Endå ein fyr med habile låtskrivarevner og varleg toneframferd.
Her kjem enda ein fyr med habile låtskrivarevner og varleg toneframferd for å søkje om asyl i dei skandinaviske hjerter. Denne våren har han spelt fleire konsertar i Noreg, og seksspors EPen Wherever You Are vert sleppt i Skandinavia to månader før hans landsmenn i USA får sjansen til å gjere seg kjent med den. Sidan han har denne mjuke musikalske væremåten, ikkje så fjern frå folk som Damien Rice og David Gray, kan det jo hende at han berre ein fem eller seksprikka Dagbladet-terning unna ein liten dose norsk suksess.
Nå er ikkje Wherever You Are første gongen David Mead prøver å få litt merksemd med innspelt materiale. Han har allereie tre full-lengdarar bak seg (den første kom i 1999). Utan at nokon av albuma har brakt han den heilt store kommersielle suksessen.
Wherever You Are består ikkje av heilt nytt materiale. Dei seks låtane er henta frå innspelingar Mead gjorde hausten 2002. Med Stephen Hague (New Order, Pet Shop Boys) på produsentkrakken og Tchad Blake ved miksebordet vart det skapt nok stoff til noko som etter planen skulle bli Mead sitt tredje album. Ein komplisert plateselskap-fusjon førte imidlertid til at albumet vart liggande på vent. Når stoffet så var klart for å bli gitt ut innsåg Mead at ein del spor kanskje ikkje heldt heilt mål. Derfor EP-varianten. Sannsynlegvis eit fornuftig val. For er dei utelatne spora svakare enn den meloditomme og noko strevsame Make It Right og den heller anonyme visa Astronaut kan dei nok like godt få bli upublisert.
Ei heilt anna side viser Mead fram i det veldreidde tittelkuttet. Det er mjukt og svalande og med popkvalitetar til ein sommar eller fem. Fleire fengande og melodisk treffande poptonar kjem ein for øyrene i den litt Neil Finnske Only a Dream. Medan varlege How Much definitivt er fin nok i forma til å skape ein tiltalande utgang på plata.
Vi noterer oss denne mannen frå Nashville, men nyttar samstundes høve til å oppfordre folk på søk etter mjuke tonar av det vanedannande slaget å leite fram albumet Nashville av Josh Rouse (årets soleklare einar på softrock-fronten).
5/10
Først publisert på Groove.no (i 2005)