The Impossible Shapes – We Like It Wild

Standard

Ulastelige poptonar frå unge amerikanarar.

cover  Nok eingang er det den lovpriste poptonen slik The Beatles og dess like introduserte den på 60-talet som står i sentrum. Spesielt er det lyden frå den siste halvdel av tiåret dei unge amerikanarane i Impossible Shapes på eit eller anna vis har fått fatt i. Nå er dei jo ikkje akkurat åleine her i verden om å ha klart det. Men når det resulterer i eit såpass velklingande album som We Like It Wild, skal i alle fall ikkje underteikna stille seg i fremste rekkje for å rope etter meir originale påfunn.

Bandet platedebuterte i 2000 med albumet The Great Migration, og har sidan gjort det til ei årlig hending å komme med ny plate. We Like It Wild er såleis Bloomington, Indiana kvartetten sitt fjerde framstøt. I tillegg har låtskrivar, vokalist og frontfigur Chris Barth eit soloalbum ute. Så det er med andre ord ein produktiv gjeng vi har med å gjere.

Som bandnavnet jo gjer uttrykk for, prøver The Impossible Shapes å bringe musikken sin nokre små skritt utanfor dei mest standardiserte oppfatningane av korleis ein poplåt skal lyde. Derfor gjer dei innimellom sine små uventa (om ikkje akkurat revolusjonerande) krumspring i melodi-konstruksjonen. Dei strør med psykedeliserte klangar. Rett nok blir det gjort med ei nennsom hånd, hypnotiske gitar-ritt i Arthur Lee (Love) eller Dick Taylor (Pretty Things) sfærer, for å nevne to som var med å sette farge på slutten av 60-talet, vil ein nok ikkje finne her. The Impossible Shapes har istaden valgt å legge seg i eit noko meir yndefullt lydbilde, så sjølv om slektskapet til nevnte artistar, samt band som The Who og for den saks skyld Beach Boys så absolutt er merkbart, blir kanskje ei samanlikning i retning forførande Elephant Six-eskapader som Essex Green og Beulah endå meir treffande.

Dei bruker cirka fire og eit halvt minutt på å overbevise. Den vesle vakre akustiske oden Give Me a Note, og den tett etterfølgande gudbenåda poplåta The Perfect Timing sender lyttaren omgåande inn i ein lutrande hauststemning. Nå blir ein rett nok dratt ut av denne stemninga idet låt nummer tre She Let Me Run introduserar seg, med noko som nærmast kan kategoriserast som glamrock-fakter, slett ikkje ueffent det heller. Det påfølgande tittelsporet svevar frå senga via himmelen til kanten av stupet. What the Winter Does er ein naken illustrasjon av mismotets vesen. Sharing Out Space kan minne om eit harmonisk The Who. What About the Other Side er ein seig og kraftfull popaffære. Mens Naked Bull Rush er litt intrikat, litt gitarheftig, litt smykka med vakker harmonisering, men aller mest er den ein tre minuttar lang poptriumf.

Dei tek ikkje fyr, dei skyt ikkje frå hofta, dei er ikkje ukultiverte eller bøllete, og når alt kjem til alt er dei i grunnen ikkje så umulige heller. Faktisk er dei ganske eksemplariske, og driv stort sett av gårde på reine tonar. Men det er vel ingenting ivegen for at ein kan ha ei fin oppleving på slike betingelser også, er det vel?

6/10

Først publisert på Groove.no (i 2003)

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s