Car Seat Headrest – Twin Fantasy (Face to Face)

Standard

Ein mann og hans band gjer eit glødande besøk tilbake til eiga fortid.

Bilderesultat for car seat headrest twin fantasy  «God, give me Frank Ocean’s voice» syng Will Toledo. Vel, det ynskje kjem han nok aldri til å få oppfylt. Men den slentrande, og tidvis eksplosive, songstilen hans er då heilt grei den. Ja meir enn god nok i grunn. «…and James Brown’s stage presence» legg han til, når han nå først er i gang. Vel, med sin lange kropp, sitt slentrande ganglag, og hang til å spele gitarsoloar med ryggen mot publikum, er han nok temmeleg langt unna nett det. Kanskje var han litt nærare ynskjer som kunne bli oppfylt sist gong han spelte inn songen (Cute Thing) der desse setningane blir ytra. «God, give me Dan Bejar’s voice» song han den gongen, i 2011. Tja, tenker eg, heilt unødvendig, mumlar eg. «…and John Entwistle’s stage presence» la han til, i 2011. Det skulle tatt seg ut, tenker eg, verdens stiligaste bass-spelande statue du. Om ikkje anna ber bønene bod om at Will Toledo har visse anlegg for sjølvironi og humoristiske replikkar. Det er ikkje karaktereigenskapar som akkurat pregar Twin Fantasy. For her snakkar vi tenåringsangst, kvalar og kjærleikstrøbbel av visse dimensjonar.

 Will Toledo har gått til det skritt å spele inn på nytt eit heilt album han har gitt ut før. Twin Fantasy er eit av dei elleve heimelaga albuma som han, under Car Seat Headrest signaturen, gav ut på internettstaden Bandcamp i perioden 2010-2014. I 2015 fekk Car Seat Headrest platekontrakt med Matador Records. Ein av premissane Will Toledo fekk inn i den kontrakten var at han skulle få spele inn Twin Fantasy på ny. I eit studio, med det Car Seat Headrest som nå var blitt eit band, og ikkje lenger berre eit solotiltak. Med det Car Seat Headrest han spelte inn 2016’s beste album, det glødande rock’n roll-opplegget Teens of Denial. I stil og kraft og forseggjort råskap liknar 2018 utgåva av Twin Fantasy meir på det albumet enn på den vinglete og upolerte lo-fi affæra frå 2011.

Det finst garantert hardbarka fans av Twin Fantasy anno 2011 som vil meine dette aldri skulle vore gjort. Og som i alle fall hardnakka vil hevde at den meir polerte 2018-utgjevinga ikkje er det ekte Twin Fantasy-albumet. Underteikna vil like hardnakka hevde at 2018-utgåva er den beste. Den har eit trøkk, ein medrivande låtbyggingsdynamikk og ein songar som verkeleg gjer seg til kjenne, eit godt stykke lengre framme i lydbildet. Den er avgjort meir polert, men det er på ingen måte ei polering som tar bort råskapen. Snarare er det ei polering som understrekar råskapen. Skapt av ein Toledo som heilt presist har fått fram lyden av det han har høyrt for seg, og ikkje ein Toledo som i 2011 snubla rundt og laga både skeive klassikarar som Beach Life-In- Death og skurrande halvskrantne spor som Cute Thing. For det sporet har i sanning verkeleg vakse. Nå er Cute Thing eit powerpopnummer høg på power og med ein vinnande popnonsjalanse. Og med ein tekst som ikkje berre er finurleg, men som først og fremst er eit skrik etter kjærleik. Det går for så vidt an å seie om fleirtalet av songane på plata.

Låttekstane har ikkje gjennomgått dei store endringane. Det er mest på det subtile plan (som f.eks at mantraet «I have loved» i slutten av Cute Thing nå er blitt til «I am love»). Famous Prophets er vel den låta som har blitt utsett for den største renoveringa i så måte. Undertittelen er endra frå Minds til Stars, låtlengda har vokse frå 10 til 16 minutt, og 2018-teksten ber preg av å ha blitt forfatta av ein (naturleg nok) modnare Toledo. Ein fyr med litt meir avstand til stoffet. Ein fyr som finurleg drar fram ein referanse til Bowie-svanesongen Blackstar, og plasserer den ved sida av Painstar (tittelen på ein obskur Car Seat Headrest instrumental). Låta endrar ansikt fleire gonger undervegs, men har ein upåklageleg dynamikk som både spelar på monotoni og ekspansjon. Den driv ikkje inn i dødparti, berre rolegare parti. Og så har den sine desperate parti då, med glødande spørsmål som «did they tell you what happens when you touch it?», og sine bibelske referansar som til slutt kulminerer i ein lengre monolog beståande av fleire vers frå 1. Korintarbrev. Men før det, sentralt i songen, mantraet: «The ocean washed over your grave, The ocean washed open your grave». Som vel kan vere ein allegori for kjensler som blir blottstilt … eller kanskje noko heilt anna. Uansett, same mantra har tidlegare på albumet dukka opp i det andre lange nummeret, Beach Life-in-Death. Ein song av absolutt episk karakter. I tre deler. Deler som sonisk sett er ulike. Den første kjem i eit rastlaust tempo, og blir sunge til ein eks-kjærast: «I spent a week in Ocean City, and came back to find you were gone, I spent a week in Illinois, and came back to find you were still gone». Og røyndom og draum og dødsmotiv smeltar i hop. Tempoet blir moderert i dei neste delane, men intensiteten lever, og desperasjonen likeså. Og mantraet: «The ocean washed over your grave, The ocean washed open your grave». Nesten 30 minutt er den samla speletida på dei to låtane. Ein kan kalle dei sentrale av den grunn. Men meir er dei sentrale i kraft av at Car Seat Headrest har gitt dei evna å halde fast i meg (lyttaren) i samfulle 30 minuttar.

Car Seat Headrest lever og spelar naturleg nok på ingen måte frigjort frå musikk som har vore og er her, midt blant oss. Ein kan dra parallellar til New York legendene Television, til David Bowie, til Okkervil River. Eit bilde eg har fått for meg er at bandet er ein slags mikstur av Pixies og Pink Floyd. Eg høyrer energien og dynamikken til førstnemnte, eg høyrer dei progressive linjene til sistnemnte. Og i nesten-balladen High to Death høyrer eg spor av The National, medan energiklumpen Nervous Young Inhumans har noko Spoon-aktig med seg. Bodys er på si side ein rå rakkar eg ikkje skal plassere inn til andre enn Car Seat Headrest sjølve, der songaren tyr til følgande metakommunikasjon: «Is it the chorus yet? No, It’s just a building of the verse, so when the chorus does come, it’ll be more rewarding». Og når refrenget så kjem lever opp til lovnaden.

I det avsluttande tittelsporet, ein epilog som flyt vakkert mot målet, stirar songaren mot sola. Og det smertar. Og røyndomen smertar. Men er dette røyndom? Og er dette slutten? «This ain’t the end» prøver songaren seg med. Før han sluttar å synge, og byrjar snakke. Legg inn ein liten monolog der han presiserer at dette berre er slutten på songen, ja at dette berre er ein song. «It’s a version of me and you that can exist outside of everything else, and if it is just a fantasy, then anything can happen from here». Og der ligg det vel eit håp? Så då går det an å synge, forsiktig, heilt til slutt: When I come back you’ll still be here, When you come back I’ll still be here». På eit glødande og gåtefullt album som på ingen måte er løyst og ferdigspelt.

8/10

TIDAL: CAR SEAT HEADREST – TWIN FANTASY

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s