dark», den ganske så dagsaktuelle linja «we live and we die by a politics of simplification», for så i siste liten å komme opp med det rett så håpefulle og framtidsretta forslaget: «what if we could band together and leave our mark». Noko eg ikkje ser bort ifrå at Sheer Mag kan ha stoff nok i seg til å gjere.

7/10

https://sheermag.bandcamp.com/album/compilation-lp

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s