Maria Due – Past Potential Future Lover

Standard

Med fransk toneaksent, latinsk komp og ei personlig stemme vert det servert pop som trør med lette steg.

6

cover

Musikk blir rett så ofte knytt opp mot årstider. No har eg ikkje ført nokon som helst statistikk over fenomenet men vågar likevel å hevde at hausten er den som oftast blir nemnt i ein slik samanheng. Denne gongen tenkte eg å nemne våren, eller kanskje sommaren. Det er november, eg høyrer på den ferske plata til Maria Due, og eg tenker på mai. Då ting kjennest lettare, lysare. Eg ser for meg Past Potential Future Lover i ein fjæringslett dans nedover ei gate frå Luxembourghagen til Latinerkvarteret. Eg høyrer ei varm og god røyst synge «aaahh France les vacances». Det kjennest bra.

Eg vil ikkje overdrive dette franske i min prat om Maria Due si andre plate. Men ho har sjølv proklamert å ha henta inspirasjon frå eit parisisk 60-tal. Frå Serge Gainsbourg, frå Francoise Hardy. Og spesielt den siste, The Yeh-Yeh Girl From Paris, høyrer ein nok tydelige spor etter. Ein song frå repertoaret til Hardy har Maria Due tatt med også, La Mesange. Platas mest svellande augeblikk. Som vel kanskje ikkje kan kallast svellande. Men som eg likevel gjer den karakteristikken fordi den på ei plate med eit florlett dansande vesen kan ha ein slik verknad. Det er ein fin versjon, om nokon tvilte.

Då har eg nemnt dei to songane på plata som kjem i fransk språkdrakt. Dei ni andre blir sunge på det store verdsspråket engelsk. Når eg så i tillegg kan legge til at rytmeseksjonen er latinarar, og at produsenten er den gamle ringreven H.P. Gundersen, blir det vel helst å forstå slik at klangen ikkje er spesielt stadbunden. Meir er den vel ein smeltedigel av det franske, det latinske, det angloamerikanske, og ikkje minst songarens eige hjertelige lynne.

Platedebuterte gjorde Maria Due for tre år sidan. Med albumet Kissing In Public. Ei plate der popynden er betraktelig, melankolien er lett og himmelen ganske så blå. Der det finst tonar som sprett og tonar som sukkar lett. Flytta seg grundig langt unna dei sfærar har ho altså ikkje gjort med sitt andre album. Men kanskje det går an å seie at her er meir substans. Og kanskje også at hennar slørete og grasiøse røyst har eit meir modent preg (- hallo kanskje ikkje så rart, ho er då blitt tre år eldre).

Låtane på plata er alle av eit slikt kaliber at eg ikkje kjenner behov for å snakke nedsetjande om nokon av dei. Men nokre skil seg då ut. Winter’s Copacabana er ein slik ein. Bossapop av det attraktive slaget, med erten jazzbass og ei fridomssøking i både puls og tekst. Pictures Of My Band har eg også merka meg. Blå tonar frå ein saksofon gjer bra ting for den, der den tar seg fram til tonar som får meg til å tenke på ei gammal plate av Lloyd Cole. På sitt saktaste er albumet i One Slow Dance, ein ballade med ein godgjerande melankoli i seg, og eit trekkspel med kafésjargong, under ein stjerneklar himmel.

Tittelsongen er litt annleis. Der er det gruff å spore, og eit forførande gyng. Med ein H.P. som opptrer både som korist og munnspeltraktør. I ein song med eit skrått og lystent blikk på den kompliserte kjærleiken. Frå ei dame som også har eit godt grep om orda i songane sine. Enten det dreiar seg om kjærleik på veg opp eller på veg ned, om vage draumar eller solid røyndom. Der håpet har ei langt meir framtredande rolle enn mistrua.

Det er sympatisk, det er ertent, det er mai, det er november. Det er ingen grunn til å gå heim.

Først publisert på Groove.no (i 2013)

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s