Jonathan Wilson – Rare Birds

Standard

Wilson miksar vestkysttonar og engelsk synthpop inn i eit mektig bilde.

  Kanskje treng eg ikkje dei siste 45 sekundane av Living With Myself, den tiande låta på Jonathan Wilson sitt tredje album. Men resten av dei 6 minuttane låta er her, gong etter gong nå, i stova mi, dei treng eg. Det er minuttar reist under premissane til ein klassisk låtstruktur. Med vers, med refreng, med etter-refreng, med bru, og med ein svevande/dvelande utgang. Ein song som varmar som ein pirrande sommarkveld. Byr på melodisk kraft, grom bass og rytmisk spenst i eit opent og svalt lydbilde. Der versa har ein mild melankoli i seg, og refrenget spring ut i dei fleste fargar. Og så er Lana Del Rey der, ho syng ikkje mykje, men det vesle ho syng syng ho døsig, som ein subtil kontradiksjon til Wilson. Ein Wilson som også skal stige opp på ei bru etter kvart og der gje songen eit fire liners uimotståeleg løft («I know there was a place so long ago, Where I could go to find faith and purity, But nothing that sweet could ever inspire me, These darker thoughts, they are now guiding me). Og her er håp og her er lett fortviling, og her er det avsluttande mantraet «I’m living with myself, I guess».

Det er gått snart fem år sidan Jonathan Wilson var her med album sist. Det heilt strålande albumet Fanfare. Eit album der han løfta sin Laurel Canyon-hippie-folk til kosmiske høgder. Desse kosmiske høgdene svevar han rundt blant på Rare Birds også. Men inn til høgdene, inn til studioet, inn i produksjonen, har han denne gongen brakt ein ikkje så beskjeden dose synth-lyd, digitale maskiner, ikkje minst trommemaskiner. Med det har det komme eit engelsk synthpop-anno-åttitalet-element inn i bildet (han har sjølv namngitt Trevor Horn og Talk Talk som inspiratorar).

Og eit mektig opus har det blitt. 78 minuttar langt (ei speletid plata for så vidt deler med både Gentle Spirit og Fanfare) og på ingen måte prega av puslete soniske tankar. Her er det mykje lyd, mange idear som søker ein song. Det overordna inntrykket er at ideane som blir sådd, og så grundig gjødsla, gjer songleg avkasting. Gjer låtar som trivst og trer fram i medrivande prakt. Men innimellom blir det litt for drygt, litt nok, meir enn nok. Meir då at låtar kunne vore stramma litt inn, enn at det kjem direkte dårlege låtar utav det.

To av albumets beste låtar har Wilson gjort kjent som singel-utgjevingar i forkant av album-utgjevinga. Over the Midnight, eit episk nummer der Wilson syng om eit humant paradis for elskarar og andre med gode hensikter. Ein låt med ein varm straum av synthlinjer, eit sympatisk melodisk hjerte, og ein viss klang av The War On Drugs. Den andre er Loving You. Ein åtte minuttar lang psykedelisk sak, der elektronica/ambient-musikaren Laraaji bidrar med herleg chanting, der eg høyrer fløytetriller, late funky bassliner og generell sonisk virtuositet.

Som det vel sømer seg på ei plate som hentar sitt soniske uttrykk frå både amerikansk vestkyst og engelske synthtomter tar songaren ein tur innom både Sunset Blvd og Trafalger Square. I form av låttitlar då må vite. Den første ein blått jazzig ballade som knipsar eit bilde av kjærleiken både i fødselsaugeblikket og etter at den har forsvunne sin veg. Den andre eit tidvis drivande nummer, der Wilson namnedroppar både Zappa, Nelson Rockefeller og Billy Shears (han der frå Sgt. Peppers), og der Guds vreide spelar ei skinande rolle.

Kjærleiken, som ein noko usikker faktor, går tematisk att i fleirtalet av songane. Godmodig spirituelt skildra (både sonisk og tekstleg) i There’s a Light. Medan Wilson (med songstøtte frå Father John Misty) går ganske så eksplisitt inn i samleie-skildring i 49 Hairflips. Kva som er songarens tilhøve til Miriam Montague, ei kvinne frå Twickenham med uklare magiske krefter, kjem vel aldri klart og tydeleg fram. Men at det er ein ganske så triveleg låt, frå der ute frå dei Beatles-psykedeliske marker, har eg nokså klart for meg. Ei anna kvinne, Mulholland Queen, syng Wilson om i pianoballadeform heilt til slutt. Og då er det ganske så Stillehavet, og litt jazz, og tilbakelent, og varmt. På ei plate som er ganske så varm og meditativ tvers igjennom, men ingen Fanfare.

7/10

TIDAL: JONATHAN WILSON – RARE BIRDS

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s