Ei marihøne gjer ingen fortred. Eller: Ein ny dose yndig popmelankoli frå Ladybug Transistor.
Det er ikkje plass for så mange unotar i Ladybug Transistor sin ganske tekkelige popverden. Her er det nemlig den mjuke og velmeinte tilnærminga som rår. Slik har dei sine slektningar i skotske Belle & Sebastian, sjølv om Ladybug duvar skånsomt avstad i eit meir orgel- og piano-dominert lydbilde, og tilset velvillig små dosar med strykar-lyd. Det er vel heller ikkje heilt villeiande å påstå at ein kan ane spor etter gamle softrockarar som til dømes Neil Diamond og Glen Campbell.
Med denne sjølvtitulerte plata er bandet framme ved sin femte album-utgjeving sidan starten på midten av 90-talet. Dei har heile tida vore nært knytta til området rundt frontfigur Gary Olson sitt Brooklyn-baserte platestudio Marlborough Farms. Denne gangen har dei imidlertid reist langt vekk frå New York, heilt til Tuscon, Arizona. Der dei har fått Craig Schumacher, kjent for sitt arbeid med ganske annleis lydande artistar som Howe Gelb, Calexico, Neko Case og Steve Wynn, til å ta seg av produsent-jobben. Ladybug virkar imidlertid å være ganske så upåvirka av omgjevnadane, og har på ingen måte latt ørkenrottene få gjere særlig innhogg i deires milde framtoning. Likevel er det noko i Gary Olson sin nøkterne baryton (ikkje ulik Lunas Dean Wareham eller Stephin Merritt frå Magnetic Fields) som kan leda tankane i retning av ein einsam kaktus mot ein gold bakgrunn. For sjølv om dei i første rekke dyrkar uskylden, er det absolutt meir enn eit snev av både vemod og lengsel i tonane dei serverer.
Den leiande krafta i Ladybug Transistor er altså Gary Olson, han er og den einaste som har delteke på alle utgjevingane. Til å bidra med vennlegsinna tonefølge har han denne gong som tidlegare med seg ein fin liten gjeng, dei fleste med lause forbindelsar til det oppegåande Elephant 6 kollektivet. Mest synleg er den verksame Sasha Bell (ho har tidlegare i år gitt ut album både som medlem av Essex Green, og som soloartist under pseudonymet The Finishing School), med sin engleaktige stemme slepp ho til som sjefsvokalist ved to tilfeller. Og både The Places You’ll Call Home og Hangin» On the Line er smittande poprock levert med både ynde og driftighet, og skapar eit dynamisk avbrudd i Olson sin formel. Men når det er sagt, det er slett ikkje uefne saker Olson har på programmet når han stig fram til mikrofonen heller. Nydelige These Days In Flames er tungsinn gøymt bak trivelige pianotonar. Lett å like er også yppig slentrande In December. Den steelgitar-draperte 3=Wild fører tankane mine i retning det australske praktbandet The Triffids. Mens den lett jazzige Choking On Air nærmast kunne vore ein sak for Kurt Wagner og hans eminente Lambchop. A Burial At Sea er og storveges der den snor seg mellom eit enkelt akustisk lydbilde og eit langt mektigare og fleirstemt landskap.
Kanskje kunne ein av og til ønska seg litt meir temperatur, men det er liksom ikkje det som er Ladybug sitt ærend. Så då er det vel berre å finne horisontalen på sofaen, og nyte ei lita sval stund i selskap med hyggelige tonar frå eit fredsommelig orkester.
7/10
Først publisert på Groove.no (i 2003)