Ed Harcourt – From Every Sphere

Standard

Ein talentfull engelskmann, og låtskrivar, og pianist, og songar.

cover  Det skulle ha vore eit dobbeltalbum. Det skulle hatt tittelen The Ghosts Parade, og det skulle være eit ambisiøst konseptalbum om spøkelser, eventyr, fantasiar og draumar. Eit lengre kjærlighetsforhold gjekk imidlertid i oppløysning i starten av prosjektet, slik endte Harcourt opp med mange sangar om savn og lidenskap. Når i tillegg plateselskapet hans var nokså negative til ideen, blei den skrinlagt. Tittelen kunne likevel framleis vore dekkande, for spøkelser av ulike valørar har ei framtredande rolle på albumet. Den har nå tilslutt endt opp med ein annan tittel; From Every Sphere, det er ein god tittel det og, for Ed Harcourt forsyner oss med opplevelsar frå mange sfærer her. Det handlar om dei harde realitetane og uregjerlige fantasiane, om håpefulle draumar og svette mareritt, om fortida sine spøkelser og framtida sine forhåpningar, men aller mest handlar det om livet, om kjærligheten og om døden.

Han debuterte i 2001 (rett skal være rett; 6-spors EPen Maplewood (2000) var hans aller første utgivelse) med Here Be Monsters, ei samling med fleire briljante poplåtar av det melankolske slaget, den hadde rett nok sine svake spor, men var samla sett ein særdeles lovande debut. Heilt sidan den gang har han ofte blitt plassert i samme singer/songwriter tradisjon som for eksempel Tom McRae og David Gray, men Ed har mange fleire strengar (og ikkje minst tangentar) å spele på enn som så. Det er sikkert farlig å seie det, men med From Every Sphere har han gjort ei plate som snarare gjer han fortjent til å samanliknast med folk som Brian Wilson og John Lennon. Hans evner som låtskrivar overgår dei fleste i dagens pop- og rockverden, når han i tillegg har ei uttrykksfull sangstemme, er ein talentfull pianist (i tillegg til at han beherskar eit utall andre instrument), og har både klare og eksentriske meiningar om korleis sangane skal arrangeres, ja så har me å gjere med ein usedvanlig skarpsindig popkunstnar.

Sammen med produsent Tchad Blake (som tidligare har arbeidt med blant andre Tom Waits, Pearl Jam og Low) har Ed Harcourt gjort ei plate med eit innhaldsrikt lydbilde, samstundes som dei har klart å behalde nerven og vitaliteten i sangane. Det er popmusikk, men det er popmusikk som krev at ein lyttar, den blir nemlig ikkje servert saman med glidemiddel. Den kan være både uberegnelig og dramatisk, og den kan glefse og sette spor etter seg. Det er musikk som ikkje lar seg putte i nokon bås, den er ikkje laga for å være trendy, den er derimot tidlaus og skapt av ein ung mann som har noko på hjerte.

Så velkommen inn i Ed Harcourt sin musikalske verden, slik den fortonar seg på From Every Sphere. Ein både snodig, eventyrlig og vakker plass å opphalde seg. Frå sval og svaiende pop i åpningsporet Bittersweetheart, med undertonar av tristesse; «If I could only see straight, I wouldn’t be lonely these days», til det atmosfæriske og monotone drama i det avsluttande tittelkuttet. Innimellom her renner det på med fantastisk pop og rock i ulike tapningar. Enkelt og forførande i The Birds Will Sing For Us, men med ein tekst eg oppfattar som paranoid kamp mellom mismot og håp. På All Of Your Days Will Be Blessed drar han det heile i gang med pumpe-orgel, før tette psykedeliske tonar fyller på i ein meir optimistisk up-tempo affære.

Ghostwriter er skummel og surrealistisk pianobasert funk, med ein vilter trompet og djevelske rytmar og gitartonar, i ånda til Captain Beefheart og Tom Waits (eg synest å kjenne igjen nokre tonar frå ei Barbie Bones-låt inni der og). I samme skeive sjanger er den endå skumlare og definitivt dystrare Undertaker Strut, der me møter djevelen forkledd som ein begravelsesagent på jakt etter uforsiktige sjeler. I balladen Sister Renee er det lengsel og savn som er tema, noko som går igjen ved fleire anledningar på plata, men på denne er savnet, litt aparte, retta mot ein sjukepleiar som gjorde eit heftig inntrykk ein gong ved sjukesenga, og for å understreke temaet er låta utstyrt med lengtande munnspeltonar. Slike tonar blir og brukt i den duvende og dynamisk oppbygde Jetsetter, som for øvrig inkluderer min favorittstrofe på plata; «I’m aware that I’m speaking but the words come out wrong, So I’ll put it across in a simple song». Bleed a River Deep er det minst begivenhetsrike sporet på plata, men ein sordinert trompet og varsomt pianospel hever også det.

På den oppløftende sangen Watching the Sun Come Up tyner han stemma meir enn nokon plass ellers på plata, låta har ein fyldig produksjon («big music»), utan at det tar varmen og begjæret frå den. Til tonane av ein innbydande melodi skildrar han i Fireflies Take Flight ein marerittliknande tilstand, med tåkete draumar og påfølgande søvnvanskar. Samlivets besværligheter er temaet i den lett psykedeliserte Metaphorically Yours, her synest eg å høyre påvirkning både frå Arthur Lees Love og The Beach Boys (ca. 1970). Ed Harcourt legg for øvrig ikkje skjul på at han i sin eigen musikk, er influert av andre sine musikalske bravader. Han har ingen ambisjonar om å være ein grensesprengande innovatør, men han lagar sangar som begeistrar meg som lyttar, og større krav stiller eg ikkje.

8/10

Først publisert på Groove.no (i 2003)

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s