Ei raspande stemme prøver å poppe seg ut av countrybåsen.
Tre observasjonar før eg plasserer dingsen i stereoen: Han ser ut som han har ramla ut av Faces (eller er det Black Crowes), han blir vakta av ein sjenert engel, og på t-skjorta står det Gram Parsons and the Fallen Angels.
Nokre tankar medan eg høyrer første låt (No Love #1 & 2): Det er denne eg har høyrt før (og sett). Ei bra låt, særdeles fengande faktisk. Country og mandolinar møter pop. Lurer likevel på kvifor det er nett Tumbleweed-pianisten Christer Knutsen sitt første soloframstøt som har blitt utsatt for såpass med merksemd (intervjuer i dagspressa, hyppig radiospeling og innslag i Dagsrevyen). Landet vårt er jo i ferd med å bli ganske solid forsynt av musiserande individ med ein fot planta i ville vesten og den andre i Cavern Club, samt eit sårt hjerte. Kan det vere nokon i managementet som kjenner dei rette folka? Kan det vere den raspande røysta i distriktet mellom Rod Stewart og Steve Marriott (sjå der ja, Faces-analogien igjen)? Eller kan det vere fordi han verkeleg er steike bra? Eg får prøve å finne ut av det.
Sail/Veil heiter låt to. Nedtur. Ein sånn putt-ein-B-framfor-Ryan-Adams sak. On Her Way Back Home er ikkje stort betre. Melodisk korrekt og trøyttande. Forget This Dance er derimot ein smart ballade som børstar vekk B’en frå spor to, og nikkar i retning Kevin Welch. Den mandolindrevne Watching You Steal My Pain skapar ytterligare smertefull og vital countrystemning. Den blå visa Don’t Be Afraid er cellodrapert, meir nedpå, og smyg seg lenger inn i hjarta for kvar lytt. Say It Right Now er litt meir av ein lettvektar, men heilt grei countrypop.
Kanskje er det stemma, kanskje er det låtane, kanskje er det på grunn av ein litt mangelfull dynamikk i produksjonen, i alle fall sit eg og ynskjer meg litt større breidde i uttrykket. Slik glir You’re Wrong og She’s Expecting Rain forbi utan å sette seg fast. Så kjem Here’s The Sun, popkjekk, fengande og blåsarfrisk, og rettar eindel på inntrykket av manglande variasjon. Avslutninga No Trace of Me følgjer opp. Myndig og langsom, med meir blåsarar og tonefargar frå Belfast.
Konklusjon: ei bra plate, men Knutsen har ikkje heilt fått på plass signaturen sin ennå, og ferda går i litt for stor grad langs midten av den trygge veg. Ved neste korsveg trur eg det kunne gjort seg å ta nokre skritt nærare kanten.
5/10
Først publisert på Groove.no (i 2005)