Marius Kristiansen – Statements

Standard

Ein sympatisk og tidvis popattraktiv omfamning av kvinna og kjærleiken.

5

cover

Eg følgjer ikkje songarens oppmoding, eg senker guarden, og lar poptonar motstandslaust komme til. Ganske så fengande poptonar. Først og fremst stammar dei frå ein tributt til kjærleiken kalla Don’t Turn Your Back On Love. Med hardtslåande allegoriar frå boksesporten skildrar Marius Kristiansen i denne songen eit kjærleiksforhold han virkar å ha ei inderlig tru på. Gitaren ringer inn, melodiøst. Versa er angrepslystne, og refrenget treff, friskt («Don’t turn your back on love, don’t lower your guard»). Så nei, snu ikkje ryggen til denne.

Litt på utsida av det dagspressa interesserar seg for og hitlistene fortel oss om har Marius Kristiansen musisert i fleire år. Mellom anna som bandmedlem i countryrockgjengen Bob Haley og gitarist hos Lars Fredrik Beckstrøm i hans Beckstrøm Kvartett. I fjor gav han ut si første plate som soloartist, The Movement. No, eitt år seinare, provar han at det ikkje skulle bli ei eingongshending.

Statements er ingen ubeskjeden tittel. Men på sitt vis held den vel kva den lovar. For det går an å sjå på dei ti songane på plata som kunngjeringar. Og då ikkje om kva som helst. Dette handlar om kjærleiken. Og denne mannen har trua på kjærleiken. Ei større tru enn det som er vanlig å få servert i slike samanhengar. Ein skulle nesten tru mannen var forelska.

Marius Kristiansen gjer uttrykk for disse kjenslene innafor eit poputtrykk som har sine aner tilbake til dei sagnomsuste sekstiåra. Rune Berg (The Margarets og Number Seven Deli) har produsert, og sikkert gjort sitt til at plata sitt soniske vesen er i nær slektskap med slikt vi kjenner frå den kanten. Han bidrar også med gunstige tonar frå sin tolvstrengs Rickenbacker. Når så Marius Krisitiansen i tillegg er utstyrt med ei røyst i lende Roger McGuinn/Tom Petty skulle det vel ikkje vere altfor underlig at tankane mine meir enn ein gong undervegs dreg i retning av desse to herremenna, og ting dei har gjort både under eige namn og i visse andre konstellasjonar.

Men eg ser ingen grunn til å ta ifrå Kristiansen æra for det som kjem opp og fram av attraktive saker her. Slik som den catchy riffpoplåta Look At Us Now, med si inspirerte call-response harmonisering. Det orgeldrivne nummeret There’s the Way It’s Gonna Be, med sin gode Full Moon Fever attityde. Eller Sing A Song, ein slags metapop-sak om å finne dei rette orda, som akslar eit heftig refreng om å synge ein song «’bout something good».

Og slik er det eg opplever denne plata. At den er meisla i hop av songar som vil noko godt. Som, når dei treff, kan gjere noko godt. At det innimellom, og spesielt mot slutten, dukkar opp songar som nok ikkje heilt gjer det, treff meg altså, ynskjer eg ikkje å lage det store nummeret utav. Eg finn sterkare meining i å prise sommaren, lykka, og det som er bra.

Først publisert på Groove.no (i 2013)

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s