Livlig soulpop frå ein kompis av Sonic Youth-trommis Steve Shelley.
Cool Rock er den tidligare musikkjournalisten Chris Lee (han har ei fortid frå både The Wire og Spin) sin tredje plateutgjeving. Her blir vi servert ein drøy halvtime med grasiøs poprock, med tydelige impulsar frå den meir soulbaserte delen av musikk-kartet.
Chris Lee, som opprinnelig er frå North Carolina, har sidan midten av 90-talet kultivert sin musikkpasjon både innan indie-rock kretsar og innan jazz-miljøer i New York. Her har han også blitt kjent med Sonic Youth trommisen Steve Shelley, som etterkvart har spelt ei viktig rolle i sine framgangar som artist. Sjølv om det er eit relativt stort sprang mellom Chris Lee sitt uttrykk og det vi forbinder med Sonic Youth, har Shelley proklamert seg som ein hengiven fan, og deltatt ivrig både ved live-spelingar og plateinnspelingar. Lee sitt andre album blei endatil utgitt på Shelley sitt eige selskap.
Jeff Buckley er eit navn som ofte blir dratt fram når ein skal forklare musikken til Chris Lee. Og det er ingen tvil om at Chris sin varme falsett vokal til tider har sine klare likhetstrekk med den avdøde sangaren. Likevel synest eg det er like nærliggande å trekkje fram soulsangarar som Marvin Gaye og Teddy Pendergrass, både når det kjem til sangstil og musikkuttrykk.
Chris har ein leikande og uanstrengt måte å bevege seg mellom tonane på. Samstundes som han synest å ha ein ganske så upretensiøs haldning til det han dreiv med. Og det han driv med kan vi kanskje gje navnet soulpop, for det er meir det enn den noko fyndigare og kraftfulle soulvarianten (utan at det er noko som helst gale med ein slik variant). Sjølv balladane her vippar aldri over i det mektige, men blir nøkterne sangar der Chris endå på sitt mest inderlige, som i praktfulle Lately I Want You, aldri står i fare for å lyde affektert. Ellers svingar albumet seg frå den spretne åpningen i Cossack of Love, med sitt uimotståelige refreng, til den flotte avslutning der Chris Lee sin komposisjon Say It Ain’t Soul umerkelig glir over i Mississippi John Hurt-låta Nobody Cares For Me, og dei i felleskap utgjer ei saktegåande og inspirerande gospel/blues hymne.
Før ein har nådd så langt har vi imidlertid vore innom fleire fine øyeblikk, blant anna representert med den sofistikerte og sterkt jazzinfiserte (I Was a Teenage) Symphony to God. Jazztonar er forresten tilstades ved fleire anledningar på Cool Rock. Egentlig ikkje så merkelig sidan fleire av deltakarane på plata kjem frå det før nevnte jazzmiljøet, mens andre igjen har sitt daglege virke i afrobeat-gjengen Antibalas. Samspelet er upåklagelig, produksjonen livfull, og sannelig har ikkje verksame Mark Nevers (Lambchop, Bonnie Prince Billy, St. Thomas) hatt minst ein finger med i spelet her også.
Jo då, det er ting her som tyder på at Chris Lee kan være ein artist ein bør følge med falkeblikk i tida framover.
6/10
Først publisert på Groove.no (i 2003)