Hookworms er synonymt med eit bra groove, også når dei her har polert sitt soniske uttrykk noko.
Microshift…det fjerde albumet til Leeds-bandet Hookworms har fått namnet sitt etter ein lydkabel, men det kan også vere eit uttrykk for den soniske endringa dei har gjort sidan sist.
Sidan sist…der var albumet The Hum det, som kom ut hausten 2014. Ei ganske så god stund sidan altså. Hovudårsaka til at det har tatt tid er at studioet deira, med alt, absolutt alt, av utstyr og innspelt materiell, blei øydelagt i ein flaum i heimbyen romjula 2015. Mangelfulle forsikringar gjorde det krevjande å komme på fote att. Men med venners og tilskotsordningars hjelp er eit nytt studio reist, og Microshift blitt spelt inn.
The Hum og albumet før det, Pearl Mystic, er to bra bråkete og skarpt groovy plater, der gjelda til garasjerocken og krautrocken er sånn cirka likeleg fordelt. Den sentrale søyla i bandets beste låtar er ein loop, eit repeterande groove, ei suggererande handling. Rundt dette har dei spelt og bråka bra på keyboards og gitarar, og langt inni der har ein høyrt vokalist Matthew Johnson si røyst. Tidvis ganske så eskalert, men sjeldan tydeleg til stades.
Microshift er mindre bråkete. Gitarar har ikkje ei framståande rolle. Microshift har synthesizerar av ymse slag som sentrale soniske kjelder. Microshift har ein reinare lyd enn tidlegare Hookworms-utspel. Eit meir polert bilde. Og nå går det definitivt an å høyre kva Matthew Johnson syng. Det han syng om står noko i kontrast til det eg opplever å vere eit sonisk nokså lyst og fargerikt album. Han syng om død og sjukdom og kjærleikssorg og depressive tankar. Noko eg for så vidt har hatt ein sterk mistanke om at har vore tilfelle før også.
Ein god ting med Microshift, ein særdeles god ting, er at dei tre lengste låtane på albumet er euforiske anthem i det suggererande groovet si teneste. Sidan desse tre, saman med det likeså groovy nummeret Static Resistance og den vesle krakilske rakkaren Boxing Day (om hendinga den skjebnesvangre romjula 2015), utgjer godt over halvparten av albumet si speletid, kan eg ikkje seie anna enn at Hookworms kjem bra i frå det denne gongen også.
Men altså: Først og fremst dei tre lange spora:
Negative Space, med sin klunkande inngang, sitt ekspanderande vesen, sitt melodiske vesen, og Matthew Johnson sine intense linjer om sakn, sterkt sakn, etter nokon som aldri kjem tilbake – «how long’s forever».
Opener, med sitt lange instrumentale inngangsparti. Der den repeterande rytmen glir uvilkårleg på plass, og bandet dansar rundt den, og sirklar seg inn mot Johnson si sympatiske opningslinje «it’s fine to fail, we all will fail».
Størst, sterkast og fullast av inntrykk er Ullswater. Eit bra bass-driv er sentralt her, og så at den skaper den der kjensla av å bli dradd inn i noko som veks og veks kring ein. I eit melodisk mønster som treff meg med full score. Og så orda til Johnson då…om eit fortvila tema…ein far som forsvinn inn i ein sjukdom…Altzheimer – «If the last thing we said could be the last thing we do, I know it comforts me, I hope it comforts you».
Så får det vere at det også finst nokre spor på plata eg opplever som noko litt for tamme. Først og fremst er Hookworms eit band som grip bra tak i meg, også på Microshift.
7/10