Erling & The Armageddonettes – Fraillaments

Standard

Æ har blitt Erling. Tonen er kvesst. Han svingar seg med armageddon. På ein human måte.

6

cover

Det er eit heilt stykke i frå Træna og til Budapest, men Erling Ramskjell har no likevel tatt vegen. Der har han funne i hop med ein liten gjeng ungarske musikantar, døypt dei for The Armageddonettes, skapt tonar som har vel så mykje Svartehavet som Norskehavet i seg, og erverva seg det internasjonale språket engelsk. Heilt utan å ha tapt seg sjølv i prosessen. For aksenten er hans nordlandske, grunntonen er den han har i ryggmargen, og skjeletta dansar natta til endes.

Dei er forresten å finne mellom to blodraude permar desse skjeletta. For trur du ikkje fyren like godt gjer ut plata si som bok. Førti sider med illustrasjonar av marg og bein og skjelett og ganske så dystre utsikter. Der fargane er ingenting anna enn svart og kvitt, og alt er teikna av Kjell Jakobsen. Blant dei illevarslande illustrasjonen klorar det seg fast ord og vers som avgjort høyrer til der. Ført i penn av Erling Ramskjell. På den vesle discen som ligg ved syng han dei. Til tonar som gneg og riv, truar og knitrar. Ute i eit sonisk landskap som er opent, og gjer det tyngjande fornuftig tilgang på oksygen.

I musikalsk samanheng har Erling Ramskjell dei siste fem åra stort sett operert under sitt alter ego Æ. Fire langspelsplater har det blitt. Fullt opp av underfundige, dystre og særeigne viser i ei nordlandsk språkdrakt. Før det var han ein del av bandet Schtimm. Det han gjer her på Fraillaments har vel kanskje meir til felles med den delen av hans fortid.

Han har ramma inn plata i to songar som tematisk har eit visst slektskap til ein gammal John Lennon song, God. «Do you believe in magic?» spør han innleiingsvis, «or just in me» legg han raskt til. I siste song er så dette blitt til «don’t believe me, dream me». Korleis det som skjer undervegs på plata fører han fram til denne erkjenninga har eg ikkje fasitsvaret på, men det kan nok kanskje ha å gjere med at ein del illusjonar og utsikter møter motbør langs vegen.

I den sleipt buktande Soulslipperism gjer songaren seg fleire tankar om draumar (og ormar). Han reflekterer over at det finst draumar som må bli drøymt for å kunne haldast i live, men vel så viktig at nokre draumar aldri må drøymast. Og kva drøymer eigentlig ormar om? Små draumar eller store draumar? Det siste er det sentrale temaet i det groovy nummeret Dreams. Ei kvinne med namn Gaya Arutyunyan syng her duett med Erling. Ho opererer i dei høgare toneleier, nærast euforiske. I ein song som grev djupt og dansar høgt og florlett samstundes. Eit definitivt høgdepunkt. Det kan også seiast om den pågåande og kantete Island. Der ein stridig og hardfør hovudperson samanliknar seg sjølv med ei utilgjengelig øy i verbalt slagsmål med havet og det store kontinentet. Gaya bidrar på denne også, men litt lenger bak i kulissane enn på Dreams.

Det er altså få opningar for dei store optimistiske tankar. Kjærleikslivet blir nærast omtala som ei utvisking av eigen personlegdom (For Love). Søvnen er noko ein ikkje skal stole på, ein «gentle reaper» (On Repeat). Medan himmelen er «bent by rain», og det blir stilt spørsmål med om det å vere menneske i grunn er noko særlig bra (Bent By Rain). Det forunderlige er at eg som lyttar ikkje sitt nedtrykt tilbake. Plata kallar like mykje på det lyse i meg som på det mørke. Eg trur det kjem seg av det djupt menneskelige i songarens røyst, og heile hans tonale åtferd. Som på sitt vis, sitt sympatiske vis, og mellom linjene, held fram det gode som ein klar mulegheit, trass alt.

Først publisert på Groove.no (i 2013)

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s