Tag Archives: Stig Sandbakk

A Boy Named Sue – Selling Road Maps for the Soul

Standard

Det er velkjente vegkart denne Sue har å by på, om dei viser vegen til sjela er eg ikkje like sikker på.

3

cover

Han har såvidt vore innom her tidlegare med sine Suetunes (eg trur det var i 2004). Seks songar hadde han med seg den gongen. Seks songar i ei tander og melankolsk folkdrakt. Ikkje så reint ulikt det ganske mange andre unge menn med ein akustisk gitar har hatt føre seg.

Sidan den gongen har denne Sue, som eigentlig heiter Stig, fått seg eit meir eller mindre fast band. Eit lite trekløver som fyller ut dei soniske flatene i låtane hans. Noko dei gjer med opplagt plukking på akustiske strenger, ein nennsam bruk av tangentar, og jovial tromming. Og såleis står dei aldri i fare for å utfordre låtane sitt innebygde lune og ufarlige vesen.

Selling Road Maps for the Soul er altså eit debutalbum. Tittelen kan kanskje vere noko Stig Sandbakk har med seg frå si tid som progrockar i eit band med namn Woo. Den gongen Selling England By the Pound av og med Genesis sannsynlegvis var ei viktigare inspirasjonskjelde enn tonane til karar som James Taylor og Boz Scaggs. Slik er det ikkje lenger, trur eg. Sjølv om det absolutt er litt Peter Gabriel i stemma til unge Sandbakk. Ei stemme som både opptrer i fyldige former og i dei meir ømme og sordinerte former. Det er ei bra stemme.

Den beste låta på plata heiter Sound Of Lies. For ti år sidan var den tittellåt på ei plate av Jayhawks. Sue og kameratane gjer ein nedstemt og fin versjon, der dei lokaliserer og gjer seg god nytte av vemodet som Gary Louris plasserte der. Inga overrasking det, for dette med vemod kan dei. Problemet er at det slett ikkje alltid dukkar opp som ein del av ei tiltalande og god låt. Problemet er at fleire av låtane på albumet slit med å komme ut av denne grå kappa kalla «veldig så middelmåtig».

To av låtane var også med på EP’en (den frå 2004). Dei smyg seg greitt inn som nummer to og tre på kvalitetsstigen her. Varlege og melodifine The Way It Should med ei kvinnerøyst (tilhøyrande Nan Espeseth) som harmonerande partner. Og den såre og vakre visa Heard This Laughter. Godt dugande er også den poppige folkrocklåta Always Ride With Me, med sin godgjerande ladning av frisk akustisk strengeflukt (frå både gitar og banjo). Det er heller ikkje så altfor vanskelig å finne litt behag i den fredfulle visa Still Blind.

Like fullt, eg klarar ikkje å riste av meg inntrykket av at dette blir for føyelig og for fattig på verkelig minneverdige stunder. Det blir for midt i løypa, der kor anonymiteten fort legg eit slør over det meste.

Først publisert på Groove.no (i 2007)

A Boy Named Sue – A Boy Named Sue

Standard

Fersk vestlandsmelankoli i velkjent tradisjon.

cover  A Boy Named Sue er egentlig ein ung mann med namn Stig Sandbakk. Han lever og bur for tida i den vestlandske hovedstad. Her, mellom dei sju fjella, og til tonane frå ein akustisk gitar, ispedd varlege innslag av elektroniske lydar samt nokre bergenske regndråpar, sit han på sin trange hybel og uttrykkjer seg i melankolske vendingar.

Nå har sannsynlegvis ikkje den unge Sandbakk det særlig tyngre her i livet enn dei fleste andre vestlendingar, men han har nå eingong det tilfelles med mang ein låtskrivar at han tyr til den vemodige delen av tilværet for å finne inspirasjonen til sine ord og tonar. Ja, for det er utan unntak sorgtunge og lengselsfulle skildringar han har føre seg på sin debut-EP.

Stemningsfullt, nedpå og totalt trommelaust byr han oss seks songar i ein folk- og country-tradisjon temmelig mange har forsøkt seg i før. Her kan vi trekkje trådane nesten heilt tilbake til tidenes morgon, for så via kjente melankolikarar som Cohen og Drake gå løypa fram til ferskare slektningar som M. Ward og Adem. Sandbakk gjer ingenting revolusjonerande eller ekstraordinært, men han held seg også langt unna flaue og direkte skrale saker. Slik sklir han trygt inn i den endelause rekkja, men eg er litt usikker på om det blir så lett å finne han igjen der inne. Til det er nok særpreget for vagt. Likevel, det går avgjort an å sysla med dummare ting enn å låne eit øyre (eller to) til songar som den melodifine The Way It Should eller den Chris Eckman’ske All That I’m Waiting For.

Som de no sikkert har skjønt, noko hevntokt à la det hovedpersonen i Shel Silverstein-låta Sandbakk har tatt sitt artistnamn frå er ute på, er dette ikkje. Snarare tvert imot, for inntil vidare i alle fall, vender nok heller den bergenske Sue det andre kinnet til, og gret eit par lydlause tårer som ganske så fort blandar seg med det svale haustregnet.

5/10

Først publisert på Groove.no (i 2004)