My Brightest Diamond – Bring Me the Workhorse

Standard

Ei debuterande dame med gåtefulle og dramatiske songar om døde dyr og tapt kjærleik.

cover  Om du studerer krediteringslista til Sufjan Steven sitt Illinoise-album vil namnet Shara Worden dukke opp ganske høgt oppe. Der står ho oppført som korist på eit tital av spora. Ikkje så altfor godt gøymt bak dekknamnet My Brightest Diamond dukkar ho no opp med sitt debutalbum. Det har fått den litt merkverdige tittelen Bring Me the Workhorse, og er tre kvarter med pasjonert musikk som vekselvis sender tankane i retning Kate Bush, Björk og Beth Gibbons.

Då Shara Worden for nokre år sidan tok vegen frå ein småby i Michigan til New York var det for å studere operasong. Etterkvart fant ho det vel så interessant å frekventere små klubbar der artistar som Antony & The Johnsons og Nina Nastasia spelte. Shara skifta musikalsk fokus, gav Debussy ein pause og plukka opp ein elektrisk gitar i staden.

Worden har nok likevel tatt med seg eit og anna element frå opera-tradisjonen inn i uttrykket ho presenterer på dette albumet. Både i stemmebruk og temaval. Lyttaren blir invitert inn i eit trolsk landskap, der det av og til kan skimtast ei lysning, men der mørkret nok er ein dominerande faktor. Døden er tema i fleire spor. Og av dei som blir ramma finn vi ein augestikkar, ein raudstrupe, alle kaninene, nokre nære venner og kjærleiken.

Dei fleste låtane bygger seg opp frå eit varleg utgangspunkt og inn i meir dramatiske former. Frå partier som dyrkar det skjøre og enkle og over i partier der faktene, stemma og sjargongen er av meir teatralsk karakter. Frå ein einsam gitar til rammande strykarar, og frå kviskring til hyl.

Opningssporet Something of an End er blant dei beste. Melodisk velutrusta og dynamisk velforma som det er. Dei første linjene er pur Björk, men etterkvart som den veltar seg inn i meir tøylelause parti fer tankane meir i retning av Patti Smith. Kanskje litt inspirert av Zappa titulerer ho den spenstigaste låta på albumet for Freak Out. Ein tittel som definitivt blir tatt alvorlig. Skummelt, fruktlaust og pågåande treff vi her på dama i tidvis nokså tøyleslaus skapnad. Låta når sitt klimaks idet Worden og hennes medhjelparar lar utsegnet «we still have time to dance, so let’s dance» tilte låta inn i eit avsindig atonalt, tett og ordknapt refreng.

Ankepunkta mine i forhold til plata er at Worden til en viss grad opererer i eit noko for einsformig og melodiblast landskap, og at låtoppbygginga etterkvart blir litt for innlysande. Men plukkar ein ut dei to nemnte låtane og fyller på med den skjelvande og sonisk blomstrande We Were Sparkling, og gitarbrunstige Magic Rabbit skulle ein i alle fall ha eit vitalt firkløver. Og det er det jo langt i frå alle album som kan skilte med det.

5/10

Først publisert på Groove.no (i 2006)

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s