Æ og Dem – Gjendødsligheta

Standard

Viser med rock i seg, om slikt som skjer både mellom folk og i folk.                                                            7

Æ syng om det som høyrer livet til. Noko ein for så vidt kan seie at døden også gjer, men dystert langt inn i den leia dreg han ikkje. Eg høyrer heller at han syng om slikt som skjer mellom menneske medan dei framleis pustar og går rundt på jorda, og då i hovudsak slikt som har med kjærleiken å gjere. Den gode men akk så plundrete og litt for ofte smertande kjærleiken. Eg høyrer han fundere over å «dyrke og investere i framtidig savn». I fotspora fylgjer ofte einsemda. Eg høyrer Æ behandle einsemda. Eg høyrer han formidle at «kor hen ferden går så må du reis aleina tell du kommer heim». Eg høyrer han synge både sårt og eigenrådig om annleisheita og fridomen. Eg høyrer han synge «kjenn at du e friar enn fuglan», før han raskt reserverer seg og legg til «men de er programmert, men kem ække det».

Æ heiter eigentlig, og fullt og heilt, Erling Riibe Ramskjell. Saman med ein liten gjeng, som mellom anna består av to av syskena hans, serverer han songar som kan få eit visestempel på seg. Men ikkje eit slikt eit som finn nennsam fred og ro. Her er ein elektrisitet og eit rockegroove inne i bildet også. Heile tida handtert i ei form der tonane blir gitt luft og songaren har den sentrale plassen.

Eit høgdepunkt er Den Lengste Veien. Frå ein forsiktig start bygger låta seg opp og inn i ei pågåande og etter kvart fortvila form. Det handlar om kor utfordrande det kan være å ville skilje seg ut, om kor lett det kan være å tole liding og blod berre «avstanden er trygg», og det handlar om å hamne i ein nådelaus personleg ørkensituasjon der ein går ned i kneståande og ropar «hjelp mæ pappa, æ har ondt».

Det finst fleire songar på plata som har noko merkbart med seg. Eit hektande gitarriff og eit utkrope driv gjer den djerve kjærleikssongen … Ka Enn til eit eldfullt nummer. Eg nemnte at eit par sysken deltek. Kåre Riibe Ramskjell handterar tangentar av ymse slag. Sterkast i så måte gjer han seg gjeldande i Trur Du Det?. Ein sak der orgelet er feitt, kantane er rufsete, tonen er skakk, Tom Waits luskar i skuggane, og søstera Bjørg Riibe Ramskjell er ein vital duettpartnar. Same dama har same rolle når den Svarte Boksen til songaren blir utsett for visse spekulasjonar ein annan stad på plata. Det vil seie, ho tek seg av det fengande refrenget, og kjem der med visse forslag til kva boksen faktisk kan innehalde av informasjon. «Kan ve katastrofe, kan ve ingenting, …, kan ve falske minna, kan ve poesi».

Innimellom er det meir varleg. Innimellom dukkar Likholmen Blues opp. Ein djupfølt ballade om fiskaren som dreg ut i morgongryet. Om «slitets adelsfolk», om å gjere det ein må, om å høyre til.

Æ høyrer til blant dei nåtidige norske låtskrivarar og songarar det er verdt å spore opp og ta ein lytt, om ikkje fleire, til.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s