Eit søskenpar debuterer med ei fanfare til upolert og hemningslaus rock’n’roll.
Vil du helst ha din rock og din blues kraftfull, kompakt, rakrygga og konvensjonell, kan du like godt stige av her. For denne turen her ber rake vegen til ein blues-gjødsla grøftekant der slike førestellingar er heilt ukjente. Det er ein grøftekant eg ikkje ante eksisterte, men som har nokre av dei styggvakraste blomane eg nokon gong har oppspora. Dei veks opp av steinar, ut av metallrestar, igjennom knuste glasflasker, og dei får sin gjødning frå ein kakkelovn som spyr ut gloheite, skarpslipte og vaklevorne riff og tonar henta frå ein ilsken men ikkje så lite fascinerande blues-republikk som for fleire år sidan blei utstøtt frå det gode selskap. Dei har ein uanstrengt haldning til sine røter, kan være respektlause, er ikkje redd for å bryte reglar, og har i all sin snodighet eit særdeles vinnande vesen. Dei kallar seg The Fiery Furnaces.
Med tilhaldsstad for tida i New York (oppvokse i Chicago) er søskenparet Matthew og Eleanor Friedberger foreløpig dei siste i rekka av larmande kvinne/mann duoar som byr rabalderet sitt fram i CD-format. Det skulle være nok å nevne White Stripes, The Kills, The Raveonettes eller for å gå ytterligare nokre år tilbake; Royal Trux. Og eit visst musikalsk slektskap til desse banda er også å spore i uttrykket til The Fiery Furnaces. Men dei har tilsett ein atskillig meir variert dose med ingrediensar til sitt råbarka rock’n’roll åtak. Dei plukkar nemlig akkurat kor dei har lyst, det være seg frå punk, rockabilly, folk, yndige poptonar, vaudeville, lo-fi eller frijazz, for alt er lov.
Det storebror Matthew måtte mangle av tekniske ferdigheter i sin traktering av gitar, piano, bass og andre uidentifiserte lydkjelder tar han solid igjen med sin glød, ustyrlig villskap og spenstige innfall. The Fiery Furnaces har heller ingen tvangsforestilling om berre å være to, så dei har med seg litt ekstra folk her og der. Trommis Ryan Sawyer er med på det meste, og set absolutt sitt merke på sluttresultatet med sin lealause og vindskeive slagferdighet. Mens på det vokalmessige plan er det Eleanor som dominerer, med ei myndig stemme i lende P.J. Harvey, Liz Phair, Chrissie Hynde.
Gallowsbird’s Bark er duoens debut. Og når lyden av grumsete gitar-rummel og hypertrillande pianoløp i åpningssporet South Is Only a Home fyller øyregangane skjønar ein fort at dette er eit opplegg litt på sida av god folkeskikk. Når dei så avsluttar 45 minuttar seinare med bibelske referansar, paranoia og dommedagstruslar i den skranglete og melodisterke folkblues-låta We Got Back the Plague, har dei fullbyrda ein fanfare til upolert og hemningslaus rock’n’roll. Dei har servert skitten blues i I’m Gonna Run, truande Velvet Underground monotoni i Leaky Tunnel, buldrande poprock med pågåande basstonar i Don’t Dance Her Down, og folkpunk med sylskarpt gitarfølge i Gale Blow. I Inca Rag kan vi ane skyggane av The Kinks, og i Up In the North er ikkje Pavement så langt unna, mens refrenget til Two Fat Feet har ein nær slektning i Divine Horsemen sin Tenderest Kiss. Og dei har nokre vage følingar ute i retning Sverige og Island i plata sine mest popinfiserte tilfeller Bright Blue Tie og Tropical Iceland. Dei er for øvrig mykje ute på tur i tekstane sine, England blir besøkt fleire ganger, og ved eit tilfelle fiskar Eleanor etter mikrofonen sin i Venezia. Det er imidlertid ikkje klare og lett forståelege bilder som blir teikna, men heller det ein kan kalle oppteikningar frå eit ubevisst sjeleliv, eller surrealisme.
The Fiery Furnaces; dei er primitive, dei er ubehandla, dei er på kokepunktet – og med seg har dei eit album det luktar årets debut av.
8/10
Først publisert på Groove.no (i 2003)