Tag Archives: Sivert Høyem

Sivert Høyem – Exiles

Standard

Det er ei ganske så risikofri og føreseielig rute Høyem har valt å fylgje her. (Først Into the Sea og så vidare rett inn i stova til 70 000 nordmenn.)

cover

Det var ein upretensiøs, utprøvande og fleirfasettert Sivert Høyem som gav seg til kjenne på solo-debuten Ladies and Gentlemen of the Opposition. Slik er det ikkje i same grad når han no prøver seg igjen. Exiles er blitt tildelt ein langt fastare og meir eintydig sonisk struktur. Slik blir Høyem si solo-utvikling på eit vis ein ekvivalent til Madrugada si utvikling frå Grit til The Deep End. Det uklare, retningsforvirra, upålitelige og offensive blir lagt til side, og eit meir sofistikert, kontrollert og defensivt orientert uttrykk trer fram i staden.

Eller for å seie det slik, der han på sitt førre album køyrte langs ein svingete veg med slitne støytdemparar, har han denne gongen komme inn på ein breiare og rettare veg, og støytdemparane fungerar perfekt. Kanskje er eg litt rar, men når det kjem til musikk synst eg det som regel er meir spennande når omgjevnadane er litt kronglete og ikkje alt nødvendigvis er heilt i orden.

The Volunteers kallar han kvartetten som har hovudansvaret for å gje han musikalsk ryggdekning. To nordmenn og to svenskar. Gitaristen Freddy Viklund har saman med Høyem og Head hatt ansvaret for den produksjonen. Ein produksjon som tar den eine folk og country influerte låta etter den andre og fører dei med trygg hand inn i ein struktur der den akustiske gitaren gjerne er eit grunnelementet, men der det soniske ofte søker seg mot mektige former. Som om David McComb skulle ha funne på å invitere Mike Scott til eit møte i eit stort, velorganisert og godt overvaka vegkryss. At her i tillegg er lite mystikk og lumske farar å skode er kanskje unødig å tilføye.

Skal likevel ikkje underslå at eg finn hugnad i noko av det Sivert og gjengen har for seg her. Frå Love, Leave Me Alone fram til Just a Little Closer Now er det rett nok ikkje så altfor mykje å fryde seg over. Det kan nemnast at sistnemnte til liks med January 3rd rår over ei aktverdig refrenglinje. At Arcadians har ei stillfaren og lågtsvevande form eg finn rimelig tiltalande. Og at det åtte minuttar lange tittelkuttet tar for seg trafficking på eit alvorstungt og respektabelt vis, samstundes som det søker mot soniske tomter der Madrugada var på debutalbumet sitt, utan heilt å finne den frigjerande og skjelsettande blåtonen.

Når Horseshoes dukkar opp, derimot, og innleiar ein rett så fin avslutning i tre akter, då fangar Exiles verkelig merksemda mi. Med ørkentwang i gitaren, R.E.M-konturar i melodiføringa og ein dramatisk undertone prøver Høyem med Horseshoes å ta eit, kanskje litt ufint, oppgjer med dei som sendte nedlatande blikk i retning han og hans venner for tolv år sidan, men som i dag kanskje sitt og stirer i golvet i staden. I den nennsame og mellotron-furnerte Black Cross har han med seg Ingrid Olava i godgjerande harmoni. Før I’ve Been Meaning to Sing You This Song avsluttar seansen med country-arr i sjela og listande tonar frå ein steel-gitar, medan Høyem audmjukt og vemodig syng om angsten for spotlighten.

Slik blir eg sittande att med ei god kjensle idet albumet tonar ut. Ja, det er nesten som om eg er villig til å gløyme at eg før dette har vore gjennom eit sjulåtars parti som berre unntaksvis gjorde inntrykk.

Men berre nesten.

4/10

Først publisert på Groove.no (i 2007)

 

Madrugada – The Deep End

Standard

Ein velregissert time før daggry. Eller: Var nå den Drakoulias-ideen så god? Vel, balladane er i alle fall flotte.

cover  Alvorleg tala folkens, lat oss vere litt edruelege. The Deep End er ikkje Madrugada si beste plate.

Den heiter framleis Industrial Silence. Det var der bandet frå Vesterålen fanga blåfargen, og planta den i mangt eit rock’n’roll-bankande hjarta her til lands. Underteikna sitt inkludert (sterkt inkludert). Eit album som stadig står fram som ein av dei aller sterkaste debutane i rockeriket Norge. Fokusert dynamikk, levande melankoli, dvel og tempo, lys og skygge, kraft og varleik. Electric, Salt, Shine, Sirens, Higher, Strange Colour Blue og sju til.

The Deep End er heller ikkje Madrugada si nest beste plate.

Den heiter Grit og er eit skamlaust stykke uvaska rock’n’roll. I front for seansen ein suggerande groovy Bloodshot Adult Commitment, og litt over halvvegs kjem den nødvendige kvilestunda, majestetiske vakre Majesty. Innimellom finst mykje blod, tvil, gørr og prøvelsar. Ein stiletthæl i skrittet. Aushjsmmmgrliiii.

The Deep End er muligens Madrugada sitt tredje beste album.

Men i tilfelle kun marginalt betre enn The Nightly Disease. Bandet si andre plate, som er ei ujamn affære. Jodå, den har høgdepunkter. Den har Hands Up – I Love You, og det blir beordra Step Inside This Room and Dance With Me til innbydande tonar. Men den har også ei handfull anonyme tilfeller.

The Deep End er ikkje ei dårleg plate. Det er berre det at den sjeldan dreg meg mot ukjente avgrunnar, eller gjer meg spenning i mageregionen. Den er ein time med musikk som til tider byr på veldreid melodikk, og som til andre tider byr på anonyme ritt.

Dei har vaska seg grundig sidan Berlin-dagane då Grit såg dagens mørke. Dei har teke turen over til Amerika. Dei har kampert med velrennomerte lydtriksarar. George Drakoulias har produsert plater før. Mange. I kategorien «steike gode» finn vi Hollywood Town Hall med Jayhawks og Dust med Screaming Trees. Han har ikkje hatt ei like heldig hand i sitt arbeid med Madrugada. Han har tappa dei for glød. Lyden på The Deep End blir til tider rett og slett for velregissert. Litt sånn U2, REM og Iggy Pop etter at stormen har lagt seg, og orden har blitt ein livsstil.

Identitetslaust? Mangel på skarpsindig særpreg? Tja. Like fullt, slett ikkje heilt utan interesse. Ikkje heilt utan glød heller. Heldigvis.

The Deep End kan for eksempel by på tre balladar av solid karakter. På Hold On to You deltar Angelo Badalamenti. Han som komponerte Twin Peaks-tonane, ja (og mykje anna filmmusikk for David Lynch). Lynch sin Wild At Heart var i si tid med å puffa Chris Isaaks Wicked Game opp på hitlistene. Vel, det eg vil fram til er vel berre det at Hold On to You har ein del sånne Isaakske stemningar i seg.

I hjarta av albumet skin The Lost Gospel, ei bøn, ei vart countrytona og melodisk vakker stadfesting av kor skjørt hjarta er; «one should never fall in love with things that last, last only for a day, and they’ll stay with you for another day».
Sail Away rundar av seansen, nennsomt, elegant og blått. Tre spor eg kjem til å oppsøkje i framtida. Det kan eg ikkje seie om så veldig mange av dei resterande affærene. I tilfelle må det vere Slow Builder, som er akkurat det, ein gradvis kraftigare og fartsaukande sak som endar i Nick Cave-fikserte gospeltonar. Elektro Vakuum har og noko tiltalande med seg, skånsomt psykedeliserte 60-tals tonar gjort på Madrugada-vis. Også singelen då, The Kids Are On High Street, eit røsleg lån frå REM si toneverd, og eit noko meir nøysomt eit frå Echo & The Bunnymen si. Men det er to lån som gjer avkastning i form av ei låt det er vanskeleg å mislike.

Resten her har eg litt problem med. Dei festar seg ikkje. Dei søker ikkje inn i den blå mystikken, mot dei brennande tonane og dei kvilelause driftene. Dei korkje blør eller klør. Dei ravar blodfattig rundt i noko som mest virkar å vere ein plastikk rockande misforståing. Det er anonymisering, eller kanskje det er marknadstilpasning. I alle fall, eg likar det ikkje, og eg trur ikkje det er smart heller.

Det verste er at eg har ei kjensle av at hadde nokon andre skrudd på knottane, nokon med skit på fingrane og blå dynamikk i tankane så kunne alle desse låtane vore redda. Eller kanskje ikkje det er det verste, kanskje det viser at Madrugada stadig kan. Dei fekk det berre ikkje heilt til saman med George Drakoulias og David Bianco. Ikkje slik eg hadde håpa i alle fall.

5/10

Først publisert på Groove.no (i 2005)

 

Madrugada – Live At Tralfamadore

Standard

Eit livealbum med liv og meining langt utover julesalet 2005. Frå ein sjeldsynt scene serverer bandet låtar i oppgraderte eller klart forbetra former.

7

cover

Eit så godt som samla norsk musikkmeldar-korps, samt sånn ca 100 000 nordmenn, var i 2005 einige om at The Deep End var ei særdeles skarpskodd og gjevande rockeplate. I fellesskap bar dei albumet fram til å bli ein suksess av rang i norsk rockemålestokk. Underteikna gratulerer, for sjølv om eg framleis står inne for min noko meir reserverte haldning til kva albumet faktisk hadde å by på, synes eg suksessen er velfortent. Madrugada er trass alt eit band som på sitt beste stadig leverer lyden av stor rockemusikk. På debuten i rikt omfang, på dei tre neste albuma i litt meir variert grad.

I konsertsamanheng har dei heilt sidan eg første gong opplevde dei (kort tid etter at Industrial Silence hadde grepe tak i meg) vore skaparar av eit suggestivt, dynamisk verknadsfullt og ryggradpirrande lydbilete. Dei har vorte skulda for ei litt vel introvert innstilling, men alle treng vel for guds skyld ikkje framstå som ein Mick Jagger, Bruce Springsteen eller Robbie Williams heller. Med utgangspunkt i sin blå og mørke tone har dei levert låtane sine i eit vidtfamnande spenn mellom det dempa og det frenetiske, og med ein aukande grad av nyansar etterkvart som dei har spelt på seg meir sjølvtillit. Prating utover korte meldingar, klovnefakter, og hyperaktive og breibeina rock’n’roll-opptrinn, har vore erstatta av ein avmålt, men fokusert og distinkt sceneopptreden der musikkformidlinga har vore det sentrale.

Det kan sjølvsagt seiast mykje om alt som går tapt frå den audiovisuelle og sanserike opplevinga ein konsert kan vere, og fram til det meir sanseribba og auditive dokumentet eit livealbum er. Det skal eg ikkje gjere her. Berre konstatere at musikkverda er full av unødvendige og trøyttande livealbum. Live At Tralfamadore høyrer ikkje med blant desse. Snarare har Madrugada nytta høvet til å komme opp med låtar som enten står fram i oppgradert, omforma eller klart forbetra form.

Albumet dukkar opp berre tolv dagar etter sjølve konserten (ikkje alle spora, men halvparten er nemlig henta frå Spektrum-konserten den 2. desember). Bak dette sveitte hastverket kan ein nok ane ei skjeling mot potensialet i julesalet. Det gjeld jo å smi medan jernet er varmt og lommeboka er vidopen. Kanskje derfor ekstra beundringsverdig at resultatet er blitt så solid. For her verkar det som om gjengen verkelig har lagt seg i selen for å finne fram til stoff det er meiningsfullt å presentere.

Seansen (som eigentlig er henta frå fire ulike seansar) kan nok ikkje vise til den same dirrande nerven og ekstravagante kommunikasjonsgløden mellom scene og sal slik legendariske opptak av typen Johnny Cash At San Quentin, James Brown Live At The Apollo eller The Who Live At Leeds kan gjere. Men den viser eit band i livaktig omgang med vellaga tonar. Det er slett ikkje verst det heller.

Det er herlig å høyre at når låtar som Hard To Come Back og On Your Side får kvitta seg med den litt glasserte lyden frå The Deep End, ja då står dei fram som dei skarpskodde og røskande rockarane eg har mistenkt dei for å vere. For ikkje å snakke om Running Out Of Time då. På The Deep End var det noko forsert og lunkent over den, medan her får den si store forløysing, og grev og sparkar seg fram som ein funky og hastande bluesfaen full av frenetiske gitarfakter, rungande koring og inntrengande melodiske krefter.

Madrugada har alltid henta mykje frå bluesen. Ein av deira olmaste og mest svartmuskete i så måte er Black Mambo frå andreplata Nightly Disease. Med giftige gitartonar, nokre velplasserte dråpar Doors-preg, stikkande strykarinnslag av Bodø Sinfonietta, og Sivert i intens vokalkamp, voggar den seg fram på ufint og endå betre vis enn i studioforma (både som spor ti i hovudseansen, og som terror-mixa ekstranummer på bonus discen). Blues er også ramma rundt den tidlegare uinnspelte You Better Leave, blues i Nick Caveske strøk og med skarpt ringande gitartonar frå Burås. Medan Seven Seconds kjem i sitt velkjente Dylanske bluesbilete, men med eit meir øredøyvande instrumentelt fylgje enn på originalinnspelinga. Noko som faktisk fører til at den tappast for litt energi. Saman med Blood Shot Adult Commitment er denne den einaste av låtane her som taper seg litegrann i forhold til studioversjonen. BSAC er rett nok ikkje med i første tolvaren, den innleiar derimot ekstranummer-avdelinga. I utgangspunktet ei prioritering eg stussa litt over. BSAC er trass alt Madrugada sitt mest groovy og suggerande spor (og eit definitivt høgdepunkt når eg har sett dei live). Når eg no har høyrt den ein del gonger i Tralfamadore-tapping, kan eg kanskje likevel akseptere at den må nøye seg med plassen på reservebenken. På gitarfronten får Burås stormfull hjelp av Kid Congo Powers, så det skortar for så vidt ikkje på barsk nok lyd. Likevel manglar det litt før låta kjem opp på det same desperate og skarpe groove-planet den hadde på Grit, utan at eg heilt klarer å finne ut kor det er temperaturen sviktar.

Kid Congo ja, med ei fortid som gitarist i The Cramps, som ein av Nick Cave sine Bad Seeds, og ikkje minst som ein glødande faktor i Gun Club. Så når Madrugada gjer Jeffrey Lee Pierce klassikaren Mother Of Earth ei blåstemt handsaming er Kid og hans slide-gitar veldig til stades, og medverkar til at det lengtande ørkensuset får ein særs autentisk tone. Minst like superb er dei sju minuttane bandet har sett av til juvelen Strange Colour Blue. Ja det er magi i lufta når bandet som ein langsamt brennande flamme sitrar seg oppover mot eit klimaks dirrande av undertrykt desperasjon. Der Sivert si essensielle erklæring «this is how we do it, we are nearly there» vert overhøyrt, og låta fell tilbake i det varlege moduset den starta opp i. Vi kjenner den igjen, samstundes som blåtonen er mørkare, meir mystisk og sterkare enn nokon gong. Opptaket er henta frå ein Brussel-konsert i 2003.

Frå Øyafestivalen i sommar har dei henta fram eit varmblodig opptak av Sail Away. Den blir strekt utover 10 levande minuttar og skiftar ham fleire gonger. Frå melodiske balladeparti til hektisk gitarelektrisitet. Låta som har blitt deira mest kjente, og høgast elska i det breie lag av folket, er utan tvil den mektige balladen Majesty. Her er den å høyre i noko eg vil karakterisere som ei meir smygande og utfoldande form, der eit avsluttande rastlaust rytmeparti og vakker fiolindrapering frå Lise Sørensen berre er to av momenta som gjer den til ein enda meir medrivande versjon enn originalinnspelinga. Hit-låta frå The Deep End, The Kids Are On High Street, verkar på si side eit hakk meir vemodsfull, samstundes som den brenn atskilleg kraftigare enn studioutgåva. Bodø Sinfonietta er sentrale i den korte og gnagande versjonen av velkjente Sometimes I Feel Like A Motherless Child. Dei er også nennsamt men sterkt til stades i ein bevrande og næringsrik versjon av den dramatiske balladen Only When You’re Gone (på bonus discen). Heilt sist på bonus-CD’en kan ein så nok ein gong få høyre den etterkvart svært så velkjente Ane Brun duetten Lift Me. I same versjon som på Ane Brun plata. Det kunne kanskje ha vore endå kjekkare å heller fått ein konsertversjon. Om ein slik er å oppdrive då?

Forresten eit særdeles artig påfunn å titulere albumet etter den fiktive planeten som Kurt Vonnegut har skapt, og mellom anna nytta i sin fabelaktige roman Slakterhus 5. Det manglar vel berre at dei har med ein gnistrande versjon av Come Back Billy Pilgrim for å gjere ideen heilt komplett. Uansett, her har Madrugada sannsynlegvis komme opp med den beste norske live-plata underteikna har høyrt sidan deLillos sin Mere.

«Poo-tee-weet?»

Først publisert på Grooove.no (i 2006)

 

Sivert Høyem – Ladies and Gentlemen of the Opposition

Standard

Ei fin plate er det Sivert leverer. Ikkje heilt der oppe i selskap med bandet sine to beste, men med fleire låtar som kitlar ryggraden.

cover  Det er nokre år sidan no. Meir nøyaktig var det vel nokre månader før det sagnomsuste årtusenskifte. Med ei overbevisande kraft presenterte Madrugada seg på den norske rockescenen. Deires Industrial Silence vil alltid stå der som ein av dei verkelig store opptrinna i norsk rockehistorie. Oppfølgaren var ikkje heilt av samme kaliber, men så, med 2002 sin mørke og balstyrige Grit var bandet nær ved å tangere debuten. Og nå er dei sannelig, fullt fortjent, i ferd med å skaffe seg eit navn i England. Ei nyutgjeving av Grit har fått fleire fine omtalar, og bandet blei for nokre månader sidan endåtil tildelt ei heilside i magasinet Mojo, i spalta «mojo-rising».

I ein sånn situasjon er det altså at frontfigur Sivert Høyem dukkar opp med si første plate under eige navn. Og ei fin plate er det, ikkje heilt der oppe i selskap med bandet sine to beste, men med fleire låtar som kitlar ryggraden. Her er spor som lever i områder Madrugada har vitja ved tidlegare høve, men her er og fleire spor henta frå ulike sfærer som bandet aldri har oppsøkt. Først og fremst er dette ein langt meir dempa og stemningsbærande affære enn kva Madrugada stort sett har hatt føre seg. Og stemma hans, ein av dei aller beste i rockeriket Norge, kjem minst like mykje til sin rett i denne samanhengen.

Ladies and Gentlemen of the Opposition er spelt inn i studioet der Industrial Silence i si tid blei til, Athletic Sound Studio i Halden. Før tapen tok vegen til Peter Gabriel sitt Real World studio i Bath, der Tchad Blake (Tom Waits, Richard Thompson, Ed Harcourt ++) tok seg av mixinga. Det høyrest ut som om at Sivert og dei inviterte musikarane har hatt trivelige dagar i studio. Det er nemlig ein laus og avslappa stemning her som absolutt gjer sitt til det vellykka sluttresultatet.

Nå tar det ikkje av sånn heilt med det samme. Northwind og Be For Real som startar gildet er to tilfeller som nok også kunne kledd seg i Madrugada si drakt, men som blir litt tomme på friske tonar til at dei heilt klarer å tilfredsstille. Medan singelvalget Far From Here er ein Grant-Lee Phillips-aktig poprockar i strigla utforming som aldri kjem innunder huden. Men då er og det litt traurige unnagjort. Smalltown Supersound er ein særdeles popfrisk sak med ein ung og sjarmarande trio som heftig kor-følgje. Den ærverdige trubaduren Cornelis Vreeswijk får litt merksemd her også i form av det engelsk/irske folkbrygget Song For Cornelis. Meir folk-tonar frå angloamerikanske marker blir presentert i snurrige Black Box, og i ekstraordinært vakre vendingar i den litt Bonnie Prince Billy-aktige Ladyfriend. Med den er vi også inne i albumet sin absolutt beste del, den siste. Her sprikar det rett nok meir både i stil, tempo og decibel. Men her finn vi og dei beste låtane, med dei mest leikne og vitale arrangementa.

Han stuper inn ein av Lou Reed sine bakgater, der han møter Smog og spør What’s Wrong With You. Han helser på både Leonard Cohen og Bob Dylan i den melodisikre godbiten First Day of Somersaults. Her er sangar om draumar, om kjærleik som sigrar, om kjærleik som grunnstøter, om anger, sinne og demonar, og om alle løgnene. Det siste har den knokkel-piano draperte Woman sin del av. Ein låt der tone tar tone og bringer den gradvis inn i eit vakrare og vakrare univers. Ganske andre takter er det over Slow Blues/Let It All Hang Out. Frå sin plass bak Simen Vangen (den einaste frå Madrugada som deltar på albumet) sitt vuggande og innbitte rytmedriv syng Sivert ein erotisk betont sak, «stripped of feathers, boots and common sense». Kva avslutningslåta har med Bambi å gjere har eg ikkje klart å finne ut. Uansett, Theme From Bambi er ein nennsom og fin ballade der håpet har fått grobunn, «maybe».

Jodå, Sivert klarer seg fint åleine og han, men rundt neste sving har eg no lyst på ei ny Madrugada-plate likevel, eg.

6/10

Først publisert på Groove.no (i 2004)