Det er ikkje langt frå Coles Corner til Lady’s Bridge. Men all glød vart ikkje med.
5
Det aller meste er ved det same når Richard Hawley for fjerde gong gjer ut ei plate. Han finn eit landemerke i sin kjære heimby Sheffield og gjer det til tittel på plata. Ei plate han så fyller med songar om lengsel, sakn og ulike grader av smerte. Tonane er av det slaget ein ofte kunne høyre den gongen bilda kom i svart/kvitt og værskifte hadde sine naturlege årsaker. I Hawley sin famn er dei trygge. Han sender dei aldri ut på farefulle vegar. Han lar dei aldri bli tilsmussa av eksperimentell iver. Han gjer det kort sagt ikkje vanskelig, verken for seg sjølv eller songane sine.
Ved førre møte, nede på Coles Corner, fungerte denne tilnærmingsmåten perfekt. Fleirtalet av songane var uimotståelige. Både i kraft av sitt melodiske vesen, og i kraft av ei stille nerve som varleg men like fullt ubønnhørlig låg der og dirra. To element som eg nok synst har fått litt trongare kår når Hawley no, to år seinare, har bevega seg ut på Lady’s Bridge.
Songane er for så vidt heilt greie dei. I alle fall dei fleste. «I don’t need no valentine» syng han innleiingsvis, «don’t need no roses», og smektande strykarar set to strekar under svaret, «Cos they just take me back in time, to when you loved me only». Men han kan også la strykarar vere strykarar og gjere det meir sakralt. Som når han syng om å legge Lady Solitude bak seg. Eller når han i country-twang former lar ein hutrande gatevandrar få komme til orde i Dark Road.
Her er eit par songar om elva. Tittelkuttet sjølvsagt. Luftig og medhårsstrykande. Og Roll River Roll, der hovudpersonen helst ynskjer å kaste seg i flaumen som har dratt av garde med hans kjæraste. Det stummande mørkret får også litt merksemd. Sjølvsagt gjer det det. Our Darkness syng han rett så vemodsfullt og vakkert om like før slutt; «so heartless, this darkness», og lar bakgrunnen bli krydra av sordinerte blåsarar. Medan han til tonar, og i eit arrangement som kunne vore henta frå eit utkast til ein Tindersticks-låt tar for seg ein av dei gongene då The Sun Refused to Shine. Denne har litt meir underliggande dramatikk i seg enn resten av feltet. Og så syng fagre Sally Doherty saman med han på. Det er avgjort ikkje øydeleggande.
To gonger dukkar det opp låtar som køyrer i eit meir oppjaga tempo. Eit slags rockabilly tempo. Dei er av typen identitetslause, og allereie gløymt (Serious og I’m Looking For Someone to Find Me trur eg det var dei heitte). Men akkurat dét gjeld berre dei to, eg vil ikkje nytte ord som identitetslaust om resten av Lady’s Bridge. Absolutt ikkje. Det er likevel eit eller anna som ikkje er heilt som eg kunne ønska meg det. Eg får liksom ikkje plata skikkelig innunder huda.
Det er hyggelig melankoli som kan fylle bakgrunnen medan vi sit der, to stykk, og nippar til eit glas med noko raudt i, og lar praten gå om heilt andre ting. Lady’s Bridge vil aldri finne på å forstyrre. Men kanskje er det nett det den burde gjort av og til. Forstyrra litt.
Først publisert på Groove.no (i 2007)