Ein engelsk trio, direkte ifrå garasjen ikledd melodismart monodrakt.
Retrofikserte og minst ein Heavy Atmosphere unna det siste nye på musikkfronten svir denne ferske trioen frå Medway-deltaet aust for London av femten låtar på ein halvtime. Noko dei gjer med såpass sprelsk autoritet at det er vanskeleg å ikkje la seg rive med.
Fundamentet er ein sterk pasjon for sekstitalet, og band som The Pretty Things, The Who og The Kinks, pluss eit klart blikk mot ting som hendte i 1977 (les The Clash, The Damned). Basisen består av dei elementære ting: Gitar, bass, tromme og song. Låtar bygd opp på likeframme og føremålstenlege tonar der hooks-prosenten er rett så dugande. Arrangementa er av den primitive sorten. Og det heile er festa til tape med monolyd.
Chinese Burn er deira aller første forsøk i innspelt fullformat. Sakene var i utgangspunktet berre tenkt for sal via konsertverksemd, men tilfelle ville det slik at lyden nådde den australske labelen Laughing Outlaw, som raskt meldte sin interesse for å gje materialet ut. Ein høgst oppegåande label, forresten, som har knytt til seg fleire talentfulle artistar frå både USA og England (i tillegg til Australia, sjølvsagt). Ein slik ein som stort sett kjenner igjen lyden av spenstige tonar når dei høyrer den.
Halvtimen tar av med kvass riffglød og melodisk bravur i sprekt titulerte Christian in the Desert. Der hovudpersonen seier seg villig til å gjere mange forsakingar berre det kan opne døra til hjerta hos jenta han har lagt sin elsk på. Tittellåta følgjer og seier nei til dop i vokalharmonisk punkpop-driv. I den like drivande Lai-Ha Lam er det ei ungdomsforelsking som vert skildra i sjarmerande ordelag. Medan det er tilstandar i den andre enden av livsløpet som vert tatt opp i den nesten folkrockaktige og Byrdsharmoniske The Last Hotel. Ein rapport om traurige vilkår på aldersheimen. Andre temaer er sexkjøp i Amsterdam (Amsterdam), ei skildring av barndomen sin fribrytarhelt (Shirley Crabtree) og sosiale tilhøve i nabolaget (Chatham Town Spawns Devils).
Det er med andre ord ikkje berre det sedvanlege dametrøbbelet som står på programmet hos The Len Price 3. Namnet refererer forresten ikkje til nokon av bandmedlemene, men er ein slags honnør til ein kortliva trio som Wreckless Eric hadde på midten av åttitalet, The Len Bright Combo. Her kunne vi nå plassert eit lengre avsnitt om musikken frå Medway Delta området. Skal ikkje det, fekk berre lyst å nemne at dei to andre medlemene i Comboene til Wreckless Eric hadde ei fortid i Medway-bandet The Milkshakes. Eit band som også husa ein av deltaet sine store musikalske kultfigurar, Billy Childish. Og om ikkje The Len Price 3 sitt musikalske mønster følgjer eksakt dei same linjene som desse folka, så er det noko med dei rufsete og uflidde kantane som gjer at det godt går an å innbille seg at dei har frekventert dei same pubscenene.
6/10
Først publisert på Groove.no (i 2005)