Category Archives: 2007

Ben + Vesper – All This Could Kill You

Standard

Eit ektepar syng om å vere ektepar til melodiar som ikkje fylgjer dei heilt vanlige rutene.

5

cover

Stamper heiter dei til etternamn, og dei er mann og kone. Deira debutalbum All This Could Kill You kan ein kanskje tolke som ein liten manifestasjon over at dét ikkje berre er enkelt å vere. Utan at dette er eit Shoot Out The Lights-oppgjer av Richard og Linda Thompson kaliber av den grunn. Absolutt ikkje. Dette her er vel meir ein liten samling underfundige, tidvis bistre og alt anna enn tydelige meldingar der familielivet sitt ve og vel ofte spelar ei sentral rolle.

Den melodiske tonen Ben + Vesper lener seg mot kan vel seiast å ligge ein stad mellom folk og pop, for ikkje å seie at den omfamnar begge deler. I tillegg har dei sprøyta inn ein ikkje unnselig dose psykedelia. Men ikkje av typen sonisk krakilsk og viltveksande. Det er det der «no lar vi det melodiske ta ein uvanlig venstresving»-trikset som er deira form for psykedelia. Akkordprogresjonar litt på sida av kva vi er vane med. Så nei, dei er slett ingen lettfattelig duo.

Duo er dei forresten mest i namnet. Dei har nemlig med seg fleire medspelarar her. Veslebror Joshua Stamper spelar på diverse strenger og Chris Weisman spelar på eit ti-tals instrument, frå piano til kromatisk munnspel. I tillegg er Daniel Smith og fleire av hans familiemedlemmer involvert, og då overraskar det vel kanskje ikkje at Sufjan Stevens sitt på ein krakk bak der også.

Har ein tålmod med det intrikate tonemønsteret deira vil det etter nokre rundar smyge seg fram fleire attraktive kasus. Ja det er som ein ikkje heilt kan forstå at ein ikkje tok Door to Door til seg som den lakonisk-catchy folkpop saken den faktisk er med det same. Ben si crooner-villige røyst er i front, Vesper harmonerar eit par hakk bak, og tanken på eit Magnetic Fields på vitjing hos Mark Eitzel spring fram som eit bilde hos underteikna.

An Honest Bluff jumpar inn og Vesper drar fram trekkspelet. Many Moons truar med å danse inn i hooksy terreng men tar sjølvsagt ein brå venstresving like før det skjer. 8 Mo. fortel i jazz-slentrande takt om lykka det er å bli foreldre til ei lita jente. Medan faren i The Stomach noko misnøgd ytrar at «what kind of service is that, I’m here to buy some snacks for the kids». Ein slags nesten-konvensjonell vals som er blant høgdepunkta på plata. Nite Walker flyt på si side langsamt inn på scena med spøkelsespiano og dunkle banjotonar i sekken. Den kunne sikkert funne seg vel tilrette på repertoaret til Scott Walker.

Tonen held seg heile tida godt over på den late sida av vitalitetskalaen. Pulsen er ikkje alltid heilt stabil. Og stundom blir opplegget kanskje litt for temperaturlaust og flyktig. Av den sorten ein lett kan finne på å opptre likegyldig i forhold til. Nett det er vel ikkje heilt bra. Så sjølv om plata deira har ein god del å by på, ville eg nok ta vel hardt i om eg hevda at All This Could Kill You.

Først publisert på Groove.no (i 2007)

The Bees – Octopus

Standard

Ein stilmiksande og eldfull seanse frå ei sydhavsøy utafor Southampton.

7

cover

Det er ei kjent sak at bier trivst best, og arbeidar mest iherdig, når sola varmar og blomane blømer. Derfor er det kanskje ikkje så underlig at musikken som Isle of Wight banden The Bees spelar er av det slaget som høver aller best på dei dagar då sveitten renn sjølv om ein berre er ikledd ein shorts.

Sunshine Hit Me heitte det då dei platedebuterte for fem år sidan. Og lyden var laidback, og lyden var så mykje. Pop, reggae, jazz, funk og fuzz i ein psykedelisk blanding. Alt gjort i reidskapsboda til frontfigur Paul Butler. Bandet fekk såpass til merksemd (mellom anna ein Mercury-prize nominasjon) at når neste plate (Free the Bees) skulle spelast inn hyra gjengen plass og tid i Abbey Road-studioet. Om det var atmosfæren der som gjorde det skal ikkje eg ha ei klar meining om men lyden av The Bees tok i alle fall ein Kinks/Beatles/Itchycoo Park dreiing, og kom i kjappare og noko meir skrålande former.

På Octopus er bandet igjen tilbake på øya sør for Southampton. Denne gongen i eit lydstudio som Butler har laga heime hos seg sjølv sidan sist. Og skal eg prøve å plassere denne i eit eller anna forhold til dei to andre albuma, så trur eg den må få plass sånn cirka midt imellom. Sjølv om det å forsøke å plassere The Bees er ei alt anna enn enkel oppgåve. For dei fyk stadig rundt og sankar inspirasjon frå heile blomsterenga, og vel så det. Ein inspirasjon dei omset i fleire gnistrande låtar (og to-tre parentesar).

Dei swingar det i gang med å stille spørsmålet Who Cares What the Question Is? Ein novelty-song med bluesfrisk slide-gitar. Den er artig 1, 2 og 3 gonger, men så blir ein litt lei den. Love In the Harbour derimot har stayerevne. Og då snakkar vi countryrock som kunne kvalifisert til ein plass på Workingman’s Dead. Kombinasjonen tilbakelente vers, forrykande refreng og det essensielle spørsmålet «is there any love on the harbour?» har i alle fall gått rett heim her i stova.

Den verkelig sydande stemninga er det imidlertid låtparet Left Foot Stepdown og Got to Let Go som sørgjer for. Til saman ti minuttar som miksar ska, jazz, samba, afrofunk og reggae på eit så sløyt vis at det nok kan kalle fram dei heitaste av øvingar «when the sun meet the night». Blåsarar, feite orgeltonar, eit uimotståelig groove og ein historie om ein som har «the blood of a family man» og derfor, av ein eller annan grunn, har fått seg jobb som gartnar i ein park i Texas for å spare seg opp pengar til ein Lexus. Absurd bra.

Desse to har ein litt meir pop-prega funk-fetter i (This Is For the) Better Days. Ei medrivande oppfordring om å ikkje bli «caught up in time already down the drain», men heller la moralen ta ein pause og stemme i det saliggjerande og sløyt jumpande refrenget; «it’s allright now, it should have really happened, well it’s allright, this is for the better days».

Jada, eg ser det. Det er eit refreng skapt for allsong og eggande dansefakter, og ikkje for å bli referert i skriftleg form. Så la oss kaste av oss analysefrakken og hive oss i dansen.

For det er sommar, og biene summar.

Først publisert på Groove.no (i 2007)

The Aliens – Astronomy For Dogs

Standard

Frå oska av Beta Band stig det fram nye eklektiske påfunn.

6

cover

Dei kjem ikkje frå outer space, men frå Fife i Skottland. Dei er tre. Dei har vore her før. Men ikkje saman. To utgjorde ein viktig halvpart av Beta Band. Den tredje var også med der heilt i starten, men før den første EPen (den med fantastiske Dry the Rain på) var klar for folket vart han råka av psykiske lidingar så alvorlige at han tilbrakte «ten long years in a mental asylum». To album med snodige viser og eksperimentell poprock under signaturen Lone Pigeon har vore hans bidrag desse åra. Var det nokon som sa Syd Barrett? Han heiter Gordon Anderson.

Etter å ha skjenka verda tre sonisk omfattande og smått legendariske EPar, samla i 1998 under namnet The Three E.P.’s, og tre pop-trippy og fine album vart Beta Band oppløyst i 2004. Vokalist Stephen Mason forsvann, så vidt underteikna veit, inn i ein tåkeheim. Trommis Robin Jones og tangenttraktør John MacLean har heller ikkje gjort så mykje av seg sidan då, men har altså no funne saman med sin tidlegare skulekamerat for nye musikalske eventyr under vignetten The Aliens.

Det er Gordon Anderson som har komponert alle låtane på albumet. Og akkurat som hos Beta Band er det eit eklektisk og sjangerhoppande opplegg det blir lagt opp til. Popånda frå 60-talet er tydelig til stades, men den er ikkje i nærleiken av å få vere i fred eller trone aleine. Den blir utfordra og får selskap av det meste frå softrock, via progrock og psykedelia til electronica. Om det blir eit forvirrande lappverk? Nei, eg synst det har ein slags retning, eg. Rett nok ein litt sprikande og ikkje altfor tydelig. Men det er vel berre ein fordel, er det ikkje?

Det er ikkje å ta hardt i om ein hevdar at Gordon meir enn sneiar innom smertepåkallande kjensler i songane sine. Men utan at han blottlegg seg eller dyrkar mørkret på eit vis ein som lyttar kan kjenne blir for ubehagelig. Det ein i tilfelle kan halde opp imot han når det gjeld det tekstlige må vere at han av og til kanskje kan bli litt banal og grunn. Det eg ikkje har tenkt å halde imot han er at han ved eit par høve lar same tekststrofe dukke opp i meir enn ei låt. Dette blir på eit vis med og bind låtane saman og skaper ein heilskap som det soniske så prøver å rokke ved.

Robot Man og Rox har endatil nesten identisk tekst. Men der den første er ei stressa funkrock-affære, kjem den andre mot ein i saftige rytmeformer frå ein eller annan stad i utkanten av Primal Scream sin Loaded. Ein lettbeint rytmikk ligg under den harmonifine og Beatleske Tomorrow. Eit og anna frå dei fire Liverpool-legendene har The Aliens også tatt med seg i den rytmisk bastante Glover. Ein sak som går til kvile først etter åtte minuttar, etter at den nærast på Tor Jonsson-vis har konkludert med at «love isn’t love until its gone».

Alt er ikkje berre vel og bra på Astronomy For Dogs. Setting Sun er ein sjarmlaus Ten Years After-bluesrockar, og Happy Song jumpar av stad som ein dårlig McCartney-vits medan Anderson syng «happy» sånn cirka 149 gonger for mykje. Eg finn heller ikkje den store interessa for den halvhjerta psykedelia-saken I Am The Unknown. Den harmonigrasiøse og mjuke balladen She Don’t Love Me No More finn eg derimot hugnad i. Og endå meir i den ordrike, surrealistiske og motorisk velfungerande Only Waiting.

«How long will it be till I see you again?» lyder det harmonivokaliserte mantraet som innleiar Honest Again. Ein yndefull og håpefull sak i eit sonisk krysningspunkt mellom ELO og Shearwater. Det same spørsmålet som innleiar Honest Again dukkar opp som avsluttande spørsmål i Caravan. Men då har den låta helde det gåande i over 16 minuttar allereie. Neppe heilt tilfeldig at tittelen er identisk med namnet til ein av prog-rock aktene frå den velrenommerte Canterbury-scena.

Samstundes som både fonisk likskap og sonisk yrskap gjer det freistande å bringe Can inn i ringen også. Suggererande og kontrastfullt. Aggressivt og blødande. Monotont men hendingsrikt og veldig levande. Små harmoniske songtillaup blir overdøyvd av eit groovy, buldrande og stundevis nær kantrande køyr. Idet den passerer tolv og eit halvt minutt forsvinn den inn i solnedgangen, etter eit par minuttars pause kjem så eit piano, nokre dystre strykarar og mantraet «How long will it be till I see you again?» smygande.

Akkurat då fell det heilt naturlig å tenke at det blir nok ikkje så altfor lenge til.

Først publisert på Groove.no (i 2007)

Acoustic Ladyland – Skinny Grin

Standard

Ein gjeng som miksar saman tinga litt annleis enn nokon har gjort før.

5

cover

Jimi Hendrix kunne få gitaren til å snakke, kviskre, frese og skrike som tusen vindar. Ingen stad kom dette tydeligare til uttrykk enn på hans mangslungne og høg-psykedeliske meisterverk Electric Ladyland. Eit band som kallar seg Acoustic Ladyland drar derfor på seg visse forventningar.

Skinny Grin er denne London-kvartetten sitt tredje album. Underteikna har ikkje høyrt dei to første, men etter kva eg forstår er ikkje opplegget himmelstormande annleis der. Dei har eit jazzig og tidvis nokså frittforma utgangspunkt, men søker meir enn gjerne over mot rocken sitt meir stringente vesen. Men der svensk/norske The Thing raidar garasjerocken er det den edgy nerven til postpunk-band som Wire og Gang of Four Acoustic Ladyland kastar seg over.

Frontfigur, litt vokalist, men først og fremst saksofonist i bandet, Paul Wareham, har uttalt at han ynskjer å få hornet sitt til å lyde som ein gitar. I mine øyrer er han vel ikkje heilt i mål med det forsøket, men han har mykje både friskt og neonfarga føre seg. Tangenttraktør Tom Cawley vekslar mellom å produsere pianoklingande tonar og meir flytbaserte og tynnare keyboardstonar. Bassist Tom Herbert går ofte opp eit funky spor. Medan Seb Rochford ikkje akkurat kan seiast å vere varleg i sin omgang med stikker og trommeskinn.

Originalitet er ein eigenskap som ofte blir applaudert der den finst, og etterlyst der den manglar. At den tidvis nokså eklektiske innstillinga til Acoustic Ladyland ofte fører dei inn i soniske samansetningar dei er ganske så aleine om vil vel få som har høyrt dei protestere på. Utan at dei vinn heile hjarta og stort meir enn halve groove-skalaen av den grunn.

For det første. Dei finn vel strengt tatt ikkje opp noko nytt. Dei miksar eigentlig berre i hop noko som har dansa rundt der ute i årevis, om enn på eit litt anna vis enn kva andre har prøvt før. For det andre. Dei skaper ikkje den dampande, substansielle, forknytte og beint fram oppskakande tonen dei kunne ha fått utav denne miksturen. For det tredje. Der det hadde vore på sin plass med melodisk skarpsinn, er det slett ikkje alltid på plass. For det fjerde. Tonen frå Cawley sitt keyboard blir tidvis noko fislete og dårlig åtti-tal. For det femte. Paul Wareham har ikkje ei songstemme av typen som ber ei låt.

Når alt det er sagt. Eg likar mykje av det dei har for seg på Skinny Grin. Eg likar kontrastane som opningssporet er bygd av. Der lyrisk pianoklang og eggande saksofontonar går i eit brutalt møte med ein dissonant vegg av støy. Eg likar dei melodiske saksofontonane og den bass-groovy forma som Red Sky kjem seglande i. Eg likar kombinasjonen av røykfulle Morphine-tendensar og lausslopne forsøk i Your Shame. Og eg likar måten film-noir stemninga må tåle skiftingar i mønsteret og blir gitt skarpe kantar i eit dobbelt saksofonmøte mellom Wareham og James Chance i Salt Water. Ei låt dei forresten har fått Scott Walker til å mikse.

Men eg likar ikkje… nei vent litt. For det er meir eg likar. Dei fire låtane nemnt i førre avsnitt høyrer til i avdelinga for dei vokallause. Ei avdeling som samla sett tel omlag like mange som avdelinga for dei vokalforsynte. Eg sa ein stad noko om at røysta til Wareham er i veikaste laget, godt er det då at dei har hyra inn to damer til å ta seg av dette på to av spora. «If you gave me a dog it would bite me» syng Alice Grant i harmfulle former i den alt anna enn optimistiske, men særdeles kvasse og postpunkfunky, Paris. Medan ei dame pseudonymisert som Coco Electrik får røysta si sentralt plassert i den ertande og dunkelt swingande Cuts & Lies.

Om Acoustic Ladyland i neste omgang er karar for å utvikle dette prosjektet sitt og føre det inn på endå litt meir vågale og dampande spor, og samstundes i større grad gjer songmikrofonen til folk med karakter i røysta (gjerne damer), skulle dei ha dugande sjansar til å klore på plass verkelig minneverdige saker. Trur eg.

Først publisert på Groove.no (i 2007)

 

A Boy Named Sue – Selling Road Maps for the Soul

Standard

Det er velkjente vegkart denne Sue har å by på, om dei viser vegen til sjela er eg ikkje like sikker på.

3

cover

Han har såvidt vore innom her tidlegare med sine Suetunes (eg trur det var i 2004). Seks songar hadde han med seg den gongen. Seks songar i ei tander og melankolsk folkdrakt. Ikkje så reint ulikt det ganske mange andre unge menn med ein akustisk gitar har hatt føre seg.

Sidan den gongen har denne Sue, som eigentlig heiter Stig, fått seg eit meir eller mindre fast band. Eit lite trekløver som fyller ut dei soniske flatene i låtane hans. Noko dei gjer med opplagt plukking på akustiske strenger, ein nennsam bruk av tangentar, og jovial tromming. Og såleis står dei aldri i fare for å utfordre låtane sitt innebygde lune og ufarlige vesen.

Selling Road Maps for the Soul er altså eit debutalbum. Tittelen kan kanskje vere noko Stig Sandbakk har med seg frå si tid som progrockar i eit band med namn Woo. Den gongen Selling England By the Pound av og med Genesis sannsynlegvis var ei viktigare inspirasjonskjelde enn tonane til karar som James Taylor og Boz Scaggs. Slik er det ikkje lenger, trur eg. Sjølv om det absolutt er litt Peter Gabriel i stemma til unge Sandbakk. Ei stemme som både opptrer i fyldige former og i dei meir ømme og sordinerte former. Det er ei bra stemme.

Den beste låta på plata heiter Sound Of Lies. For ti år sidan var den tittellåt på ei plate av Jayhawks. Sue og kameratane gjer ein nedstemt og fin versjon, der dei lokaliserer og gjer seg god nytte av vemodet som Gary Louris plasserte der. Inga overrasking det, for dette med vemod kan dei. Problemet er at det slett ikkje alltid dukkar opp som ein del av ei tiltalande og god låt. Problemet er at fleire av låtane på albumet slit med å komme ut av denne grå kappa kalla «veldig så middelmåtig».

To av låtane var også med på EP’en (den frå 2004). Dei smyg seg greitt inn som nummer to og tre på kvalitetsstigen her. Varlege og melodifine The Way It Should med ei kvinnerøyst (tilhøyrande Nan Espeseth) som harmonerande partner. Og den såre og vakre visa Heard This Laughter. Godt dugande er også den poppige folkrocklåta Always Ride With Me, med sin godgjerande ladning av frisk akustisk strengeflukt (frå både gitar og banjo). Det er heller ikkje så altfor vanskelig å finne litt behag i den fredfulle visa Still Blind.

Like fullt, eg klarar ikkje å riste av meg inntrykket av at dette blir for føyelig og for fattig på verkelig minneverdige stunder. Det blir for midt i løypa, der kor anonymiteten fort legg eit slør over det meste.

Først publisert på Groove.no (i 2007)

99th Floor – Eclectic Guitar

Standard

Eit comeback som absolutt har noko for seg.

5

cover

La oss ta ein liten haik med tidsmaskina tilbake til 1988. Verken Jokke & Valentinerne eller deLillos gav ut plater dette året. Og både Motorpsycho og Midnight Choir er fleire år fram i tid. Likevel var det eit av dei betre plateåra i norsk rockehistorie. Og ikkje nødvendigvis fordi dette var året då fire trønderar oppkalla etter ein Iggy Pop-låt for alvor meinte Blodig Alvor Na Na Na Na Na. Like mykje fordi ein dreven trio hadde sett dama på land og fyrte opp The Mercury Motors, og endå meir fordi Sister Rain mana fram sin første og beste dose med perfekt psykedelisert og velvetfarga rockstoff. Utan at så altfor mange fekk nett det med seg. Enda færre var det vel som opna pakka med Little Painkillers føreskrive av den unge og debuterande trioen The 99th Floor.

Dei hadde tatt namnet sitt etter ei legendarisk låt av garasjerockbandet The Moving Sidewalks, og dei spelte gitarkvass power-pop med både rotekta 60-tals vinkling og energisk postpunk-mot rennande gjennom systemet.

Eller for å seie det slik, Little Painkillers var tufta på melodisk teft og stort pågangsmot. Little Painkillers er framleis ikkje gått ut på dato.

Eit par år seinare kom det ein EP, og så vart The 99th Floor borte. Etter den tid har dei sånn dann og vann dukka opp att som Swim. Men har altså i år, 20 år etter sin spede fødsel, henta fram att sitt opphavlige namn. Låtskrivar, songar og gitarist Morten Solli må vel framleis reknast som frontfigur. Bassist Kjetil Moberg er stadig med. Trommisen frå 80-talet Jacob Bordahl er derimot borte, og er blitt erstatta av to blad Jørgensen, der den eine slår på trommer og den andre spelar gitar og trakterer tangentar.

Eclectic Guitar har dei kalla verket, men kan vel neppe skryte på seg gitarvandringar inn på altfor forskjelligarta felt. Lange soloar låg ikkje for gjengen i 1988, og gjer det ikkje i år heller. Det er helst dei korte konsise avleveringane som er deira våpen. Når det er sagt, dei har utvida det soniske vesenet sitt. Først og fremst ved at dei stundom flyt litt saktare av garde, og då gjerne i ein liten straum av psykedelia. Fremste representant for dette er Hairbrush Blues, ein ustø og makeleg sak henta frå ei intoksikert kjelde mellom Waterloo Sunset og Kangaroo. Og då har vi fått tak i to av banda eg meiner å høyre litt ekko frå i The 99th Floor sitt uttrykk. The Kinks og Big Star.

Eit slikt 20 år etter (eller der omkring) opplegg har opp gjennom historia meir enn ein gong vist seg som ein ikkje særlig god idé. Eclectic Guitar går ikkje inn i den tradisjonen. Kanskje er ikkje lommene like fulle av friske tonar og vaken popfinesse som dei var på debuten, men såpass er det at The 99th Floor ikkje kjem seg forbi utan å vekke ei viss interesse denne gongen heller. Brilliant Water er brilliant gitarpop. Earthquake in My Head, litt røffare og slett ikkje ueffen. Om ein type som ikkje heilt klarer å fokusere på dei store hendingane og problema rundt omkring i verda, fordi «the sound of the door you slammed in my face was an earthquake in my head».

He Will Get to Call You Sweet Things Now er soulpop med innleigde blåsarar og dugande framdrift, sjølv om eg kunne tenkt meg den enda litt saftigare. Trampoline har dette herlig popidiotiske refrenget som nektar å sleppe taket; «are you up, cause I’m down, are you down, cause I’m up, I don’t know». Og så avsluttar dei gildet i countryrockfasong. For Graceful Fall From Grace, som den heiter, har strengelyd med både slark og twang.

Dei er ujålete og dei har overskot. Du skal sjå det blir eit album nummer tre også.

Først publisert på Groove.no (i 2007)

The .357 String Band – Ghost Town

Standard

Dei kastar deg inn i bluegrassen som om dei skulle vere punkarar, eller høge på adrenalin.

5

cover

I takkelista si startar Milwaukee-kvartetten The .357 String Band med å takke Gud, for så å avslutte med å takke Satan. På coveret si bakside siterer dei Matteus 12.32; «but whosoever speaketh against the holy ghost, it shall not be forgiven him». I det morderiske og sinnsforvirra kuttet Evil on My Mind syng dei om å vere besatt av djevelen, og å vere full av ein trong til å drepe alt som kjem i eins veg.

Væpna med banjo, mandolin, akustisk gitar, fele, kontrabass, eit vaskebrett og eit par skeier tar dei eit frenetisk oppgjer med livet, synda, frelsa og ikkje minst sviren og bakrusen. Dei er høge på adrenalin, fulle av faen, dynka i blues og framfødd på blått gras og honky tonk. Dei er bluegrasgjengen som kom ned frå fjellet og stanga hovudet i asfalten. Dei er Soggy Bottom Boys sine blodtørstige og punka etterkommarar. Dei er definitivt ikkje ein firarbande du skal vere trygg på.

Websida si kallar dei passande nok streetgrass.com. Og ein kan vel seie at dei gjer omtrent det same med bluegrass-musikken som Texasbanden Gordy gjer med bluesen og The Legendary Shack*Shakers gjer med det meste som luktar av roots-musikk. Dei aukar tempoet, skrur opp volumet og setter fyr på eit par konvensjonar.

Dei har skaffa seg eit rykte som eit frenetisk live-band. Publikum på konsertane deira er etter seiande ei salig blanding av «hippies, streetpunks, bikers and cowboys». Ghost Town er deira første plate. Eit par brødre i ånda har blanda seg inn i produksjonen av den. J.D. Wilkes frå nemnte Shack*Shakers og Lonesome Wyatt frå det ikkje heilt stabile country-goth laget Those Poor Bastards. Det har sikkert ikkje vore til skade.

Reint speleteknisk høyrer dei nok ikkje med til meistrane i klassen, utan at det er noko å bry seg med. Ein kjem som kjent langt med glød og pågangsmot. Litt verre er det nok at det vokale må seiast å vere noko karaktersvakt. Medan det nok vil vere eit meir divergerande syn på om kor vidt det er eit problem at dei har eit noko limitert register å uttrykke seg på, både melodisk og tekstlig.

Det er sprett i tonane og fest i takten, men når det kjem til kva dei har å melde er desperasjonen stort sett mørkare og meir uhandterlig enn ein stormfull hausthimmel. Då er det heimlengsel og High Lonesome Blues ute frå landevegen. Det er bakrus frå rennesteinen, anger og Wishin» I’d Die. Det er bordet fullt av «cigarette butts and empty cups» og ventinga på den der Stillest Hour. Eller det er ei morgonstund der angsten brenn og sjela er til salgs, så Up Jump the Devil og kjem med eit bod ein ikkje kan stå imot.

Dei er kanskje ikkje det beste bluegrass-bandet der ute, men eg vil trur dei er det tøffaste.

Først publisert på Groove.no (i 2008)