Skånsam og haustfarga americana som etterkvart smyg seg inn i på melodisk dugande spor.
Ved førre korsveg (albumet heitte Spooked, 2003) skildra eg The Transmissionary Six som skaparar av november-tonar. Slike tonar som akkompagnert av eit tiltakande mørke langsamt søker å forplante seg i hjerter og sinn. Bandet omgjev seg med mykje av den same auraen her på sitt tredje album også, men tilstanden er kanskje litt meir oktober denne gongen.
Framleis er det Paul Austin (andrepilot i Willard Grant Conspiracy) og Terri Moeller (trommis i Walkabouts) som er dei toneangivande kreftene i foretaket. Austin spelar på strenger, tangentar og litt anna, og Moeller passar rytmen og syng. I tillegg har dei med seg eit titals musikarar, der særlig Anne Marie Ruljancich og Nancy Wharton sine strykarinnslag gjer inntrykk.
Get Down blir, etterkvart som den legg bak seg ein heller traurig første halvdel, ei rett så aktverdig oppleving. Blant dei dvelande, men akk så preglause og melodifattige fire første spora er det vel ikkje stort anna enn nokre strykarparti som er verdt å framheve. Den korte instrumentalen Johnny & Waldo prøver så ved hjelp av ei overraskande funky framferd å få litt meir glød inn i strukturen. Tempoet aukar eit par hakk når Holidaypark gjev seg til kjenne, utan at melodikrafta er den heilt store. Men frå den refrengsterke og twang-gitar draperte Happy Landings er den melodiske velstanden på plass, og med den synest eg også å merke ei meir ihuga innstilling.
Fem minuttar lange Novanna stryk seg fram i eit tiltalande lende midt mellom nokre velpleidde Marianne Faithful-farga tonar og ei omfamnande Nina Nastasia vise. Ja det er nesten som den lindrar litt av lengselen etter ei ny plate frå sistnemnte. Element er eit repeterande og gnagande instrumentalkutt. Packakools er for så vidt kva tittelen lovar. Ein kult sveivande og vispande sak, der dugande tonar gjev seg til kjenne i eit lett slørete lende. Med den gitarbaserte og straighte The Dimmest Porch dreg dei seg mot countrylandskap. Eit landskap avsluttande Powderburn heller ikkje er ukjent med. Sakte brennande med akustisk lyddominans og smygande pedal-steel openbarar det seg eit tonespekter av forførande karakter, før låta sakte forsvinn inn i varleg støy.
Etter kva mine øyrer klarer å fange av det tekstlige innhaldet, har dei vel ikkje all verden å by på på dette feltet. Det er ein fragmentert setningsbygging som saman med, og tildels gøymt inn i, musikken kan fungere greitt nok, men som ikkje innbyr til vidare utlegningar. På sitt beste skaper bandet stemningsfull musikk, på sitt verste er dei heller søvndyssande.
5/10
Først publisert på Groove.no (i 2005)
Ser vi bort ifrå eit par samleplater, har det vore lite med lyd frå Seattle-bandet The Walkabouts sidan Ended Up a Stranger frå 2001. Vi har heller ikkje fått fleire Chris & Carla album eller nye soloutspel frå låtskrivar og åndelig leiar Chris Eckman. Men nå er det visst for alvor ting på gang, Carla jobbar med si første soloplate, og The Walkabouts har planar om å spele inn ny musikk til hausten. Men aller først får vi servert Chris Eckman sitt andre soloalbum. Han har kalt det The Black Field, og sjølv om det nok har eit mindre og stillare lydbilde enn nokon Walkabouts-utgjeving kan skilte med, er det likevel umiskjennelige Eckmanske toner vi får servert.
Året er 1993, albumet New West Motel er mitt første møte med The Walkabouts, og dei presenterer seg med eit drønn. Kraftig, dramatisk rock tufta på tradisjonane frå folk og country. Ein frenetisk gitarlyd, sammen med ein drivande rytme er dei bærande elementa. Dette blir så supplert med lyden frå fiolin, orgel, trekkspel, mandolin og sang, ja ikkje minst sang. For bandets ubestridde leiarduo Chris Eckman og Carla Torgerson utfyller kvarandre perfekt, han med ei grov raspande stemme, ho med ei klokkeklar røyst. Grand Theft Auto og Glad Nation’s Death Song er to høgdepunkt, episk og intenst, definitivt ei makelaus plate.
Odd Børretzen har ein liten historie om det å ligge i senga og innbille seg at ein høyrer og ser gufne ting. Høgdepunktet i historien kjem når han «høyrer» ein einbeint mann på loftet, og så lurer på om han skal gå opp å sjekke. Noko han ikkje gjer. Fordi hvis han går opp og undersøker, og oppdager ingen mann, for så å komme ned i senga og fortsatt høyre lyden, då veit han jo at det er ein usynleg einbeint mann på loftet, «og er det noe bedre?».