Category Archives: 2005

David Mead – Wherever You Are

Standard

Endå ein fyr med habile låtskrivarevner og varleg toneframferd.

cover  Her kjem enda ein fyr med habile låtskrivarevner og varleg toneframferd for å søkje om asyl i dei skandinaviske hjerter. Denne våren har han spelt fleire konsertar i Noreg, og seksspors EPen Wherever You Are vert sleppt i Skandinavia to månader før hans landsmenn i USA får sjansen til å gjere seg kjent med den. Sidan han har denne mjuke musikalske væremåten, ikkje så fjern frå folk som Damien Rice og David Gray, kan det jo hende at han berre ein fem eller seksprikka Dagbladet-terning unna ein liten dose norsk suksess.

Nå er ikkje Wherever You Are første gongen David Mead prøver å få litt merksemd med innspelt materiale. Han har allereie tre full-lengdarar bak seg (den første kom i 1999). Utan at nokon av albuma har brakt han den heilt store kommersielle suksessen.

Wherever You Are består ikkje av heilt nytt materiale. Dei seks låtane er henta frå innspelingar Mead gjorde hausten 2002. Med Stephen Hague (New Order, Pet Shop Boys) på produsentkrakken og Tchad Blake ved miksebordet vart det skapt nok stoff til noko som etter planen skulle bli Mead sitt tredje album. Ein komplisert plateselskap-fusjon førte imidlertid til at albumet vart liggande på vent. Når stoffet så var klart for å bli gitt ut innsåg Mead at ein del spor kanskje ikkje heldt heilt mål. Derfor EP-varianten. Sannsynlegvis eit fornuftig val. For er dei utelatne spora svakare enn den meloditomme og noko strevsame Make It Right og den heller anonyme visa Astronaut kan dei nok like godt få bli upublisert.

Ei heilt anna side viser Mead fram i det veldreidde tittelkuttet. Det er mjukt og svalande og med popkvalitetar til ein sommar eller fem. Fleire fengande og melodisk treffande poptonar kjem ein for øyrene i den litt Neil Finnske Only a Dream. Medan varlege How Much definitivt er fin nok i forma til å skape ein tiltalande utgang på plata.

Vi noterer oss denne mannen frå Nashville, men nyttar samstundes høve til å oppfordre folk på søk etter mjuke tonar av det vanedannande slaget å leite fram albumet Nashville av Josh Rouse (årets soleklare einar på softrock-fronten).

5/10

Først publisert på Groove.no (i 2005)

Syd matters – Someday We Will Foresee Obstacles

Standard

Habile saker frå ung franskmann med ei sterk musikalsk draging mot ein del skarpskodde engelskmenn.

cover  Han er fransk, og heiter eigentlig Jonathan Morali. Skal vi leggje til grunn lynnet i tonane han serverer kunne han like så godt vore engelsk, og heitt Syd matters. Noko han slett ikkje prøver å legge skjul på heller, for som han erklærer i låta English Way; «if it’s to hard to say, then sing it in an English way».

Nå skriv han bevisst etternamnet i pseudonymet sitt med liten forbokstav, slik at det nærast står fram som ein påstand. Fornamnet kunne sikkert også ha vore både Nick (Drake), Robert (Wyatt) eller Thom (Yorke), men Syd er absolutt heilt greitt det, for den ustabile grunnleggaren av Pink Floyd har heilt sikkert betydd mykje for den unge franskmannen.

Someday We Will Foresee Obstacles er den andre plata frå Syd matters si hand. Her som på debuten byr han på songar i eit vise-landskap, der stemma hans som oftast ligg langt framme i lydbiletet. Det instrumentale fylgjet er alltid ein akustisk gitar, og då helst i fingerplukkande skikkelse. I tillegg supplerer han med elektroniske ingrediensar, og har no og da med seg folk på strykarar, el-gitar, rytmikk og på atmosfæreskapande lydkjelder.

Han nærmar seg ikkje dette folk-rock landskapet på noko som helst nyskapande vis. Det er tonar nær slekta med tidlegare arriverte tonar, og det er støypt i ei form mange andre har prøvd ut før. Dermed ikkje sagt at den timen det tek å spele igjennom Someday We Will Foresee Obstacles ikkje har noko å by på. For det har den.

Det er først og fremst ein jamn time. Noko som sikkert kan kasserast inn som både positivt og negativt. Låtane flyt mot ein i eit sindig tempo, og tonane dei er bygd av spenner ikkje over eit så altfor vidt register. Innleiande City Talks fastset mønsteret direkte der den mildt og velklingande strengetrillar seg fram blant svært så plausible tonar, medan Syd fortel ei fragmentarisk historie om ein sliten og paranoid gatevandrar. I den atmosfæriske balladen Obstacles vitjar han terreng som kan minne ein del om REM anno Up. Euros Childs frå det Walisiske bandet Gorky’s Zygotic Mincy syng dugande harmoniar med Syd i fine I Care. Fyldigast instrumentert er den pop-psykedeliske Someday Sometimes, og den pianodraperte og vekselsvis gnikkande og flytande English Way. Sistnemnte har også visse Beck-trekk (Mutations og Sea Change era). Noko den deler med min personlige favoritt på plata, Lost Bird. Ein sørgmodig, blå og ikkje heilt symmetrisk song om å føle seg framandgjort. Fordelaktige ordelag fortener vel også det pågåande mantraet Passe Muraille å bli omtalt i.

Den elektroniske leiken til Syd matters er vel ikkje av det mest vitale eg har opplevd. Dette saman med det einstonige og ikkje akkurat feberheite totalbiletet, er nok med på å setje ein aldri så liten dempar på opplevinga.

5/10

Først publisert på Groove.no (i 2005)

Madrugada – The Deep End

Standard

Ein velregissert time før daggry. Eller: Var nå den Drakoulias-ideen så god? Vel, balladane er i alle fall flotte.

cover  Alvorleg tala folkens, lat oss vere litt edruelege. The Deep End er ikkje Madrugada si beste plate.

Den heiter framleis Industrial Silence. Det var der bandet frå Vesterålen fanga blåfargen, og planta den i mangt eit rock’n’roll-bankande hjarta her til lands. Underteikna sitt inkludert (sterkt inkludert). Eit album som stadig står fram som ein av dei aller sterkaste debutane i rockeriket Norge. Fokusert dynamikk, levande melankoli, dvel og tempo, lys og skygge, kraft og varleik. Electric, Salt, Shine, Sirens, Higher, Strange Colour Blue og sju til.

The Deep End er heller ikkje Madrugada si nest beste plate.

Den heiter Grit og er eit skamlaust stykke uvaska rock’n’roll. I front for seansen ein suggerande groovy Bloodshot Adult Commitment, og litt over halvvegs kjem den nødvendige kvilestunda, majestetiske vakre Majesty. Innimellom finst mykje blod, tvil, gørr og prøvelsar. Ein stiletthæl i skrittet. Aushjsmmmgrliiii.

The Deep End er muligens Madrugada sitt tredje beste album.

Men i tilfelle kun marginalt betre enn The Nightly Disease. Bandet si andre plate, som er ei ujamn affære. Jodå, den har høgdepunkter. Den har Hands Up – I Love You, og det blir beordra Step Inside This Room and Dance With Me til innbydande tonar. Men den har også ei handfull anonyme tilfeller.

The Deep End er ikkje ei dårleg plate. Det er berre det at den sjeldan dreg meg mot ukjente avgrunnar, eller gjer meg spenning i mageregionen. Den er ein time med musikk som til tider byr på veldreid melodikk, og som til andre tider byr på anonyme ritt.

Dei har vaska seg grundig sidan Berlin-dagane då Grit såg dagens mørke. Dei har teke turen over til Amerika. Dei har kampert med velrennomerte lydtriksarar. George Drakoulias har produsert plater før. Mange. I kategorien «steike gode» finn vi Hollywood Town Hall med Jayhawks og Dust med Screaming Trees. Han har ikkje hatt ei like heldig hand i sitt arbeid med Madrugada. Han har tappa dei for glød. Lyden på The Deep End blir til tider rett og slett for velregissert. Litt sånn U2, REM og Iggy Pop etter at stormen har lagt seg, og orden har blitt ein livsstil.

Identitetslaust? Mangel på skarpsindig særpreg? Tja. Like fullt, slett ikkje heilt utan interesse. Ikkje heilt utan glød heller. Heldigvis.

The Deep End kan for eksempel by på tre balladar av solid karakter. På Hold On to You deltar Angelo Badalamenti. Han som komponerte Twin Peaks-tonane, ja (og mykje anna filmmusikk for David Lynch). Lynch sin Wild At Heart var i si tid med å puffa Chris Isaaks Wicked Game opp på hitlistene. Vel, det eg vil fram til er vel berre det at Hold On to You har ein del sånne Isaakske stemningar i seg.

I hjarta av albumet skin The Lost Gospel, ei bøn, ei vart countrytona og melodisk vakker stadfesting av kor skjørt hjarta er; «one should never fall in love with things that last, last only for a day, and they’ll stay with you for another day».
Sail Away rundar av seansen, nennsomt, elegant og blått. Tre spor eg kjem til å oppsøkje i framtida. Det kan eg ikkje seie om så veldig mange av dei resterande affærene. I tilfelle må det vere Slow Builder, som er akkurat det, ein gradvis kraftigare og fartsaukande sak som endar i Nick Cave-fikserte gospeltonar. Elektro Vakuum har og noko tiltalande med seg, skånsomt psykedeliserte 60-tals tonar gjort på Madrugada-vis. Også singelen då, The Kids Are On High Street, eit røsleg lån frå REM si toneverd, og eit noko meir nøysomt eit frå Echo & The Bunnymen si. Men det er to lån som gjer avkastning i form av ei låt det er vanskeleg å mislike.

Resten her har eg litt problem med. Dei festar seg ikkje. Dei søker ikkje inn i den blå mystikken, mot dei brennande tonane og dei kvilelause driftene. Dei korkje blør eller klør. Dei ravar blodfattig rundt i noko som mest virkar å vere ein plastikk rockande misforståing. Det er anonymisering, eller kanskje det er marknadstilpasning. I alle fall, eg likar det ikkje, og eg trur ikkje det er smart heller.

Det verste er at eg har ei kjensle av at hadde nokon andre skrudd på knottane, nokon med skit på fingrane og blå dynamikk i tankane så kunne alle desse låtane vore redda. Eller kanskje ikkje det er det verste, kanskje det viser at Madrugada stadig kan. Dei fekk det berre ikkje heilt til saman med George Drakoulias og David Bianco. Ikkje slik eg hadde håpa i alle fall.

5/10

Først publisert på Groove.no (i 2005)

 

Madrugada – Live At Tralfamadore

Standard

Eit livealbum med liv og meining langt utover julesalet 2005. Frå ein sjeldsynt scene serverer bandet låtar i oppgraderte eller klart forbetra former.

7

cover

Eit så godt som samla norsk musikkmeldar-korps, samt sånn ca 100 000 nordmenn, var i 2005 einige om at The Deep End var ei særdeles skarpskodd og gjevande rockeplate. I fellesskap bar dei albumet fram til å bli ein suksess av rang i norsk rockemålestokk. Underteikna gratulerer, for sjølv om eg framleis står inne for min noko meir reserverte haldning til kva albumet faktisk hadde å by på, synes eg suksessen er velfortent. Madrugada er trass alt eit band som på sitt beste stadig leverer lyden av stor rockemusikk. På debuten i rikt omfang, på dei tre neste albuma i litt meir variert grad.

I konsertsamanheng har dei heilt sidan eg første gong opplevde dei (kort tid etter at Industrial Silence hadde grepe tak i meg) vore skaparar av eit suggestivt, dynamisk verknadsfullt og ryggradpirrande lydbilete. Dei har vorte skulda for ei litt vel introvert innstilling, men alle treng vel for guds skyld ikkje framstå som ein Mick Jagger, Bruce Springsteen eller Robbie Williams heller. Med utgangspunkt i sin blå og mørke tone har dei levert låtane sine i eit vidtfamnande spenn mellom det dempa og det frenetiske, og med ein aukande grad av nyansar etterkvart som dei har spelt på seg meir sjølvtillit. Prating utover korte meldingar, klovnefakter, og hyperaktive og breibeina rock’n’roll-opptrinn, har vore erstatta av ein avmålt, men fokusert og distinkt sceneopptreden der musikkformidlinga har vore det sentrale.

Det kan sjølvsagt seiast mykje om alt som går tapt frå den audiovisuelle og sanserike opplevinga ein konsert kan vere, og fram til det meir sanseribba og auditive dokumentet eit livealbum er. Det skal eg ikkje gjere her. Berre konstatere at musikkverda er full av unødvendige og trøyttande livealbum. Live At Tralfamadore høyrer ikkje med blant desse. Snarare har Madrugada nytta høvet til å komme opp med låtar som enten står fram i oppgradert, omforma eller klart forbetra form.

Albumet dukkar opp berre tolv dagar etter sjølve konserten (ikkje alle spora, men halvparten er nemlig henta frå Spektrum-konserten den 2. desember). Bak dette sveitte hastverket kan ein nok ane ei skjeling mot potensialet i julesalet. Det gjeld jo å smi medan jernet er varmt og lommeboka er vidopen. Kanskje derfor ekstra beundringsverdig at resultatet er blitt så solid. For her verkar det som om gjengen verkelig har lagt seg i selen for å finne fram til stoff det er meiningsfullt å presentere.

Seansen (som eigentlig er henta frå fire ulike seansar) kan nok ikkje vise til den same dirrande nerven og ekstravagante kommunikasjonsgløden mellom scene og sal slik legendariske opptak av typen Johnny Cash At San Quentin, James Brown Live At The Apollo eller The Who Live At Leeds kan gjere. Men den viser eit band i livaktig omgang med vellaga tonar. Det er slett ikkje verst det heller.

Det er herlig å høyre at når låtar som Hard To Come Back og On Your Side får kvitta seg med den litt glasserte lyden frå The Deep End, ja då står dei fram som dei skarpskodde og røskande rockarane eg har mistenkt dei for å vere. For ikkje å snakke om Running Out Of Time då. På The Deep End var det noko forsert og lunkent over den, medan her får den si store forløysing, og grev og sparkar seg fram som ein funky og hastande bluesfaen full av frenetiske gitarfakter, rungande koring og inntrengande melodiske krefter.

Madrugada har alltid henta mykje frå bluesen. Ein av deira olmaste og mest svartmuskete i så måte er Black Mambo frå andreplata Nightly Disease. Med giftige gitartonar, nokre velplasserte dråpar Doors-preg, stikkande strykarinnslag av Bodø Sinfonietta, og Sivert i intens vokalkamp, voggar den seg fram på ufint og endå betre vis enn i studioforma (både som spor ti i hovudseansen, og som terror-mixa ekstranummer på bonus discen). Blues er også ramma rundt den tidlegare uinnspelte You Better Leave, blues i Nick Caveske strøk og med skarpt ringande gitartonar frå Burås. Medan Seven Seconds kjem i sitt velkjente Dylanske bluesbilete, men med eit meir øredøyvande instrumentelt fylgje enn på originalinnspelinga. Noko som faktisk fører til at den tappast for litt energi. Saman med Blood Shot Adult Commitment er denne den einaste av låtane her som taper seg litegrann i forhold til studioversjonen. BSAC er rett nok ikkje med i første tolvaren, den innleiar derimot ekstranummer-avdelinga. I utgangspunktet ei prioritering eg stussa litt over. BSAC er trass alt Madrugada sitt mest groovy og suggerande spor (og eit definitivt høgdepunkt når eg har sett dei live). Når eg no har høyrt den ein del gonger i Tralfamadore-tapping, kan eg kanskje likevel akseptere at den må nøye seg med plassen på reservebenken. På gitarfronten får Burås stormfull hjelp av Kid Congo Powers, så det skortar for så vidt ikkje på barsk nok lyd. Likevel manglar det litt før låta kjem opp på det same desperate og skarpe groove-planet den hadde på Grit, utan at eg heilt klarer å finne ut kor det er temperaturen sviktar.

Kid Congo ja, med ei fortid som gitarist i The Cramps, som ein av Nick Cave sine Bad Seeds, og ikkje minst som ein glødande faktor i Gun Club. Så når Madrugada gjer Jeffrey Lee Pierce klassikaren Mother Of Earth ei blåstemt handsaming er Kid og hans slide-gitar veldig til stades, og medverkar til at det lengtande ørkensuset får ein særs autentisk tone. Minst like superb er dei sju minuttane bandet har sett av til juvelen Strange Colour Blue. Ja det er magi i lufta når bandet som ein langsamt brennande flamme sitrar seg oppover mot eit klimaks dirrande av undertrykt desperasjon. Der Sivert si essensielle erklæring «this is how we do it, we are nearly there» vert overhøyrt, og låta fell tilbake i det varlege moduset den starta opp i. Vi kjenner den igjen, samstundes som blåtonen er mørkare, meir mystisk og sterkare enn nokon gong. Opptaket er henta frå ein Brussel-konsert i 2003.

Frå Øyafestivalen i sommar har dei henta fram eit varmblodig opptak av Sail Away. Den blir strekt utover 10 levande minuttar og skiftar ham fleire gonger. Frå melodiske balladeparti til hektisk gitarelektrisitet. Låta som har blitt deira mest kjente, og høgast elska i det breie lag av folket, er utan tvil den mektige balladen Majesty. Her er den å høyre i noko eg vil karakterisere som ei meir smygande og utfoldande form, der eit avsluttande rastlaust rytmeparti og vakker fiolindrapering frå Lise Sørensen berre er to av momenta som gjer den til ein enda meir medrivande versjon enn originalinnspelinga. Hit-låta frå The Deep End, The Kids Are On High Street, verkar på si side eit hakk meir vemodsfull, samstundes som den brenn atskilleg kraftigare enn studioutgåva. Bodø Sinfonietta er sentrale i den korte og gnagande versjonen av velkjente Sometimes I Feel Like A Motherless Child. Dei er også nennsamt men sterkt til stades i ein bevrande og næringsrik versjon av den dramatiske balladen Only When You’re Gone (på bonus discen). Heilt sist på bonus-CD’en kan ein så nok ein gong få høyre den etterkvart svært så velkjente Ane Brun duetten Lift Me. I same versjon som på Ane Brun plata. Det kunne kanskje ha vore endå kjekkare å heller fått ein konsertversjon. Om ein slik er å oppdrive då?

Forresten eit særdeles artig påfunn å titulere albumet etter den fiktive planeten som Kurt Vonnegut har skapt, og mellom anna nytta i sin fabelaktige roman Slakterhus 5. Det manglar vel berre at dei har med ein gnistrande versjon av Come Back Billy Pilgrim for å gjere ideen heilt komplett. Uansett, her har Madrugada sannsynlegvis komme opp med den beste norske live-plata underteikna har høyrt sidan deLillos sin Mere.

«Poo-tee-weet?»

Først publisert på Grooove.no (i 2006)

 

The Low Frequency In Stereo – Astro Kopp

Standard

Fem låtar medan vi ventar på tredjeplata. Litt nytt og litt gamalt.

cover  Under årets South by South West festival i Austin fekk Haugesund/København-kvartetten The Low Frequency In Stereo kjærkommen åtgaum frå den profilerte Rolling Stone-skribenten David Fricke. I ein artikkel i nemnte magasin trakk han fram bandet som «the cool rulers». Og ja, deira smidige og suggerande rytmeåtferd, og fabulerande og energiske gitar- og tangentytringar, slik det kjem til uttrykk i mykje av stoffet på det sjølvtitulerte debutalbumet (2002) og oppfølgjaren Travelling Ants Who Got Beaten By Moskus (2004), kan så avgjort fortene slike karakteristikkar.

The Low Frequency In Stereo syslar innafor musikalske områder som har fått merkelappar som spacerock, postrock og eksperimentell åtferd. Dei har med rimelig gode grunnar blitt samanlikna med band som Mogwai og Godspeed You Black Emperor!. Samstundes kan ein like gjerne også trekke fram folk som drog på instrumentale utfluktar for 30-40 år sidan.

Dei driv no med å spele inn sitt tredje album, men finn det likevel plausibelt å skjenke oss ein fem-spors EP med litt gammalt og litt nytt stoff. Astro Kopp er tittelen. Ei låt som opphavleg var å finne på deira andre album, men som gjennom å figurere på soundtracket til den populære danske filmen Nordkraft no har fått eit breiare nedslagsfelt. Så ein skal vel ikkje sjå heilt bort frå at denne utgjevinga er eit lite forsøk på å smi medan jernet er varmt. Og det er jo lov. Særlig sidan Astro Kopp er ei låt dei fleste bør finne hugnad i å groove både høgt og lavt til. Den er instrumental, som det meste av stoffet til The Low Frequency In Stereo (og alt på denne EPen). Den er eit gitar- og orgelvekslande ritt i eit funky rytmelandskap. Den er ein av bandet sine aller sterkaste låtar.

Ingen av dei tre nye låtane som har fått plass på EPen når vel heilt opp mot tittellåta, verken i melodisk vitalitet eller suggerande kraft, men er så avgjort dugande saker likevel (i alle fall to av dei). Hilversum er ei regnverslåt i to gjentakande akter. Den tilbakelente duskregn-akta og den meir pågåande og larmande styrtregn-akta. Strobecontroller er eit litt meir massivt tilfelle. Der den til skimrande tonar kjem svevande gjennom tåkelaget, gjer tenesta si og forsvinn ut i det opne rom ridande på ei einstonig støybølgje. Medan Space Echo 2 er ein 34 sekundar kort pling-plong parantes.

Frå debut EPen Moonlanding EP har dei henta fram igjen den 11 minuttar lange Desert. Eit nummer som lever i eit avmålt men stimulerande Can landskap. Rytmisk luftig og eggande, og med gitartonar som vekslar mellom varlege framlegg og meir høgaktive, skurrande og ulande åtak.

Til saman 26 minuttar som kanskje kan bringe The Low Frequency In Stereo ut til litt fleire, og som i alle fall stadfestar kva for eit sonisk raffinert og rytmisk velartikulert band dei er.

6/10

Først publisert på Groove.no (i 2005)

Low – The Great Destroyer

Standard

Slowcore veteranar gjer eit vitalt forsøk på å øydelegge sitt gode namn og rykte.

cover  Bandet som var med å definere slowcore scena på 90-talet er klar med sitt ellevte album. Sidan debuten i 1994 har Low utvikla seg sakte, frå å være eit varleg og langsomt lydande orkester til å bli eit litt meir fuzza men stadig langsomt orkester. Med The Great Destroyer gjer dei nå eit forsøk på å øydelegge dette ryktet. Ikkje like voldsomt som platetittelen skulle tilseie, men Duluth, Minnesota trioen lyde definitivt litt annleis denne gongen.

Det tok nokre år i frå debuten deires, og til underteikna fant det for gått å gjere seg kjent med bandet. Til gjengjeld hugsar eg veldig godt den kalde desemberdagen då lyden av Low sitt minialbum Christmas fylde stova mi. Varleg, sakralt og vakkert tok dei musikalsk kontroll over førjulsvekene i 1999. Etter den tid har desse åtte spora blitt fast juletradisjon. Heilt på same nivå er nok ikkje mitt forhold til dei øvrige utgjevingane deires, sjølv om albuma eg har fått med meg alle er dugande affærer. For det er jo ikkje så vanskelig å føle musikalsk velvære i selskap med låtar som Caroline, Dinosaur Act, Sunflower og La la la Song. Det er berre det at platene også er heimsøkt av meir søvndyssande stunder. Slike stunder er det særdeles få av når Low no jumpar utav slowcore skapet og blir litt viltrare.

I augene til trufaste Low og slowcore fans lyde dette sikkert nærast blasfemisk, men dei tre har faktisk vandra inn i eit endå meir tiltalande felt med The Great Destroyer. Bandet gjer kanskje avkall på litt av sitt særpreg ved å forlate det langsomme distriktet dei skapte, og som dei regjerte i. Men det dei skulle miste i originalitet tek dei tilbake ved å drive fram si jamnt over sterkaste låtrekke så langt i platekarrieren. Dessutan, dei har ikkje heilt forkasta sine opprinnelige idear, for å spele sakte gjer dei stundom denne gongen også.

Allereie etter tre-fire låtar skjønar ein at rammene er utvida. Då har dystre skurrande og seige Monkey blitt avløyst av eit varmt og solrikt California besøk i den gylden poptonen sitt namn. Dei har skramla gjennom Everybody’s Song, og med langt varlegare gitarfakter teke oss med til harmoni-himmelen i den smygande vinnaren Silver Rider.

Bandet har teke farvel med Kranky labelen, og istaden havna på legendariske Sub Pop. Nå er det slett ikkje lenger daglegdags at dei har sterke kort på hånda, desto hyggeligare når det skjer (i Europa kjem plata ut på Rough Trade). Driftige Dave Fridmann (Mercury Rev, Flaming Lips, Mogwai) er hyra inn som produsent. Utan at han har smurt signaturen sin så altfor kraftig utover verket. Moderat instrumentmengde, ingen strykarar, og bortsett frå skakt dirrande Cue the Strings smått med psykedeliske innslag også. Derimot er den elektriske gitaren til Alan Sparhawk veldig ofte med i biletet. Same Sparhawk er hovudvokalist på samtlige spor. Hans bedre halvdel Mimi Parker er kun harmonideltakar denne gongen, i tillegg til at ho slår trommer då sjølvsagt. Tredje mann er, slik det har vore sidan starten, Zak Sally (på bass). Saman er dei både bråk og varleik, melodikk og dynamikk.

Skarpskodd gitar og popharmoni i Big Star ånd vert servert i Just Stand Back. Her finn ein også den treffande tekstlinja; «it’s a hit, it’s got soul, steal the show, with your rock’n’roll». Ikkje heilt kva eg hadde forventa, men herlig upretensiøst. Vidare serverer dei ein fuzzkledd popdrops kalt Broadway (So Many People), og eit par sakte svellande Neil Young’ske dramaer titulert On the Edge of og Pissing. Den vesle fine visa Death of a Salesman er albumet sitt einaste heilakustiske tilfelle, medan When I Go Deaf er halvakustisk. I første halvdel ein varleg countrylåt, i andre halvdel eit berusande bulldosargitar angrep.

Jodå, det kler avgjort Low å vere litt krakilske.

7/10

Først publisert på Groove.no (i 2005)

 

The Lovethugs – Babylon Fading

Standard

Med hovudet fullt av attraktive sekstitalstonar og ein heil del virilitet i ryggrada serverer Oslobandet Lovethugs ein forfriskande dose popdrops.

cover  Coverbiletet viser fire alvorstynga unge menn samla i antikverte omgjevnader. Musikken som strøymer frå dingsen vi finn inni coveret har eit særdeles sterkt slektskap med tonar skapt for sånn cirka førti sidan. Så omgjevnadane er kanskje på sin plass. Men kvifor så alvorlege? Det er nemlig lite dystert over tonane her, snarare sprudlande vil no eg hevde.

Med hovudet fullt av attraktive sekstitalstonar og ein heil del virilitet i ryggrada serverer Oslobandet The Lovethugs ein forfriskande dose popdrops. Akkurat som Jessica Fletchers er også Lovethugs å finne på den amerikanske labelen Rainbow Quartz. Her dei jo også har selskap av andre på det same musikalske kjøret (Cotton Mather, The Singles, Gallygows). Som hos desse banda, og mange andre band med ei slik musikalsk innstilling, er det nok også The Beatles som har bete seg aller kraftigast fast i nervesystemet til denne gjengen. Plussar vi så på med litt The Kinks fakter, ein god porsjon psykedelia (Love og Jefferson Airplane) og nokre vage drag The Smiths sitt vemod byrjar vi å komme svært nær lyden dei skaper. Babylon Fading kjem to år etter debuten Playground Instructors og manifesterer det unge bandet som ein kvalifisert berar av denne gamle poparven.

Rytmeseksjonen sparkar tett og energisk, orgeltonar flyg luftig omkring, og gitaren til frontfigur Jørgen (dei fire presenterer seg berre med fornamn) høgg smarte riff og dreg på spenstige soloutflukter. Fyren har sannsynlegvis lytta mykje på Jimi Hendrix. Tekstmessig dukkar dei aldri ned i djupe problemstillingar, serverer i staden poptypiske refleksjonar kring det merkverdige kjærleikslivet. Den same Jørgen som trakterer gitaren med slik djervskap og glød er nok ikkje ein fullt så gnistrande vokalist. Han har ei litt karakterlaus røyst som til tider kan ha visse vanskar med å sette skikkelig merke etter seg, noko som også gjer sett til at variasjonen i uttrykket vert litt innskrenka. Kanskje ikkje ei heilt uvesentleg innvending, men så godt som den einaste.

Tretten låtar, der dei fleste sprett inn i hylla for smart popkonstruksjon. Close Beside Her med sin effektfulle call-response og sine sitarfriske innspel. Saturn Day med sine vene Rubber Soul møter Forever Changes tonar. Wonder med sitt inspirerte «feeling, feeling is believing» refreng. Og når vi snakkar om refreng, eit eg ikkje kjem til å få ut av hovudet før langt ut på hausten er «I’ve been up for love, love, love» frå den vitale og melodisk vinnande treminuttaren Up For Love. Dandert med luftige tangentdråpar og skarpe gitarriff er heller ikkje I’ve Heard a Rumour å forakte. Medan kvartetten er på sitt mest psykedeliserte i den elskelege og surrealistiske Night Time Séance.

6/10

Sommarmoro.

Først publisert på Groove.no (i 2005)

Mary Lorson – Realistic

Standard

Ei heller grå utgjeving, men med nokre friske frukter.

cover  På nittitalet var Mary Lorson sentral i poprock-bandet Madder Rose (vokalist og låtskrivar). Eit meir enn habilt orkester med mange fine låtar på samvitet. Debut-albumet deira, Bring It Down, er ein aldri så liten godtepose av melodisk velstand. Vel så viktig for Madder Rose sitt uttrykk som Mary Lorson, var gitarist og låtskrivar Billy Coté. Etter at bandet la inn årene, har både Lorson og Coté helde fram med musikk-karrieren på andre frontar. Men som regel dukkar dei opp på kvarandre sine prosjekt. Såleis er Coté ein viktig del av backingbandet Saint Low (gitarist og produsent) også på Mary Lorson sitt tredje album under eige namn.

Kor som er, Realistic er eit godt stykke unna Madder Rose sin vitalitet. Låtane tar sjeldan av inn i dei store toneriker. Ein blir heller sittande med inntrykket av å vere med på ei noko innhaldslaus ferd, der låtane stort sett er skodd over same lest og manglar både det essensielle stinget og den blomstrande framferda. Mønsteret tonane lever innafor har sitt opphav hos damer som Joni Mitchell og Carole King. Eit mønster som jo med åra har fått eit uttal av arvtakarar. Utan at altfor mange har klart å finne fram til krafta som er å finne på Blue og Tapestry. Slik er det nok med Mary Lorson sine piano-baserte songar også, for berre unntaksvis har dei fargar i seg til å skape friske og interessante flater og sløyfer.

No startar Realistic så absolutt i pluss-lender. Den optimistiske og yndige Wait For the Sun sprett fram på dugande tonar. I tillegg til Lorson sitt piano, blir den bore fram av orgeldun, skarpe innspel frå Coté sin gitar og friske blåsarar. Den atskilleg mørkare Spider har også ting med seg, der den flyttar seg langsamt framover akkompagnert av malande trekkspel- og svivande keyboards-tonar. Kompetent handverk går det vel også an å hevde at den varlege songen om Elliot Smith er. Lonely Boy har ho kalla den, og ei vakker melankolsk vise om einsemd, sakn og vanskelige tankar har det blitt. Nesten åtte minuttar lange Serenade lever også blant tonar det går an å finne tiltalande. Dynamisk velgjort og med fyldig koring, samt eit instrumentalparti bygd rundt eit trillande pianotema.

Resten av spora trur eg vi lar vere i fred. Dei lever blant heller anonyme og melodisk flate former, og har eigentlig lite å by på. Dermed blir Realistic eit album som nok for leve eit heller fredelig liv oppe i hylla ein stad.

4/10

Først publisert på Groove.no (i 2005)

 

The Len Price 3 – Chinese Burn

Standard

Ein engelsk trio, direkte ifrå garasjen ikledd melodismart monodrakt.

coverRetrofikserte og minst ein Heavy Atmosphere unna det siste nye på musikkfronten svir denne ferske trioen frå Medway-deltaet aust for London av femten låtar på ein halvtime. Noko dei gjer med såpass sprelsk autoritet at det er vanskeleg å ikkje la seg rive med.

Fundamentet er ein sterk pasjon for sekstitalet, og band som The Pretty Things, The Who og The Kinks, pluss eit klart blikk mot ting som hendte i 1977 (les The Clash, The Damned). Basisen består av dei elementære ting: Gitar, bass, tromme og song. Låtar bygd opp på likeframme og føremålstenlege tonar der hooks-prosenten er rett så dugande. Arrangementa er av den primitive sorten. Og det heile er festa til tape med monolyd.

Chinese Burn er deira aller første forsøk i innspelt fullformat. Sakene var i utgangspunktet berre tenkt for sal via konsertverksemd, men tilfelle ville det slik at lyden nådde den australske labelen Laughing Outlaw, som raskt meldte sin interesse for å gje materialet ut. Ein høgst oppegåande label, forresten, som har knytt til seg fleire talentfulle artistar frå både USA og England (i tillegg til Australia, sjølvsagt). Ein slik ein som stort sett kjenner igjen lyden av spenstige tonar når dei høyrer den.

Halvtimen tar av med kvass riffglød og melodisk bravur i sprekt titulerte Christian in the Desert. Der hovudpersonen seier seg villig til å gjere mange forsakingar berre det kan opne døra til hjerta hos jenta han har lagt sin elsk på. Tittellåta følgjer og seier nei til dop i vokalharmonisk punkpop-driv. I den like drivande Lai-Ha Lam er det ei ungdomsforelsking som vert skildra i sjarmerande ordelag. Medan det er tilstandar i den andre enden av livsløpet som vert tatt opp i den nesten folkrockaktige og Byrdsharmoniske The Last Hotel. Ein rapport om traurige vilkår på aldersheimen. Andre temaer er sexkjøp i Amsterdam (Amsterdam), ei skildring av barndomen sin fribrytarhelt (Shirley Crabtree) og sosiale tilhøve i nabolaget (Chatham Town Spawns Devils).

Det er med andre ord ikkje berre det sedvanlege dametrøbbelet som står på programmet hos The Len Price 3. Namnet refererer forresten ikkje til nokon av bandmedlemene, men er ein slags honnør til ein kortliva trio som Wreckless Eric hadde på midten av åttitalet, The Len Bright Combo. Her kunne vi nå plassert eit lengre avsnitt om musikken frå Medway Delta området. Skal ikkje det, fekk berre lyst å nemne at dei to andre medlemene i Comboene til Wreckless Eric hadde ei fortid i Medway-bandet The Milkshakes. Eit band som også husa ein av deltaet sine store musikalske kultfigurar, Billy Childish. Og om ikkje The Len Price 3 sitt musikalske mønster følgjer eksakt dei same linjene som desse folka, så er det noko med dei rufsete og uflidde kantane som gjer at det godt går an å innbille seg at dei har frekventert dei same pubscenene.

6/10

Først publisert på Groove.no (i 2005)

Christer Knutsen – Would You Please Welcome

Standard

Ei raspande stemme prøver å poppe seg ut av countrybåsen.

cover  Tre observasjonar før eg plasserer dingsen i stereoen: Han ser ut som han har ramla ut av Faces (eller er det Black Crowes), han blir vakta av ein sjenert engel, og på t-skjorta står det Gram Parsons and the Fallen Angels.

Nokre tankar medan eg høyrer første låt (No Love #1 & 2): Det er denne eg har høyrt før (og sett). Ei bra låt, særdeles fengande faktisk. Country og mandolinar møter pop. Lurer likevel på kvifor det er nett Tumbleweed-pianisten Christer Knutsen sitt første soloframstøt som har blitt utsatt for såpass med merksemd (intervjuer i dagspressa, hyppig radiospeling og innslag i Dagsrevyen). Landet vårt er jo i ferd med å bli ganske solid forsynt av musiserande individ med ein fot planta i ville vesten og den andre i Cavern Club, samt eit sårt hjerte. Kan det vere nokon i managementet som kjenner dei rette folka? Kan det vere den raspande røysta i distriktet mellom Rod Stewart og Steve Marriott (sjå der ja, Faces-analogien igjen)? Eller kan det vere fordi han verkeleg er steike bra? Eg får prøve å finne ut av det.

Sail/Veil heiter låt to. Nedtur. Ein sånn putt-ein-B-framfor-Ryan-Adams sak. On Her Way Back Home er ikkje stort betre. Melodisk korrekt og trøyttande. Forget This Dance er derimot ein smart ballade som børstar vekk B’en frå spor to, og nikkar i retning Kevin Welch. Den mandolindrevne Watching You Steal My Pain skapar ytterligare smertefull og vital countrystemning. Den blå visa Don’t Be Afraid er cellodrapert, meir nedpå, og smyg seg lenger inn i hjarta for kvar lytt. Say It Right Now er litt meir av ein lettvektar, men heilt grei countrypop.

Kanskje er det stemma, kanskje er det låtane, kanskje er det på grunn av ein litt mangelfull dynamikk i produksjonen, i alle fall sit eg og ynskjer meg litt større breidde i uttrykket. Slik glir You’re Wrong og She’s Expecting Rain forbi utan å sette seg fast. Så kjem Here’s The Sun, popkjekk, fengande og blåsarfrisk, og rettar eindel på inntrykket av manglande variasjon. Avslutninga No Trace of Me følgjer opp. Myndig og langsom, med meir blåsarar og tonefargar frå Belfast.

Konklusjon: ei bra plate, men Knutsen har ikkje heilt fått på plass signaturen sin ennå, og ferda går i litt for stor grad langs midten av den trygge veg. Ved neste korsveg trur eg det kunne gjort seg å ta nokre skritt nærare kanten.

5/10

Først publisert på Groove.no (i 2005)