Høyr der du…No Age leverer fargerik energi, og bra bråk.
Cruise Control heiter den første låta på plata. Men tru ikkje at Los Angeles-duoen No Age har sett på cruisekontroll når dei har spelt inn sitt femte album. Nesten fem år etter sitt førre album (An Object) brenn låtane dei presenterer minst like energisk som dei nokon gong har gjort.
For drygt ti år sidan kom No Age ut av LA-indie-klubben The Smell med ein miks av bråk og pop og avantgarde og hardcore og ambient som var i stand til å regjere øyregangar. Energi var eit tvillaust stikkord. Og den var spikra frilyndt og viltert fast på album-trekløveret Weirdo Rippers, Nouns og Everything In Between (som alle kom i løpet av ein dryg treårsperiode).
Etter ein treårig albumpause viste så No Age fram til ei noko meir sakteflytande side av seg på An Object. Ikkje på ein slik måte at eg vil hevde at dei der nytta seg av den før nemnte cruisekontrollen, men heller slik at det ambiente som alltid hadde vore ein bit av heilskapen nå utgjorde ein større bit. På Snares Like A Haircut er det gitarar og trommer og bråk, og nokre av dei mest catchy og melodiske låtane bandet har komme opp med til dags dato, som dominerer bildet.
Begge karane, syngande trommeslagar Dean Spunt og gitarist Randy Randall, har i løpet av dei fem åra som er gått sidan førre album gifta seg og blitt fedre. Ein skal ikkje sjå bort frå at det har gjort dei godt. Også i musikalsk målestokk. I alle fall: leiken og vitaliteten ligg ikkje att heime på stovegolvet. Den har blitt med i studio. Eg høyrer gitartonar og droner som det gnistrar av. Eg høyrer eit offensivt groove. Eg høyrer at vokalen er lenger framme i bildet enn den har vore før. Saman med den kjem også det melodiske lenger fram. Sjølv om ein vel må melde at Spunt ikkje har ei stor stemme. Men god nok, god nok.
Orda og tekstane som kjem fram til overflata er ikkje tydelege meldingar. Dei høyrer vel meir til den surrealistiske retning. Eller noko slikt som: korte glimt, blinkande observasjonar, forminska kjensleuttrykk, plassert i ein røyndom, ei nåtid, som ikkje er heilt til å stole på. «Where’s the good things, I don’t know» syng Spunt i det nemnte opningskuttet. I selskap med ein strålande kaskade av lyd. I eit melodisk hjørne som får meg til å tenke på ein annan syngande trommeslagar, avdøde Grant Hart, som i mange år gjorde teneste i det legendariske bråkebandet Hüsker Dü. Eit band som nok står ganske nær toppen av lista når No Age skal gje til kjenne sine inspiratorar.
Ramones er nok eit anna band som står på den lista. Noko det melodiske i det fosskokande sporet Stuck In the Changer ber visse teikn på. Og då kan ein vel i same andedrag nemne punk-kjappisen Drippy. Men skal eg nemne mitt absolutte favorittspor på plata (og det skal eg jo) så heiter det Tidal. Eg trur ikkje songen har noko forbindelse med ei viss straumeteneste, men eg meir enn trur at No Age hadde kraftig forbindelse med straumnettet då dei spelte den inn. Frå ein litt nedtona start kastar duoen låta ut i eit punkeventyr av ei overstyrt powerpop-affære. Full av energi, og melodi, og catchy linjer som både handlar om smerta «on the way down» og freden «on the brighter side». Låta som på albumet fylgjer i hælane på denne, Soft Collar Fad, er forresten nær på av same kaliber. «Maybe this is progress, maybe it’s not, but it’s not for you to say» snerrar Spunt i eit to og eit halvt minutt nummer glødande av offensiv punkkraft.
Så finst det også låtar der tempoet og bråkefaktoren blir tona noko ned. Eit par instrumentalar. Tittelkuttet som held kva tittelen forkynner. Skarptrommer høyrest ut som ei saks gjennom ein hårmanke. Send Me (som dei har laga ein fiffig video til) har sine skimrande gitartonar i eit kontrollert tempo. Men endå betre i den kategorien er Squashed. Eit atmosfærisk nummer med visse anthem-disposisjonar, fullt av fargar, rikt på psykedeliske fakter, og suggererande, merkbart suggererande.
Så…når alt kjem til alt, og popfesten og bråkefesten kjem til sin ende…og energien tonar ut…slik det jo må gå til slutt…så er eg villig til å hevde at No Age i det herrens år 2018 har komme med ei rockeplate av det særskilt vitale slaget…deira beste.
8/10
Bandcamp: No Age – Snares Like A Haircut