Doug Tuttle – Doug Tuttle

Standard

Ein dose psykedeliske popdrops det smakar evig sekstital og tapt kjærleik av.                                    7

Doug Tuttle  Det ligg ein dis over songane til Doug Tuttle. Popsongar som vev seg inn i The Byrds sin Eight Miles High, The Beatles sin Tomorrow Never Knows, og saker og ting som fylgde i fotspora. Så mange år etter den tida kjennest det framleis heilt relevant når nokon, i sitt musikalske virke, tyr til psykedeliske vendingar av dette slaget. I alle fall når det blir gjort med slik openbar inspirasjon i tonelaget som i tilfellet Doug Tuttle.

Alle og einkvar har nok ikkje høyrt om Doug Tuttle. Hans liv og virke på dei musikalske skråbreidder er ikkje av veldig omfattande karakter. Etter det eg veit handlar det fram til no stort sett berre om eitt band, med det mystiske namnet MMOSS. Dette bandet stifta han for nokre år tilbake saman med kjærasten sin Rachel Neveu. Gjennom to plater har dei presentert ein frilyndt psykedelia der det popbaserte har delt plass med lengre jam-saker og groovy krautrock. For eit drygt år sidan var det over. Både bandet og kjærleikshistoria. Så no er Doug Tuttle for første gong ute heilt på eiga hand.

Det er ein melankoli i songane på plata hans. Slik det jo ofte blir når ein mann og låtskrivar sit att og funderer over kvifor denne kvinna ikkje lenger ville kalle han for sin kjære. Kor trist det eigentlig er klarar eg ikkje å få full innsikt i. Det er nemlig ikkje så heilt enkelt å få fatt i det Tuttle syng. Til det har han produsert røysta si for djupt inn i det disige. Det er noko med dette å blottlegge seg fullstendig. Han har reservert seg mot det. Men eg har lest det i eit par intervju med mannen, at det er slik det er, at songane dveler med dette brotet.

Melankolien fanga eg forresten opp frå første stund. Før eg leste intervjua. Før eg byrja å konsentrere meg intenst om vokalen. For melankolien er der i sjølve tonane den. Dei lengtande og vemodsprega tonane. Tonar med ein varm vestkystbris svevande tvers igjennom seg. Framstilt av ein fyr som held til på austkysten (i Boston-området).

På ein låt nær held Tuttle seg borte frå det jam-baserte. Plata er fullt opp av tre-minuttars popsongar med eit klart fengande vesen. Utan at nett det kanskje blir oppfatta fullt og heilt i første møte. Dei er då trass alt dyppa i psykedelisk skurring og soniske innvendingar. Av litt ulikt slag. Frå den driftige og lett synthforstyrra With Us Soon, via alvorlig skurrande Where You Plant Your Love .. Is Where It Grows, den orgelsvellande og bassgroovy Leave Your Body, til dei sterkt Byrds-slekta I Won’t Do og I Will Leave. I sistnemnte har Tuttle forresten lagt stemma si så langt framme i lydbildet at eg nesten fangar opp alle orda han syng. Det handlar om å ikkje heilt klare å ta innover seg at forholdet er over, om å ville dra det ut, om å be om eit håp, og så «when it’s time to leave, I will leave».

Ein låt her er som nemnt noko annleis. Den er dobbel så lang. Den heiter Turn This Love. Flyt av garde på orgeltonar og eit gjentakande bass-tema. «Please don’t turn this love to grey» meiner eg å høyre songaren be om fleire gonger. Før han går inn i siste halvdel, då er han gitarist. Då dansar han fram ein gitarsolo det står skrive inspirert på tvers over det heile.

Nye songar, dei same som dei gamle, for så vidt. Og det er meir enn heilt greitt.

Turn This Love:

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s