Dei to andre i Sixteen Horsepower serverer melankolsk tonar, saman med mange gjester.
Denver-bandet Sixteen Horsepower har sidan midten av 90-talet levert sin intense mikstur av punk, folk, goth og country. Med eit foreløpig høgdepunkt i 1998-utgjevinga Low Estate. Bandets vibrerande midtpunkt, låtskrivar og sangar David Eugene Edwards har dei siste åra tilsynelatande lagt sjela si i Woven Hand-prosjektet. Og nå har dei to andre faste medlemmene, bassist Pascal Humbert og trommis Jean-Yves Tola, også eit prosjekt på gang.
Dei kallar seg Lilium, og rekker oss med Short Stories ein assortert bukett låtar, henta frå ein grøderik men vemodig anlagt grøftekant. Dei to har og med seg mange gode hjelparar som absolutt bidrar til å gjere dette til ein fin opplevelse. Selvfølgelig stikk Sixteen Horsepower-kompis D.E. Edwards også innom. Og hans deltaking på Whitewashed er med på å gje denne nennsomme folksongen dette inderlige uttrykket som har blitt Sixteen Horsepower sitt kjennemerke.
Men det er som sagt fleire enn Edwards som yte sin skjerv her. På dei fleste spora står Humbert/Tola oppført som ansvarleg for tonane, mens ulike sangarar er brakt inn til å ta seg av orda (både til å skrive dei og synge dei). Humbert og Tola lar også gjestene stort sett få spele hovedrolla på «sine spor», og plasserer seg sjølv som den meir anonyme men likevel nødvendige ryggrada i bildet.
På dei to kanskje vakraste spora er det ei dame med navn Kal Cahoone som boltrar seg. Ho er ellers frontfigur i eit folk-band frå Denver kalt Tarantella, eit navn som skulle borge for både heftige og giftige ord og tonar. I Lilium si drakt stig ho imidlertid forsiktig fram med ei skjør, men du verden så glødande stemme, ikkje så fjernt frå Hope Sandoval. Og det blir ikkje vanskelig å tru på den usikre og skadeskutte hovedpersonen i sangane If They Cheered og Sorry når det blir fortald med slik ei røyst. Særlig sistnevnte i spansk språkdrakt (her også Tom Barman frå dEUS deltar) er eit ualminnelig vakkert og hjerteskjærande musikkstykke.
Daniel MacMahon, som har spelt saman med Edwards i samanheng med Woven Hand, er sangar på Locked In Tight og Sense and Grief. I begge tilfeller er slektskapet til Nick Cave cirka Boatman’s Call ganske påtakelig, og særlig Locked In Tight med sitt ledige arrangement har vitalitet i seg til å vekkje interesse. I den litt Ry Cooderske Lover, med ein Jim Kalin som vokalist, blir vi med på ein gripande tur for å finne ho som sa; «don’t fall in love with me, if you want to be my lover». Besett av ein håplaus romanse er også hovedpersonen i The Trap, og her er det John Grant frå The Czars som fører ordet, i ein låt i Magnetic Fields sitt terreng.
Av dei ti spora på albumet er tre instrumentalar. Cavalcade er eit hyggelig og blått gjensyn med saksofonen til Dana Colley frå Morphine. Mens den seks minuttar lange avslutningslåta Angels, er ein ambient og svevande tur i Brian Eno-landskap.
Jodå, ein smakfull bukett musikalske eventyr er det Lilium rekker oss.
6/10
Først publisert på Groove.no (i 2003)
Cool Rock er den tidligare musikkjournalisten Chris Lee (han har ei fortid frå både The Wire og Spin) sin tredje plateutgjeving. Her blir vi servert ein drøy halvtime med grasiøs poprock, med tydelige impulsar frå den meir soulbaserte delen av musikk-kartet.
Det er ikkje plass for så mange unotar i Ladybug Transistor sin ganske tekkelige popverden. Her er det nemlig den mjuke og velmeinte tilnærminga som rår. Slik har dei sine slektningar i skotske Belle & Sebastian, sjølv om Ladybug duvar skånsomt avstad i eit meir orgel- og piano-dominert lydbilde, og tilset velvillig små dosar med strykar-lyd. Det er vel heller ikkje heilt villeiande å påstå at ein kan ane spor etter gamle softrockarar som til dømes Neil Diamond og Glen Campbell.
Vi har høyrt liknande historiar før. Vi har høyrt dei innpakka i omtrent identiske tonar også. Frå ein singer/songwriter-tradisjon der navn som John Prine og Townes van Zandt er to av dei største, har Chris Knight funne sin plass i ein liga nokre nivå under. Her syng han sine heimelaga country-farga låtar som like godt kunne vore gjort av folk som Tom Pacheco, Hal Ketchum eller Fred Eaglesmith. Sangar om tapt kjærleik, sjalusi, arbeidsløyse, rastlaushet og ein og annan lovlaus skapning. Chris Knight har ikkje all verden med nye innfallsvinklar, men eit par velfunderte tekstlinjer har han absolutt å by på.
I innleggsfoldaren på Songs For Swinging Lovers fortel Philip Kane ein kortversjon av dei siste 10 åra av livet sitt. Det er ein historie om havarerte kjærlighetsforhold, ugunstige relasjoner, dødsbegjær, alkoholisme, narkomani og overlevelse, og om dei som hjelpte han til å bli ein overlevar. Det er også blitt meg fortalt at Philip Kane lider av ein sjelden hudsjukdom som gjer at andre folk helst ikkje bør komme i berøring av han. Er alt dette sanning? Sannsynlegvis, men ein skal kanskje ha i mente at Kane virkar å være ein mann som ikkje går av vegen for å «forbedre» myten om seg sjølv. Like fullt, kor langt ute på tippen han truleg har vore, og om fornedrelsane der, seier følgande sitat kanskje det meste:
Ein gang i grunge-alderen (første halvdel av 1990-åra) eksisterte det i Canada eit band som kalte seg Eric’s Trip, navnet fortel mykje om kva musikk dei spelte (Eric’s Trip er ein låt frå Sonic Youths Daydream Nation). I 1993 vart det første Canadiske band som fekk platekontrakt hos den sagnomsuste labelen Sub Pop. Det fulgte tre CD-utgivelsar, før dei i 1996 bestemte seg for å oppløyse bandet. Vokalisten og bassisten i dette bandet lydde navnet Julie Doiron. Ho hadde då allerede begynt å skrive og spele inn låtar på eigen hånd, og debuterte som soloartist med den sterkt limiterte Broken Girl i 1996, seinare har det fulgt ytterligare fire album. Dette har skjedd utan at så veldig mange vel egentlig har fått det med seg, underteikna medrekna.
Still er av desse albuma som er blitt til mest fordi ein desperat plateselskapssjef ikkje klarer å innsjå at historia faktisk er slutt. I dette tilfellet Factory-sjef Tony Wilson. Det vert, som det plar bli i slike tilfeller, ein epilog som ikkje på noko vis maktar å yte forhistoria rettferd.
Etter å ha spelt saman sidan midten av 80-talet, var det først med country-rock opuset Hollywood Town Hall (1992) at The Jayhawks meldte seg på for alvor. Ved å hente inspirasjon frå blant andre Flying Burrito Bros, The Band og Neil Young, lage eit knippe innbydande låtar for så å krydra det med frisk og eigenarta harmonisang, presterte dei å lage eit av det tidlige 90-talets beste album.
Du verden så mykje praktfull musikk det har komme frå alle desse folka som er, meir eller mindre, tilknytta det sagnomsuste Elephant 6 kollektivet. The Instruments representerer endå eit tilskudd på denne stamma. I dette tilfellet er eg imidlertid litt meir usikker på om vi har å gjere med ei utgjeving av det veldig imponerande slaget.
Nok eingang er det den lovpriste poptonen slik The Beatles og dess like introduserte den på 60-talet som står i sentrum. Spesielt er det lyden frå den siste halvdel av tiåret dei unge amerikanarane i Impossible Shapes på eit eller anna vis har fått fatt i. Nå er dei jo ikkje akkurat åleine her i verden om å ha klart det. Men når det resulterer i eit såpass velklingande album som We Like It Wild, skal i alle fall ikkje underteikna stille seg i fremste rekkje for å rope etter meir originale påfunn.