Minor Majority – Reasons to Hang Around

Standard

Det kan absolutt vere makt i den varlege, enkle, mollstemte låten. Minor Majority beviser det fleire gonger på si nyaste plate.

cover  Sjå der, ja. Der smatt det jaggu meg innom ei forsyning norsk-americana av det finfine slaget igjen. Har blitt ei stund sidan sist no. Men det vesle mollstemte orkesteret frå Oslo leverer i sitt fjerde albumforsøk ei særdeles melodiflott samling. Ei låtrekkje som aldri prøver å vere noko anna enn det den er; 13 låtar om livet, og dei små og litt større opp- og nedturane som høyrer med.

Frå sin unnselige start våren 2000 og fram til no har Minor Majority gradvis vakse seg inn i ei sterkare låt-sfære. Ikkje det at det visefine og popenkle som prega dei frå starten av var bleikt, men det har blitt utvikla, og inneheld i dag betre låtar og famnar litt vidare. Dei tyr aldri til innoverande fakter, men leverer sakene sine trygt på innsida av ein velprøvd tradisjon. Det er likevel kvalitetar med Reasons to Hang Around som gjer at den avteiknar ein viss personleg signatur. Dermed blir albumet eit av desse som skil seg litt ut frå den etterkvart store hop av likesinna her til lands.

Dei fem forsiktige fyrane, og deira innbodne gjester, stryk lyttaren medhårs, men får like fullt nakkehåra til å reise seg i fryd. Dei gjer det veldreidd men aldri glatt, beherska men eintydig vitalt. Dei drar etterkvart eit monaleg kvantum med instrumenter opp av sekken, men lar desse aldri gå i vegen for kvarandre. Rom og luft blir gitt på sjenerøst vis, og ein velsmakande porsjon næringsrik toneføde gror forsiktig fram.

Låtskrivar og songar Pål Angelskår er hovudansvarlig. Han syng overtydande utan affekterte fakter, med ei fin røyst omtrent like tørr og varmande som sprakande bjørkeved. Han føyer saman tonar på eit velfundert vis. Og han har ein kløktig formuleringsevne som overgår dei fleste andre norske engelsktalande låtskrivarar. Ei evne han nyttar til å gje velmeisla skildringar av ulike mellommenneskelige tilstandar. For å underbygge det siste kunne eg til dømes ha sitert store deler av teksten til No Particular Girl. Der Angelskår i si framstilling av ei forsagt og ustabil jente og den fortapte beilaren hennes, kjem opp med fleire eminente tekstlinjer. La oss gje plass til eit par vers:

She’s a broken cry
Just a little less than a suicide
She’s the sweetest girl
To ever walk the borderline

Her eyes are dim
Or more like a lamp when it’s not plugged in
But it’s not enough to warn you
About the mess you’re in

Den melodiske strukturen i denne låta har lånt eit og anna frå Neil Young. Ein knurrande gitarsolo som gjer seg til kjenne mot slutten av den ellers harmonistemte You Were Saying har også sitt tydelig Young-stempel. I tillegg til den innflytelsesrike canadiaren har nok Minor Majority lytta til ein del andre som entra scena med ein gitar, ei stemme og ein bunke nyskrivne låtar på den tida då folk byrja å gå på månen. For både når det gjeld melodiske vegval og tekstlige temaval kan ein trekke linjene mot folk som James Taylor, Jesse Winchester og dei tre supergruppe-kameratane til Young.

Reasons to Hang Around er ei jamn plate. Her er ingen låtar ein finn grunn til å hoppe forbi, samstundes har den vel heller ingen det er grunn til å ramme inn i gullramme og plassere på heidersplass på klassikar-veggen. Fintflytande Come Back To Me med sine friske fiolintonar og sitt vage slektskap mot Madrugada er lett å like. Eit meir varig kjærleiksforhold trur eg ein kan få til den vemodsfulle og smått dramatiske As Good As It Gets. Ei låt ein kan sense visse Midnight Choirske drag ved. Verd å nemne er også Supergirl. Med sitt raffinerte refreng og velharmonerte men likevel lett skiftande bilete er den eit av dei sentrale spora på albumet (sjølv om Angelskår i teksten hevdar at «this is a song that I’ve been humming on for way too long, the hidden track left at the end»).

Det er slett ikkje den store desperasjonen å spore i Minor Majority sine melankolske tildragingar. Innimellom hyllar dei livet og kjærleiken også. Som i den avsluttande og vakre kjærleikserklæringa What You Do to Me, komplett med ypperlig harmonihjelp frå broder i ånda Thom Hell.

Som de sikkert no har skjønt, her er plenty av Reasons to Hang Around.

6/10

Først publisert på Groove.no (i 2006)

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s