Det er velkjente vegkart denne Sue har å by på, om dei viser vegen til sjela er eg ikkje like sikker på.
3
Han har såvidt vore innom her tidlegare med sine Suetunes (eg trur det var i 2004). Seks songar hadde han med seg den gongen. Seks songar i ei tander og melankolsk folkdrakt. Ikkje så reint ulikt det ganske mange andre unge menn med ein akustisk gitar har hatt føre seg.
Sidan den gongen har denne Sue, som eigentlig heiter Stig, fått seg eit meir eller mindre fast band. Eit lite trekløver som fyller ut dei soniske flatene i låtane hans. Noko dei gjer med opplagt plukking på akustiske strenger, ein nennsam bruk av tangentar, og jovial tromming. Og såleis står dei aldri i fare for å utfordre låtane sitt innebygde lune og ufarlige vesen.
Selling Road Maps for the Soul er altså eit debutalbum. Tittelen kan kanskje vere noko Stig Sandbakk har med seg frå si tid som progrockar i eit band med namn Woo. Den gongen Selling England By the Pound av og med Genesis sannsynlegvis var ei viktigare inspirasjonskjelde enn tonane til karar som James Taylor og Boz Scaggs. Slik er det ikkje lenger, trur eg. Sjølv om det absolutt er litt Peter Gabriel i stemma til unge Sandbakk. Ei stemme som både opptrer i fyldige former og i dei meir ømme og sordinerte former. Det er ei bra stemme.
Den beste låta på plata heiter Sound Of Lies. For ti år sidan var den tittellåt på ei plate av Jayhawks. Sue og kameratane gjer ein nedstemt og fin versjon, der dei lokaliserer og gjer seg god nytte av vemodet som Gary Louris plasserte der. Inga overrasking det, for dette med vemod kan dei. Problemet er at det slett ikkje alltid dukkar opp som ein del av ei tiltalande og god låt. Problemet er at fleire av låtane på albumet slit med å komme ut av denne grå kappa kalla «veldig så middelmåtig».
To av låtane var også med på EP’en (den frå 2004). Dei smyg seg greitt inn som nummer to og tre på kvalitetsstigen her. Varlege og melodifine The Way It Should med ei kvinnerøyst (tilhøyrande Nan Espeseth) som harmonerande partner. Og den såre og vakre visa Heard This Laughter. Godt dugande er også den poppige folkrocklåta Always Ride With Me, med sin godgjerande ladning av frisk akustisk strengeflukt (frå både gitar og banjo). Det er heller ikkje så altfor vanskelig å finne litt behag i den fredfulle visa Still Blind.
Like fullt, eg klarar ikkje å riste av meg inntrykket av at dette blir for føyelig og for fattig på verkelig minneverdige stunder. Det blir for midt i løypa, der kor anonymiteten fort legg eit slør over det meste.
Først publisert på Groove.no (i 2007)