Jay Farrar – Terroir Blues

Standard

Jay Farrar inviterer på ein sånn delvis vellykka tur gjennom fjern og nær amerikansk historie.

cover  Vi skriv 1995, og både Jay Farrar og Jeff Tweedy gjer ut sine første post-Uncle Tupelo album. I motsetning til Jeff Tweedy og hans Wilco sin heilt på den jevne A.M., er Jay Farrar og hans Son Volt sin Trace skikkelig solide saker. Allerede ved neste korsvei viser det seg imidlertid at det er Jeff Tweedy som no driv av gårde på ein vind av inspirasjon (Being There), mens Jay Farrar strevar med å komme seg vidare (Straightaways). Ein tendens som nådde sin foreløpige kulminasjon i 2002 då Wilco serverer mesterverket Yankee Hotel Foxtrot, eit halvt år etter at Jay Farrar hadde gitt verden sin langt meir ordinære solodebut Sebastopol.

Etter den endå mindre minneverdige (og sammenraska) EPen ThirdShiftGrottoSlack (2002) er Farrar her igjen med ny plate. Tittelen Terroir Blues skal gje assosiasjonar til menneskets evige arbeid med å kultivere og utnytte den jorda vi har våre føter på. Og med utgangspunkt i Farrar sin nåværande heimby St. Louis ved Mississippis bredde, gjer han på denne plata eit forsøk på ei eklektisk reise i dei høgst ulike røtene som har vore med å skape dette området. Men han lukkast berre delvis i å gjere dette til ei spennande ferd.

Problemet til Jay Farrar er etter min meining at uansett kva han har foretatt seg dei siste åra så blir det ein smule enerverande. Stemma hans framstår rett og slett litt fargelaus, og manglar evna til å trenge inn i dei ulike kulørane han prøver å famne. Komposisjonsmessig trakkar han heller ikkje på særlig nye vegar. Men for all del, mannen kan fortsatt lage fine låtar, som han av og til i tillegg maktar å gje ytterligare gnist ved å tilføre dei litt arrangementmessig finesse. Slik blir Cahokian og Out On the Road to klare favorittar her, førstnevnte ein R.E.M’sk ballade med delikate tonar frå ein cello, den andre ein intenst vakker sak forsynt med liflige fløytetriller. Fine er også den piano- og steelgitar-dominerte Dent County samt den straighte countryrock-affæren No Rolling Back. Sistnevnte kjem i likhet med tre andre spor i to ulike utgaver, noko som eg ærlig talt ikkje heilt skjønar vitsen med (versjonane er ikkje så forskjellige). Han har også lagt inn ein del lydkollasjer på albumet, kalt Space Junk, dei blir ikkje særlig anna enn identitetslaust pausefyll.

Ellers er det mykje på det jevne, ingenting er direkte dårlig, men berre litt for mange låtar som passerer forbi utan å skape begeistring. Strammare redigering kunne kanskje gjort denne mest akustiske av Jay Farrars plater sidan Uncle Tupelo-dagane til hans beste post-Trace utgjeving, men slik den framstår lyt den finne seg i å bli plassert i samme kategori som alt mannen har prestert etter 1995; ujevnt.

5/10

Første gong publisert på Groove.no (i 2003)

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s