Monthly Archives: oktober 2013

Townes Van Zandt – Acoustic Blue

Standard

Ein samling akustiske live-innspelingar, og det er blått, vemodig og sårt.

cover  Townes Van Zandt, ein beskjeden poet som aldri heilt fekk den merksemd han verkeleg hadde fortjent mens han levde. Sin store epoke hadde mannen i åra frå 1968 og fram til 1973. I denne perioden strøymde det på med sterke sangar frå Van Zandt sitt melankolske skattkammer. Raffinert poesi i samklang med vakre og såre tonar. I åra som følgde etter denne tida og fram til sin død i 1997 kom det berre tre album med ny musikk frå Townes si hånd. Og sjølv om noko av magien frå dei første åra ikkje alltid var tilstades, viste mannen ved fleire høve at han fortsatt hadde kontakt med si poetiske gullåre.

Innimellom studioalbuma dukka det opp eit og anna live-album, og etter hans død har eg ein følelse av at det formelig har vore ein slags eksplosjon av slike utgjevingar. Så sjølv om det alltid er kjekt å oppleve Townes Van Zandt og hans songar, kan vi kanskje stille spørsmål med om vi strengt tatt har behov for alle desse live-dokumentene. Dei kjem i alle fall aldri (trur eg) til å kunne matche det legendariske opptaket frå The Old Quarter, Houston i 1973, der Townes trollbind ein liten forsamling med sin gitar, sin sang og sin låtskrivar-kunst.

At det stadig dukkar opp nye konsertopptak er når alt kjem til alt kanskje ikkje så rart, med tanke på at saman med sin gode venn, den akustiske gitaren, har Van Zandt frekventert mangt eit lokale mellom San Francisco, Trondheim og Brisbane. Eller som han sjølv seier det i A Song For;

London to Dublin 
Australia to Perth 
I gazed at your sky 
I tasted your earth 
sung out my heart 
for what it was worth 

Acoustic Blue er det nyaste skuddet på stamma av slike innspelingar, og er ein samling av mannen sine meir blues-prega stunder. 14 låtar, derav 11 gjort under ulike spelingar i Tyskland hausten 1994. Dei tre siste er gjort berre veker før mannen døydde kun 52 år gammal første nyttårsdag 1997 (nøyaktig 44 år etter eit av hans store førebilete, Hank Williams). Albumet kjem ut på van Zandt sin gode gamle label Tomato Music, og er utstyrt med eit velskreve essay av den kjente musikkskribenten Chet Flippo (ein stor Van Zandt-fan).

Så, jodå, ein fin liten sak er det blitt. Låtutvalget er henta frå heile mannen sin karriere, med ein liten hovedvekt på hans siste studioalbum No Deeper Blue (1994). Av dei fire låtane frå den plata er det dei to som rammar inn albumet som verkeleg utmerkar seg. The Hole er ein dyster og demonisk blues på vitjing i helvetes forgard, der djevelen er ei gammal dame med hår som «looked just like barbwire, boys», og eit smil «just like the grave». A Song For er på si side ein vemodig folk-ballade der vi møter ein sliten vandrar, – lyrisk, sårt og vakkert. Vi får også den gamle honky tonk-saken Lorretta og velrenommerte tilfeller som Waitin» Round to Die og Kathleen. Ellers er det mykje fin akustisk blues som blir servert, nokre er coverversjonar av gamle travarar (tre av førebildet Lightnin» Hopkins) og nokre er Van Zandt originalar. Eit lite pluss til ein sterk versjon av intense Snake Mountain Blues. Medan vi i Nothin» møter ein resignert sangar, ja det gjer nesten litt vondt å høyre denne, ein av hans aller siste sanginnsatsar som blei festa til tape.

Det er nok ikkje denne plata du skal starte med om du er nybegynnar i Townes sin verden, då går du til utgjevingane frå dei første åra. Er du fan, derimot, er denne sjølvsagt vel verdt ein plass i samlinga.

6/10

Først publisert på Groove.no (i 2004)

 

Dwight Yoakam – Population: Me

Standard

Svikefulle kvinner, seine kveldar og bitre tårer.

cover  Det er blitt hevda med stor overbevisning at 80-talet var eit heller skralt tiår for pop og rock-relatert musikk. Det er noko eg personleg finn vanskelig å kunne støtte fullt ut, det gav oss jo tross alt navn som R.E.M., Pixies, The Replacements, Dream Syndicate, Violent Femmes, Prince og Nick Cave, berre for å nevne ein handfull. Og i det herrens år 1986 steig det fram ikkje mindre enn tre lovande debutantar innan countryrock-sjangeren. Steve Earle med sitt mesterverk Guitar Town, Lyle Lovett med sin flotte sjølvtitulerte debut, og Dwight Yoakam.

I ein alder av nær 30 år platedebuterte Dwight Yoakam med det briljant titulerte albumet Guitars, Cadillacs etc etc (skal ein være heilt nøyaktig, så er albumet ein utvida utgave av EPen med samme navn som blei gitt ut på eit uavhengig selskap to år tidligare). Denne karen henta sin inspirasjon direkte frå eldre kjelder som Lefty Frizzell, Buck Owens og Merle Haggard. Og med ei uforfalska overtyding samt eit raffinert grep om fortida, framførte han tradisjonell countrymusikk i fersk tapning. Dermed gjorde han definitivt sitt til at denne musikkformen skulle bli akseptert i vidare kretsar. Med grandiose nummer som blant andre Johnny Hortons Honky Tonk Man, samt Yoakam sine eigne It Won’t Hurt, South of Cincinnati og tittelkuttet framstår albumet fortsatt som ein klassikar innan country-sjangeren.

Han har vel aldri heilt klart å matche dette albumet i ettertid. Men fleire fine plater har det blitt, og nå er han framme med sin femtande utgjeving i fullformat. Population Me, som er Yoakam sin første på labelen Audium, plasserer seg også greit inn som eit respektabelt verk frå mannen si hand. Likevel er det nokre skritt unna friskheten og gløden han viste fram i 1986.

Det startar ut i ein slags west-coast retning. For som tittelen ber bud om, dreier sangen The Late Great Golden State seg om California, og då er det jo kanskje ikkje så dumt med harmonisang i beste Eagles-stil. Best er likevel Yoakam i meir spartanske og eksistensielle tilfeller, som balladen Fair to Midland (om lengsel, anger og skam) og Gregg Lee Henry sin komposisjon The Back of Your Hand, ein sparsom men like fullt spenstig arrangert vemodig affære om kvilelaus resignasjon. Willie Nelson dukkar også opp på plata, og med låta If Teardrops Were Diamonds gjennomfører han og Yoakam ein duett som nesten når Streets of Bakersfield høgder. For nyankomne; sistnevnte låt er ein duett Yoakam gjorde saman med sin kanskje største inspirasjonskjelde Buck Owens, på plata Buenas Noches From a Lonely Room.

Nevnast må også tittellåta, ein hudlaus sak der fortvilelse og følelsen av den ultimate einsemd har grepe tak i hovedpersonen; «she’s no longer here, the population’s me». Pete Anderson er som vanleg Yoakam si høgre hand, og bidrar med både stødig gitarspel og produksjon. Og sjølv om ikkje alle låtane kallar på like stor interesse, viser Dwight at han framleis kan gje elskarar av ærlig countrymusikk litt å bite i.

5/10

Først publisert på Groove.no (i 2003)

 

Steve Wynn – Static Transmissions

Standard

Wynn har dratt til Tucson, Arizona og kringkastar sakene han har skapt der i elektriske og spreke former.

cover  Sentralt i Steve Wynn sin etterkvart rikhaldige katalog av sangar står skildringane av den einsame og skakkjørte skikkelsen sin kamp mot både levande og døde demonar. Som ein låtsmedenes svar på Raymond Chandler eller Ross MacDonald skaper han sine små rock’n’roll noveller, der vi møter ein person i eit dramatisk øyeblikk av livet, i skildringar som ofte utrykker håplaushet og mismot og langt frå treng ende på noko oppløftande vis. Slik var det i Dream Syndicate tida, og slik er det framleis.

Som tekstforfattar har han heilt sidan debuten på tidleg 80-tal vore blant dei mest interessante i rock-verden. Han har imidlertid ikkje alltid hatt det samme gode grepet om å få det inn i ein fengslende melodikontekst. Det fungerte storvegs på 80-talet med The Dream Syndicate. Under solokarrieren hans på 90-talet blei det dessverre lenger mellom dei store låtane. Så med sin forrige utgivelse, den massive dobbelplata Here Come the Miracles, fant vår mann (slik tittelen på plata antyder) endelig tilbake til intensiteten som dreiv han frå skanse til skanse med Dream Syndicate.

På Static Transmission stiller han med dei samme musikarane som bidrog til å gjere Here Come the Miracles til slik ein triumf, noko som innbefattar blant andre Chris Cacavas (tidl. Green On Red) på orgel. Nok ein gong har dei dratt til Tucson, Arizona for å gjere innspelingane, og nok ein gong returnerer dei med eit ganske så sprekt resultat. Plata er ikkje så ulik forgjengaren, men er kanskje ein aning mørkare og ikkje like altomfattende. Den er nok og muligens litt svakare, men kun marginalt.

Aller best er Steve Wynn i det formidable seks minuttar lange gitardrønnet Amphetamine, som er ein apokalyptisk skildring av ein nattlig biltur i einsemd og stor fart «down on the 101», der mannen bak rattet er plaga av ei rekke urovekkande og svette forestillingar. Eit anna høgdepunkt er Candy Machine, nok ei skildring av ein person som opplever eit kaotisk øyeblikk, og der bandet etter beste evne prøver å drukne ein uimotståelig melodi i ein syndeflod av organisk lyd.

Mørkt og inderlig er det i den råbarka blueslåta Keep It Clean, medan skramlande gitarar og herlig koring (og med ei strofe som «gonna take it to the limit, in a New York minute») gjer kraftpoplåta California Style til albumets kanskje mest umiddelbare innslag. Begeistrar gjer og den inderlige balladen Fond Farewell som Steve framfører med ei rusten og nesten kviskrande røyst. Her er som de sikkert forstår mykje å glede seg over, så då får vi heller unnskylde han at det er nokre av melodiane (Maybe Tomorrow, Hollywood og Charcoal Sunset) som blir litt for anonyme og beint fram kjedelige.

Det er rett så trivelig at ein gammal helt framleis kan overbevise med vital rock’n’roll! Nybegynnarar på søk i Steve Wynn-land bør imidlertid gå vegen om Dream Syndicate klassikarar som The Days Of Wine And Roses og Medicine Show, det er her dei verkelig grensesprengande opplevelsane er å hente, men både «Static Transmission» og nokre til av soloplatene hans har mykje heftig musikk å by på.

7/10

Først publisert på Groove.no (i 2003)

Weird War – Weird War

Standard

Ein groovy krig, der låtane ikkje opererer i noko A4 format.

cover  Weird War kunne vore tittelen på den dagsaktuelle verdenssituasjonen. Istaden er det altså eit rockeband som har smykka seg med dette navnet. Vel, band og band, inntil vidare velger eg å definere det meir som eit samarbeidsprosjekt. For dette er ein happening mellom sangaren Ian Svenonius (sist frå gospelpunk agitatorane i The Make-Up), bassist Michelle Mae (The Make-Up) og gitarist Neil Michael Hagerty (frå avantgarde og støyrockbandet Royal Trux).

Weird War er bygd opp rundt ein soul/funk-basert groove, der låtane ikkje opererer i noko A4 format, for rett som det er bærer det av gårde i uventa retningar. Me får oppleve Ian Svenonius sin herlig skjødeslause sangstil, medan Neil Hagerty bidrar med gitarspel noko på sida av det ein kan kalla harmonisk. Me får bli kjent med eit band som er både viltert og skakt men innimellom litt haltande. Skal eg trekke fram nokre samanlikningar så opplever Weird War nærmast som ei forening av Stooges og James Brown.

Det heile tar av med Baby It’s The Best, ein medrivande hyperaktiv rockelåt. Tempo blir skrudd ned i seigare melodiar som Chicago Charlemagne og FN Rat, intensiteten og gløden er imidlertid på plass. Grass og Name Names er utfordrande funk som påkallar heftige bevegelsar i nedre regionar. Eller som mr. Svenonius syng «Don’t kiss me on the mouth, When you can kiss me anywhere else». Me får også servert ein fløyte- og trompetbasert instrumental, som er rett så spenstig og viril (Ibex Club).

Etterkvart blir det noko meir ufokusert og springande det som dukker opp. Det livnar imidlertid til liv at i avslutningssporet Man Is Money ein saftig funky rockar som set eit solid punktum. 13 melodiar, og det heile drar seg i land på i overkant av halvtimen. Til tider ein sprek og snodig opplevelse er det.

5/10

Først publisert på Groove.no (i 2003)

 

The Warlocks – Phoenix

Standard

Eit sonisk røvartokt og ganske så mektig angrep på sanseorgana.

cover  Phoenix er ein engelsk/europeisk gjenutgjeving av plata som først bar tittelen Phoenix Album, og som kom ut på labelen Birdman i USA seint 2002. Istadenfor å gje ut albumet slik det var, har Mute (The Warlocks sitt europeiske selskap) altså valgt å endre litt på tittelen, lage nytt cover, samt bytte ut ein låt (slik at fansen som allerede har skaffa seg Birdman utgjevinga «lyt» ha denne også – sleipt nok).

I 1965, på kvar si side av det amerikanske kontinentet eksisterte det to band som begge kalte seg The Warlocks. Det eine bandet var eit slags husband for dei temmelig lausslupne festane til forfattaren Ken Kesey (Gjøkeredet), og favna om folk som blant andre Jerry Garcia, Bob Weir og Phil Lesh, dei skulle snart bli kjent under ein annan signatur; Grateful Dead. Det andre bandet heldt til i New York, men også denne gjengen fant det best å endre navn, og blei i løpet av året til The Velvet Underground.

Sjuarbanden frå Los Angeles som i desse dagar har funnet det høvelig å utstyre seg med navnet The Warlocks, har definitivt meir enn ein fot solid planta i 60-tals rocken. Spesielt er spora etter den før nevnte New York-kvartetten ganske tydelige. Samstundes tilfører dei rock’n’roll-overhalinga si betydelige deler psykedelia, så Grateful Dead linken er heller ikkje heilt ut i det blå, sjølv om den ikkje er like opplagt. For The Warlocks sine syreattack høyrer vel meir heime i lendet til 13th Floor Elevators sin garasje-psykedelia. Når vi nå først er inne på inspirasjonskjelder kan vi jo ta med oss Stooges og Hawkwind frå 70-talet, samt Spacemen 3 og Spiritualized frå seinare år.

Det er eit forrykande åtak The Warlocks gjer seg ut på. Med fire gitaristar og to trommeslagarar i tillegg til utfyllande keyboard/orgeltonar blir det eit sonisk monumentalt stykke rock’n’roll dei presenterer. Likevel er ikkje dette ein fantasilaus og slitsam overkjøring. For uklanderlig plassert innimellom det elektriske regnet stig det fram fleire skarpe låtar.

I kategorien klassisk popfølelse tilført gitardroner finn vi dei to dopfikserte tilfella Shake the Dope Out og The Dope Feels Good, samt den lumske og vidunderlige Baby Blue. Mens bandet bevegar seg over i meir psykedeliserte univers når det kjem til lengre låtar som Cosmic Letdown og Inside Outside. Førstnevnte ein nesten 10 minuttar lang seig symfoni, der dei kanskje går litt over streken når dei avsluttar den med ein einsam orgeltone som strekker seg mot to minuttar. Inside Outside er eit mektig og etsande nummer tilsatt eit suggerande krautrock groove. Den totale freak out blir levert i nesten 15 minuttar lange Oh Shadie, ein instrumental der støy og tonar dansar rundt i eit tåkete landskap.

Med tekstlinjer som «pretty pictures and circular cars, disco bars and cool guitars», samt eit tøft, gatesmart og doprelatert image, er dei nok i grenseland til å leve ut ei posør-rolle. Men på den andre side, er det egentlig så farlig? It’s only rock’n’roll.

7/10

Først publisert på Groove.no (i 2003)

The Walkabouts – Watermarks (Slected Songs 1991-2002)

Standard

Eit samlealbum først og fremst tiltenkt det amerikanske markedet, men som og fungerer som ein grei introduksjon til eit framifrå band.

cover  Året er 1993, albumet New West Motel er mitt første møte med The Walkabouts, og dei presenterer seg med eit drønn. Kraftig, dramatisk rock tufta på tradisjonane frå folk og country. Ein frenetisk gitarlyd, sammen med ein drivande rytme er dei bærande elementa. Dette blir så supplert med lyden frå fiolin, orgel, trekkspel, mandolin og sang, ja ikkje minst sang. For bandets ubestridde leiarduo Chris Eckman og Carla Torgerson utfyller kvarandre perfekt, han med ei grov raspande stemme, ho med ei klokkeklar røyst. Grand Theft Auto og Glad Nation’s Death Song er to høgdepunkt, episk og intenst, definitivt ei makelaus plate.

4-5 månader seinare (året er fortsatt 1993), eg sitt nok ein gang og gjer meg kjent med ei Walkabouts plate. Denne har tittelen Satisfied Mind, men der New West Motel var nesten berre eigenkomponerte originallåtar er dette eit album med 13 coverversjonar. Her er sangar frå så pass ulike låtskrivarar som Nick Cave, John Cale, Patti Smith og Charlie Rich. Denne gangen er lydbildet atskillig meir dempa, men resultatet er nesten like storarta. Aller best er Nick Caves Loom of the Land, og Charlie Rich klassikaren Feel Like Going Home.

Det går om lag eit år, og ei ny plate dukkar opp. Det er energisk og det er mørkt, men det er anonymt og litt kjedelig, eg er skuffa. Albumet heiter Setting the Woods On Fire, eg setter det vekk. Neste gang Walkabouts gjer eit framstøt på platefronten har dei hyra inn Warzawa filarmoniske orkester. På Devil’s River som plata heiter finn vi smektande tonar, men og innslag av lumskare klangfargar. Plata inneheld flotte melodiar som The Light Will Stay On og Christmas Valley.

I 1997 dukkar Nighttown opp, og fortsatt er strykarar sentralt (denne gangen kallar dei seg Nighttown Orchestra), diskré elektroniske element er også å spore. Det er deires beste plate sidan Satisfied Mind, med høgdepunkt som Slow Red Down (kvifor er ikkje den tatt med på Watermarks?) og Lift Your Burdens Up.

Nå går det tre år før neste album kjem, Trail of Stars (2000), som er ein nedtur. Dei kjem sterkare tilbake året etter med ein ny coverlåt-samling, Train Leaves At Eight (denne gang med europeiske låtskrivarar, blant andre bidrar norske Midnight Choir, som Chris Eckman har produsert), og det dvelande og sterkt orkestrerte albumet Ended Up a Stranger samme året, viser at bandet fortsatt er å rekne med.

Watermarks er som undertittelen tilseier ein samling sangar frå perioden 1991-2002. Hovedvekt er lagt på midtperioden (Devil’s River og Nighttown) som er representert med seks spor. Her er to spor frå bandets svakaste plate Trail of Stars, det samme antallet er henta frå New West Motel. I forhold til mine oppfatningar om kor bandets beste stunder er å finne blir denne prioriteringa litt merkelig, men ser vi bort frå dei to Trail of Stars kutta er det berre flotte sangar her. At Satisfied Mind og Train Leaves At Eight kun har fått med ein sang kvar, er forståelig utfrå at bandet sikkert ynskjer å sette søkjelyset på Chris Eckman sitt materiell.

Albumet er for øvrig først og fremst tiltenkt det amerikanske platemarkedet. The Walkabouts er nemlig i den situasjonen at mange av platene deires ikkje er utgitt i USA, sjølv om dei er rotekte amerikanarar (frå Seattle, dei gav ut sine første plater på Sub Pop), er det i Europa dei har funne sitt publikum. Plata er ikkje forsynt med tidligare uutgitte spor eller liknande, så fansen har alt frå før. For folk som ikkje har kjennskap til bandet, kan Watermarks være ein heilt grei plass å begynne, men ein gjer aller lurast i å skaffe seg dei to 1993-utgjevingane.

7/10

Først publisert på Groove.no (i 2003)

The Tyde – Twice

Standard

Ein forfriskande dusj med lett fargerik sommarpsykedelia.

cover  The Tyde er ei sval bølgje frå den amerikanske vestkysten, som har til hensikt å gje lyttaren ein forfriskande dusj med lett fargerik sommarpsykedelia. Ein dusj det slett ikkje er dumt å seie ja takk til, då den viser seg å innehalde ein heil del tiltalande nyansar henta frå det store pop- og rock-havet.

Som tittelen indikerer er Darren Rademaker og hans medhjelperar frå Los Angeles nå klar med si andre plate. Darren er ein mann med fartstid tilbake til 80-talet frå diverse obskure og halvobskure Los Angeles band. Han har med andre ord kjørt sitt musikalske løp litt på sida av den kommersielle motorvegen. Om The Tyde er eit forsøk på å styre seg inn på eit tettare trafikkert spor veit eg ingenting om. Men mykje av det denne plata har å tilby skulle slett ikkje være så vanskelig å like. Sjølv om Darren er ein artist som gjentatte ganger viser at han gjer sine ting meir på trass av enn på grunn av, for som han syng i A Loner:

So you keep me running to the sounds of yesterday,
Fence me in, cut me down, run me out of town,
I’ll find another place to play, I’m a loner anyway

Saman med broren Brent Rademaker var Darren på slutten av 90-talet drivkrafta i bandet Further. Då dette tiltaket stranda, blei dei to med å grunnlegge kvar sine bandprosjekt. Brent inntok rolla som bassist i Beachwood Sparks, medan Darren altså danna The Tyde. Nå var ikkje avstanden større mellom banda enn at tre av medlemmene i Beachwood Sparks også deltok aktivt saman med The Tyde.

Blant Darrens uttalte inspirasjonskjelder figurerer det engelske 80-tals bandet Felt høgt oppe på lista, eit gitarbasert poprock-orkester som igjen henta mykje av sin inspirasjon frå amerikanske band som Television. På debuten som kom i 2001, og hadde tittelen Once (sjølvsagt), kunne ein like fullt også finne tydelige spor tilbake til Los Angeles band som Love, The Byrds og Rain Parade. Ytterligare nokre engelskmenn, Lloyd Cole og Nick Lowe, har nok også sett sine avtrykk i Darren sitt musikalske univers.

Sjølv om mykje av besetningen er bytta ut sidan debuten (det er berre broder Brent Rademaker som er med frå Beachwood Sparks denne gongen) så følgjer dei stort sett det samme sporet som vart staka ut i startfasen. Slett ikkje noko dumt spor å følgje, for her passerer den eine klangfulle og delikate låta etter den andre forbi. Dermed demonstrerar Darren Rademaker nok ein gong at han er ein låtskrivar som i sine lysaste øyeblikk er i nærkontakt med skikkelig gullkanta tonar.

Plata tek av i himmelen med praktfulle Byrds-inspirerte tonar i den før nevnte A Loner, og held fram i endå meir oppglødd stil når Henry VIII entrar scenen. Feiande friske Crystal Canyons får meg av ein eller annan grunn til å tenkje på salige Steve Harley, mens Memorable Moments er pop-psykedelia slik Andy Partridge (XTC) dreiv med på 80-talet. Blood Brothers overtar, og fører oss over i eit meir gyngande rockedriv, med Dylanske fraseringar. Det nærmaste ein kjem country på plata er i den utsøkte balladen Breaking Up the Band. Når så The Tyde avsluttar med fem minutter fyndig og ruvande poprock i New D, er det eit kvalifisert punktum.

6/10

Først publisert på Groove.no (i 2003)

Tumbleweed – Once More, With Feeling

Standard

Trivelig, liketil og litt vindskeiv countryrock frå Stavanger.

  Musikken som fyller dette albumet er på ingen måte spekka med nye og originale idear. Stavanger-bandet Tumbleweed lenar seg istaden mot ein mangeårig countryrock-tradisjon, uten å gjere dei minste forsøk på å flytte grensene, og det høyrest til og med ut som dei trivst med det. Ja, faktisk er det ikkje fritt for at eg som lyttar kan trivast med det også.

Dei tre første spora på Once More, With Feeling… kan kanskje få sleppe unna merkelappen countryrock. For her oppheld bandet seg meir i det vi kan kalle eit vindskeivt poprock landskap. Ingen av låtane er blant albumets beste spor, men alle har ein liten dose sjarm og hygge i seg. På dei tre neste blir det meir country-følelse over Tumbleweed. Med god hjelp av ei livlig fele står dei fram som ei slags lettvekterutgave av Uncle Tupelo. Det tilfører catchy og popinfiserte refrenger der det nok er ei og anna tjuvlånt melodilinje, men aukar så definitivt sjarmfaktoren endå eit lite hakk.

Likevel, det er når vi kjem til If I Could Give You My Love vi begynner å nærme oss albumets kjerne. Her viser dei seg frå ei meir fortetta side, med ein melodi som flyt langsomt avgårde. Men kanskje aller viktigast er Ingfrid Straumstøyl sitt inntog på harmonivokal. Ei rolle som ho i endå større grad blir gitt mulighet til å utfolde seg i på neste låt, Mamas Song Revisited. Der ho og vokalist Rolf Gjesdal fordeler dei to høyttalarane seg imellom («Flying Burrito-style»), og syng albumets mest utprega country-tilfelle i fanden så uimotståelege vendingar; «a bleeding heart and open-tuned guitar», fele, steel gitar og vemodig hygge. Neste sak inn på teppet fullfører eit aldri så lite hat-trick; Wasted Time er Tumbleweed i eit litt skarpare hjørne, med brass-seksjon i tilnærma Asbury Jukes stil.

Nå klarar ikkje bandet å halde temperaturen heilt ved like albumet igjennom. Produksjonsmessig blir det kanskje litt tandert og kantete til sine tider. Utan at det forpurrar heilhetsinntrykket på plagsomt vis. Eg foreslår heller at ein lar Tumbleweed sin upretensiøse sjarm og velvillige apetitt på lure melodilinjer få pirre sansane litt, sånn i all enkelhet.

5/10

Først publisert på Groove.no (i 2003)

Transmissionary Six – Spooked

Standard

Seks lydtransporterande misjonærar slentrar sakte rundt blant spøkelser, mordarar og konspirasjonsforetak.

cover  Odd Børretzen har ein liten historie om det å ligge i senga og innbille seg at ein høyrer og ser gufne ting. Høgdepunktet i historien kjem når han «høyrer» ein einbeint mann på loftet, og så lurer på om han skal gå opp å sjekke. Noko han ikkje gjer. Fordi hvis han går opp og undersøker, og oppdager ingen mann, for så å komme ned i senga og fortsatt høyre lyden, då veit han jo at det er ein usynleg einbeint mann på loftet, «og er det noe bedre?».

Det er nett ein slik framtoning Transmissionary Six har fanga lyden av, og tilført litt ekstra frykt og beven, i det innleiande og ambiente instrumental-sporet Wrong. Gniss gniss og dunkande uhygge. Dermed er stemningen satt for ein heller dyster tur i skumring og natt, blant karaoke-stjerner frå outer space, treet som elskar øksa og mordet på ein klovn. Seks sjeler i kvar sin tilårskomne og knirkande gyngestol på ein veranda. Kringsatt av mørkret, spøkelser, og golde landskap, lar dei melankolien få komme til uttrykk i ei særdeles dvelande form.

Transmissionary Six er bandet der strengetraktøren Paul Austin frå Willard Grant Conspiracy og Terri Moeller som ellers sit bak trommene hos Walkabouts, har funne saman og trer fram som skaparar av ord og tonar. Terri har fått plass framfor mikrofonen og viser at ho har ei stemme i eit leie ikkje så langt unna kollega Carla Torgerson. Paul ber største tyngden av den instrumentelle børa, men får hjelp av Walkabouts sin produsent Kevin Suggs til litt av gitarlyden (spesielt pedal steel). Dei tre siste i gjengen er multikunstnar Ben Thompson på diverse slagverk-ting (han har og designa omslaget), Anne Marie Ruljancich (Walkabouts, Jesse Sykes and the Sweet Hereafter) på fiolin, samt Jon Hyde (Mount Analog) på ein Wurlitzer.

Ilag gyngar dei seks oss inn i sin vakre og saktegåande toneverden. Der dei framstår som skaparar av ein slags slow-americana bore fram av ulike gitarklangar, stundom tilført vemodige fiolintonar, og krydrar nennsomt med loops og diverse mystiske lydar. Det går absolutt an å finne slektskap til moder-banda, likevel står dei kanskje nærare meir sakrale og varsomt drone-kledde band som Low, Mazzy Star og Slowdive. Spesielt gjeld dette låtar som den gnagande og intense Big Game Hunter, dunkle og monotone Clown Homicide, den pedal steel-draperte Karaoke Star Suffocate og sangen til dykkarkongen og eventyraren Jacques Cousteau. Den bluesy Almost Every Dog, og den meir countryfolk-aktige Sermon On the Hatchback er låtar i eit landskap canadiske Cowboy Junkies har bevega seg rundt i mang ein gong. Ein personleg favoritt er den lett uvørne og kaktusrytme-fôra folkrap-affæren Gawker’s Backup. Og når Terri i denne snakkar om at «the deep november sleep is here» er ho nok og inne på grunn-elementene i albumet, for dette er avgjort musikk som høyrer heime i den mørkaste delen av året. Heilt tilslutt forlet dei oss så med ei lita vise kalt Dream a Little, som hadde det ikkje vore for tekstlinjer som «throw up your coffee on the neighbours walk» og «death is a holiday», kunne fått stempelet idyllisk og barnevennlig.

Eg trur eg hentar albumet fram igjen sånn cirka rundt førstkommande november-fullmåne. Så kryp eg inni sofakroken, let att augo og blir litt Spooked sånn rett før sengetid.

6/10

Først publisert på Groove.no (i 2004)

The Thorns – The Thorns

Standard

Ein dreven trio dyrkar sangharmoni og velklang.

cover  Ein av dei beste platene frå det tidlege 90-talet er Matthew Sweet sin Girlfriend (1991). Det var ein strålande oppvisning i låtskrivarkunst og gitardreven power-pop. Sjølv om Sweet aldri har klart å matche denne utgjevinga, har han heile tida sidan vore ein trufast leverandør av solid musikk henta frå den same gata (rett nok også ispedd idear gravt fram frå andre musikalske krokar).

Nå har Matthew Sweet slått seg saman med to andre utøvarar som også gjorde sine viktigaste bidrag på pop/rock fronten i 90-åra. Shawn Mullins vil vel hugsast best for hiten Lullaby, medan Pete Droge opererte i smalare kretsar med sin variasjon av pop og rock musikk, utan at nokon av dei gjorde det store inntrykket på underteikna. Diverse tilfeldighetar og kryssande vegar førte til at desse tre begynte å snuse på eit lite samarbeidsprosjekt. Resultatet ligg no føre i form av denne absolutt ikkje uefne plata. Matthew Sweet har nok levert sterkare saker ved tidlegare anledningar, men dette kan godt være det beste Shawn Mullins og Pete Droge har vore med og frambrakt av musikk.

The Thorns, som dei har valgt å kalle seg, dyrkar sangharmoniar og velklang på dei 13 låtane vi blir skjenka her. Dei vev stemmene sine saman på eit vis som på sitt beste blir eit sprudlande felttog i den organiske poplåten sin tjeneste. Slikt blant andre Simon & Garfunkel og Crosby, Stills & Nash var talsmenn for, for over 30 år sidan. Nå er ikkje alle komposisjonane her av det sylskarpe slaget, og heile seansen kan kanskje virke i drøyaste laget velsmurt. Det hadde slett ikkje vore så dumt med litt meir skjødeslaushet for spre ein smule forvirring. Men for all del, det er musikk her som kan behage ein doven kropp og salve ein solbrent rygg. Først og fremst i briljante pop-injeksjonar som I Can’t Remember, I Told You og Among the Living, alle med det til felles at det lyder umiskjennelig Matthew Sweet. Medan det på nydelige låtar som Long Sweet Summer Night og den Tom Petty influerte Runaway Feeling virkar som dei to andre sine idear har fått meir spelerom. Ikkje for det, harmonisangen her er så sammenvevd, og bandet så opptatt av å være ei eining, at det kan være eg blir lurt, og at mine påstandar er av det risikable slaget. Uansett blir det feil å trekke fram nokon som viktigare enn andre, for det er tre sangarar som bidrar til å gjere dette til ein lett fordøyeleg porsjon sommarleg lykke.

5/10

Først publisert på Groove.no (i 2003)