Snedden visesynthpop om tilværet sine mindre medgjerlige sider. 6
Slik eg oppfattar det er det ikkje noko ekstraordinært med livet til Kaja. Det songaren formidlar om henne kan mange kjenne seg grundig godt att i. Det som blir formidla er ikkje glansbildeversjonen av korleis det er å vere ei kvinne i tjueårsalderen. Noko songaren syng ganske så direkte ut om. Så direkte og tydelig at eg aldri blir sittande å fundere over kva ho eigentlig meiner. Å snakke i gåter og gå omvegar er ikkje Kaja Gunnufsen si greie.
«Du er ikke snill du bare later som, det samme gjorde jeg da jeg sa jeg kom, Du er av typen alle mødrer anbefaler, men du er kjipere enn lunken Clausthaler». Kaja er Desp. Ho slit med ein type. Ho er høgaktivert ambivalent. Ho ser tvers igjennom han, men ber samstundes om at han må velje henne. Songaren formidlar det med linjer det er sarkastisk kraft i. «Jeg ser på Instagram at du er på trening, det er slik informasjon som gir livet mening».
Plata handlar i stor grad om det der flokete kjærleikslivet. Om å få seg kjærast, og å halde på han, for å kjenne at livet er godt. For ikkje å seie «for godt til å være sant». Vegen dit er humpete, og slett ikkje trafikksikker. Mange av humpane, og mykje av det usikre, blir klistra på Kaja sjølv. «Jeg er ikke pen men det er det indre som teller, hva gjør man når man ikke har det heller?» får ho seg til å spørje ved eit tilfelle. «Jeg er en lubben brunette, det får meg til å grine» opplyser ho om ein annan stad.
Stemma til songaren har eit ungpikepreg. Det er sterkt medverkande til å få meg til å tenke at det er noko naivistisk over det heile. Og det er det. Kaja Gunnufsen er inne på ein arena som deLillos var arkitektar bak for snart tretti år sidan. Men akkurat som tilfelle var med deLillos så er det også ein liten djevel i denne dama. Og då tenker eg ikkje først og fremst på at platetittelen er eit bannord, og at ho sper på med fleire ord av same slaget i songane sine. Eg tenker det fordi ho fortel om ei kvinne som til trass for at ho gjer inntrykk av å ha eit noko einfaldig interesserepertoar evnar å bite ifrå seg. Mellom utallige rim og til dels utsletne ordbilde opplever eg Kaja som eigenrådig, og at det er ei bra djupn i henne. Eg opplever det i måten ho turnerer idyll og sjalusi på i Nattønsket («jeg banner så ingen her skal se at jeg har grått»). Eg opplever det i måten ho handsamar einsemd på i Uke 53/LOL («jeg er jenta som ingen vil ha, men med 700 facebookvenner går det vel bra»). Ja eg opplever det i grunn i dei fleste songane.
Songar som er kledd i ei varm og mjuk synthpopdrakt. Melodisk veldreidde, men på ingen måte sensasjonelt originale. Kaja Gunnufsen kommenterer det for så vidt ganske så eksplisitt sjølv i slutten av den rimfiffige låta Jævlig Lei: «Jeg vet godt at sangene mine er like, jeg kunne ønske de var mere unike». Samstundes som eg nikkar samd til den uttalen kjenner eg også på ein tilfredsheit for at songane er akkurat slik dei er. For det er jo desse songane som er årsaka til at møtet med Kaja er eit givande møte.